< Αποκαλυψις Ιωαννου 22 +
1 Καὶ ἔδειξέν μοι ποταμὸν ὕδατος ζωῆς λαμπρὸν ὡς κρύσταλλον, ἐκπορευόμενον ἐκ τοῦ θρόνου τοῦ θεοῦ καὶ τοῦ ἀρνίου.
Og han viste meg ei elv med livsens vatn, som rann klår som krystall ut frå kongsstolen åt Gud og Lambet.
2 ἐν μέσῳ τῆς πλατείας αὐτῆς καὶ τοῦ ποταμοῦ ἐντεῦθεν καὶ ἐκεῖθεν ξύλον ζωῆς ποιῶν καρποὺς δώδεκα, κατὰ μῆνα ἕκαστον ἀποδιδοὺς τὸν καρπὸν αὐτοῦ, καὶ τὰ φύλλα τοῦ ξύλου εἰς θεραπείαν τῶν ἐθνῶν.
Midt imillom bygata og elvi, på båe sidor, stod livsens tre, som bar tolv gonger frukt og gav kvar månad si frukt. Og lauvet på treet var til helsebot for folki.
3 καὶ πᾶν κατάθεμα οὐκ ἔσται ἔτι. καὶ ὁ θρόνος τοῦ θεοῦ καὶ τοῦ ἀρνίου ἐν αὐτῇ ἔσται, καὶ οἱ δοῦλοι αὐτοῦ λατρεύσουσιν αὐτῷ,
Og ingi bannstøyting skal vera meir, og kongsstolen åt Gud og Lambet skal vera der, og hans tenarar skal tena honom.
4 καὶ ὄψονται τὸ πρόσωπον αὐτοῦ, καὶ τὸ ὄνομα αὐτοῦ ἐπὶ τῶν μετώπων αὐτῶν.
Og dei skal sjå hans åsyn, og hans namn skal vera på panna deira.
5 καὶ νὺξ οὐκ ἔσται ἔτι, καὶ οὐκ ἔχουσιν χρείαν φωτὸς λύχνου καὶ φωτὸς ἡλίου, ὅτι κύριος ὁ θεὸς φωτιεῖ ἐπ’ αὐτούς, καὶ βασιλεύσουσιν εἰς τοὺς αἰῶνας τῶν αἰώνων. (aiōn )
Og natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje til ljos av lampa og ljos av sol, for Gud Herren skal lysa yver deim; og dei skal råda i all æva. (aiōn )
6 καὶ εἶπέν μοι, οὗτοι οἱ λόγοι πιστοὶ καὶ ἀληθινοί, καὶ ὁ κύριος, ὁ θεὸς τῶν πνευμάτων τῶν προφητῶν, ἀπέστειλεν τὸν ἄγγελον αὐτοῦ δεῖξαι τοῖς δούλοις αὐτοῦ ἃ δεῖ γενέσθαι ἐν τάχει.
Og han sagde til meg: «Desse ord er truverdige og sanne; og Herren, den Gud som skifter ut sin Ande til profetarne, hev sendt sin engel til å syna tenarane sine det som snart skal henda.
7 καὶ ἰδοὺ ἔρχομαι ταχύ. μακάριος ὁ τηρῶν τοὺς λόγους τῆς προφητείας τοῦ βιβλίου τούτου.
Sjå, eg kjem snart! Sæl er den som tek vare på dei profetiske ord i denne boki.»
8 Κἀγὼ Ἰωάννης ὁ βλέπων καὶ ἀκούων ταῦτα. καὶ ὅτε ἤκουσα καὶ ἔβλεψα, ἔπεσα προσκυνῆσαι ἔμπροσθεν τῶν ποδῶν τοῦ ἀγγέλου τοῦ δεικνύοντός μοι ταῦτα.
Og eg, Johannes, er den som såg og høyrde dette. Og då eg hadde høyrt og set, fall eg ned og vilde tilbeda for føterne til den engelen som synte meg dette.
9 καὶ λέγει μοι, ὅρα μή· σύνδουλός σού εἰμι καὶ τῶν ἀδελφῶν σου τῶν προφητῶν καὶ τῶν τηρούντων τοὺς λόγους τοῦ βιβλίου τούτου· τῷ θεῷ προσκύνησον.
Og han segjer til meg: «Sjå til du ikkje gjer det; for eg er medtenar til deg og brørne dine, profetarne, og til deim som tek vare på ordi i denne boki. Tilbed Gud!»
10 καὶ λέγει μοι, μὴ σφραγίσῃς τοὺς λόγους τῆς προφητείας τοῦ βιβλίου τούτου, ὁ καιρὸς γὰρ ἐγγύς ἐστιν.
Og han segjer til meg: «Du skal ikkje setja innsigle på dei profetiske ord i denne boki! for tidi er nær.
11 ὁ ἀδικῶν ἀδικησάτω ἔτι, καὶ ὁ ῥυπαρὸς ῥυπανθήτω ἔτι, καὶ ὁ δίκαιος δικαιοσύνην ποιησάτω ἔτι, καὶ ὁ ἅγιος ἁγιασθήτω ἔτι.
Lat den som gjer urett gjera urett framleides, og den ureine verta urein framleides, og den rettferdige gjera rettferd framleides, og den heilage verta helga framleides!
12 Ἰδοὺ ἔρχομαι ταχύ, καὶ ὁ μισθός μου μετ’ ἐμοῦ, ἀποδοῦναι ἑκάστῳ ὡς τὸ ἔργον ἐστὶν αὐτοῦ.
Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, til å gjeva kvar attergjeld, etter som hans gjerning er.
13 ἐγὼ τὸ ἄλφα καὶ τὸ ω, ὁ πρῶτος καὶ ὁ ἔσχατος, ἡ ἀρχὴ καὶ τὸ τέλος.
Eg er A og Å, upphavet og enden, den fyrste og den siste.
14 μακάριοι οἱ πλύνοντες τὰς στολὰς αὐτῶν, ἵνα ἔσται ἡ ἐξουσία αὐτῶν ἐπὶ τὸ ξύλον τῆς ζωῆς καὶ τοῖς πυλῶσιν εἰσέλθωσιν εἰς τὴν πόλιν.
Sæle er dei som tvær kjolarne sine, so dei må få rett til livsens tre og koma inn i byen gjenom portarne.
15 ἔξω οἱ κύνες καὶ οἱ φάρμακοι καὶ οἱ πόρνοι καὶ οἱ φονεῖς καὶ οἱ εἰδωλολάτραι καὶ πᾶς ποιῶν καὶ φιλῶν ψεῦδος.
Men utanfor er hundarne og trollmennerne og horkararne og manndråparane og avgudsdyrkarane og kvar som elskar og talar lygn.
16 ἐγὼ Ἰησοῦς ἔπεμψα τὸν ἄγγελόν μου μαρτυρῆσαι ὑμῖν ταῦτα ἐπὶ ταῖς ἐκκλησίαις. ἐγώ εἰμι ἡ ῥίζα καὶ τὸ γένος Δαυείδ, ὁ ἀστὴρ ὁ λαμπρὸς ὁ πρωϊνός.
Eg, Jesus, hev sendt min engel til å vitna dette for dykk um kyrkjelydarne. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.
17 καὶ τὸ πνεῦμα καὶ ἡ νύμφη λέγουσιν, ἔρχου. καὶ ὁ ἀκούων εἰπάτω, ἔρχου. καὶ ὁ διψῶν ἐρχέσθω, ὁ θέλων λαβέτω ὕδωρ ζωῆς δωρεάν.
Og Anden og bruri segjer: «Kom!» Og den som høyrer det, segje: «Kom!» Og den som er tyrst, han kome, og den som vil, han take livsens vatn for inkje!»
18 Μαρτυρῶ ἐγὼ παντὶ τῷ ἀκούοντι τοὺς λόγους τῆς προφητείας τοῦ βιβλίου τούτου· ἐάν τις ἐπιθῇ ἐπ’ αὐτά, ἐπιθήσει ἐπ’ αὐτὸν ὁ θεὸς τὰς πληγὰς τὰς γεγραμμένας ἐν τῷ βιβλίῳ τούτῳ·
Eg vitnar for kvar som høyrer dei profetiske ordi i denne boki: Dersom nokon legg noko til dette, so skal Gud leggja på honom dei plågor som er skrivne i denne boki.
19 καὶ ἐάν τις ἀφέλῃ ἀπὸ τῶν λόγων τοῦ βιβλίου τῆς προφητείας ταύτης, ἀφελεῖ ὁ θεὸς τὸ μέρος αὐτοῦ ἀπὸ τοῦ ξύλου τῆς ζωῆς καὶ ἐκ τῆς πόλεως τῆς ἁγίας, τῶν γεγραμμένων ἐν τῷ βιβλίῳ τούτῳ.
Og dersom nokon tek noko burt frå ordi i denne profetiske boki, so skal Gud taka hans lut burt frå livsens tre og frå den heilage byen som det stend skrive um i denne boki.
20 Λέγει ὁ μαρτυρῶν ταῦτα· ναί, ἔρχομαι ταχύ. Ἀμήν, ἔρχου κύριε Ἰησοῦ.
Han som vitnar dette, segjer: «Ja, eg kjem snart.» Amen, ja kom, Herre Jesus!
21 Ἡ χάρις τοῦ κυρίου Ἰησοῦ μετὰ πάντων.
Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.