< Κατα Ματθαιον 9 >
1 Καὶ ἐμβὰς εἰς πλοῖον διεπέρασεν, καὶ ἦλθεν εἰς τὴν ἰδίαν πόλιν.
So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by.
2 καὶ ἰδοὺ προσέφερον αὐτῷ παραλυτικὸν ἐπὶ κλίνης βεβλημένον. καὶ ἰδὼν ὁ Ἰησοῦς τὴν πίστιν αὐτῶν εἶπεν τῷ παραλυτικῷ· θάρσει, τέκνον· ἀφίενταί σου αἱ ἁμαρτίαι.
Då kom dei til honom med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.»
3 καὶ ἰδού τινες τῶν γραμματέων εἶπον ἐν ἑαυτοῖς· οὗτος βλασφημεῖ.
Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: «Denne spottar Gud!»
4 καὶ ἰδὼν ὁ Ἰησοῦς τὰς ἐνθυμήσεις αὐτῶν εἶπεν, ἱνατί ἐνθυμεῖσθε πονηρὰ ἐν ταῖς καρδίαις ὑμῶν;
Men Jesus såg tankarne deira og sagde: «Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?
5 τί γάρ ἐστιν εὐκοπώτερον, εἰπεῖν, ἀφίενταί σου αἱ ἁμαρτίαι, ἢ εἰπεῖν, ἔγειρε καὶ περιπάτει;
Kva er lettast å segja: «Synderne dine er tilgjevne, » eller: «Statt upp og gakk?»
6 ἵνα δὲ εἰδῆτε ὅτι ἐξουσίαν ἔχει ὁ υἱὸς τοῦ ἀνθρώπου ἐπὶ τῆς γῆς ἀφιέναι ἁμαρτίας, τότε λέγει τῷ παραλυτικῷ, ἐγερθεὶς ἆρόν σου τὴν κλίνην καὶ ὕπαγε εἰς τὸν οἶκόν σου.
Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi» - so segjer han til den lame: «Statt upp, tak sengi og gakk heim att!»
7 καὶ ἐγερθεὶς ἀπῆλθεν εἰς τὸν οἶκον αὐτοῦ.
Då stod han upp og gjekk heim til seg.
8 ἰδόντες δὲ οἱ ὄχλοι ἐφοβήθησαν καὶ ἐδόξασαν τὸν θεὸν τὸν δόντα ἐξουσίαν τοιαύτην τοῖς ἀνθρώποις.
Og då folket såg det, vart dei ottefulle, og lova Gud som hadde gjeve menneskje slik magt.
9 Καὶ παράγων ὁ Ἰησοῦς ἐκεῖθεν εἶδεν ἄνθρωπον καθήμενον ἐπὶ τὸ τελώνιον, Μαθθαῖον λεγόμενον, καὶ λέγει αὐτῷ, ἀκολούθει μοι. καὶ ἀναστὰς ἠκολούθει αὐτῷ.
Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbudi - Mattæus heitte han - og sagde til honom: «Fylg meg!» Og han stod upp og fylgde Jesus.
10 καὶ ἐγένετο αὐτοῦ ἀνακειμένου ἐν τῇ οἰκίᾳ, ἰδοὺ πολλοὶ τελῶναι καὶ ἁμαρτωλοὶ ἐλθόντες συνανέκειντο τῷ Ἰησοῦ καὶ τοῖς μαθηταῖς αὐτοῦ.
Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenner og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinarne hans.
11 καὶ ἰδόντες οἱ Φαρισαῖοι ἔλεγον τοῖς μαθηταῖς αὐτοῦ, διατί μετὰ τῶν τελωνῶν καὶ ἁμαρτωλῶν ἐσθίει ὁ διδάσκαλος ὑμῶν;
Farisæarane såg det og sagde til læresveinarne: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenner og syndarar?»
12 ὁ δὲ ἀκούσας εἶπεν, οὐ χρείαν ἔχουσιν οἱ ἰσχύοντες ἰατροῦ ἀλλ’ οἱ κακῶς ἔχοντες.
Då Jesus høyrde det, sagde han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt.
13 πορευθέντες δὲ μάθετε τί ἐστιν, ἔλεος θέλω καὶ οὐ θυσίαν· οὐ γὰρ ἦλθον καλέσαι δικαίους ἀλλὰ ἁμαρτωλούς.
Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i.» For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
14 Τότε προσέρχονται αὐτῷ οἱ μαθηταὶ Ἰωάννου λέγοντες· διατί ἡμεῖς καὶ οἱ Φαρισαῖοι νηστεύομεν, οἱ δὲ μαθηταί σου οὐ νηστεύουσιν;
Då kom læresveinarne åt Johannes til honom og sagde: «Korleis hev det seg at me og farisæarane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?»
15 καὶ εἶπεν αὐτοῖς ὁ Ἰησοῦς, μὴ δύνανται οἱ υἱοὶ τοῦ νυμφῶνος πενθεῖν ἐφ’ ὅσον μετ’ αὐτῶν ἐστιν ὁ νυμφίος; ἐλεύσονται δὲ ἡμέραι ὅταν ἀπαρθῇ ἀπ’ αὐτῶν ὁ νυμφίος, καὶ τότε νηστεύσουσιν.
Jesus svara: «Kann bryllaupsfolket syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då skal dei fasta.
16 οὐδεὶς δὲ ἐπιβάλλει ἐπίβλημα ῥάκους ἀγνάφου ἐπὶ ἱματίῳ παλαιῷ· αἴρει γὰρ τὸ πλήρωμα αὐτοῦ ἀπὸ τοῦ ἱματίου, καὶ χεῖρον σχίσμα γίνεται.
Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større.
17 οὐδὲ βάλλουσιν οἶνον νέον εἰς ἀσκοὺς παλαιούς· εἰ δὲ μήγε, ῥήγνυνται οἱ ἀσκοί, καὶ ὁ οἶνος ἐκχεῖται καὶ οἱ ἀσκοὶ ἀπόλλυνται· ἀλλὰ βάλλουσιν οἶνον νέον εἰς ἀσκοὺς καινούς, καὶ ἀμφότεροι συντηροῦνται.
Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskorne, so vinen renn ned, og flaskorne forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe.»
18 Ταῦτα αὐτοῦ λαλοῦντος αὐτοῖς, ἰδοὺ ἄρχων εἰσελθὼν προσεκύνει αὐτῷ, λέγων· ἡ θυγάτηρ μου ἄρτι ἐτελεύτησεν, ἀλλὰ ἐλθὼν ἐπίθες τὴν χεῖρά σου ἐπ’ αὐτήν, καὶ ζήσεται.
Med han tala soleis til deim, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for honom og sagde: «Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!»
19 καὶ ἐγερθεὶς ὁ Ἰησοῦς ἠκολούθει αὐτῷ καὶ οἱ μαθηταὶ αὐτοῦ.
Jesus gjorde seg reidug og gjekk med honom, og læresveinarne og.
20 καὶ ἰδοὺ γυνὴ αἱμορροοῦσα δώδεκα ἔτη προσελθοῦσα ὄπισθεν ἥψατο τοῦ κρασπέδου τοῦ ἱματίου αὐτοῦ·
Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans,
21 ἔλεγεν γὰρ ἐν ἑαυτῇ, ἐὰν μόνον ἅψωμαι τοῦ ἱματίου αὐτοῦ σωθήσομαι.
for ho tenkte med seg: «Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.»
22 ὁ δὲ στραφεὶς καὶ ἰδὼν αὐτὴν εἶπεν· θάρσει θύγατερ, ἡ πίστις σου σέσωκέν σε. καὶ ἐσώθη ἡ γυνὴ ἀπὸ τῆς ὥρας ἐκείνης.
I det same snudde han seg og såg henne. Då sagde han: «Ver hugheil, dotter! Trui di hev hjelpt deg.» Og kvinna vart god att i same stundi.
23 καὶ ἐλθὼν ὁ Ἰησοῦς εἰς τὴν οἰκίαν τοῦ ἄρχοντος καὶ ἰδὼν τοὺς αὐλητὰς καὶ τὸν ὄχλον θορυβούμενον ἔλεγεν·
Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sagde han til deim:
24 ἀναχωρεῖτε· οὐ γὰρ ἀπέθανεν τὸ κοράσιον ἀλλὰ καθεύδει. καὶ κατεγέλων αὐτοῦ.
«Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv.» Men dei berre log åt honom.
25 ὅτε δὲ ἐξεβλήθη ὁ ὄχλος, εἰσελθὼν ἐκράτησεν τῆς χειρὸς αὐτῆς, καὶ ἠγέρθη τὸ κοράσιον.
Då hopen var driven ut, gjekk han inn, og tok henne i handi, og gjenta stod upp.
26 καὶ ἐξῆλθεν ἡ φήμη αὕτη εἰς ὅλην τὴν γῆν ἐκείνην.
Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygderne der ikring.
27 Καὶ παράγοντι ἐκεῖθεν τῷ Ἰησοῦ, ἠκολούθησαν αὐτῷ δύο τυφλοὶ κράζοντες καὶ λέγοντες· ἐλέησον ἡμᾶς, υἱὸς Δαυείδ.
Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter honom og ropa: «Gjer sælebot på oss, du Davids son!»
28 ἐλθόντι δὲ εἰς τὴν οἰκίαν προσῆλθον αὐτῷ οἱ τυφλοί, καὶ λέγει αὐτοῖς ὁ Ἰησοῦς, πιστεύετε ὅτι δύναμαι τοῦτο ποιῆσαι; λέγουσιν αὐτῷ· ναί, κύριε.
Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sagde til deim: «Trur de at eg kann gjera det?» «Ja, herre, » svara dei.
29 τότε ἥψατο τῶν ὀφθαλμῶν αὐτῶν λέγων· Κατὰ τὴν πίστιν ὑμῶν γενηθήτω ὑμῖν.
Då tok han burtpå augo deira og sagde: «Det skal verta som de trur.»
30 καὶ ἀνεῴχθησαν αὐτῶν οἱ ὀφθαλμοί. καὶ ἐνεβριμήθη αὐτοῖς ὁ Ἰησοῦς λέγων· ὁρᾶτε μηδεὶς γινωσκέτω.
Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til deim og sagde: «Sjå til at ingen fær vita det!»
31 οἱ δὲ ἐξελθόντες διεφήμισαν αὐτὸν ἐν ὅλῃ τῇ γῇ ἐκείνῃ.
Men dei var’kje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder.
32 Αὐτῶν δὲ ἐξερχομένων, ἰδοὺ προσήνεγκαν αὐτῷ ἄνθρωπον κωφὸν δαιμονιζόμενον·
Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til honom med ein mållaus mann som hadde ei vond ånd i seg.
33 καὶ ἐκβληθέντος τοῦ δαιμονίου ἐλάλησεν ὁ κωφός. καὶ ἐθαύμασαν οἱ ὄχλοι λέγοντες· οὐδέποτε ἐφάνη οὕτως ἐν τῷ Ἰσραήλ.
Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sagde: «Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel!»
34 οἱ δὲ Φαρισαῖοι ἔλεγον· ἐν τῷ ἄρχοντι τῶν δαιμονίων ἐκβάλλει τὰ δαιμόνια.
Men farisæarane sagde: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva djevlarne ut.»
35 Καὶ περιῆγεν ὁ Ἰησοῦς τὰς πόλεις πάσας καὶ τὰς κώμας, διδάσκων ἐν ταῖς συναγωγαῖς αὐτῶν καὶ κηρύσσων τὸ εὐαγγέλιον τῆς βασιλείας καὶ θεραπεύων πᾶσαν νόσον καὶ πᾶσαν μαλακίαν.
Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogorne deira, og lyste ut evangeliet um Gudsriket, og lækte all sjukdom og vanhelsa.
36 ἰδὼν δὲ τοὺς ὄχλους ἐσπλαγχνίσθη περὶ αὐτῶν, ὅτι ἦσαν ἐσκυλμένοι καὶ ἐρριμμένοι ὡσεὶ πρόβατα μὴ ἔχοντα ποιμένα.
Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um deim; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding.
37 τότε λέγει τοῖς μαθηταῖς αὐτοῦ· ὁ μὲν θερισμὸς πολύς, οἱ δὲ ἐργάται ὀλίγοι·
Då sagde han til læresveinarne sine: «Grøda er stor, men onnefolki er få.
38 δεήθητε οὖν τοῦ κυρίου τοῦ θερισμοῦ ὅπως ἐκβάλῃ ἐργάτας εἰς τὸν θερισμὸν αὐτοῦ.
Bed då honom som eig grøda at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!»