< Προς Φιλιππησιους 1 >

1 Παῦλος καὶ Τιμόθεος δοῦλοι Χριστοῦ Ἰησοῦ πᾶσιν τοῖς ἁγίοις ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ τοῖς οὖσιν ἐν Φιλίπποις σὺν ἐπισκόποις καὶ διακόνοις.
Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, til alle dei heilage i Kristus Jesus, som er i Filippi, med tilsynsmenner og tenarar for kyrkjelyden:
2 χάρις ὑμῖν καὶ εἰρήνη ἀπὸ θεοῦ πατρὸς ἡμῶν καὶ κυρίου Ἰησοῦ Χριστοῦ.
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
3 Εὐχαριστῶ τῷ θεῷ μου ἐπὶ πάσῃ τῇ μνείᾳ ὑμῶν,
Eg takkar min Gud so tidt eg tenkjer på dykk,
4 πάντοτε ἐν πάσῃ δεήσει μου ὑπὲρ πάντων ὑμῶν μετὰ χαρᾶς τὴν δέησιν ποιούμενος,
med di eg alltid, kvar gong eg bed, gjer mi bøn for dykk alle med gleda,
5 ἐπὶ τῇ κοινωνίᾳ ὑμῶν εἰς τὸ εὐαγγέλιον ἀπὸ πρώτης ἡμέρας ἄχρι τοῦ νῦν,
på grunn av dykkar samfund med meg i arbeidet for evangeliet frå fyrste dagen og alt til no.
6 πεποιθὼς αὐτὸ τοῦτο, ὅτι ὁ ἐναρξάμενος ἐν ὑμῖν ἔργον ἀγαθὸν ἐπιτελέσει ἄχρι ἡμέρας Χριστοῦ Ἰησοῦ·
Og eg er fullvis um dette, at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne alt til Jesu Kristi dag,
7 καθώς ἐστιν δίκαιον ἐμοὶ τοῦτο φρονεῖν ὑπὲρ πάντων ὑμῶν, διὰ τὸ ἔχειν με ἐν τῇ καρδίᾳ ὑμᾶς, ἔν τε τοῖς δεσμοῖς μου καὶ ἐν τῇ ἀπολογίᾳ καὶ βεβαιώσει τοῦ εὐαγγελίου συνκοινωνούς μου τῆς χάριτος πάντας ὑμᾶς ὄντας.
liksom det er rett av meg å tenkja so um dykk alle, etter di eg ber dykk i hjarta både i mine lekkjor, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, sidan de alle er luthavande med meg i nåden.
8 μάρτυς γάρ μου ὁ θεός, ὡς ἐπιποθῶ πάντας ὑμᾶς ἐν σπλάγχνοις Χριστοῦ Ἰησοῦ.
For Gud er mitt vitne, kor eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
9 καὶ τοῦτο προσεύχομαι, ἵνα ἡ ἀγάπη ὑμῶν ἔτι μᾶλλον καὶ μᾶλλον περισσεύῃ ἐν ἐπιγνώσει καὶ πάσῃ αἰσθήσει,
Og dette bed eg um, at dykkar kjærleik endå må verta alt rikare og rikare på kunnskap og skynsemd,
10 εἰς τὸ δοκιμάζειν ὑμᾶς τὰ διαφέροντα, ἵνα ἦτε εἰλικρινεῖς καὶ ἀπρόσκοποι εἰς ἡμέραν Χριστοῦ,
at de må kunna døma um dei ymse ting, so de kann vera reine og ikkje til meinstøyt til Kristi dag,
11 πεπληρωμένοι καρπὸν δικαιοσύνης τὸν διὰ Ἰησοῦ Χριστοῦ εἰς δόξαν καὶ ἔπαινον θεοῦ.
fyllte med rettferds frukt, som er verka ved Jesus Kristus, Gud til æra og lov.
12 Γινώσκειν δὲ ὑμᾶς βούλομαι, ἀδελφοί, ὅτι τὰ κατ’ ἐμὲ μᾶλλον εἰς προκοπὴν τοῦ εὐαγγελίου ἐλήλυθεν,
Eg vil at de skal vita, brør, at min lagnad heller hev vore til framgang for evangeliet,
13 ὥστε τοὺς δεσμούς μου φανεροὺς ἐν Χριστῷ γενέσθαι ἐν ὅλῳ τῷ πραιτωρίῳ καὶ τοῖς λοιποῖς πᾶσιν,
so det hev vorte kunnigt for heile livvakti og for alle andre, at eg er i lekkjor for Kristi skuld,
14 καὶ τοὺς πλείονας τῶν ἀδελφῶν ἐν κυρίῳ πεποιθότας τοῖς δεσμοῖς μου περισσοτέρως τολμᾶν ἀφόβως τὸν λόγον τοῦ θεοῦ λαλεῖν.
og dei fleste av brørne i Herren hev fenge tiltru til mine lekkjor og dermed fenge endå meir mod til å tala ordet utan otte.
15 τινὲς μὲν καὶ διὰ φθόνον καὶ ἔριν, τινὲς δὲ καὶ δι’ εὐδοκίαν τὸν Χριστὸν κηρύσσουσιν·
Sume forkynner vel og Kristus av ovund og kivslyst, men sume og av godvilje;
16 οἱ μὲν ἐξ ἀγάπης, εἰδότες ὅτι εἰς ἀπολογίαν τοῦ εὐαγγελίου κεῖμαι,
desse forkynner Kristus av kjærleik, med di dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet,
17 οἱ δὲ ἐξ ἐριθείας τὸν Χριστὸν καταγγέλλουσιν, οὐχ ἁγνῶς, οἰόμενοι θλῖψιν ἐγείρειν τοῖς δεσμοῖς μου.
men hine gjer det av stridssykja, ikkje med rein hug, for dei tenkjer å leggja trengsla til mine lekkjor.
18 τί γάρ; πλὴν ὅτι παντὶ τρόπῳ, εἴτε προφάσει εἴτε ἀληθείᾳ, Χριστὸς καταγγέλλεται, καὶ ἐν τούτῳ χαίρω. ἀλλὰ καὶ χαρήσομαι·
Kva so? Kristus vert då forkynt på kvar måten, anten det no vert gjort for syn skuld eller i sanning, og yver dette gled eg meg, ja, eg skal og heretter få gleda meg.
19 οἶδα γὰρ ὅτι τοῦτό μοι ἀποβήσεται εἰς σωτηρίαν διὰ τῆς ὑμῶν δεήσεως καὶ ἐπιχορηγίας τοῦ πνεύματος Ἰησοῦ Χριστοῦ,
For eg veit at dette skal verta til frelsa for meg ved dykkar bøn og hjelp av Jesu Kristi Ande,
20 κατὰ τὴν ἀποκαραδοκίαν καὶ ἐλπίδα μου ὅτι ἐν οὐδενὶ αἰσχυνθήσομαι, ἀλλ’ ἐν πάσῃ παρρησίᾳ ὡς πάντοτε καὶ νῦν μεγαλυνθήσεται Χριστὸς ἐν τῷ σώματί μου, εἴτε διὰ ζωῆς εἴτε διὰ θανάτου.
etter mi lengting og von, at eg ikkje i nokon ting skal verta til skammar, men at Kristus, som alltid, so og no, med alt frimod skal verta herleggjord ved min likam, anten det vert ved liv eller ved daude.
21 Ἐμοὶ γὰρ τὸ ζῆν Χριστὸς καὶ τὸ ἀποθανεῖν κέρδος.
For livet det er for meg Kristus, og dauden ei vinning.
22 εἰ δὲ τὸ ζῆν ἐν σαρκί, τοῦτό μοι καρπὸς ἔργου· καὶ τί αἱρήσομαι οὐ γνωρίζω.
Men dersom det å liva i kjøtet gjev meg frukt for mi gjerning, so veit eg ikkje kva eg skal velja;
23 συνέχομαι δὲ ἐκ τῶν δύο, τὴν ἐπιθυμίαν ἔχων εἰς τὸ ἀναλῦσαι καὶ σὺν Χριστῷ εἶναι, πολλῷ γὰρ μᾶλλον κρεῖσσον·
for eg stend rådvill millom dei tvo ting, med di eg hev hug til å fara herifrå og vera med Kristus, for det er so ovleg mykje betre.
24 τὸ δὲ ἐπιμένειν τῇ σαρκὶ ἀναγκαιότερον δι’ ὑμᾶς.
Men å verta verande i kjøtet er naudsynlegare for dykkar skuld.
25 καὶ τοῦτο πεποιθὼς οἶδα ὅτι μενῶ καὶ παραμενῶ πᾶσιν ὑμῖν εἰς τὴν ὑμῶν προκοπὴν καὶ χαρὰν τῆς πίστεως,
Og då eg er viss på det, so veit eg at eg skal verta i liva og vera hjå dykk alle til dykkar framgang og gleda i trui,
26 ἵνα τὸ καύχημα ὑμῶν περισσεύῃ ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ ἐν ἐμοὶ διὰ τῆς ἐμῆς παρουσίας πάλιν πρὸς ὑμᾶς.
so dykkar ros kann verta rik i Kristus Jesus ved meg når eg kjem til dykk att.
27 Μόνον ἀξίως τοῦ εὐαγγελίου τοῦ Χριστοῦ πολιτεύεσθε, ἵνα εἴτε ἐλθὼν καὶ ἰδὼν ὑμᾶς εἴτε ἀπὼν ἀκούω τὰ περὶ ὑμῶν, ὅτι στήκετε ἐν ἑνὶ πνεύματι, μιᾷ ψυχῇ συναθλοῦντες τῇ πίστει τοῦ εὐαγγελίου,
Berre far dykkar livsferd so som verdigt er for Kristi evangelium, so eg, anten eg kjem og ser dykk eller er fråverande, kann høyra um dykk at de stend faste i ein Ande, og med ei sjæl strider med meg for trui på evangeliet
28 καὶ μὴ πτυρόμενοι ἐν μηδενὶ ὑπὸ τῶν ἀντικειμένων, ἥτις ἐστὶν αὐτοῖς ἔνδειξις ἀπωλείας, ὑμῶν δὲ σωτηρίας, καὶ τοῦτο ἀπὸ θεοῦ·
og ikkje i nokon ting let dykk skræma av deim som stend i mot; det er for deim ei varsling um undergang, men for dykk um frelsa, og det frå Gud,
29 ὅτι ὑμῖν ἐχαρίσθη τὸ ὑπὲρ Χριστοῦ, οὐ μόνον τὸ εἰς αὐτὸν πιστεύειν ἀλλὰ καὶ τὸ ὑπὲρ αὐτοῦ πάσχειν,
For dykk vart det unnt, for Kristi skuld, ikkje berre å tru på honom, men og å lida for hans skuld,
30 τὸν αὐτὸν ἀγῶνα ἔχοντες οἷον εἴδετε ἐν ἐμοὶ καὶ νῦν ἀκούετε ἐν ἐμοί.
med di de hev den same strid som de såg på meg og no høyrer um meg.

< Προς Φιλιππησιους 1 >