< Προς Γαλατας 4 >
1 Λέγω δέ, ἐφ’ ὅσον χρόνον ὁ κληρονόμος νήπιός ἐστιν, οὐδὲν διαφέρει δούλου κύριος πάντων ὤν,
Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på honom og trælen, endå han er herre yver alt saman;
2 ἀλλὰ ὑπὸ ἐπιτρόπους ἐστὶν καὶ οἰκονόμους ἄχρι τῆς προθεσμίας τοῦ πατρός.
men han er under uppsynsmenner og rådsmenner til den tidi faren fyreåt hev fastsett.
3 οὕτως καὶ ἡμεῖς, ὅτε ἦμεν νήπιοι, ὑπὸ τὰ στοιχεῖα τοῦ κόσμου ἤμεθα δεδουλωμένοι·
Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen til verdi.
4 ὅτε δὲ ἦλθεν τὸ πλήρωμα τοῦ χρόνου, ἐξαπέστειλεν ὁ θεὸς τὸν υἱὸν αὐτοῦ, γενόμενον ἐκ γυναικός, γενόμενον ὑπὸ νόμον,
Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi,
5 ἵνα τοὺς ὑπὸ νόμον ἐξαγοράσῃ, ἵνα τὴν υἱοθεσίαν ἀπολάβωμεν.
so han kunde kjøpa deim frie, som var under lovi, so me kunde få barneretten.
6 ὅτι δέ ἐστε υἱοί, ἐξαπέστειλεν ὁ θεὸς τὸ πνεῦμα τοῦ υἱοῦ αὐτοῦ εἰς τὰς καρδίας ἡμῶν, κρᾶζον· Ἀββᾶ ὁ πατήρ.
Men av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin sons Ande, som ropar: «Abba, Fader!»
7 ὥστε οὐκέτι εἶ δοῦλος ἀλλὰ υἱός· εἰ δὲ υἱός, καὶ κληρονόμος διὰ θεοῦ.
So er du då ikkje lenger træl, men son. Men er du son, so er du og erving ved Gud.
8 Ἀλλὰ τότε μὲν οὐκ εἰδότες θεὸν ἐδουλεύσατε τοῖς φύσει μὴ οὖσιν θεοῖς·
Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar.
9 νῦν δὲ γνόντες θεόν, μᾶλλον δὲ γνωσθέντες ὑπὸ θεοῦ, πῶς ἐπιστρέφετε πάλιν ἐπὶ τὰ ἀσθενῆ καὶ πτωχὰ στοιχεῖα, οἷς πάλιν ἄνωθεν δουλεῦσαι θέλετε;
Men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda atter til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter å nyo træla under honom?
10 ἡμέρας παρατηρεῖσθε καὶ μῆνας καὶ καιροὺς καὶ ἐνιαυτούς.
De tek vare på dagar og månader og tider og år;
11 φοβοῦμαι ὑμᾶς μήπως εἰκῇ κεκοπίακα εἰς ὑμᾶς.
eg ottast for dykk, at eg kann henda fåfengt hev gjort meg møda med dykk.
12 Γίνεσθε ὡς ἐγώ, ὅτι κἀγὼ ὡς ὑμεῖς, ἀδελφοί, δέομαι ὑμῶν. οὐδέν με ἠδικήσατε·
Vert liksom eg, for eg er liksom de; brør! eg bed dykk; de hev ingen urett gjort meg.
13 οἴδατε δὲ ὅτι δι’ ἀσθένειαν τῆς σαρκὸς εὐηγγελισάμην ὑμῖν τὸ πρότερον,
Men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet, at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet,
14 καὶ τὸν πειρασμὸν ὑμῶν ἐν τῇ σαρκί μου οὐκ ἐξουθενήσατε οὐδὲ ἐξεπτύσατε, ἀλλὰ ὡς ἄγγελον θεοῦ ἐδέξασθέ με, ὡς Χριστὸν Ἰησοῦν.
og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og støytte meg ikkje burt; men de fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus.
15 ποῦ οὖν ὁ μακαρισμὸς ὑμῶν; μαρτυρῶ γὰρ ὑμῖν ὅτι εἰ δυνατὸν τοὺς ὀφθαλμοὺς ὑμῶν ἐξορύξαντες ἐδώκατέ μοι.
Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk, at um det hadde vore mogelegt, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg.
16 ὥστε ἐχθρὸς ὑμῶν γέγονα ἀληθεύων ὑμῖν;
Og so hev eg vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi!
17 ζηλοῦσιν ὑμᾶς οὐ καλῶς, ἀλλὰ ἐκκλεῖσαι ὑμᾶς θέλουσιν, ἵνα αὐτοὺς ζηλοῦτε.
Dei syner ein ihuge for dykk som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for deim.
18 καλὸν δὲ ζηλοῦσθαι ἐν καλῷ πάντοτε, καὶ μὴ μόνον ἐν τῷ παρεῖναί με πρὸς ὑμᾶς,
Men det er godt å vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk.
19 τέκνα μου, οὓς πάλιν ὠδίνω μέχρις οὗ μορφωθῇ Χριστὸς ἐν ὑμῖν,
Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk!
20 ἤθελον δὲ παρεῖναι πρὸς ὑμᾶς ἄρτι, καὶ ἀλλάξαι τὴν φωνήν μου, ὅτι ἀποροῦμαι ἐν ὑμῖν.
Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde brigda mi røyst; for eg er i vanråd med dykk.
21 Λέγετέ μοι, οἱ ὑπὸ νόμον θέλοντες εἶναι, τὸν νόμον οὐκ ἀκούετε;
Seg meg, de som vil vera under lovi, høyrer de ikkje lovi?
22 γέγραπται γὰρ ὅτι Ἀβραὰμ δύο υἱοὺς ἔσχεν, ἕνα ἐκ τῆς παιδίσκης καὶ ἕνα ἐκ τῆς ἐλευθέρας.
For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.
23 ἀλλ’ ὁ μὲν ἐκ τῆς παιδίσκης κατὰ σάρκα γεγέννηται, ὁ δὲ ἐκ τῆς ἐλευθέρας διὰ τῆς ἐπαγγελίας.
Men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, men son åt den frie kvinna etter lovnaden.
24 ἅτινά ἐστιν ἀλληγορούμενα· αὗται γάρ εἰσιν δύο διαθῆκαι, μία μὲν ἀπὸ ὄρους Σινᾶ, εἰς δουλίαν γεννῶσα, ἥτις ἐστὶν Ἄγαρ.
I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnorne er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, som føder til trældom, dette er Hagar;
25 τὸ γὰρ Σινᾶ ὄρος ἐστὶν ἐν τῇ Ἀραβίᾳ· συνστοιχεῖ δὲ τῇ νῦν Ἱερουσαλήμ, δουλεύει γὰρ μετὰ τῶν τέκνων αὐτῆς.
for «Hagar» er Sinaifjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine.
26 ἡ δὲ ἄνω Ἱερουσαλὴμ ἐλευθέρα ἐστίν, ἥτις ἐστὶν μήτηρ ἡμῶν·
Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår.
27 γέγραπται γάρ, εὐφράνθητι, στεῖρα ἡ οὐ τίκτουσα· ῥῆξον καὶ βόησον, ἡ οὐκ ὠδίνουσα· ὅτι πολλὰ τὰ τέκνα τῆς ἐρήμου μᾶλλον ἢ τῆς ἐχούσης τὸν ἄνδρα.
For det stend skrive: «Ver glad, du barnlause, som ikkje føder; kved i og ropa, du som ikkje hev barnerider! for borni hennar som er einsleg, er mange fleire enn hennar som hev mannen.»
28 ὑμεῖς δέ, ἀδελφοί, κατὰ Ἰσαὰκ ἐπαγγελίας τέκνα ἐστέ.
Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak.
29 ἀλλ’ ὥσπερ τότε ὁ κατὰ σάρκα γεννηθεὶς ἐδίωκεν τὸν κατὰ πνεῦμα, οὕτως καὶ νῦν.
Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde honom som var fødd etter åndi, soleis er det no og.
30 ἀλλὰ τί λέγει ἡ γραφή; ἔκβαλε τὴν παιδίσκην καὶ τὸν υἱὸν αὐτῆς, οὐ γὰρ μὴ κληρονομήσει ὁ υἱὸς τῆς παιδίσκης μετὰ τοῦ υἱοῦ τῆς ἐλευθέρας.
Men kva segjer Skrifti? «Driv ut trælkvinna og son hennar; for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.»
31 διό, ἀδελφοί, οὐκ ἐσμὲν παιδίσκης τέκνα ἀλλὰ τῆς ἐλευθέρας.
So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.