< Προς Εβραιους 2 >

1 Διὰ τοῦτο δεῖ περισσοτέρως προσέχειν ἡμᾶς τοῖς ἀκουσθεῖσιν, μήποτε παραρυῶμεν.
Difor skal me so mykje meir agta på det me hev høyrt, so me ikkje skal driva undan.
2 εἰ γὰρ ὁ δι’ ἀγγέλων λαληθεὶς λόγος ἐγένετο βέβαιος, καὶ πᾶσα παράβασις καὶ παρακοὴ ἔλαβεν ἔνδικον μισθαποδοσίαν,
For dersom det ord som var tala ved englar, stod fast, og kvar misgjerd og ulydnad mot det fekk si rettferdige løn,
3 πῶς ἡμεῖς ἐκφευξόμεθα τηλικαύτης ἀμελήσαντες σωτηρίας; ἥτις, ἀρχὴν λαβοῦσα λαλεῖσθαι διὰ τοῦ κυρίου, ὑπὸ τῶν ἀκουσάντων εἰς ἡμᾶς ἐβεβαιώθη,
kor skal då me sleppa undan, um me ikkje vyrder so stor ei frelsa? den som fyrst vart forkynt ved Herren og er komi vitnefast til oss ved deim som høyrde honom,
4 συνεπιμαρτυροῦντος τοῦ θεοῦ σημείοις τε καὶ τέρασιν καὶ ποικίλαις δυνάμεσιν καὶ πνεύματος ἁγίου μερισμοῖς κατὰ τὴν αὐτοῦ θέλησιν.
med di Gud vitna med både ved teikn og under og ymse kraftverk og tildeiling av den Heilage Ande etter sin vilje.
5 Οὐ γὰρ ἀγγέλοις ὑπέταξεν τὴν οἰκουμένην τὴν μέλλουσαν, περὶ ἧς λαλοῦμεν.
For det var ikkje under englar, han lagde den komande verdi som me talar um.
6 διεμαρτύρατο δέ πού τις λέγων, τί ἐστιν ἄνθρωπος ὅτι μιμνῄσκῃ αὐτοῦ, ἢ υἱὸς ἀνθρώπου ὅτι ἐπισκέπτῃ αὐτόν;
Men ein hev vitna ein stad og sagt: «Kva er eit menneskje, at du kjem det i hug, eller ein menneskjeson, at du ser til honom?
7 ἠλάττωσας αὐτὸν βραχύ τι παρ’ ἀγγέλους, δόξῃ καὶ τιμῇ ἐστεφάνωσας αὐτόν,
du gjorde honom lite lægre enn englarne; med herlegdom og æra krynte du honom og sette honom yver dei verk dine hender gjorde;
8 πάντα ὑπέταξας ὑποκάτω τῶν ποδῶν αὐτοῦ. ἐν τῷ γὰρ ὑποτάξαι αὐτῷ τὰ πάντα οὐδὲν ἀφῆκεν αὐτῷ ἀνυπότακτον. νῦν δὲ οὔπω ὁρῶμεν αὐτῷ τὰ πάντα ὑποτεταγμένα·
alle ting lagde du under hans føter.» For då han lagde alle ting under honom, so tok han ingen ting undan som ikkje er honom underlagd; men no ser me endå ikkje at alle ting er honom underlagde.
9 τὸν δὲ βραχύ τι παρ’ ἀγγέλους ἠλαττωμένον βλέπομεν Ἰησοῦν διὰ τὸ πάθημα τοῦ θανάτου δόξῃ καὶ τιμῇ ἐστεφανωμένον, ὅπως χάριτι θεοῦ ὑπὲρ παντὸς γεύσηται θανάτου.
Men den som var gjord lite lægre enn englarne, Jesus, honom ser me, av di han leid dauden, krynt med herlegdom og æra, so han ved Guds nåde skulde smaka dauden for alle.
10 ἔπρεπεν γὰρ αὐτῷ, δι’ ὃν τὰ πάντα καὶ δι’ οὗ τὰ πάντα, πολλοὺς υἱοὺς εἰς δόξαν ἀγαγόντα τὸν ἀρχηγὸν τῆς σωτηρίας αὐτῶν διὰ παθημάτων τελειῶσαι.
For det sømde seg honom som alt er til for, og som alt er til ved, då han førde mange born til herlegdom, ved lidingar å fullenda frelse-hovdingen deira.
11 ὁ τε γὰρ ἁγιάζων καὶ οἱ ἁγιαζόμενοι ἐξ ἑνὸς πάντες· δι’ ἣν αἰτίαν οὐκ ἐπαισχύνεται ἀδελφοὺς αὐτοὺς καλεῖν,
For både den som helgar, og dei som vert helga, er alle av ein; difor skjemmest han ikkje ved å kalla deim brør,
12 λέγων, ἀπαγγελῶ τὸ ὄνομά σου τοῖς ἀδελφοῖς μου, ἐν μέσῳ ἐκκλησίας ὑμνήσω σε·
når han segjer: «Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, eg vil lovsyngja deg midt i lyden; »
13 καὶ πάλιν, ἐγὼ ἔσομαι πεποιθὼς ἐπ’ αὐτῷ· καὶ πάλιν, ἰδοὺ ἐγὼ καὶ τὰ παιδία ἅ μοι ἔδωκεν ὁ θεός.
og atter: «Eg vil setja mi tru til honom; » og atter: «Sjå, her er eg og dei born Gud hev gjeve meg.»
14 ἐπεὶ οὖν τὰ παιδία κεκοινώνηκεν αἵματος καὶ σαρκός, καὶ αὐτὸς παραπλησίως μετέσχεν τῶν αὐτῶν, ἵνα διὰ τοῦ θανάτου καταργήσῃ τὸν τὸ κράτος ἔχοντα τοῦ θανάτου, τοῦτ’ ἔστιν τὸν διάβολον,
Då no borni hev kjøt og blod saman, so vart han og på dilik måte samhavande deri, for at han ved dauden skulde gjera den til inkjes som hadde daudens velde, det er djevelen,
15 καὶ ἀπαλλάξῃ τούτους, ὅσοι φόβῳ θανάτου διὰ παντὸς τοῦ ζῆν ἔνοχοι ἦσαν δουλίας.
og fria ut alle deim som av rædsla for dauden var i trældom all si livstid.
16 οὐ γὰρ δήπου ἀγγέλων ἐπιλαμβάνεται, ἀλλὰ σπέρματος Ἀβραὰμ ἐπιλαμβάνεται.
For englar han tek seg då vel ikkje av, men Abrahams ætt tek han seg av.
17 ὅθεν ὤφειλεν κατὰ πάντα τοῖς ἀδελφοῖς ὁμοιωθῆναι, ἵνα ἐλεήμων γένηται καὶ πιστὸς ἀρχιερεὺς τὰ πρὸς τὸν θεόν, εἰς τὸ ἱλάσκεσθαι τὰς ἁμαρτίας τοῦ λαοῦ·
Difor laut han verta brørne sine lik i alle ting, so han kunde verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å gjera soning for synderne åt folket.
18 ἐν ᾧ γὰρ πέπονθεν αὐτὸς πειρασθείς, δύναται τοῖς πειραζομένοις βοηθῆσαι.
For av di han sjølv hev lide og vore freista, so kann han koma deim til hjelp som vert freista.

< Προς Εβραιους 2 >