< Κατα Μαρκον 1 >

1 Ἀρχὴ τοῦ εὐαγγελίου Ἰησοῦ Χριστοῦ,
Upphavet til evangeliet um Jesus Kristus, Guds Son.
2 καθὼς γέγραπται ἐν τῷ Ἡσαΐᾳ τῷ προφήτῃ· ἰδοὺ ἐγὼ ἀποστέλλω τὸν ἄγγελόν μου πρὸ προσώπου σου, ὃς κατασκευάσει τὴν ὁδόν σου·
Hjå Jesaja, profeten, stend det skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; Der du vil fara, skal han vegen rydja» -
3 φωνὴ βοῶντος ἐν τῇ ἐρήμῳ· ἑτοιμάσατε τὴν ὁδὸν κυρίου, εὐθείας ποιεῖτε τὰς τρίβους αὐτοῦ.
«Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen åt Herren, jamna stigarne hans!»»
4 ἐγένετο Ἰωάννης ὁ βαπτίζων ἐν τῇ ἐρήμῳ καὶ κηρύσσων βάπτισμα μετανοίας εἰς ἄφεσιν ἁμαρτιῶν.
Soleis stod Johannes, døyparen, fram i øydemarki, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne.
5 καὶ ἐξεπορεύετο πρὸς αὐτὸν πᾶσα ἡ Ἰουδαία χώρα καὶ οἱ Ἱεροσολυμεῖται πάντες, καὶ ἐβαπτίζοντο ὑπ’ αὐτοῦ ἐν τῷ Ἰορδάνῃ ποταμῷ ἐξομολογούμενοι τὰς ἁμαρτίας αὐτῶν.
Og heile Judaland kom ut til honom, og alt Jerusalems-folket, og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.
6 καὶ ἦν ὁ Ἰωάννης ἐνδεδυμένος τρίχας καμήλου καὶ ζώνην δερματίνην περὶ τὴν ὀσφὺν αὐτοῦ, καὶ ἐσθίων ἀκρίδας καὶ μέλι ἄγριον.
Johannes var klædd i kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og det han åt, var grashoppar og villhonning.
7 καὶ ἐκήρυσσεν λέγων· ἔρχεται ὁ ἰσχυρότερός μου ὀπίσω μου, οὗ οὐκ εἰμὶ ἱκανὸς κύψας λῦσαι τὸν ἱμάντα τῶν ὑποδημάτων αὐτοῦ·
Og han tala til folket og sagde: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg; eg er’kje verdig å bøygja meg ned og løysa skobandet hans.
8 ἐγὼ ἐβάπτισα ὑμᾶς ὕδατι, αὐτὸς δὲ βαπτίσει ὑμᾶς ἐν πνεύματι ἁγίῳ.
Eg hev døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med den Heilage Ande.»
9 Καὶ ἐγένετο ἐν ἐκείναις ταῖς ἡμέραις ἦλθεν Ἰησοῦς ἀπὸ Ναζαρὲτ τῆς Γαλιλαίας καὶ ἐβαπτίσθη εἰς τὸν Ἰορδάνην ὑπὸ Ἰωάννου.
I dei dagarne hende det, at Jesus kom frå Nasaret i Galilæa og vart døypt i Jordan av Johannes.
10 καὶ εὐθὺς ἀναβαίνων ἐκ τοῦ ὕδατος εἶδεν σχιζομένους τοὺς οὐρανοὺς καὶ τὸ πνεῦμα ὡς περιστερὰν καταβαῖνον εἰς αὐτόν.
Og med det same han steig upp or vatnet, såg han korleis himmelen opna seg, og Anden dala ned til honom som ei duva.
11 καὶ φωνὴ ἐκ τῶν οὐρανῶν· σὺ εἶ ὁ υἱός μου ὁ ἀγαπητός, ἐν σοὶ εὐδόκησα.
Og frå himmelen kom det ei røyst: «Du er Son min, som eg elskar! Deg hev eg hugnad i!»
12 Καὶ εὐθὺς τὸ πνεῦμα αὐτὸν ἐκβάλλει εἰς τὴν ἔρημον.
Og straks dreiv Anden honom ut i øydemarki;
13 καὶ ἦν ἐν τῇ ἐρήμῳ τεσσεράκοντα ἡμέρας πειραζόμενος ὑπὸ τοῦ σατανᾶ, καὶ ἦν μετὰ τῶν θηρίων, καὶ οἱ ἄγγελοι διηκόνουν αὐτῷ.
og han var i øydemarki i fyrti dagar og vart freista av Satan, og heldt til millom villdyri, og englarne tente han.
14 Μετὰ δὲ τὸ παραδοθῆναι τὸν Ἰωάννην ἦλθεν ὁ Ἰησοῦς εἰς τὴν Γαλιλαίαν, κηρύσσων τὸ εὐαγγέλιον τοῦ θεοῦ,
Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilæa og kunngjorde evangeliet frå Gud
15 ὅτι πεπλήρωται ὁ καιρὸς καὶ ἤγγικεν ἡ βασιλεία τοῦ θεοῦ· μετανοεῖτε καὶ πιστεύετε ἐν τῷ εὐαγγελίῳ.
og sagde: «Tidi er fullkomi, og Guds rike er nær! Vend um og tru på evangeliet!»
16 Καὶ παράγων παρὰ τὴν θάλασσαν τῆς Γαλιλαίας εἶδεν Σίμωνα καὶ Ἀνδρέαν τὸν ἀδελφὸν Σίμωνος ἀμφιβάλλοντας ἐν τῇ θαλάσσῃ· ἦσαν γὰρ ἁλεεῖς.
Då han ein gong for frammed Galilæasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans; dei var åt og sette garn i sjøen, for dei var fiskarar.
17 καὶ εἶπεν αὐτοῖς ὁ Ἰησοῦς· δεῦτε ὀπίσω μου, καὶ ποιήσω ὑμᾶς γενέσθαι ἁλεεῖς ἀνθρώπων.
Han sagde til deim: «Kom og fylg meg, so skal eg setja dykk til å vera menneskje-fiskarar!»
18 καὶ εὐθὺς ἀφέντες τὰ δίκτυα ἠκολούθησαν αὐτῷ.
Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.
19 καὶ προβὰς ὀλίγον εἶδεν Ἰάκωβον τὸν τοῦ Ζεβεδαίου καὶ Ἰωάννην τὸν ἀδελφὸν αὐτοῦ, καὶ αὐτοὺς ἐν τῷ πλοίῳ καταρτίζοντας τὰ δίκτυα,
Då han kom litt lenger fram, såg han Jakob, son åt Sebædeus, og Johannes, bror hans; dei var og i båten sin og greidde garni.
20 καὶ εὐθὺς ἐκάλεσεν αὐτούς· καὶ ἀφέντες τὸν πατέρα αὐτῶν Ζεβεδαῖον ἐν τῷ πλοίῳ μετὰ τῶν μισθωτῶν ἀπῆλθον ὀπίσω αὐτοῦ.
Og med ein gong kalla han deim, og dei gav seg med honom, og let far sin, Sebedæus, vera att i båten med leigefolket.
21 Καὶ εἰσπορεύονται εἰς Καφαρναούμ· καὶ εὐθὺς τοῖς σάββασιν ἐδίδασκεν εἰς τὴν συναγωγήν.
So kom dei til Kapernaum, og fyrste kviledag gjekk han inn i synagoga og lærde folket.
22 καὶ ἐξεπλήσσοντο ἐπὶ τῇ διδαχῇ αὐτοῦ· ἦν γὰρ διδάσκων αὐτοὺς ὡς ἐξουσίαν ἔχων, καὶ οὐχ ὡς οἱ γραμματεῖς.
Og dei var reint upp i under yver læra hans; for han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som dei skriftlærde.
23 Καὶ εὐθὺς ἦν ἐν τῇ συναγωγῇ αὐτῶν ἄνθρωπος ἐν πνεύματι ἀκαθάρτῳ, καὶ ἀνέκραξεν
Den gongen var det der i lyden ein mann med ei urein ånd; han sette i og ropa:
24 λέγων· τί ἡμῖν καὶ σοί, Ἰησοῦ Ναζαρηνέ; ἦλθες ἀπολέσαι ἡμᾶς· οἴδαμέν σε τίς εἶ, ὁ ἅγιος τοῦ θεοῦ.
«Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud.»
25 καὶ ἐπετίμησεν αὐτῷ ὁ Ἰησοῦς· φιμώθητι καὶ ἔξελθε ἐξ αὐτοῦ.
Jesus truga den ureine åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!»
26 καὶ σπαράξαν αὐτὸν τὸ πνεῦμα τὸ ἀκάθαρτον καὶ φωνῆσαν φωνῇ μεγάλῃ ἐξῆλθεν ἐξ αὐτοῦ.
Då reiv ho og sleit i honom og ill-hua, og for ut or honom.
27 καὶ ἐθαμβήθησαν ἅπαντες, ὥστε συζητεῖν αὐτοὺς λέγοντας· τί ἐστιν τοῦτο; διδαχὴ καινὴ κατ’ ἐξουσίαν· καὶ τοῖς πνεύμασι τοῖς ἀκαθάρτοις ἐπιτάσσει, καὶ ὑπακούουσιν αὐτῷ.
Og alle vart forfærde og spurde seg imillom: «Kva er dette? Ei ny og ageleg læra! Jamvel dei ureine ånderne lyt lystra, når han talar til deim!»
28 καὶ ἐξῆλθεν ἡ ἀκοὴ αὐτοῦ εὐθὺς πανταχοῦ εἰς ὅλην τὴν περίχωρον τῆς Γαλιλαίας.
Og gjetordet um honom for straks yver alle Galilæa-bygderne derikring.
29 Καὶ εὐθὺς ἐκ τῆς συναγωγῆς ἐξελθόντες ἦλθον εἰς τὴν οἰκίαν Σίμωνος καὶ Ἀνδρέου μετὰ Ἰακώβου καὶ Ἰωάννου.
Frå synagoga gjekk dei beint heim til Simon og Andreas, i lag med Jakob og Johannes.
30 ἡ δὲ πενθερὰ Σίμωνος κατέκειτο πυρέσσουσα, καὶ εὐθὺς λέγουσιν αὐτῷ περὶ αὐτῆς.
Vermor åt Simon låg sjuk og hadde hiteflagor, og dei tala straks til Jesus um henne.
31 καὶ προσελθὼν ἤγειρεν αὐτὴν κρατήσας τῆς χειρός· καὶ ἀφῆκεν αὐτὴν ὁ πυρετός, καὶ διηκόνει αὐτοῖς.
Han gjekk burt til henne og tok henne i handi og reiste henne upp. Då slepte sotti henne, og ho tok til å stella for deim.
32 Ὀψίας δὲ γενομένης, ὅτε ἔδυ ὁ ἥλιος, ἔφερον πρὸς αὐτὸν πάντας τοὺς κακῶς ἔχοντας καὶ τοὺς δαιμονιζομένους·
Då det vart kveld, og soli var gladd, kom dei til honom med alle som hadde vondt eller var forgjorde,
33 καὶ ἦν ὅλη ἡ πόλις ἐπισυνηγμένη πρὸς τὴν θύραν.
og heile byen hadde samla seg utfor døri.
34 καὶ ἐθεράπευσεν πολλοὺς κακῶς ἔχοντας ποικίλαις νόσοις, καὶ δαιμόνια πολλὰ ἐξέβαλεν, καὶ οὐκ ἤφιεν λαλεῖν τὰ δαιμόνια, ὅτι ᾔδεισαν αὐτόν.
Og han lækte mange som drogst med ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder, men han let’kje ånderne få lov til å tala, av di dei kjende honom.
35 Καὶ πρωῒ ἔννυχα λίαν ἀναστὰς ἐξῆλθεν καὶ ἀπῆλθεν εἰς ἔρημον τόπον κἀκεῖ προσηύχετο.
I otta, fyrr det vart dag, reis han upp og gjekk ut og burt til ein øydestad; der heldt han bøn.
36 καὶ κατεδίωξεν αὐτὸν Σίμων καὶ οἱ μετ’ αὐτοῦ,
Simon og dei som var med honom, skunda seg etter honom,
37 καὶ εὗρον αὐτὸν, καὶ λέγουσιν αὐτῷ ὅτι πάντες ζητοῦσίν σε.
og då dei fann honom, sagde dei til honom: «Alle leitar etter deg!»
38 καὶ λέγει αὐτοῖς· ἄγωμεν ἀλλαχοῦ εἰς τὰς ἐχομένας κωμοπόλεις, ἵνα κἀκεῖ κηρύξω· εἰς τοῦτο γὰρ ἐξῆλθον.
Men Jesus svara: «Lat oss fara til ein annan stad, til grenderne her innmed, so eg kann få tala for folket der og; for det var det eg gjekk ut for.»
39 καὶ ἦλθεν κηρύσσων εἰς τὰς συναγωγὰς αὐτῶν εἰς ὅλην τὴν Γαλιλαίαν καὶ τὰ δαιμόνια ἐκβάλλων.
So gjekk han kring i heile Galilæa og tala i synagogorne deira og dreiv dei vonde ånderne ut.
40 Καὶ ἔρχεται πρὸς αὐτὸν λεπρὸς, παρακαλῶν αὐτὸν καὶ γονυπετῶν λέγων αὐτῷ ὅτι ἐὰν θέλῃς δύνασαί με καθαρίσαι.
Ein som hadde spillsykja kom og fall på kne for honom og bad: «Dersom du vil, kann du gjera meg rein!»
41 καὶ σπλαγχνισθεὶς ἐκτείνας τὴν χεῖρα αὐτοῦ ἥψατο καὶ λέγει· θέλω, καθαρίσθητι.
Jesus tykte vondt um honom, og rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; vert rein!»
42 καὶ εὐθὺς ἀπῆλθεν ἀπ’ αὐτοῦ ἡ λέπρα, καὶ ἐκαθερίσθη.
Og med ein gong gjekk spillsykja av honom, og han vart rein.
43 καὶ ἐμβριμησάμενος αὐτῷ εὐθὺς ἐξέβαλεν αὐτόν,
Jesus tala strengt til honom, og bad honom ganga sin veg straks.
44 καὶ λέγει αὐτῷ· ὅρα μηδενὶ μηδὲν εἴπῃς, ἀλλὰ ὕπαγε σεαυτὸν δεῖξον τῷ ἱερεῖ καὶ προσένεγκε περὶ τοῦ καθαρισμοῦ σου ἃ προσέταξεν Μωϋσῆς, εἰς μαρτύριον αὐτοῖς.
«Agta deg at du ikkje segjer dette med nokon, » sagde han, «men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret for reinsingi di som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim!»
45 ὁ δὲ ἐξελθὼν ἤρξατο κηρύσσειν πολλὰ καὶ διαφημίζειν τὸν λόγον, ὥστε μηκέτι αὐτὸν δύνασθαι εἰς πόλιν φανερῶς εἰσελθεῖν, ἀλλ’ ἔξω ἐπ’ ἐρήμοις τόποις ἦν, καὶ ἤρχοντο πρὸς αὐτὸν πάντοθεν.
Men mannen var’kje fyrr komen ut, fyrr han tok til å tala mykje um det og bera det utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga berrsynt inn i nokon by; han heldt seg utanfor, på øydestader, og der kom dei til honom frå alle kantar.

< Κατα Μαρκον 1 >