< Προς Γαλατας 3 >
1 Ὦ ἀνόητοι Γαλάται, τίς ὑμᾶς ἐβάσκανεν, οἷς κατ’ ὀφθαλμοὺς Ἰησοῦς Χριστὸς προεγράφη ἐσταυρωμένος;
Å, de uvituge galatarar! kven hev trylt dykk, de som hev fenge Jesus Kristus måla for augo som krossfest?
2 τοῦτο μόνον θέλω μαθεῖν ἀφ’ ὑμῶν, ἐξ ἔργων νόμου τὸ πνεῦμα ἐλάβετε ἢ ἐξ ἀκοῆς πίστεως;
Berre det vil eg få vita av dykk: Fekk det Anden ved lovgjerningar eller ved å høyra trui forkynt?
3 οὕτως ἀνόητοί ἐστε; ἐναρξάμενοι πνεύματι νῦν σαρκὶ ἐπιτελεῖσθε;
Er de so uvituge? De tok til i ånd; vil de no fullenda i kjøt?
4 τοσαῦτα ἐπάθετε εἰκῇ; εἴγε καὶ εἰκῇ.
So mykje hev de røynt til unyttes? - um det då elles er til unyttes.
5 ὁ οὖν ἐπιχορηγῶν ὑμῖν τὸ πνεῦμα καὶ ἐνεργῶν δυνάμεις ἐν ὑμῖν ἐξ ἔργων νόμου ἢ ἐξ ἀκοῆς πίστεως;
Og han som gjev dykk Anden og gjer kraftverk millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved å forkynna trui?
6 καθὼς Ἀβραὰμ ἐπίστευσεν τῷ θεῷ, καὶ ἐλογίσθη αὐτῷ εἰς δικαιοσύνην.
Liksom Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.
7 γινώσκετε ἄρα ὅτι οἱ ἐκ πίστεως, οὗτοι υἱοί εἰσιν Ἀβραάμ.
Difor skal de vita, at dei som hev tru, dei er Abrahams born.
8 προϊδοῦσα δὲ ἡ γραφὴ ὅτι ἐκ πίστεως δικαιοῖ τὰ ἔθνη ὁ θεὸς προευηγγελίσατο τῷ Ἀβραὰμ ὅτι ἐνευλογηθήσονται ἐν σοὶ πάντα τὰ ἔθνη.
Men Skrifti såg fyreåt at Gud vilde gjera heidningarne rettferdige ved tru, og gav so Abraham fyreåt det fagnadbodet: «I deg skal alle folkeslag verta velsigna.»
9 ὥστε οἱ ἐκ πίστεως εὐλογοῦνται σὺν τῷ πιστῷ Ἀβραάμ.
So vert då dei som hev tru, velsigna med den truande Abraham.
10 ὅσοι γὰρ ἐξ ἔργων νόμου εἰσὶν ὑπὸ κατάραν εἰσίν· γέγραπται γὰρ ὅτι ἐπικατάρατος πᾶς ὃς οὐκ ἐμμένει πᾶσιν τοῖς γεγραμμένοις ἐν τῷ βιβλίῳ τοῦ νόμου τοῦ ποιῆσαι αὐτά.
For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.»
11 ὅτι δὲ ἐν νόμῳ οὐδεὶς δικαιοῦται παρὰ τῷ θεῷ δῆλον, ὅτι ὁ δίκαιος ἐκ πίστεως ζήσεται·
Men at ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lovi, det er audsynlegt; for «den rettferdige, ved tru skal han liva.»
12 ὁ δὲ νόμος οὐκ ἔστιν ἐκ πίστεως, ἀλλὰ ὁ ποιήσας αὐτὰ ζήσεται ἐν αὐτοῖς.
Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men «den som gjer so, skal liva ved det.»
13 Χριστὸς ἡμᾶς ἐξηγόρασεν ἐκ τῆς κατάρας τοῦ νόμου γενόμενος ὑπὲρ ἡμῶν κατάρα, ὅτι γέγραπται, ἐπικατάρατος πᾶς ὁ κρεμάμενος ἐπὶ ξύλου,
Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» -
14 ἵνα εἰς τὰ ἔθνη ἡ εὐλογία τοῦ Ἀβραὰμ γένηται ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ, ἵνα τὴν ἐπαγγελίαν τοῦ πνεύματος λάβωμεν διὰ τῆς πίστεως.
so velsigningi åt Abraham kunde koma yver heidningarne i Kristus Jesus, so me ved trui kunde få Anden, som var oss lova.
15 Ἀδελφοί, κατὰ ἄνθρωπον λέγω· ὅμως ἀνθρώπου κεκυρωμένην διαθήκην οὐδεὶς ἀθετεῖ ἢ ἐπιδιατάσσεται.
Brør! eg talar på menneskjevis. Ingen gjer då ei pakt av eit menneskje ugild eller legg noko til etter ho er stadfest.
16 τῷ δὲ Ἀβραὰμ ἐρρέθησαν αἱ ἐπαγγελίαι καὶ τῷ σπέρματι αὐτοῦ. οὐ λέγει, καὶ τοῖς σπέρμασιν, ὡς ἐπὶ πολλῶν, ἀλλ’ ὡς ἐφ’ ἑνός, καὶ τῷ σπέρματί σου, ὅς ἐστιν Χριστός.
Men lovnaderne vart gjevne til Abraham og hans ætt; han segjer ikkje: «Og ættingarne» liksom um mange, men som um ein: «Og di ætt», og det er Kristus.
17 τοῦτο δὲ λέγω· διαθήκην προκεκυρωμένην ὑπὸ τοῦ θεοῦ ὁ μετὰ τετρακόσια καὶ τριάκοντα ἔτη γεγονὼς νόμος οὐκ ἀκυροῖ, εἰς τὸ καταργῆσαι τὴν ἐπαγγελίαν.
Det eg vil segja, er dette: Ei pakt som fyreåt er stadfest av Gud, henne kann lovi, som vart gjevi fire hundrad og tretti år seinare, ikkje gjera ugild, so ho skulde gjera lovnaden til inkjes.
18 εἰ γὰρ ἐκ νόμου ἡ κληρονομία, οὐκέτι ἐξ ἐπαγγελίας· τῷ δὲ Ἀβραὰμ δι’ ἐπαγγελίας κεχάρισται ὁ θεός.
For er arven av lov, so er han ikkje meir av lovnad; men Gud gav Abraham honom ved lovnad.
19 τί οὖν ὁ νόμος; τῶν παραβάσεων χάριν προσετέθη, ἄχρις οὗ ἔλθῃ τὸ σπέρμα ᾧ ἐπήγγελται, διαταγεὶς δι’ ἀγγέλων ἐν χειρὶ μεσίτου.
Kva skulde so lovi til? Ho vart sett attåt for misgjerderne skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt um - tilskipa av englar, ved ein millommanns hand;
20 ὁ δὲ μεσίτης ἑνὸς οὐκ ἔστιν, ὁ δὲ θεὸς εἷς ἐστιν.
men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein.
21 ὁ οὖν νόμος κατὰ τῶν ἐπαγγελιῶν τοῦ θεοῦ; μὴ γένοιτο· εἰ γὰρ ἐδόθη νόμος ὁ δυνάμενος ζῳοποιῆσαι, ὄντως ἐκ νόμου ἦν ἂν ἡ δικαιοσύνη·
Er so lovi imot Guds lovnader? Langt ifrå! for var det gjeve ei lov som hadde magt til å gjera livande, so kom rettferdi verkeleg av lovi.
22 ἀλλὰ συνέκλεισεν ἡ γραφὴ τὰ πάντα ὑπὸ ἁμαρτίαν ἵνα ἡ ἐπαγγελία ἐκ πίστεως Ἰησοῦ Χριστοῦ δοθῇ τοῖς πιστεύουσιν.
Men Skrifti hev stengt alt inn under synd, so det som var lova, skulde ved tru på Jesus Kristus verta gjeve deim som trur.
23 πρὸ τοῦ δὲ ἐλθεῖν τὴν πίστιν ὑπὸ νόμον ἐφρουρούμεθα συνκλειόμενοι εἰς τὴν μέλλουσαν πίστιν ἀποκαλυφθῆναι.
Men fyrr trui kom, vart me haldne innestengde i varetekt under lovi til den tru som skulde openberrast.
24 ὥστε ὁ νόμος παιδαγωγὸς ἡμῶν γέγονεν εἰς Χριστόν, ἵνα ἐκ πίστεως δικαιωθῶμεν·
So hev då lovi vorte vår tuktemeister til Kristus, so me skulde verta rettferdiggjorde av tru.
25 ἐλθούσης δὲ τῆς πίστεως οὐκέτι ὑπὸ παιδαγωγόν ἐσμεν.
Men no, då trui er komi, er me ikkje lenger under tuktemeisteren;
26 πάντες γὰρ υἱοὶ θεοῦ ἐστὲ διὰ τῆς πίστεως ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ.
for de er alle Guds born ved trui på Kristus Jesus.
27 ὅσοι γὰρ εἰς Χριστὸν ἐβαπτίσθητε, Χριστὸν ἐνεδύσασθε.
For de, so mange som er døypte til Kristus, de hev iklædt dykk Kristus.
28 οὐκ ἔνι Ἰουδαῖος οὐδὲ Ἕλλην, οὐκ ἔνι δοῦλος οὐδὲ ἐλεύθερος, οὐκ ἔνι ἄρσεν καὶ θῆλυ· ἅπαντες γὰρ ὑμεῖς εἷς ἐστὲ ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ.
Her er ikkje jøde eller grækar, her er ikkje træl eller fri mann, her er ikkje mann og kvinna; for de er alle ein i Kristus Jesus.
29 εἰ δὲ ὑμεῖς Χριστοῦ, ἄρα τοῦ Ἀβραὰμ σπέρμα ἐστέ, κατὰ ἐπαγγελίαν κληρονόμοι.
Men høyrer de Kristus til, so er de og Abrahams ætt, ervingar etter lovnaden.