< Πραξεις 6 >

1 Ἐν δὲ ταῖς ἡμέραις ταύταις πληθυνόντων τῶν μαθητῶν ἐγένετο γογγυσμὸς τῶν Ἑλληνιστῶν πρὸς τοὺς Ἑβραίους, ὅτι παρεθεωροῦντο ἐν τῇ διακονίᾳ τῇ καθημερινῇ αἱ χῆραι αὐτῶν.
I desse dagarne, då talet på læresveinarne voks, murra dei græsktalande jøderne imot hebræarane, at deira enkjor vart mishaldne ved den daglege forsyting.
2 προσκαλεσάμενοι δὲ οἱ δώδεκα τὸ πλῆθος τῶν μαθητῶν εἶπαν, οὐκ ἀρεστόν ἐστιν ἡμᾶς καταλείψαντας τὸν λόγον τοῦ θεοῦ διακονεῖν τραπέζαις·
Då kalla dei tolv heile mengdi av læresveinarne saman og sagde: «Det er ikkje høvelegt at me skal forlata Guds ord og tena ved bordi.
3 ἐπισκέψασθε δέ, ἀδελφοί, ἄνδρας ἐξ ὑμῶν μαρτυρουμένους ἑπτὰ πλήρεις πνεύματος καὶ σοφίας, οὓς καταστήσομεν ἐπὶ τῆς χρείας ταύτης·
Difor, brør, sjå dykk um etter sju menner millom dykk, som hev godt lov og er fulle av den Heilage Ande og visdom, so me kann setja deim til dette umbodet!
4 ἡμεῖς δὲ τῇ προσευχῇ καὶ τῇ διακονίᾳ τοῦ λόγου προσκαρτερήσομεν.
Men me vil halda trutt ved i bøni og i tenesta med ordet.»
5 καὶ ἤρεσεν ὁ λόγος ἐνώπιον παντὸς τοῦ πλήθους, καὶ ἐξελέξαντο Στέφανον, ἄνδρα πλήρη πίστεως καὶ πνεύματος ἁγίου, καὶ Φίλιππον καὶ Πρόχορον καὶ Νικάνορα καὶ Τίμωνα καὶ Παρμενᾶν καὶ Νικόλαον προσήλυτον Ἀντιοχέα,
Dette ordet lika heile mengdi vel, og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og den Heilage Ande, og Filip og Prokorus og Nikanor og Timon og Parmenas og Nikolaus, ein jødetruande frå Antiokia;
6 οὓς ἔστησαν ἐνώπιον τῶν ἀποστόλων, καὶ προσευξάμενοι ἐπέθηκαν αὐτοῖς τὰς χεῖρας.
og stelte deim fram for apostlarne, og dei bad og lagde henderne på deim.
7 Καὶ ὁ λόγος τοῦ θεοῦ ηὔξανεν, καὶ ἐπληθύνετο ὁ ἀριθμὸς τῶν μαθητῶν ἐν Ἱερουσαλὴμ σφόδρα, πολύς τε ὄχλος τῶν ἱερέων ὑπήκουον τῇ πίστει.
Og Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinarne voks mykje i Jerusalem, og ein stor hop av prestarne vart lyduge mot trui.
8 Στέφανος δὲ πλήρης χάριτος καὶ δυνάμεως ἐποίει τέρατα καὶ σημεῖα μεγάλα ἐν τῷ λαῷ.
Men Stefanus var full av tru og kraft og gjorde under og store teikn millom folket.
9 ἀνέστησαν δέ τινες τῶν ἐκ τῆς συναγωγῆς τῶν λεγομένων Λιβερτίνων καὶ Κυρηναίων καὶ Ἀλεξανδρέων καὶ τῶν ἀπὸ Κιλικίας καὶ Ἀσίας συζητοῦντες τῷ Στεφάνῳ,
Men der stod upp nokre av den synagoga som er kalla synagoga åt dei frigjevne og kyrenæarane og alexandrinarne, og av deim frå Kilikia og Asia, og dei gav seg i ordskifte med Stefanus.
10 καὶ οὐκ ἴσχυον ἀντιστῆναι τῇ σοφίᾳ καὶ τῷ πνεύματι ᾧ ἐλάλει.
Og dei kunde ikkje standa seg mot den visdom og ånd han tala utav.
11 τότε ὑπέβαλον ἄνδρας λέγοντας ὅτι ἀκηκόαμεν αὐτοῦ λαλοῦντος ῥήματα βλάσφημα εἰς Μωϋσῆν καὶ τὸν θεόν·
Då tinga dei løynleg nokre menner som sagde: «Me hev høyrt honom tala spottande ord imot Moses og Gud.»
12 συνεκίνησάν τε τὸν λαὸν καὶ τοὺς πρεσβυτέρους καὶ τοὺς γραμματεῖς, καὶ ἐπιστάντες συνήρπασαν αὐτὸν καὶ ἤγαγον εἰς τὸ συνέδριον,
Og dei øste upp folket og styresmennerne og dei skriftlærde, og dei sette på honom og reiv honom med og førde honom for rådet.
13 ἔστησάν τε μάρτυρας ψευδεῖς λέγοντας, ὁ ἄνθρωπος οὗτος οὐ παύεται λαλῶν ῥήματα κατὰ τοῦ τόπου τοῦ ἁγίου καὶ τοῦ νόμου·
Og dei stelte fram falske vitne, som sagde: «Denne mannen held ikkje upp med å tala mot denne heilage staden og mot lovi.
14 ἀκηκόαμεν γὰρ αὐτοῦ λέγοντος ὅτι Ἰησοῦς ὁ Ναζωραῖος οὗτος καταλύσει τὸν τόπον τοῦτον καὶ ἀλλάξει τὰ ἔθη ἃ παρέδωκεν ἡμῖν Μωϋσῆς.
For me hev høyrt honom segja at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned denne staden og brigda dei sedvanar som Moses gav oss.»
15 καὶ ἀτενίσαντες εἰς αὐτὸν πάντες οἱ καθεζόμενοι ἐν τῷ συνεδρίῳ εἶδον τὸ πρόσωπον αὐτοῦ ὡσεὶ πρόσωπον ἀγγέλου.
Og då alle deim som sat i rådet, stirde på honom, såg dei åsyni hans som ein engels åsyn.

< Πραξεις 6 >