< Προς Ρωμαιους 15 >

1 Ὀφείλομεν δὲ ἡμεῖς οἱ δυνατοὶ τὰ ἀσθενήματα τῶν ἀδυνάτων βαστάζειν, καὶ μὴ ἑαυτοῖς ἀρέσκειν.
Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.
2 ἕκαστος ἡμῶν τῷ πλησίον ἀρεσκέτω εἰς τὸ ἀγαθὸν πρὸς οἰκοδομήν·
Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing!
3 καὶ γὰρ ὁ Χριστὸς οὐχ ἑαυτῷ ἤρεσεν· ἀλλὰ καθὼς γέγραπται, οἱ ὀνειδισμοὶ τῶν ὀνειδιζόντων σε ἐπέπεσαν ἐπ’ ἐμέ.
For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men som skrive stend: «Deira hædingar som hædde deg, dei fall på meg.»
4 ὅσα γὰρ προεγράφη, εἰς τὴν ἡμετέραν διδασκαλίαν ἐγράφη, ἵνα διὰ τῆς ὑπομονῆς καὶ διὰ τῆς παρακλήσεως τῶν γραφῶν τὴν ἐλπίδα ἔχωμεν.
For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev.
5 ὁ δὲ θεὸς τῆς ὑπομονῆς καὶ τῆς παρακλήσεως δῴη ὑμῖν τὸ αὐτὸ φρονεῖν ἐν ἀλλήλοις κατὰ Χριστὸν Ἰησοῦν,
Men Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må vera samlyndte med kvarandre etter Kristi Jesu fyredøme,
6 ἵνα ὁμοθυμαδὸν ἐν ἑνὶ στόματι δοξάζητε τὸν θεὸν καὶ πατέρα τοῦ κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ Χριστοῦ.
so de samheldige, med ein munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader!
7 διὸ προσλαμβάνεσθε ἀλλήλους, καθὼς καὶ ὁ Χριστὸς προσελάβετο ὑμᾶς, εἰς δόξαν τοῦ θεοῦ.
Difor, tak dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra!
8 λέγω γὰρ Χριστὸν διάκονον γεγενῆσθαι περιτομῆς ὑπὲρ ἀληθείας θεοῦ, εἰς τὸ βεβαιῶσαι τὰς ἐπαγγελίας τῶν πατέρων,
Eg meiner: Kristus hev vorte tenar for dei umskorne for Guds sannleik skuld, for å stadfesta lovnaderne til federne;
9 τὰ δὲ ἔθνη ὑπὲρ ἐλέους δοξάσαι τὸν θεόν, καθὼς γέγραπται· διὰ τοῦτο ἐξομολογήσομαί σοι ἐν ἔθνεσιν, καὶ τῷ ὀνόματί σου ψαλῶ.
men heidningarne skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: «Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.»
10 καὶ πάλιν λέγει, εὐφράνθητε, ἔθνη, μετὰ τοῦ λαοῦ αὐτοῦ.
Og atter segjer Skrifti: «Fagna dykk, heidningar, saman med hans folk!»
11 καὶ πάλιν, αἰνεῖτε, πάντα τὰ ἔθνη, τὸν κύριον, καὶ ἐπαινεσάτωσαν αὐτὸν πάντες οἱ λαοί.
Og atter: «Lova Herren, alle heidningar, og prisa honom, alle folk!»
12 καὶ πάλιν Ἡσαΐας λέγει, ἔσται ἡ ῥίζα τοῦ Ἰεσσαί, καὶ ὁ ἀνιστάμενος ἄρχειν ἐθνῶν· ἐπ’ αὐτῷ ἔθνη ἐλπιοῦσιν.
Og atter segjer Jesaja: «Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg til herre yver heidningar, på honom skal heidningarne vona.»
13 ὁ δὲ θεὸς τῆς ἐλπίδος πληρώσαι ὑμᾶς πάσης χαρᾶς καὶ εἰρήνης ἐν τῷ πιστεύειν, εἰς τὸ περισσεύειν ὑμᾶς ἐν τῇ ἐλπίδι ἐν δυνάμει πνεύματος ἁγίου.
Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui, so de kann vera rike på von ved krafti frå den Heilage Ande!
14 Πέπεισμαι δέ, ἀδελφοί μου, καὶ αὐτὸς ἐγὼ περὶ ὑμῶν, ὅτι καὶ αὐτοὶ μεστοί ἐστε ἀγαθωσύνης, πεπληρωμένοι πάσης τῆς γνώσεως, δυνάμενοι καὶ ἀλλήλους νουθετεῖν.
Men eg og, mine brør, hev den visse trui um dykk, at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege ogso til å påminna kvarandre.
15 τολμηρότερον δὲ ἔγραψα ὑμῖν ἀπὸ μέρους, ὡς ἐπαναμιμνῄσκων ὑμᾶς διὰ τὴν χάριν τὴν δοθεῖσάν μοι ἀπὸ τοῦ θεοῦ
Men endå hev eg sume stader skrive heller djervt til dykk, med di eg atter vilde gjeva dykk påminning etter den nåde som Gud hev gjeve meg,
16 εἰς τὸ εἶναί με λειτουργὸν Χριστοῦ Ἰησοῦ εἰς τὰ ἔθνη, ἱερουργοῦντα τὸ εὐαγγέλιον τοῦ θεοῦ, ἵνα γένηται ἡ προσφορὰ τῶν ἐθνῶν εὐπρόσδεκτος, ἡγιασμένη ἐν πνεύματι ἁγίῳ.
at eg skal vera Jesu Kristi offerprest for heidningarne og gjera prestetenesta med evangeliet, so heidningarne kann verta eit huglegt offer, helga ved den Heilage Ande.
17 ἔχω οὖν τὴν καύχησιν ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ τὰ πρὸς τὸν θεόν·
Difor hev eg mi ros i Kristus Jesus, i mi tenesta for Gud.
18 οὐ γὰρ τολμήσω τι λαλεῖν ὧν οὐ κατειργάσατο Χριστὸς δι’ ἐμοῦ εἰς ὑπακοὴν ἐθνῶν, λόγῳ καὶ ἔργῳ,
For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev verka ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning,
19 ἐν δυνάμει σημείων καὶ τεράτων, ἐν δυνάμει πνεύματος θεοῦ, ὥστε με ἀπὸ Ἱερουσαλὴμ καὶ κύκλῳ μέχρι τοῦ Ἰλλυρικοῦ πεπληρωκέναι τὸ εὐαγγέλιον τοῦ Χριστοῦ.
med kraft av teikn og under, med kraft av Guds Ande, so eg fullt hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria,
20 οὕτως δὲ φιλοτιμούμενον εὐαγγελίζεσθαι οὐχ ὅπου ὠνομάσθη Χριστός, ἵνα μὴ ἐπ’ ἀλλότριον θεμέλιον οἰκοδομῶ,
men då so, at eg sette mi æra i å forkynna evangeliet, ikkje der som Kristus alt var nemnd, at eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll,
21 ἀλλὰ καθὼς γέγραπται, οἷς οὐκ ἀνηγγέλη περὶ αὐτοῦ ὄψονται, καὶ οἳ οὐκ ἀκηκόασιν συνήσουσιν.
men, som skrive stend: «Dei som ingi kunngjering hev fenge um honom, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.»
22 Διὸ καὶ ἐνεκοπτόμην τὰ πολλὰ τοῦ ἐλθεῖν πρὸς ὑμᾶς·
Det er mest dette som hev hindra meg frå å koma til dykk.
23 νυνὶ δὲ μηκέτι τόπον ἔχων ἐν τοῖς κλίμασι τούτοις, ἐπιποθίαν δὲ ἔχων τοῦ ἐλθεῖν πρὸς ὑμᾶς ἀπὸ πολλῶν ἐτῶν,
Men no, då eg ikkje lenger hev rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk,
24 ὡς ἂν πορεύωμαι εἰς τὴν Σπανίαν· ἐλπίζω γὰρ διαπορευόμενος θεάσασθαι ὑμᾶς καὶ ὑφ’ ὑμῶν προπεμφθῆναι ἐκεῖ, ἐὰν ὑμῶν πρῶτον ἀπὸ μέρους ἐμπλησθῶ.
no vonar eg å få sjå dykk på gjenomferdi, når eg fer til Spania, og få fylgjeskap av dykk dit, når eg fyrst i nokon mun hev fenge hugnad hjå dykk.
25 νυνὶ δὲ πορεύομαι εἰς Ἱερουσαλὴμ διακονῶν τοῖς ἁγίοις.
Men no fer eg til Jerusalem i tenesta for dei heilage.
26 ηὐδόκησαν γὰρ Μακεδονία καὶ Ἀχαΐα κοινωνίαν τινὰ ποιήσασθαι εἰς τοὺς πτωχοὺς τῶν ἁγίων τῶν ἐν Ἱερουσαλήμ.
For Makedonia og Akaia hev av si godvild gjort eit samanskot til dei fatige millom dei heilage i Jerusalem.
27 ηὐδόκησαν γάρ, καὶ ὀφειλέται εἰσὶν αὐτῶν· εἰ γὰρ τοῖς πνευματικοῖς αὐτῶν ἐκοινώνησαν τὰ ἔθνη, ὀφείλουσιν καὶ ἐν τοῖς σαρκικοῖς λειτουργῆσαι αὐτοῖς.
Dei hev gjort det av si godvild, dei stend og i skuld til deim; for hev heidningarne fenge av deira åndelege gode ting, so er dei og skuldige til å tena deim med dei timelege.
28 τοῦτο οὖν ἐπιτελέσας, καὶ σφραγισάμενος αὐτοῖς τὸν καρπὸν τοῦτον, ἀπελεύσομαι δι’ ὑμῶν εἰς Σπανίαν·
Når eg då hev fullført dette og lagt denne frukt i deira hender, so vil eg fara derifrå gjenom dykkar by til Spania,
29 οἶδα δὲ ὅτι ἐρχόμενος πρὸς ὑμᾶς ἐν πληρώματι εὐλογίας Χριστοῦ ἐλεύσομαι.
og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med ei fylla av Kristi velsigning.
30 παρακαλῶ δὲ ὑμᾶς, ἀδελφοί, διὰ τοῦ κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ Χριστοῦ καὶ διὰ τῆς ἀγάπης τοῦ πνεύματος, συναγωνίσασθαί μοι ἐν ταῖς προσευχαῖς ὑπὲρ ἐμοῦ πρὸς τὸν θεόν,
Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi og Andens kjærleik, at de må strida med meg i dykkar bøner for meg til Gud,
31 ἵνα ῥυσθῶ ἀπὸ τῶν ἀπειθούντων ἐν τῇ Ἰουδαίᾳ καὶ ἡ διακονία μου ἡ εἰς Ἱερουσαλὴμ εὐπρόσδεκτος τοῖς ἁγίοις γένηται,
at eg må ganga fri for dei vantruande i Judæa, og mi ærend til Jerusalem må tekkjast dei heilage,
32 ἵνα ἐλθὼν ἐν χαρᾷ πρὸς ὑμᾶς διὰ θελήματος θεοῦ συναναπαύσωμαι ὑμῖν.
so eg kann koma til dykk med gleda, um Gud so vil, og kveikjast upp i samvære med dykk.
33 ὁ δὲ θεὸς τῆς εἰρήνης μετὰ πάντων ὑμῶν· ἀμήν.
Fredsens Gud vere med dykk alle! Amen.

< Προς Ρωμαιους 15 >