< Πραξεις 12 >

1 Κατ᾽ ἐκεῖνον δὲ τὸν καιρὸν ἐπέβαλεν Ἡρῴδης ὁ βασιλεὺς τὰς χεῖρας κακῶσαί τινας τῶν ἀπὸ τῆς ἐκκλησίας.
Ved denne tidi lagde kong Herodes hand på nokre av kyrkjelyden og for ille med deim.
2 Ἀνεῖλε δὲ Ἰάκωβον τὸν ἀδελφὸν Ἰωάννου μαχαίρᾳ.
Jakob, bror til Johannes, tok han livet av med sverd.
3 Καὶ ἰδὼν ὅτι ἀρεστόν ἐστι τοῖς Ἰουδαίοις, προσέθετο συλλαβεῖν καὶ Πέτρον—ἦσαν δὲ αἱ ἡμέραι τῶν ἀζύμων—
Og då han såg at det var jødarne til lags, heldt han fram og greip ogso Peter - det var i søtebrødhelgi -
4 ὃν καὶ πιάσας ἔθετο εἰς φυλακήν, παραδοὺς τέσσαρσι τετραδίοις στρατιωτῶν φυλάσσειν αὐτόν, βουλόμενος μετὰ τὸ Πάσχα ἀναγαγεῖν αὐτὸν τῷ λαῷ.
og då han hadde gripe honom, sette han honom i fengsel og yvergav til fire vaktskifte, på fire mann kvart, å vakta på honom, då han etter påske vilde føra honom fram for folket.
5 Ὁ μὲν οὖν Πέτρος ἐτηρεῖτο ἐν τῇ φυλακῇ· προσευχὴ δὲ ἦν ἐκτενὴς γινομένη ὑπὸ τῆς ἐκκλησίας πρὸς τὸν Θεὸν ὑπὲρ αὐτοῦ.
Peter vart då vakta i fengslet. Men av kyrkjelyden vart det halde inderleg bøn til Gud for honom.
6 Ὅτε δὲ ἔμελλεν αὐτὸν προάγειν ὁ Ἡρῴδης, τῇ νυκτὶ ἐκείνῃ ἦν ὁ Πέτρος κοιμώμενος μεταξὺ δύο στρατιωτῶν, δεδεμένος ἁλύσεσι δυσί· φύλακές τε πρὸ τῆς θύρας ἐτήρουν τὴν φυλακήν.
Då so Herodes skulde til å føra honom fram, sov Peter den same natti millom tvo hermenner, bunden med tvo lekkjor, og vaktmenner utanfor døri vakta på fengslet.
7 Καὶ ἰδού, ἄγγελος Κυρίου ἐπέστη, καὶ φῶς ἔλαμψεν ἐν τῷ οἰκήματι· πατάξας δὲ τὴν πλευρὰν τοῦ Πέτρου, ἤγειρεν αὐτὸν λέγων, Ἀνάστα ἐν τάχει. Καὶ ἐξέπεσον αὐτοῦ αἱ ἁλύσεις ἐκ τῶν χειρῶν.
Og sjå, Herrens engel stod der, og eit ljos skein i fangeromet. Og han støytte Peter i sida, vekte honom og sagde: «Skunda deg og statt upp!» og lekkjorne fall av henderne på honom.
8 Εἶπέ τε ὁ ἄγγελος πρὸς αὐτόν, Περίζωσαι καὶ ὑπόδησαι τὰ σανδάλιά σου. Ἐποίησε δὲ οὕτω. Καὶ λέγει αὐτῷ, Περιβαλοῦ τὸ ἱμάτιόν σου, καὶ ἀκολούθει μοι.
Men engelen sagde til honom: «Bitt livgjordi um deg, og knyt på deg skorne dine!» Han so gjorde. Og han sagde til honom: «Kasta kjolen um deg, og fylg meg!»
9 Καὶ ἐξελθὼν ἠκολούθει αὐτῷ· καὶ οὐκ ᾔδει ὅτι ἀληθές ἐστι τὸ γινόμενον διὰ τοῦ ἀγγέλου, ἐδόκει δὲ ὅραμα βλέπειν.
Og han gjekk ut og fylgde honom, og visste ikkje at det som engelen gjorde, var verkelegt, men trudde at han såg ei syn.
10 Διελθόντες δὲ πρώτην φυλακὴν καὶ δευτέραν, ἦλθον ἐπὶ τὴν πύλην τὴν σιδηρᾶν, τὴν φέρουσαν εἰς τὴν πόλιν, ἥτις αὐτομάτη ἠνοίχθη αὐτοῖς· καὶ ἐξελθόντες προῆλθον ῥύμην μίαν, καὶ εὐθέως ἀπέστη ὁ ἄγγελος ἀπ᾽ αὐτοῦ.
Då dei var komne igjenom den fyrste og den andre vakti, kom dei til den jarnporten som ber ut til byen, og han opna seg for deim av seg sjølv. Og dei gjekk ut og gjekk ei gata frametter, og straks skildest engelen frå honom.
11 Καὶ ὁ Πέτρος, γενόμενος ἐν ἑαυτῷ, εἶπε, Νῦν οἶδα ἀληθῶς ὅτι ἐξαπέστειλε Κύριος τὸν ἄγγελον αὐτοῦ, καὶ ἐξείλετό με ἐκ χειρὸς Ἡρῴδου καὶ πάσης τῆς προσδοκίας τοῦ λαοῦ τῶν Ἰουδαίων.
Og Peter kom til seg sjølv att og sagde: «No veit eg i sanning at Herren sende engelen sin og fria meg ut or Herodes’ hand og frå alt det som jødefolket trår etter.»
12 Συνιδών τε ἦλθεν ἐπὶ τὴν οἰκίαν Μαρίας τῆς μητρὸς Ἰωάννου τοῦ ἐπικαλουμένου Μάρκου, οὗ ἦσαν ἱκανοὶ συνηθροισμένοι καὶ προσευχόμενοι.
Og då han no hådde seg, gjekk han til huset hennar Maria, mor til Johannes som var kalla med tilnamnet Markus; der var mange komne saman og heldt bøn.
13 Κρούσαντος δὲ τοῦ Πέτρου τὴν θύραν τοῦ πυλῶνος, προσῆλθε παιδίσκη ὑπακοῦσαι, ὀνόματι Ῥόδη.
Men då Peter banka på porten, kom det ut ei tenestgjenta, som heitte Rode, og skulde høyra etter.
14 Καὶ ἐπιγνοῦσα τὴν φωνὴν τοῦ Πέτρου, ἀπὸ τῆς χαρᾶς οὐκ ἤνοιξε τὸν πυλῶνα, εἰσδραμοῦσα δὲ ἀπήγγειλεν ἑστάναι τὸν Πέτρον πρὸ τοῦ πυλῶνος.
Og då ho kjende Peters røyst, vart ho so glad, at ho ikkje let upp porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.
15 Οἱ δὲ πρὸς αὐτὴν εἶπον, Μαίνῃ. Ἡ δὲ διϊσχυρίζετο οὕτως ἔχειν. Οἱ δὲ ἔλεγον, Ὁ ἄγγελος αὐτοῦ ἐστιν.
Men dei sagde til henne: «Du er frå vitet.» Men ho vissa at det var so. Då sagde dei: «Det er engelen hans.»
16 Ὁ δὲ Πέτρος ἐπέμενε κρούων· ἀνοίξαντες δὲ εἶδον αὐτόν, καὶ ἐξέστησαν.
Men Peter heldt på og banka; då let dei upp og såg honom, og dei vart forfærde.
17 Κατασείσας δὲ αὐτοῖς τῇ χειρὶ σιγᾷν, διηγήσατο αὐτοῖς πῶς ὁ Κύριος αὐτὸν ἐξήγαγεν ἐκ τῆς φυλακῆς. Εἶπε δέ, Ἀπαγγείλατε Ἰακώβῳ καὶ τοῖς ἀδελφοῖς ταῦτα. Καὶ ἐξελθὼν ἐπορεύθη εἰς ἕτερον τόπον.
Men han gjorde teikn til dem med handi, at dei skulde tegja, og fortalde deim korleis Herren førde honom ut or fengslet. Og han sagde: «Fortel Jakob og brørne dette!» So gjekk han burt og for til ein annan stad.
18 Γενομένης δὲ ἡμέρας, ἦν τάραχος οὐκ ὀλίγος ἐν τοῖς στρατιώταις, τί ἄρα ὁ Πέτρος ἐγένετο.
Då det so vart dag, var det ikkje liti røra millom hermennerne um kvar det då kunde ha vorte av Peter.
19 Ἡρῴδης δὲ ἐπιζητήσας αὐτὸν καὶ μὴ εὑρών, ἀνακρίνας τοὺς φύλακας, ἐκέλευσεν ἀπαχθῆναι. Καὶ κατελθὼν ἀπὸ τῆς Ἰουδαίας εἰς τὴν Καισάρειαν διέτριβεν.
Herodes let leita etter honom, men fann honom ikkje. Og han forhøyrde vaktmennerne og baud at dei skulde førast burt. Og han drog ned frå Judæa til Cæsarea og vart verande der.
20 Ἦν δὲ ὁ Ἡρῴδης θυμομαχῶν Τυρίοις καὶ Σιδωνίοις· ὁμοθυμαδὸν δὲ παρῆσαν πρὸς αὐτόν, καὶ πείσαντες Βλάστον τὸν ἐπὶ τοῦ κοιτῶνος τοῦ βασιλέως, ᾐτοῦντο εἰρήνην, διὰ τὸ τρέφεσθαι αὐτῶν τὴν χώραν ἀπὸ τῆς βασιλικῆς.
Han var storleg vreid på folket i Tyrus og Sidon. Men dei steig samrådde fram for honom, og då dei hadde vunne Blastus, ein hirdmann hjå kongen, bad dei um fred, av di landet deira hadde si næring frå kongens land.
21 Τακτῇ δὲ ἡμέρᾳ ὁ Ἡρῴδης ἐνδυσάμενος ἐσθῆτα βασιλικήν, καὶ καθίσας ἐπὶ τοῦ βήματος, ἐδημηγόρει πρὸς αὐτούς.
På ein fastsett dag klædde so Herodes seg i kongelegt skrud og sette seg på kongsstolen og heldt ein tale til deim.
22 Ὁ δὲ δῆμος ἐπεφώνει, Φωνὴ Θεοῦ καὶ οὐκ ἀνθρώπου.
Og folket ropa til honom: «Det er Guds røyst og ikkje menneskjerøyst!»
23 Παραχρῆμα δὲ ἐπάταξεν αὐτὸν ἄγγελος Κυρίου, ἀνθ᾽ ὧν οὐκ ἔδωκε δόξαν τῷ Θεῷ· καὶ γενόμενος σκωληκόβρωτος, ἐξέψυξεν.
Straks slo Herrens engel honom, for di han ikkje gav Gud æra; og han vart uppeten av makk og anda ut.
24 Ὁ δὲ λόγος τοῦ Θεοῦ ηὔξανε καὶ ἐπληθύνετο.
Men Guds ord hadde framgang og vann mange.
25 Βαρνάβας δὲ καὶ Σαῦλος ὑπέστρεψαν εἰς Ἱερουσαλήμ, πληρώσαντες τὴν διακονίαν, συμπαραλαβόντες καὶ Ἰωάννην τὸν ἐπικληθέντα Μάρκον.
Og Barnabas og Saulus for atter frå Jerusalem då dei hadde fullført si tenesta, og tok og med seg Johannes som var kalla med tilnamnet Markus.

< Πραξεις 12 >