< Κατα Ματθαιον 23 >

1 Τότε ὁ Ἰησοῦς ἐλάλησεν τοῖς ὄχλοις καὶ τοῖς μαθηταῖς αὐτοῦ
Sidan tala Jesus til folket og til læresveinarne sine og sagde:
2 λέγων, ἐπὶ τῆς Μωϋσέως καθέδρας ἐκάθισαν οἱ γραμματεῖς καὶ οἱ Φαρισαῖοι.
«På Moses’ stol sit dei skriftlærde og farisæarane.
3 πάντα οὖν ὅσα ἐὰν εἴπωσιν ὑμῖν ποιήσατε καὶ τηρεῖτε, κατὰ δὲ τὰ ἔργα αὐτῶν μὴ ποιεῖτε· λέγουσιν γὰρ καὶ οὐ ποιοῦσιν.
Alt det dei segjer til dykk, lyt de gjera og halda, men etter gjerningarne deira skal de ikkje fara! For dei segjer det, men dei gjer det ikkje.
4 δεσμεύουσιν δὲ φορτία βαρέα καὶ ἐπιτιθέασιν ἐπὶ τοὺς ὤμους τῶν ἀνθρώπων, αὐτοὶ δὲ τῷ δακτύλῳ αὐτῶν οὐ θέλουσιν κινῆσαι αὐτά.
Dei bind i hop tunge byrder og legg på herdarne åt folk, men sjølve vil dei ikkje leda deim med ein finger.
5 πάντα δὲ τὰ ἔργα αὐτῶν ποιοῦσιν πρὸς τὸ θεαθῆναι τοῖς ἀνθρώποις· πλατύνουσιν γὰρ τὰ φυλακτήρια αὐτῶν καὶ μεγαλύνουσιν τὰ κράσπεδα,
Alt det dei gjer, gjer dei so folk skal sjå kor gjæve dei er. Dei gjer sine bøneband breide og duskarne på kjolen sin store.
6 φιλοῦσιν δὲ τὴν πρωτοκλισίαν ἐν τοῖς δείπνοις καὶ τὰς πρωτοκαθεδρίας ἐν ταῖς συναγωγαῖς
Dei trår etter dei høgste sæti i gjestebodi og dei fremste sessarne i synagogorne,
7 καὶ τοὺς ἀσπασμοὺς ἐν ταῖς ἀγοραῖς καὶ καλεῖσθαι ὑπὸ τῶν ἀνθρώπων, ῥαββεί.
og vil at folk skal helsa deim på torget og kalla dei rabbi.
8 ὑμεῖς δὲ μὴ κληθῆτε, ῥαββεί, εἷς γάρ ἐστιν ὑμῶν ὁ διδάσκαλος, πάντες δὲ ὑμεῖς ἀδελφοί ἐστε.
Men de skal ikkje lata nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle brør.
9 καὶ πατέρα μὴ καλέσητε ὑμῶν ἐπὶ τῆς γῆς· εἷς γάρ ἐστιν ὑμῶν ὁ πατὴρ ὁ οὐράνιος.
Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein far, han i himmelen.
10 μηδὲ κληθῆτε καθηγηταί, ὅτι καθηγητὴς ὑμῶν ἐστιν εἷς ὁ Χριστός.
Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus.
11 ὁ δὲ μείζων ὑμῶν ἔσται ὑμῶν διάκονος.
Den største av dykk skal vera den som tener dei andre.
12 ὅστις δὲ ὑψώσει ἑαυτὸν ταπεινωθήσεται, καὶ ὅστις ταπεινώσει ἑαυτὸν ὑψωθήσεται.
For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor.
13 Οὐαὶ δὲ ὑμῖν, γραμματεῖς καὶ Φαρισαῖοι ὑποκριταί, ὅτι κλείετε τὴν βασιλείαν τῶν οὐρανῶν ἔμπροσθεν τῶν ἀνθρώπων· ὑμεῖς γὰρ οὐκ εἰσέρχεσθε, οὐδὲ τοὺς εἰσερχομένους ἀφίετε εἰσελθεῖν.
Men ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og deim som gjerne vilde, let de ikkje få koma inn.
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de et upp husi for enkjor og gjer lange bøner for ei syn skuld; for dette skal de få strengare dom.
15 οὐαὶ ὑμῖν, γραμματεῖς καὶ Φαρισαῖοι ὑποκριταί, ὅτι περιάγετε τὴν θάλασσαν καὶ τὴν ξηρὰν ποιῆσαι ἕνα προσήλυτον, καὶ ὅταν γένηται, ποιεῖτε αὐτὸν υἱὸν γεέννης διπλότερον ὑμῶν. (Geenna g1067)
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de fer land og strand og leitar etter ein fylgjesvein, og finn de ein, so gjer de honom til eit helvitesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve. (Geenna g1067)
16 οὐαὶ ὑμῖν, ὁδηγοὶ τυφλοὶ οἱ λέγοντες· ὃς ἂν ὀμόσῃ ἐν τῷ ναῷ, οὐδέν ἐστιν· ὃς δ’ ἂν ὀμόσῃ ἐν τῷ χρυσῷ τοῦ ναοῦ ὀφείλει.
Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: «Um ein sver ved templet, so er det’kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.»
17 μωροὶ καὶ τυφλοί, τίς γὰρ μείζων ἐστίν, ὁ χρυσὸς ἢ ὁ ναὸς ὁ ἁγιάσας τὸν χρυσόν;
Dårar og blinde! Kva er størst, gullet, eller templet som gav gullet si vigsla?
18 καί· ὃς ἂν ὀμόσῃ ἐν τῷ θυσιαστηρίῳ, οὐδέν ἐστιν· ὃς δ’ ἂν ὀμόσῃ ἐν τῷ δώρῳ τῷ ἐπάνω αὐτοῦ ὀφείλει.
og: «Um ein sver ved altaret, so er det’kje noko, men sver han ved offeret som er på det, då er han bunden.»
19 τυφλοί, τί γὰρ μεῖζον, τὸ δῶρον ἢ τὸ θυσιαστήριον τὸ ἁγιάζον τὸ δῶρον;
Blindingar! Kva er då størst, offeret, eller altaret som vigslar offeret?
20 ὁ οὖν ὀμόσας ἐν τῷ θυσιαστηρίῳ ὀμνύει ἐν αὐτῷ καὶ ἐν πᾶσιν τοῖς ἐπάνω αὐτοῦ·
For den som då sver ved altaret, sver både ved det og alt som er på det;
21 καὶ ὁ ὀμόσας ἐν τῷ ναῷ ὀμνύει ἐν αὐτῷ καὶ ἐν τῷ κατοικοῦντι αὐτόν·
og den som sver ved templet, sver både ved det og ved honom som bur i det;
22 καὶ ὁ ὀμόσας ἐν τῷ οὐρανῷ ὀμνύει ἐν τῷ θρόνῳ τοῦ θεοῦ καὶ ἐν τῷ καθημένῳ ἐπάνω αὐτοῦ.
og den som sver ved himmelen, sver ved Guds høgsæte og ved honom som sit der.
23 οὐαὶ ὑμῖν, γραμματεῖς καὶ Φαρισαῖοι ὑποκριταί, ὅτι ἀποδεκατοῦτε τὸ ἡδύοσμον καὶ τὸ ἄνηθον καὶ τὸ κύμινον, καὶ ἀφήκατε τὰ βαρύτερα τοῦ νόμου, τὴν κρίσιν καὶ τὸ ἔλεος καὶ τὴν πίστιν· ταῦτα ἔδει ποιῆσαι κἀκεῖνα μὴ ἀφεῖναι.
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi, rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.
24 ὁδηγοὶ τυφλοί, οἱ διϋλίζοντες τὸν κώνωπα τὴν δὲ κάμηλον καταπίνοντες.
Blinde vegleidarar, som silar av myhanken, men svelgjer kamelen!
25 οὐαὶ ὑμῖν, γραμματεῖς καὶ Φαρισαῖοι ὑποκριταί, ὅτι καθαρίζετε τὸ ἔξωθεν τοῦ ποτηρίου καὶ τῆς παροψίδος, ἔσωθεν δὲ γέμουσιν ἐξ ἁρπαγῆς καὶ ἀκρασίας.
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og måteløysa.
26 Φαρισαῖε τυφλέ, καθάρισον πρῶτον τὸ ἐντὸς τοῦ ποτηρίου, ἵνα γένηται καὶ τὸ ἐκτὸς αὐτοῦ καθαρόν.
Blinde farisæarar! Gjer fyrst skåli og fatet reine inni, so vert ho rein utanpå og.
27 οὐαὶ ὑμῖν, γραμματεῖς καὶ Φαρισαῖοι ὑποκριταί, ὅτι παρομοιάζετε τάφοις κεκονιαμένοις, οἵτινες ἔξωθεν μὲν φαίνονται ὡραῖοι ἔσωθεν δὲ γέμουσιν ὀστέων νεκρῶν καὶ πάσης ἀκαθαρσίας.
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de likjest kalka graver; utanpå er dei væne å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.
28 οὕτως καὶ ὑμεῖς ἔξωθεν μὲν φαίνεσθε τοῖς ἀνθρώποις δίκαιοι, ἔσωθεν δέ ἐστε μεστοὶ ὑποκρίσεως καὶ ἀνομίας.
Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett.
29 οὐαὶ ὑμῖν, γραμματεῖς καὶ Φαρισαῖοι ὑποκριταί, ὅτι οἰκοδομεῖτε τοὺς τάφους τῶν προφητῶν καὶ κοσμεῖτε τὰ μνημεῖα τῶν δικαίων,
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de byggjer minnesmerke yver profetarne og pryder graverne åt dei rettferdige og segjer:
30 καὶ λέγετε· εἰ ἤμεθα ἐν ταῖς ἡμέραις τῶν πατέρων ἡμῶν, οὐκ ἂν ἤμεθα κοινωνοὶ αὐτῶν ἐν τῷ αἵματι τῶν προφητῶν.
«Hadde me vore til då federne våre livde, so hadde me ikkje vore med deim og drepe profetarne.»
31 ὥστε μαρτυρεῖτε ἑαυτοῖς ὅτι υἱοί ἐστε τῶν φονευσάντων τοὺς προφήτας.
So vitnar de då um dykk sjølve at de er born åt deim som slo profetarne i hel.
32 καὶ ὑμεῖς πληρώσατε τὸ μέτρον τῶν πατέρων ὑμῶν.
Haldt no fram på same vis som federne dykkar, til målet er fullt!
33 ὄφεις, γεννήματα ἐχιδνῶν, πῶς φύγητε ἀπὸ τῆς κρίσεως τῆς γεέννης; (Geenna g1067)
De eiterormar, de slange-ungar, korleis kann de sleppa undan helvitesdomen? (Geenna g1067)
34 διὰ τοῦτο ἰδοὺ ἐγὼ ἀποστέλλω πρὸς ὑμᾶς προφήτας καὶ σοφοὺς καὶ γραμματεῖς· ἐξ αὐτῶν ἀποκτενεῖτε καὶ σταυρώσετε, καὶ ἐξ αὐτῶν μαστιγώσετε ἐν ταῖς συναγωγαῖς ὑμῶν καὶ διώξετε ἀπὸ πόλεως εἰς πόλιν·
Sjå, difor sender eg til dykk profetar og vismenner og skriftlærde; sume av dei kjem de til å drepa og krossfesta, og sume til å hudfletta i synagogorne dykkar og jaga frå by til by,
35 ὅπως ἔλθῃ ἐφ’ ὑμᾶς πᾶν αἷμα δίκαιον ἐκχυννόμενον ἐπὶ τῆς γῆς ἀπὸ τοῦ αἵματος Ἅβελ τοῦ δικαίου ἕως τοῦ αἵματος Ζαχαρίου υἱοῦ Βαραχίου, ὃν ἐφονεύσατε μεταξὺ τοῦ ναοῦ καὶ τοῦ θυσιαστηρίου.
so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå den skuldlause Abel og til Zakarja, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret.
36 ἀμὴν λέγω ὑμῖν, ἥξει ταῦτα πάντα ἐπὶ τὴν γενεὰν ταύτην.
Det segjer eg dykk for visst: Yver denne ætti skal det koma alt saman.
37 Ἱερουσαλὴμ Ἱερουσαλήμ, ἡ ἀποκτείνουσα τοὺς προφήτας καὶ λιθοβολοῦσα τοὺς ἀπεσταλμένους πρὸς αὐτήν, ποσάκις ἠθέλησα ἐπισυναγαγεῖν τὰ τέκνα σου, ὃν τρόπον ὄρνις ἐπισυνάγει τὰ νοσσία αὐτῆς ὑπὸ τὰς πτέρυγας, καὶ οὐκ ἠθελήσατε.
Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne, og steinar deim som er sende til deg, kor tidt hev eg’kje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungarne sine under vengjerne! Men de vilde ikkje.
38 ἰδοὺ ἀφίεται ὑμῖν ὁ οἶκος ὑμῶν ἔρημος.
Sjå no skal de få hava huset dykkar audt.
39 λέγω γὰρ ὑμῖν, οὐ μή με ἴδητε ἀπ’ ἄρτι ἕως ἂν εἴπητε· εὐλογημένος ὁ ἐρχόμενος ἐν ὀνόματι κυρίου.
For eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg meir fyrr de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»»

< Κατα Ματθαιον 23 >