< Κατα Ιωαννην 9 >
1 Καὶ παράγων εἶδεν ἄνθρωπον τυφλὸν ἐκ γενετῆς.
Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.
2 Καὶ ἠρώτησαν αὐτὸν οἱ μαθηταὶ αὐτοῦ λέγοντες, Ῥαββί, τίς ἥμαρτεν, οὗτος ἢ οἱ γονεῖς αὐτοῦ, ἵνα τυφλὸς γεννηθῇ;
Læresveinarne spurde honom: «Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind?»
3 Ἀπεκρίθη Ἰησοῦς, Οὔτε οὗτος ἥμαρτεν οὔτε οἱ γονεῖς αὐτοῦ· ἀλλ᾽ ἵνα φανερωθῇ τὰ ἔργα τοῦ Θεοῦ ἐν αὐτῷ.
«Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans, » svara Jesus, «men det var for di Guds verk skulde syna seg på honom.
4 Ἐμὲ δεῖ ἐργάζεσθαι τὰ ἔργα τοῦ πέμψαντός με ἕως ἡμέρα ἐστίν· ἔρχεται νύξ, ὅτε οὐδεὶς δύναται ἐργάζεσθαι.
So lenge det er dag, lyt me gjera hans verk som hev sendt meg; det kjem ei natt då ingen kann gjera noko verk.
5 Ὅταν ἐν τῷ κόσμῳ ὦ, φῶς εἰμι τοῦ κόσμου.
Medan eg er i verdi, er eg ljoset åt verdi.»
6 Ταῦτα εἰπών, ἔπτυσε χαμαί, καὶ ἐποίησε πηλὸν ἐκ τοῦ πτύσματος, καὶ ἐπέχρισε τὸν πηλὸν ἐπὶ τοὺς ὀφθαλμοὺς τοῦ τυφλοῦ,
Med so sagt sputta han på jordi og laga ei gyrma av sputtet; den gyrma smurde han på augo hans
7 καὶ εἶπεν αὐτῷ, Ὕπαγε νίψαι εἰς τὴν κολυμβήθραν τοῦ Σιλωάμ—ὃ ἑρμηνεύεται, Ἀπεσταλμένος. Ἀπῆλθεν οὖν καὶ ἐνίψατο, καὶ ἦλθε βλέπων.
og sagde til honom: «Gakk og två deg i Siloadammen!» - Siloa tyder sendemann -. So gjekk han’stad og tvo seg, og då han kom att, kunde han sjå.
8 Οἱ οὖν γείτονες καὶ οἱ θεωροῦντες αὐτὸν τὸ πρότερον ὅτι τυφλὸς ἦν, ἔλεγον, Οὐχ οὗτός ἐστιν ὁ καθήμενος καὶ προσαιτῶν;
Då sagde grannarne og dei som jamleg hadde set honom fyrr - for han var ein tiggar: «Er’kje det han som sat og bad seg?»
9 Ἄλλοι ἔλεγον ὅτι Οὗτός ἐστιν· ἄλλοι δὲ ὅτι Ὅμοιος αὐτῷ ἐστιν. Ἐκεῖνος ἔλεγεν ὅτι Ἐγώ εἰμι.
«Jau, det er han, » sagde andre. Endå andre sagde: «Nei, men han er lik honom.» Sjølv sagde han: «Det er eg.»
10 Ἔλεγον οὖν αὐτῷ, Πῶς ἀνεῴχθησάν σου οἱ ὀφθαλμοί;
«Korleis vart augo dine opna?» sagde dei då.
11 Ἀπεκρίθη ἐκεῖνος καὶ εἶπεν, Ἄνθρωπος λεγόμενος Ἰησοῦς πηλὸν ἐποίησε, καὶ ἐπέχρισέ μου τοὺς ὀφθαλμούς, καὶ εἶπέ μοι, Ὕπαγε εἰς τὴν κολυμβήθραν τοῦ Σιλωάμ, καὶ νίψαι. Ἀπελθὼν δὲ καὶ νιψάμενος, ἀνέβλεψα.
Han svara: «Den mannen som dei kallar Jesus, laga ei gyrma og smurde på augo mine og sagde til meg: «Gakk til Siloa og två deg!» So gjekk eg’stad og tvo meg, og då fekk eg syni mi.»
12 Εἶπον οὖν αὐτῷ, Ποῦ ἐστιν ἐκεῖνος; Λέγει, Οὐκ οἶδα.
«Kvar er han, den mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje, » segjer han.
13 Ἄγουσιν αὐτὸν πρὸς τοὺς Φαρισαίους, τόν ποτε τυφλόν.
Dei fører honom til farisæarane, han som hadde vore blind.
14 Ἦν δὲ σάββατον ὅτε τὸν πηλὸν ἐποίησεν ὁ Ἰησοῦς, καὶ ἀνέῳξεν αὐτοῦ τοὺς ὀφθαλμούς.
Det var på ein kviledag Jesus laga gyrma og opna augo hans.
15 Πάλιν οὖν ἠρώτων αὐτὸν καὶ οἱ Φαρισαῖοι, πῶς ἀνέβλεψεν. Ὁ δὲ εἶπεν αὐτοῖς, Πηλὸν ἐπέθηκέ μου ἐπὶ τοὺς ὀφθαλμούς, καὶ ἐνιψάμην, καὶ βλέπω.
So spurde dei honom att, farisæarane og, korleis han hadde fenge syni si. «Han lagde ei gyrma på augo mine, » svara han; «so tvo eg meg, og no ser eg.»
16 Ἔλεγον οὖν ἐκ τῶν Φαρισαίων τινές, Οὗτος ὁ ἄνθρωπος οὐκ ἔστι παρὰ τοῦ Θεοῦ, ὅτι τὸ σάββατον οὐ τηρεῖ. Ἄλλοι ἔλεγον, Πῶς δύναται ἄνθρωπος ἁμαρτωλὸς τοιαῦτα σημεῖα ποιεῖν; Καὶ σχίσμα ἦν ἐν αὐτοῖς.
Då sagde nokre av farisæarane: «Den mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held kviledagen.» Andre sagde: «Korleis kann ein syndug mann gjera slike teikn?» Og dei var usams um dette.
17 Λέγουσι τῷ τυφλῷ πάλιν, Σὺ τί λέγεις περὶ αὐτοῦ, ὅτι ἤνοιξέ σου τοὺς ὀφθαλμούς; Ὁ δὲ εἶπεν ὅτι Προφήτης ἐστίν.
So segjer dei til den blinde att: «Kva segjer du um honom, sidan han hev opna augo dine?» «Han er ein profet, » svara han.
18 Οὐκ ἐπίστευσαν οὖν οἱ Ἰουδαῖοι περὶ αὐτοῦ, ὅτι τυφλὸς ἦν καὶ ἀνέβλεψεν, ἕως ὅτου ἐφώνησαν τοὺς γονεῖς αὐτοῦ τοῦ ἀναβλέψαντος,
Då vilde ikkje jødarne tru det um honom at han hadde vore blind og fenge syni si, fyrr dei hadde henta foreldri åt honom som hadde fenge syni si.
19 καὶ ἠρώτησαν αὐτοὺς λέγοντες, Οὗτός ἐστιν ὁ υἱὸς ὑμῶν, ὃν ὑμεῖς λέγετε ὅτι τυφλὸς ἐγεννήθη; Πῶς οὖν ἄρτι βλέπει;
Dei spurde deim: «Er dette son dykkar som de segjer er fødd blind? Korleis hev det seg då at han no ser?»
20 Ἀπεκρίθησαν δὲ αὐτοῖς οἱ γονεῖς αὐτοῦ καὶ εἶπον, Οἴδαμεν ὅτι οὗτός ἐστιν ὁ υἱὸς ἡμῶν, καὶ ὅτι τυφλὸς ἐγεννήθη·
«Me veit at dette er vår son, og at han er fødd blind, » svara foreldri hans;
21 πῶς δὲ νῦν βλέπει, οὐκ οἴδαμεν· ἢ τίς ἤνοιξεν αὐτοῦ τοὺς ὀφθαλμούς, ἡμεῖς οὐκ οἴδαμεν· αὐτὸς ἡλικίαν ἔχει· αὐτὸν ἐρωτήσατε, αὐτὸς περὶ ἑαυτοῦ λαλήσει.
«men korleis det hev seg at han no ser, det veit me ikkje, og kven som hev opna augo hans, veit me’kje heller. Spør honom sjølv! Han er gamall nok; han kann sjølv svara for seg.»
22 Ταῦτα εἶπον οἱ γονεῖς αὐτοῦ, ὅτι ἐφοβοῦντο τοὺς Ἰουδαίους· ἤδη γὰρ συνετέθειντο οἱ Ἰουδαῖοι, ἵνα ἐάν τις αὐτὸν ὁμολογήσῃ Χριστόν, ἀποσυνάγωγος γένηται.
Det sagde foreldri hans av di dei var rædde jødarne; for jødarne var alt samrådde um at den som kanna honom for Messias, skulde støytast ut or synagoga;
23 Διὰ τοῦτο οἱ γονεῖς αὐτοῦ εἶπον ὅτι Ἡλικίαν ἔχει, αὐτὸν ἐρωτήσατε.
difor var det foreldri hans sagde: «Han er gamall nok; spør honom sjølv!»
24 Ἐφώνησαν οὖν ἐκ δευτέρου τὸν ἄνθρωπον ὃς ἦν τυφλός, καὶ εἶπον αὐτῷ, Δὸς δόξαν τῷ Θεῷ· ἡμεῖς οἴδαμεν ὅτι ὁ ἄνθρωπος οὗτος ἁμαρτωλός ἐστιν.
So henta dei andre gongen til seg den mannen som hadde vore blind, og sagde til honom: «Gjev Gud æra! Me veit at denne mannen er ein syndar!»
25 Ἀπεκρίθη οὖν ἐκεῖνος καὶ εἶπεν, Εἰ ἁμαρτωλός ἐστιν, οὐκ οἶδα· ἓν οἶδα, ὅτι τυφλὸς ὤν, ἄρτι βλέπω.
«Um han er ein syndar, veit eg ikkje, » svara han; «eitt veit eg: eg var blind, og no ser eg.»
26 Εἶπον δὲ αὐτῷ πάλιν, Τί ἐποίησέ σοι; Πῶς ἤνοιξέ σου τοὺς ὀφθαλμούς;
«Kva gjorde han med deg?» sagde dei då; «korleis gjekk det til at han opna augo dine?»
27 Ἀπεκρίθη αὐτοῖς, Εἶπον ὑμῖν ἤδη, καὶ οὐκ ἠκούσατε. Τί πάλιν θέλετε ἀκούειν; Μὴ καὶ ὑμεῖς θέλετε αὐτοῦ μαθηταὶ γενέσθαι;
«Eg hev alt sagt dykk det, » svara han, «og de agta ikkje på det; kvi vil de høyra det upp att? Kann henda de og vil verta læresveinarne hans?»
28 Ἐλοιδόρησαν αὐτόν, καὶ εἶπον, Σὺ εἶ μαθητὴς ἐκείνου· ἡμεῖς δὲ τοῦ Μωσέως ἐσμὲν μαθηταί.
Då skjelte dei honom ut og sagde: «Du er hans læresvein, men me er Moses’ læresveinar.
29 Ἡμεῖς οἴδαμεν ὅτι Μωσῇ λελάληκεν ὁ Θεός· τοῦτον δὲ οὐκ οἴδαμεν πόθεν ἐστίν.
Me veit at Gud hev tala til Moses, men um denne veit me ikkje kvar han er ifrå.»
30 Ἀπεκρίθη ὁ ἄνθρωπος καὶ εἶπεν αὐτοῖς, Ἐν γὰρ τούτῳ θαυμαστόν ἐστιν, ὅτι ὑμεῖς οὐκ οἴδατε πόθεν ἐστί, καὶ ἀνέῳξέ μου τοὺς ὀφθαλμούς.
«Då er det underlegt at de ikkje veit kvar han er ifrå, » svara mannen; «han hev då opna mine augo.
31 Οἴδαμεν δὲ ὅτι ἁμαρτωλῶν ὁ Θεὸς οὐκ ἀκούει· ἀλλ᾽ ἐάν τις θεοσεβὴς ᾖ, καὶ τὸ θέλημα αὐτοῦ ποιῇ, τούτου ἀκούει.
Me veit at Gud ikkje høyrer på syndarar; men den som ottast honom og gjer etter hans vilje, den høyrer han.
32 Ἐκ τοῦ αἰῶνος οὐκ ἠκούσθη ὅτι ἤνοιξέ τις ὀφθαλμοὺς τυφλοῦ γεγεννημένου. (aiōn )
Frå ævords tid hev det ikkje vore spurt at nokon hev opna augo på ein blindfødd. (aiōn )
33 Εἰ μὴ ἦν οὗτος παρὰ Θεοῦ, οὐκ ἠδύνατο ποιεῖν οὐδέν.
Var’kje denne mannen komen frå Gud, kunde han ingen ting gjera.»
34 Ἀπεκρίθησαν καὶ εἶπον αὐτῷ, Ἐν ἁμαρτίαις σὺ ἐγεννήθης ὅλος, καὶ σὺ διδάσκεις ἡμᾶς; Καὶ ἐξέβαλον αὐτὸν ἔξω.
Då ropa dei imot honom: «I synder er du fødd og boren, og du vil læra oss!» og kasta honom ut.
35 Ἤκουσεν ὁ Ἰησοῦς ὅτι ἐξέβαλον αὐτὸν ἔξω· καὶ εὑρὼν αὐτόν, εἶπεν αὐτῷ, Σὺ πιστεύεις εἰς τὸν υἱὸν τοῦ Θεοῦ;
Jesus fekk høyra at dei hadde kasta honom ut, og då han møtte honom, sagde han til honom: «Trur du på Guds Son?»
36 Ἀπεκρίθη ἐκεῖνος καὶ εἶπε, Καὶ τίς ἐστι, Κύριε, ἵνα πιστεύσω εἰς αὐτόν;
«Kven er det då, Herre, so eg kann tru på honom?» svara han.
37 Εἶπε δὲ αὐτῷ ὁ Ἰησοῦς, Καὶ ἑώρακας αὐτόν, καὶ ὁ λαλῶν μετὰ σοῦ ἐκεῖνός ἐστιν.
Du hev set honom, sagde Jesus; «det er den som no talar med deg.»
38 Ὁ δὲ ἔφη, Πιστεύω, Κύριε· καὶ προσεκύνησεν αὐτῷ.
«Eg trur, Herre!» sagde mannen og kasta seg på kne for honom.
39 Καὶ εἶπεν ὁ Ἰησοῦς, Εἰς κρίμα ἐγὼ εἰς τὸν κόσμον τοῦτον ἦλθον, ἵνα οἱ μὴ βλέποντες βλέπωσι, καὶ οἱ βλέποντες τυφλοὶ γένωνται.
Og Jesus sagde: «Til doms er eg komen til denne verdi, so dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.»
40 Καὶ ἤκουσαν ἐκ τῶν Φαρισαίων ταῦτα οἱ ὄντες μετ᾽ αὐτοῦ, καὶ εἶπον αὐτῷ, Μὴ καὶ ἡμεῖς τυφλοί ἐσμεν;
Nokre farisæarar som var innmed honom, høyrde det og sagde: «Kann henda me og er blinde?»
41 Εἶπεν αὐτοῖς ὁ Ἰησοῦς, Εἰ τυφλοὶ ἦτε, οὐκ ἂν εἴχετε ἁμαρτίαν· νῦν δὲ λέγετε ὅτι Βλέπομεν· ἡ οὖν ἁμαρτία ὑμῶν μένει.
Då sagde Jesus: «Var de blinde, so hadde de ikkje synd; men no segjer de: «Me ser» - og syndi dykkar vert verande der ho var.»