< Κατα Ιωαννην 19 >

1 Τότε οὖν ἔλαβεν ὁ Πειλᾶτος τὸν Ἰησοῦν καὶ ἐμαστίγωσεν.
Då tok Pilatus og let deim hudfletta Jesus.
2 καὶ οἱ στρατιῶται πλέξαντες στέφανον ἐξ ἀκανθῶν ἐπέθηκαν αὐτοῦ τῇ κεφαλῇ, καὶ ἱμάτιον πορφυροῦν περιέβαλον αὐτόν,
Og hermennerne fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og kasta ei purpurkåpe um honom, og gjekk fram for honom og sagde:
3 καὶ ἤρχοντο πρὸς αὐτὸν καὶ ἔλεγον· χαῖρε, ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων· καὶ ἐδίδοσαν αὐτῷ ῥαπίσματα.
«Heil, konge yver jødarne!» og slo til honom i andlitet.
4 Ἐξῆλθεν πάλιν ὁ Πειλᾶτος ἔξω καὶ λέγει αὐτοῖς· ἴδε ἄγω ὑμῖν αὐτὸν ἔξω, ἵνα γνῶτε ὅτι αἰτίαν οὐχ εὑρίσκω.
Pilatus gjekk ut att og sagde til deim: «Her kjem eg ut til dykk med honom, so de skal vita at eg ikkje finn nokor skuld hjå honom.»
5 ἐξῆλθεν οὖν ὁ Ἰησοῦς ἔξω, φορῶν τὸν ἀκάνθινον στέφανον καὶ τὸ πορφυροῦν ἱμάτιον. καὶ λέγει αὐτοῖς· ἰδοὺ ὁ ἄνθρωπος.
So kom Jesus ut med klungerkransen på og purpurkåpa, og Pilatus segjer til deim: «Sjå det menneskjet!»
6 ὅτε οὖν ἴδον αὐτὸν οἱ ἀρχιερεῖς καὶ οἱ ὑπηρέται, ἐκραύγασαν· σταύρωσον σταύρωσον. λέγει αὐτοῖς ὁ Πειλᾶτος· λάβετε αὐτὸν ὑμεῖς καὶ σταυρώσατε, ἐγὼ γὰρ οὐχ εὑρίσκω ἐν αὐτῷ αἰτίαν.
Med det same dei fekk sjå honom, øvsteprestarne og sveinarne deira, skreik dei: «Krossfest, krossfest!» Pilatus segjer til deim: «Tak de og krossfest honom! Eg finn ingi skuld hjå honom.»
7 ἀπεκρίθησαν οἱ Ἰουδαῖοι· ἡμεῖς νόμον ἔχομεν, καὶ κατὰ τὸν νόμον ὀφείλει ἀποθανεῖν, ὅτι υἱὸν θεοῦ ἑαυτὸν ἐποίησεν.
Jødarne svara: «Me hev ei lov; etter den lyt han døy, for di han hev gjeve seg ut for Guds Son.»
8 Ὅτε οὖν ἤκουσεν ὁ Πειλᾶτος τοῦτον τὸν λόγον, μᾶλλον ἐφοβήθη,
Då Pilatus høyrde det ordet, vart han endå ræddare;
9 καὶ εἰσῆλθεν εἰς τὸ πραιτώριον πάλιν καὶ λέγει τῷ Ἰησοῦ· πόθεν εἶ σύ; ὁ δὲ Ἰησοῦς ἀπόκρισιν οὐκ ἔδωκεν αὐτῷ.
han gjekk inn att i borgi og spurde Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.
10 λέγει αὐτῷ ὁ Πειλᾶτος· ἐμοὶ οὐ λαλεῖς; οὐκ οἶδας ὅτι ἐξουσίαν ἔχω ἀπολῦσαί σε καὶ ἐξουσίαν ἔχω σταυρῶσαί σε;
Pilatus segjer til honom: «Svarar du meg ikkje? Veit du’kje at eg hev magt til å gjeva deg fri og hev magt til å krossfesta deg?»
11 ἀπεκρίθη Ἰησοῦς· οὐκ ἔχεις ἐξουσίαν κατ’ ἐμοῦ οὐδεμίαν εἰ μὴ ἦν δεδομένον σοι ἄνωθεν· διὰ τοῦτο ὁ παραδούς μέ σοι μείζονα ἁμαρτίαν ἔχει.
Jesus svara: «Du hadde ingi magt yver meg, var det’kje gjeve deg ovantil. Difor hev han større synd den som gav meg yver til deg.»
12 ἐκ τούτου ὁ Πειλᾶτος ἐζήτει ἀπολῦσαι αὐτόν· οἱ δὲ Ἰουδαῖοι ἐκραύγαζον λέγοντες· ἐὰν τοῦτον ἀπολύσῃς, οὐκ εἶ φίλος τοῦ Καίσαρος· πᾶς ὁ βασιλέα ἑαυτὸν ποιῶν ἀντιλέγει τῷ Καίσαρι.
Frå den stundi vilde Pilatus gjerne gjeva honom fri. Men jødarne ropa: «Gjev du honom fri, er du ikkje ven med keisaren. Kvar den som gjer seg sjølv til konge, set seg upp imot keisaren.»
13 ὁ οὖν Πειλᾶτος ἀκούσας τῶν λόγων τούτων ἤγαγεν ἔξω τὸν Ἰησοῦν, καὶ ἐκάθισεν ἐπὶ βήματος εἰς τόπον λεγόμενον Λιθόστρωτον, Ἑβραϊστὶ δὲ Γαββαθᾶ.
Då Pilatus høyrde dei ordi, førde han Jesus ut og sette seg i domarsætet, på den staden dei kallar Tavletilet - på hebraisk heiter det Gabbata -.
14 ἦν δὲ παρασκευὴ τοῦ πάσχα, ὥρα ἦν ὡς ἕκτη. καὶ λέγει τοῖς Ἰουδαίοις· ἴδε ὁ βασιλεὺς ὑμῶν.
Det var då fyrebuingsdagen i påskehelgi, og var um lag den sette timen. So segjer han til jødarne: «Sjå her er kongen dykkar!»
15 ἐκραύγασαν οὖν ἐκεῖνοι· ἆρον ἆρον, σταύρωσον αὐτόν. λέγει αὐτοῖς ὁ Πειλᾶτος· τὸν βασιλέα ὑμῶν σταυρώσω; ἀπεκρίθησαν οἱ ἀρχιερεῖς· οὐκ ἔχομεν βασιλέα εἰ μὴ Καίσαρα.
Då ropa dei: «Burt, burt med honom! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» segjer Pilatus. «Me hev ingen konge utan keisaren, » svara øvsteprestarne.
16 τότε οὖν παρέδωκεν αὐτὸν αὐτοῖς ἵνα σταυρωθῇ. Παρέλαβον οὖν τὸν Ἰησοῦν,
Då gav han Jesus yver til deim, so han skulde krossfestast.
17 καὶ βαστάζων ἑαυτῷ τὸν σταυρὸν ἐξῆλθεν εἰς τὸν λεγόμενον Κρανίου τόπον, ὃ λέγεται Ἑβραϊστὶ Γολγοθᾶ,
So tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin, og gjekk ut til Skallestaden dei kallar - på hebraisk kallast det Golgata -.
18 ὅπου αὐτὸν ἐσταύρωσαν, καὶ μετ’ αὐτοῦ ἄλλους δύο ἐντεῦθεν καὶ ἐντεῦθεν, μέσον δὲ τὸν Ἰησοῦν.
Der feste dei honom til krossen, og saman med honom tvo andre, ein på kvar sida, og Jesus midt imillom.
19 ἔγραψεν δὲ καὶ τίτλον ὁ Πειλᾶτος καὶ ἔθηκεν ἐπὶ τοῦ σταυροῦ· ἦν δὲ γεγραμμένον, Ἰησοῦς ὁ Ναζωραῖος ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων.
Pilatus skreiv og ei innskrift og sette på krossen; ho lydde so: Jesus frå Nasaret, kongen yver jødarne.
20 τοῦτον οὖν τὸν τίτλον πολλοὶ ἀνέγνωσαν τῶν Ἰουδαίων, ὅτι ἐγγὺς ἦν ὁ τόπος τῆς πόλεως ὅπου ἐσταυρώθη ὁ Ἰησοῦς· καὶ ἦν γεγραμμένον Ἑβραϊστί, Ῥωμαϊστί, Ἑλληνιστί.
Den innskrifti las då mange av jødarne; for staden der Jesus vart krossfest, var tett utmed byen, og det var skrive på hebraisk og latin og gresk.
21 ἔλεγον οὖν τῷ Πειλάτῳ οἱ ἀρχιερεῖς τῶν Ἰουδαίων· μὴ γράφε· ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων, ἀλλ’ ὅτι ἐκεῖνος εἶπεν· βασιλεύς εἰμι τῶν Ἰουδαίων.
Då sagde øvsteprestarne åt jødarne til Pilatus: «Skriv ikkje: Kongen yver jødarne, men: Han sagde: «Eg er konge yver jødarne!»»
22 ἀπεκρίθη ὁ Πειλᾶτος· ὃ γέγραφα, γέγραφα.
«Det eg hev skrive, hev eg skrive, » svara Pilatus.
23 Οἱ οὖν στρατιῶται, ὅτε ἐσταύρωσαν τὸν Ἰησοῦν, ἔλαβον τὰ ἱμάτια αὐτοῦ, καὶ ἐποίησαν τέσσαρα μέρη, ἑκάστῳ στρατιώτῃ μέρος, καὶ τὸν χιτῶνα. ἦν δὲ ὁ χιτὼν ἄραφος, ἐκ τῶν ἄνωθεν ὑφαντὸς δι’ ὅλου.
Då hermennerne hadde fest Jesus til krossen, tok dei klædi hans og skifte i fire luter, ein for kvar hermann. Kjolen tok dei og. Kjolen var usauma og heilvoven alt ovantil;
24 εἶπαν οὖν πρὸς ἀλλήλους· μὴ σχίσωμεν αὐτόν, ἀλλὰ λάχωμεν περὶ αὐτοῦ, τίνος ἔσται. ἵνα ἡ γραφὴ πληρωθῇ· διεμερίσαντο τὰ ἱμάτιά μου ἑαυτοῖς καὶ ἐπὶ τὸν ἱματισμόν μου ἔβαλον κλῆρον. Οἱ μὲν οὖν στρατιῶται ταῦτα ἐποίησαν.
difor sagde dei seg imillom: «Lat oss ikkje riva honom sund, men draga strå um kven som skal hava honom!» Soleis skulde skrifti sannast: «Dei skifte klædi mine millom seg, og kasta lut um kjolen min.» So gjorde no hermennerne.
25 εἱστήκεισαν δὲ παρὰ τῷ σταυρῷ τοῦ Ἰησοῦ ἡ μήτηρ αὐτοῦ καὶ ἡ ἀδελφὴ τῆς μητρὸς αὐτοῦ, Μαρίαμ ἡ τοῦ Κλωπᾶ καὶ Μαρίαμ ἡ Μαγδαληνή.
Men innmed krossen åt Jesus stod mor hans og morsyster hans, Maria, kona hans Klopas, og Maria Magdalena.
26 Ἰησοῦς οὖν ἰδὼν τὴν μητέρα καὶ τὸν μαθητὴν παρεστῶτα ὃν ἠγάπα, λέγει τῇ μητρί· γύναι, ἴδε ὁ υἱός σου.
Og då Jesus såg mor si, og såg at den læresveinen som han elska, stod der innmed, segjer han til mori: «Kvinna, der er son din!»
27 εἶτα λέγει τῷ μαθητῇ· ἴδε ἡ μήτηρ σου. καὶ ἀπ’ ἐκείνης τῆς ὥρας ἔλαβεν αὐτὴν ὁ μαθητὴς εἰς τὰ ἴδια.
So segjer han til læresveinen: «Der er mor di!» Og frå den stundi tok læresveinen henne heim til seg.
28 Μετὰ τοῦτο εἰδὼς ὁ Ἰησοῦς ὅτι ἤδη πάντα τετέλεσται, ἵνα τελειωθῇ ἡ γραφή, λέγει· διψῶ.
Då visste Jesus at no var alt fullført, so skrifti skulde sannast; so segjer han: «Eg er tyrst.»
29 σκεῦος ἔκειτο ὄξους μεστόν· σπόγγον οὖν μεστὸν ὄξους ὑσσώπῳ περιθέντες προσήνεγκαν αὐτοῦ τῷ στόματι.
Det stod eit kjer der som var fullt av vineddik; so fyllte dei ein svamp med den ediken, og sette honom på ein bergmynte-stylk og heldt honom upp til munnen hans.
30 ὅτε οὖν ἔλαβεν τὸ ὄξος εἶπεν· τετέλεσται, καὶ κλίνας τὴν κεφαλὴν παρέδωκεν τὸ πνεῦμα.
Då Jesus hadde fenge ediken, sagde han: «Det er fullført!» og han bøygde hovudet og gav andi si yver til Gud.
31 Οἱ οὖν Ἰουδαῖοι, ἐπεὶ παρασκευὴ ἦν, ἵνα μὴ μείνῃ ἐπὶ τοῦ σταυροῦ τὰ σώματα ἐν τῷ σαββάτῳ, ἦν γὰρ μεγάλη ἡ ἡμέρα ἐκείνου τοῦ σαββάτου, ἠρώτησαν τὸν Πειλᾶτον ἵνα κατεαγῶσιν αὐτῶν τὰ σκέλη καὶ ἀρθῶσιν.
Etter di det no var fyrebuingsdagen, og liki ikkje måtte verta hangande på krossen um kviledagen - for den kviledagen var storheilag - so bad jødarne Pilatus at beini måtte brjotast sund på deim, og at dei måtte takast ned.
32 ἦλθον οὖν οἱ στρατιῶται, καὶ τοῦ μὲν πρώτου κατέαξαν τὰ σκέλη καὶ τοῦ ἄλλου τοῦ συνσταυρωθέντος αὐτῷ·
Då kom hermennerne og braut sund beini, både på den fyrste og den andre som hadde vorte krossfeste i hop med honom.
33 ἐπὶ δὲ τὸν Ἰησοῦν ἐλθόντες, ὡς εἶδον ἤδη αὐτὸν τεθνηκότα, οὐ κατέαξαν αὐτοῦ τὰ σκέλη,
Då dei kom til Jesus, og såg at han alt var slokna, braut dei ikkje hans bein sund;
34 ἀλλ’ εἷς τῶν στρατιωτῶν λόγχῃ αὐτοῦ τὴν πλευρὰν ἔνυξεν, καὶ ἐξῆλθεν εὐθὺς αἷμα καὶ ὕδωρ.
men ein av hermennerne stakk honom i sida med eit spjot, og straks kom det ut blod og vatn.
35 καὶ ὁ ἑωρακὼς μεμαρτύρηκεν, καὶ ἀληθινὴ αὐτοῦ ἐστιν ἡ μαρτυρία, κἀκεῖνος οἶδεν ὅτι ἀληθῆ λέγει, ἵνα καὶ ὑμεῖς πιστεύητε.
Dette vitnar ein som hev set det, og vitnemålet hans er sætande; han veit sjølv at han segjer sant, so de og må tru.
36 ἐγένετο γὰρ ταῦτα ἵνα ἡ γραφὴ πληρωθῇ· ὀστοῦν οὐ συντριβήσεται αὐτοῦ.
For dette hende av di Skrifti laut sannast: «Det skal’kje brjotast sund eit bein på honom.»
37 καὶ πάλιν ἑτέρα γραφὴ λέγει· ὄψονται εἰς ὃν ἐξεκέντησαν.
Og eit anna skriftord att lyder so: «Dei skal sjå burt på honom som dei hev gjenomstunge.»
38 Μετὰ δὲ ταῦτα ἠρώτησεν τὸν Πειλᾶτον Ἰωσὴφ ὁ ἀπὸ Ἀριμαθαίας, ὢν μαθητὴς τοῦ Ἰησοῦ κεκρυμμένος δὲ διὰ τὸν φόβον τῶν Ἰουδαίων, ἵνα ἄρῃ τὸ σῶμα τοῦ Ἰησοῦ· καὶ ἐπέτρεψεν ὁ Πειλᾶτος. ἦλθεν οὖν καὶ ἦραν αὐτόν.
Sidan kom Josef frå Arimatæa, som var ein av læresveinarne åt Jesus, men dulde for det, av di han var rædd jødarne; han bad Pilatus um han måtte få taka likamen åt Jesus, og Pilatus gav honom lov til det. So kom han og henta likamen hans.
39 ἦλθεν δὲ καὶ Νικόδημος, ὁ ἐλθὼν πρὸς αὐτὸν νυκτὸς τὸ πρῶτον, φέρων μίγμα σμύρνης καὶ ἀλόης ὡς λίτρας ἑκατόν.
Nikodemus, han som fyrst var komen til honom um natti, kom og, og hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, um lag hundrad pund.
40 ἔλαβον οὖν τὸ σῶμα τοῦ Ἰησοῦ καὶ ἔδησαν αὐτὸ ὀθονίοις μετὰ τῶν ἀρωμάτων, καθὼς ἔθος ἐστὶν τοῖς Ἰουδαίοις ἐνταφιάζειν.
So tok dei likamen åt Jesus og sveipte honom med lindar og lagde dei angande kryddorne imillom, soleis som jødarne hev for vis når dei bur ein til likferd.
41 ἦν δὲ ἐν τῷ τόπῳ ὅπου ἐσταυρώθη κῆπος, καὶ ἐν τῷ κήπῳ μνημεῖον καινόν, ἐν ᾧ οὐδέπω οὐδεὶς ἐτέθη·
På den staden han vart krossfest var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som det endå aldri hadde vorte sett ned nokon i.
42 ἐκεῖ οὖν διὰ τὴν παρασκευὴν τῶν Ἰουδαίων, ὅτι ἐγγὺς ἦν τὸ μνημεῖον, ἔθηκαν τὸν Ἰησοῦν.
Der lagde dei då Jesus, av di det var fyrebuingsdagen åt jødarne, og gravi var nær innmed.

< Κατα Ιωαννην 19 >