< Προς Εβραιους 4 >
1 Φοβηθῶμεν οὖν μήποτε καταλειπομένης ἐπαγγελίας εἰσελθεῖν εἰς τὴν κατάπαυσιν αὐτοῦ δοκῇ τις ἐξ ὑμῶν ὑστερηκέναι·
Lat oss difor taka oss i vare for at nokon av dykk skal synast å verta standande etter, då ein lovnad um å koma inn til hans kvila endå stend att.
2 καὶ γάρ ἐσμεν εὐηγγελισμένοι καθάπερ κἀκεῖνοι, ἀλλ’ οὐκ ὠφέλησεν ὁ λόγος τῆς ἀκοῆς ἐκείνους, μὴ συνκεκερασμένος τῇ πίστει τοῖς ἀκούσασιν.
For fagnadbodet er og forkynt oss liksom hine; men deim gagna ikkje det ordet som dei høyrde, av di det ikkje ved trui var sameina med deim som høyrde det.
3 εἰσερχόμεθα γὰρ εἰς τὴν κατάπαυσιν οἱ πιστεύσαντες, καθὼς εἴρηκεν, ὡς ὤμοσα ἐν τῇ ὀργῇ μου, εἰ εἰσελεύσονται εἰς τὴν κατάπαυσίν μου, καίτοι τῶν ἔργων ἀπὸ καταβολῆς κόσμου γενηθέντων.
For me som er komne til trui, me gjeng inn til kvila etter det som han hev sagt: «So eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila, »» endå gjerningarne var fullførde alt sidan verdi var grunnlagd.
4 εἴρηκεν γάρ που περὶ τῆς ἑβδόμης οὕτως, καὶ κατέπαυσεν ὁ θεὸς ἐν τῇ ἡμέρᾳ τῇ ἑβδόμῃ ἀπὸ πάντων τῶν ἔργων αὐτοῦ·
For han hev ein stad sagt so um den sjuande dagen: «Og Gud kvilde den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.»
5 καὶ ἐν τούτῳ πάλιν, εἰ εἰσελεύσονται εἰς τὴν κατάπαυσίν μου.
Og atter på denne staden: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»
6 ἐπεὶ οὖν ἀπολείπεται τινὰς εἰσελθεῖν εἰς αὐτήν, καὶ οἱ πρότερον εὐαγγελισθέντες οὐκ εἰσῆλθον δι’ ἀπείθειαν,
Då det soleis stend att, at nokre skal koma inn til henne, og dei som fyrst fekk fagnadbodet, ikkje kom inn for vantru skuld,
7 πάλιν τινὰ ὁρίζει ἡμέραν, σήμερον, ἐν Δαυεὶδ λέγων μετὰ τοσοῦτον χρόνον, καθὼς προείρηται, σήμερον ἐὰν τῆς φωνῆς αὐτοῦ ἀκούσητε, μὴ σκληρύνητε τὰς καρδίας ὑμῶν.
so set han atter ein dag: «i dag, » med di han segjer ved David etter so lang tid, som sagt er: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto!»
8 εἰ γὰρ αὐτοὺς Ἰησοῦς κατέπαυσεν, οὐκ ἂν περὶ ἄλλης ἐλάλει μετὰ ταῦτα ἡμέρας.
For dersom Josva hadde ført deim til kvila, so hadde han ikkje tala um ein annan dag deretter.
9 ἄρα ἀπολείπεται σαββατισμὸς τῷ λαῷ τοῦ θεοῦ·
So stend det då att ei kviledagshelg for Guds folk.
10 ὁ γὰρ εἰσελθὼν εἰς τὴν κατάπαυσιν αὐτοῦ καὶ αὐτὸς κατέπαυσεν ἀπὸ τῶν ἔργων αὐτοῦ ὥσπερ ἀπὸ τῶν ἰδίων ὁ θεός.
For den som er komen inn til hans kvila, han hev og fenge kvila frå sine gjerningar liksom Gud frå sine.
11 Σπουδάσωμεν οὖν εἰσελθεῖν εἰς ἐκείνην τὴν κατάπαυσιν, ἵνα μὴ ἐν τῷ αὐτῷ τις ὑποδείγματι πέσῃ τῆς ἀπειθείας.
Lat oss difor leggja vinn på å koma inn til den kvila, so ikkje nokon skal falla etter det same fyredøme på vantru.
12 ζῶν γὰρ ὁ λόγος τοῦ θεοῦ καὶ ἐνεργὴς καὶ τομώτερος ὑπὲρ πᾶσαν μάχαιραν δίστομον καὶ διϊκνούμενος ἄχρι μερισμοῦ ψυχῆς καὶ πνεύματος, ἁρμῶν τε καὶ μυελῶν, καὶ κριτικὸς ἐνθυμήσεων καὶ ἐννοιῶν καρδίας·
For Guds ord er livande og kraftigt og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom til dess det kløyver sjæl og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder,
13 καὶ οὐκ ἔστιν κτίσις ἀφανὴς ἐνώπιον αὐτοῦ, πάντα δὲ γυμνὰ καὶ τετραχηλισμένα τοῖς ὀφθαλμοῖς αὐτοῦ, πρὸς ὃν ἡμῖν ὁ λόγος.
og ingen skapning er løynd for hans åsyn, men alt er nake og bert for hans augo som me hev å gjera med.
14 Ἔχοντες οὖν ἀρχιερέα μέγαν διεληλυθότα τοὺς οὐρανούς, Ἰησοῦν τὸν υἱὸν τοῦ θεοῦ, κρατῶμεν τῆς ὁμολογίας·
Sidan me då hev ein stor øvsteprest, som hev gjenge gjenom himlarne, Jesus, Guds Son, so lat oss halda fast på vedkjenningi!
15 οὐ γὰρ ἔχομεν ἀρχιερέα μὴ δυνάμενον συνπαθῆσαι ταῖς ἀσθενείαις ἡμῶν, πεπειρασμένον δὲ κατὰ πάντα καθ’ ὁμοιότητα χωρὶς ἁμαρτίας.
For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd.
16 προσερχώμεθα οὖν μετὰ παρρησίας τῷ θρόνῳ τῆς χάριτος, ἵνα λάβωμεν ἔλεος καὶ χάριν εὕρωμεν εἰς εὔκαιρον βοήθειαν.
Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!