< Προς Τιμοθεον Β΄ 2 >
1 Σὺ οὖν, τέκνον μου, ἐνδυναμοῦ ἐν τῇ χάριτι τῇ ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ.
So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!
2 Καὶ ἃ ἤκουσας παρ᾽ ἐμοῦ διὰ πολλῶν μαρτύρων, ταῦτα παράθου πιστοῖς ἀνθρώποις, οἵτινες ἱκανοὶ ἔσονται καὶ ἑτέρους διδάξαι.
Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre!
3 Σὺ οὖν κακοπάθησον ὡς καλὸς στρατιώτης Ἰησοῦ Χριστοῦ.
Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann!
4 Οὐδεὶς στρατευόμενος ἐμπλέκεται ταῖς τοῦ βίου πραγματείαις, ἵνα τῷ στρατολογήσαντι ἀρέσῃ.
Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren.
5 Ἐὰν δὲ καὶ ἀθλῇ τις, οὐ στεφανοῦται ἐὰν μὴ νομίμως ἀθλήσῃ.
Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg.
6 Τὸν κοπιῶντα γεωργὸν δεῖ πρῶτον τῶν καρπῶν μεταλαμβάνειν.
Den bonde som arbeider, skal fyrst njota frukterne.
7 Νόει ἃ λέγω· δῴη γάρ σοι ὁ Κύριος σύνεσιν ἐν πᾶσι.
Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt.
8 Μνημόνευε Ἰησοῦν Χριστὸν ἐγηγερμένον ἐκ νεκρῶν, ἐκ σπέρματος Δαυίδ, κατὰ τὸ εὐαγγέλιόν μου·
Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium,
9 ἐν ᾧ κακοπαθῶ μέχρι δεσμῶν, ὡς κακοῦργος· ἀλλ᾽ ὁ λόγος τοῦ Θεοῦ οὐ δέδεται.
det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde.
10 Διὰ τοῦτο πάντα ὑπομένω διὰ τοὺς ἐκλεκτούς, ἵνα καὶ αὐτοὶ σωτηρίας τύχωσι τῆς ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ, μετὰ δόξης αἰωνίου. (aiōnios )
Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom. (aiōnios )
11 Πιστὸς ὁ λόγος· εἰ γὰρ συναπεθάνομεν, καὶ συζήσομεν·
Det er eit sant ord; for er me daude med honom, skal me og leva med honom;
12 εἰ ὑπομένομεν, καὶ συμβασιλεύσομεν· εἰ ἀρνούμεθα, κἀκεῖνος ἀρνήσεται ἡμᾶς·
held me ut, skal me og styra med honom; forneittar me, skal han og forneitta oss;
13 εἰ ἀπιστοῦμεν, ἐκεῖνος πιστὸς μένει· ἀρνήσασθαι ἑαυτὸν οὐ δύναται.
er me trulause, so er han trufast; seg sjølv kann han ikkje forneitta.
14 Ταῦτα ὑπομίμνῃσκε, διαμαρτυρόμενος ἐνώπιον τοῦ Κυρίου μὴ λογομαχεῖν εἰς οὐδὲν χρήσιμον, ἐπὶ καταστροφῇ τῶν ἀκουόντων.
Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på!
15 Σπούδασον σεαυτὸν δόκιμον παραστῆσαι τῷ Θεῷ, ἐργάτην ἀνεπαίσχυντον, ὀρθοτομοῦντα τὸν λόγον τῆς ἀληθείας.
Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg!
16 Τὰς δὲ βεβήλους κενοφωνίας περιΐστασο· ἐπὶ πλεῖον γὰρ προκόψουσιν ἀσεβείας,
Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa,
17 καὶ ὁ λόγος αὐτῶν ὡς γάγγραινα νομὴν ἕξει· ὧν ἐστιν Ὑμέναιος καὶ Φιλητός·
og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus,
18 οἵτινες περὶ τὴν ἀλήθειαν ἠστόχησαν, λέγοντες τὴν ἀνάστασιν ἤδη γεγονέναι, καὶ ἀνατρέπουσι τήν τινων πίστιν.
som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume.
19 Ὁ μέντοι στερεὸς θεμέλιος τοῦ Θεοῦ ἕστηκεν, ἔχων τὴν σφραγῖδα ταύτην, Ἔγνω Κύριος τοὺς ὄντας αὐτοῦ, καί, Ἀποστήτω ἀπὸ ἀδικίας πᾶς ὁ ὀνομάζων τὸ ὄνομα Κυρίου.
Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine, » og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.»
20 Ἐν μεγάλῃ δὲ οἰκίᾳ οὐκ ἔστι μόνον σκεύη χρυσᾶ καὶ ἀργυρᾶ, ἀλλὰ καὶ ξύλινα καὶ ὀστράκινα, καὶ ἃ μὲν εἰς τιμήν, ἃ δὲ εἰς ἀτιμίαν.
Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra.
21 Ἐὰν οὖν τις ἐκκαθάρῃ ἑαυτὸν ἀπὸ τούτων, ἔσται σκεῦος εἰς τιμήν, ἡγιασμένον, καὶ εὔχρηστον τῷ δεσπότῃ, εἰς πᾶν ἔργον ἀγαθὸν ἡτοιμασμένον.
Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning.
22 Τὰς δὲ νεωτερικὰς ἐπιθυμίας φεῦγε· δίωκε δὲ δικαιοσύνην, πίστιν, ἀγάπην, εἰρήνην, μετὰ τῶν ἐπικαλουμένων τὸν Κύριον ἐκ καθαρᾶς καρδίας.
Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta!
23 Τὰς δὲ μωρὰς καὶ ἀπαιδεύτους ζητήσεις παραιτοῦ, εἰδὼς ὅτι γεννῶσι μάχας.
Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid!
24 Δοῦλον δὲ Κυρίου οὐ δεῖ μάχεσθαι, ἀλλ᾽ ἤπιον εἶναι πρὸς πάντας, διδακτικόν, ἀνεξίκακον,
Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt,
25 ἐν πρᾳότητι παιδεύοντα τοὺς ἀντιδιατιθεμένους· μήποτε δῷ αὐτοῖς ὁ Θεὸς μετάνοιαν εἰς ἐπίγνωσιν ἀληθείας,
so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi,
26 καὶ ἀνανήψωσιν ἐκ τῆς τοῦ διαβόλου παγίδος, ἐζωγρημένοι ὑπ᾽ αὐτοῦ εἰς τὸ ἐκείνου θέλημα.
og vakna or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av til å gjera hans vilje.