< Πραξεις 19 >
1 Ἐγένετο δὲ ἐν τῷ τὸν Ἀπολλῶ εἶναι ἐν Κορίνθῳ Παῦλον διελθόντα τὰ ἀνωτερικὰ μέρη κατελθεῖν εἰς Ἔφεσον καὶ εὑρεῖν τινας μαθητάς,
Medan Apollos var i Korint, hende det at Paulus kom til Efesus, etter han hadde fare gjenom dei øvre bygder.
2 εἶπέν τε πρὸς αὐτούς, εἰ πνεῦμα ἅγιον ἐλάβετε πιστεύσαντες; οἱ δὲ πρὸς αὐτόν, ἀλλ’ οὐδ’ εἰ πνεῦμα ἅγιον ἔστιν ἠκούσαμεν.
Der fann han nokre læresveinar og sagde til deim: «Fekk de den Heilage Ande då de vart truande?» Dei svara honom: «Me hev ikkje ein gong høyrt um den Heilage Ande er komen.»
3 ὁ δὲ εἶπέν· εἰς τί οὖν ἐβαπτίσθητε; οἱ δὲ εἶπαν, εἰς τὸ Ἰωάννου βάπτισμα.
Han sagde til deim: «Kva dåp er de då døypte med?» Dei sagde: «Med Johannes’ dåp.»
4 εἶπεν δὲ Παῦλος· Ἰωάννης ἐβάπτισεν βάπτισμα μετανοίας, τῷ λαῷ λέγων εἰς τὸν ἐρχόμενον μετ’ αὐτὸν ἵνα πιστεύσωσιν, τοῦτ’ ἔστιν εἰς τὸν Ἰησοῦν.
Då sagde Paulus: «Johannes, han døypte med umvendings dåp, med di han sagde til folket, at dei skulde tru på den som kom etter honom, det er på Jesus.»
5 ἀκούσαντες δὲ ἐβαπτίσθησαν εἰς τὸ ὄνομα τοῦ κυρίου Ἰησοῦ,
Då dei høyrde det, let dei seg døypa til Herren Jesu namn,
6 καὶ ἐπιθέντος αὐτοῖς τοῦ Παύλου χεῖρας ἦλθε τὸ πνεῦμα τὸ ἅγιον ἐπ’ αὐτούς, ἐλάλουν τε γλώσσαις καὶ ἐπροφήτευον.
og då Paulus lagde henderne på deim, kom den Heilage Ande yver deim, og dei tala med tungor og profetiske ord.
7 ἦσαν δὲ οἱ πάντες ἄνδρες ὡσεὶ δώδεκα.
Desse mennerne var umkring tolv i alt.
8 Εἰσελθὼν δὲ εἰς τὴν συναγωγὴν ἐπαρρησιάζετο ἐπὶ μῆνας τρεῖς διαλεγόμενος καὶ πείθων τὰ περὶ τῆς βασιλείας τοῦ θεοῦ.
Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike.
9 ὡς δέ τινες ἐσκληρύνοντο καὶ ἠπείθουν κακολογοῦντες τὴν ὁδὸν ἐνώπιον τοῦ πλήθους, ἀποστὰς ἀπ’ αὐτῶν ἀφώρισεν τοὺς μαθητάς, καθ’ ἡμέραν διαλεγόμενος ἐν τῇ σχολῇ Τυράννου.
Men då nokre forherde seg og ikkje vilde tru, og tala ille for mengdi um denne vegen, braut han lag med deim og skilde læresveinarne ut og heldt dagleg samtalar i skulen åt Tyrannus.
10 τοῦτο δὲ ἐγένετο ἐπὶ ἔτη δύο, ὥστε πάντας τοὺς κατοικοῦντας τὴν Ἀσίαν ἀκοῦσαι τὸν λόγον τοῦ κυρίου, Ἰουδαίους τε καὶ Ἕλληνας.
Dette varde i tvo år, so at alle dei som budde i Asia, fekk høyra Herrens ord, både jødar og grækarar,
11 Δυνάμεις τε οὐ τὰς τυχούσας ὁ θεὸς ἐποίει διὰ τῶν χειρῶν Παύλου,
Og uvanlege kraftverk gjorde Gud ved Paulus’ hender,
12 ὥστε καὶ ἐπὶ τοὺς ἀσθενοῦντας ἀποφέρεσθαι ἀπὸ τοῦ χρωτὸς αὐτοῦ σουδάρια ἢ σιμικίνθια καὶ ἀπαλλάσσεσθαι ἀπ’ αὐτῶν τὰς νόσους, τά τε πνεύματα τὰ πονηρὰ ἐκπορεύεσθαι.
so at folk endå tok sveitedukar eller fangskinn som han hadde havt på seg, og gjekk med deim til dei sjuke, og dei vart fri for sjukdomarne, og dei vonde ånderne for ut or deim.
13 ἐπεχείρησαν δέ τινες καὶ τῶν περιερχομένων Ἰουδαίων ἐξορκιστῶν ὀνομάζειν ἐπὶ τοὺς ἔχοντας τὰ πνεύματα τὰ πονηρὰ τὸ ὄνομα τοῦ κυρίου Ἰησοῦ λέγοντες, ὁρκίζω ὑμᾶς τὸν Ἰησοῦν ὃν Παῦλος κηρύσσει.
Men nokre av dei jødar som for ikring og mana ånder, tok til å nemna Herren Jesus namn yver deim som hadde dei vonde ånderne, med di dei sagde: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.»
14 ἦσαν δέ τινες Σκευᾶ Ἰουδαίου ἀρχιερέως ἑπτὰ υἱοὶ τοῦτο ποιοῦντες.
Det var nokre søner til Skevas, ein jødisk øvsteprest, sju i talet, dei som gjorde dette.
15 ἀποκριθὲν δὲ τὸ πνεῦμα τὸ πονηρὸν εἶπεν αὐτοῖς, τὸν Ἰησοῦν γινώσκω καὶ τὸν Παῦλον ἐπίσταμαι, ὑμεῖς δὲ τίνες ἐστέ;
Men den vonde åndi svara og sagde: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg um; men de, kven er de?»
16 καὶ ἐφαλόμενος ὁ ἄνθρωπος ἐπ’ αὐτοὺς ἐν ᾧ ἦν τὸ πνεῦμα τὸ πονηρὸν κατακυριεύσας ἀμφοτέρων ἴσχυσεν κατ’ αὐτῶν, ὥστε γυμνοὺς καὶ τετραυματισμένους ἐκφυγεῖν ἐκ τοῦ οἴκου ἐκείνου.
Og mannen som den vonde åndi var i, sprang innpå deim og vann på deim og fekk yvermagt yver deim, so at dei laut fly nakne og såra ut or huset.
17 τοῦτο δὲ ἐγένετο γνωστὸν πᾶσιν Ἰουδαίοις τε καὶ Ἕλλησιν τοῖς κατοικοῦσιν τὴν Ἔφεσον, καὶ ἐπέπεσεν φόβος ἐπὶ πάντας αὐτούς, καὶ ἐμεγαλύνετο τὸ ὄνομα τοῦ κυρίου Ἰησοῦ,
Dette vart kunnigt for alle som budde i Efesus, både jødar og grækarar, og der kom ræddhug på deim alle, og Herren Jesu namn vart høglova.
18 πολλοί τε τῶν πεπιστευκότων ἤρχοντο ἐξομολογούμενοι καὶ ἀναγγέλλοντες τὰς πράξεις αὐτῶν.
Og mange av deim som hadde teke ved trui, kom og vitna og fortalde um sine gjerningar.
19 ἱκανοὶ δὲ τῶν τὰ περίεργα πραξάντων συνενέγκαντες τὰς βίβλους κατέκαιον ἐνώπιον πάντων· καὶ συνεψήφισαν τὰς τιμὰς αὐτῶν καὶ εὗρον ἀργυρίου μυριάδας πέντε.
Og ein stor hop av deim som hadde fare med fåfengde kunster, bar bøkerne sine i hop og brende deim upp so alle folk såg det. Og dei rekna saman deira verde og fann at det var femti tusund sylvpengar.
20 Οὕτως κατὰ κράτος τοῦ κυρίου ὁ λόγος ηὔξανεν καὶ ἴσχυεν.
Soleis hadde Herrens ord veldug framgang og fekk magt.
21 Ὡς δὲ ἐπληρώθη ταῦτα, ἔθετο ὁ Παῦλος ἐν τῷ πνεύματι διελθὼν τὴν Μακεδονίαν καὶ Ἀχαΐαν πορεύεσθαι εἰς Ἱεροσόλυμα, εἰπὼν ὅτι μετὰ τὸ γενέσθαι με ἐκεῖ δεῖ με καὶ Ῥώμην ἰδεῖν.
Då dette var fullført, sette Paulus seg fyre å draga gjenom Makedonia og Akaia og fara til Jerusalem, med di han sagde: «Når eg hev vore der, lyt eg og sjå Rom.»
22 ἀποστείλας δὲ εἰς τὴν Μακεδονίαν δύο τῶν διακονούντων αὐτῷ, Τιμόθεον καὶ Ἔραστον, αὐτὸς ἐπέσχεν χρόνον εἰς τὴν Ἀσίαν.
So sende han tvo av hjelpesmennerne sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv vart han endå verande ei tid i Asia.
23 Ἐγένετο δὲ κατὰ τὸν καιρὸν ἐκεῖνον τάραχος οὐκ ὀλίγος περὶ τῆς ὁδοῦ.
Men ved den tid vart der ikkje lite uppstyr um Guds veg.
24 Δημήτριος γάρ τις ὀνόματι, ἀργυροκόπος, ποιῶν ναοὺς ἀργυροῦς Ἀρτέμιδος παρείχετο τοῖς τεχνίταις οὐκ ὀλίγην ἐργασίαν,
For det var ein mann med namnet Demetrius, ein sylvsmed, som gjorde Artemis-tempel av sylv og gav kunstsmedarne ikkje liti vinning.
25 οὓς συναθροίσας καὶ τοὺς περὶ τὰ τοιαῦτα ἐργάτας εἶπεν, ἄνδρες, ἐπίστασθε ὅτι ἐκ ταύτης τῆς ἐργασίας ἡ εὐπορία ἡμῖν ἐστιν,
Han kalla saman desse og dei arbeidarar som sysla med det same, og sagde: «Menner, de veit at det er av dette arbeidet me hev vårt velstand.
26 καὶ θεωρεῖτε καὶ ἀκούετε ὅτι οὐ μόνον Ἐφέσου ἀλλὰ σχεδὸν πάσης τῆς Ἀσίας ὁ Παῦλος οὗτος πείσας μετέστησεν ἱκανὸν ὄχλον, λέγων ὅτι οὐκ εἰσὶν θεοὶ οἱ διὰ χειρῶν γινόμενοι.
Og de ser og høyrer at ikkje berre i Efesus, men yver mest heile Asia hev denne Paulus ved yverteljing avvendt ein stor hop, med di han segjer at dei ikkje er gudar, dei som vert gjorde med henderne.
27 οὐ μόνον δὲ τοῦτο κινδυνεύει ἡμῖν τὸ μέρος εἰς ἀπελεγμὸν ἐλθεῖν, ἀλλὰ καὶ τὸ τῆς μεγάλης θεᾶς ἱερὸν Ἀρτέμιδος εἰς οὐθὲν λογισθῆναι, μέλλειν τε καὶ καθαιρεῖσθαι τῆς μεγαλειότητος αὐτῆς, ἣν ὅλη ἡ Ἀσία καὶ ἡ οἰκουμένη σέβεται.
No er det ikkje berre den fåren at dette vårt handverk skal få eit uord, men ogso at den store gudinna Artemis’ tempel skal verta rekna for ingen ting, og hennar storvelde verta øydelagt, ho som heile Asia og mannheimen dyrkar.»
28 ἀκούσαντες δὲ καὶ γενόμενοι πλήρεις θυμοῦ ἔκραζον λέγοντες, μεγάλη ἡ Ἄρτεμις Ἐφεσίων.
Då dei høyrde dette, vart dei fulle av harm og ropa: «Stor er den efesiske Artemis!»
29 καὶ ἐπλήσθη ἡ πόλις τῆς συγχύσεως, ὥρμησάν τε ὁμοθυμαδὸν εἰς τὸ θέατρον συναρπάσαντες Γάϊον καὶ Ἀρίσταρχον Μακεδόνας, συνεκδήμους Παύλου.
Og heile byen kom i fullt upprør, og dei styrmde alle som ein til teatret og reiv med seg makedonarane Gaius og Aristarkus, fylgjesmennerne åt Paulus.
30 Παύλου δὲ βουλομένου εἰσελθεῖν εἰς τὸν δῆμον οὐκ εἴων αὐτὸν οἱ μαθηταί·
Då Paulus vilde ganga inn til folket, let ikkje læresveinarne honom få lov.
31 τινὲς δὲ καὶ τῶν Ἀσιαρχῶν, ὄντες αὐτῷ φίλοι, πέμψαντες πρὸς αὐτὸν παρεκάλουν μὴ δοῦναι ἑαυτὸν εἰς τὸ θέατρον.
Nokre av asiarådarne, som var hans vener, sende og bod til honom og bad honom at han ikkje måtte ganga inn i teatret.
32 ἄλλοι μὲν οὖν ἄλλο τι ἔκραζον, ἦν γὰρ ἡ ἐκκλησία συγκεχυμένη, καὶ οἱ πλείους οὐκ ᾔδεισαν τίνος ἕνεκα συνεληλύθεισαν.
Nokre ropa då eitt, andre noko anna; for folkehopen var reint fortulla, og dei fleste visste ikkje kva dei var komne saman for.
33 ἐκ δὲ τοῦ ὄχλου συνεβίβασαν Ἀλέξανδρον, προβαλόντων αὐτὸν τῶν Ἰουδαίων· ὁ δὲ Ἀλέξανδρος κατασείσας τὴν χεῖρα ἤθελεν ἀπολογεῖσθαι τῷ δήμῳ.
Men nokre av flokken sette Aleksander inn i saki, då jødarne skuva honom fram. Men Alexander slo til ljod med handi og vilde halda ein forsvarstale til folket.
34 ἐπιγνόντες δὲ ὅτι Ἰουδαῖός ἐστιν φωνὴ ἐγένετο μία ἐκ πάντων ὡς ἐπὶ ὥρας δύο κράζοντες· μεγάλη ἡ Ἄρτεμις Ἐφεσίων.
Men då dei fekk vita at han var ein jøde, vart det eit einaste rop frå deim alle, so dei mest i tvo timar ropa: «Stor er den efisiske Artemis!»
35 καταστείλας δὲ ὁ γραμματεὺς τὸν ὄχλον φησίν, ἄνδρες Ἐφέσιοι, τίς γάρ ἐστιν ἀνθρώπων ὃς οὐ γινώσκει τὴν Ἐφεσίων πόλιν νεωκόρον οὖσαν τῆς μεγάλης Ἀρτέμιδος καὶ τοῦ διοπετοῦς;
Men byskrivaren fekk då stagga hopen og sagde: «Menner frå Efesus? Kva menneskje er det vel som ikkje veit at efesar-byen er tempelvaktar for den store gudinna Artemis og hennar himmelfalne bilæte?
36 ἀναντιρρήτων οὖν ὄντων τούτων δέον ἐστὶν ὑμᾶς κατεσταλμένους ὑπάρχειν καὶ μηδὲν προπετὲς πράσσειν.
Då no ingen segjer imot dette, so må de styra dykk og ikkje gjera noko for framfust.
37 ἠγάγετε γὰρ τοὺς ἄνδρας τούτους οὔτε ἱεροσύλους οὔτε βλασφημοῦντας τὴν θεὸν ἡμῶν.
For de hev ført hit desse mennerne, som korkje er tempelranarar eller spottar dykkar gudinna.
38 εἰ μὲν οὖν Δημήτριος καὶ οἱ σὺν αὐτῷ τεχνῖται ἔχουσι πρός τινα λόγον, ἀγοραῖοι ἄγονται καὶ ἀνθύπατοί εἰσιν· ἐγκαλείτωσαν ἀλλήλοις.
Hev no Demetrius og kunstsmedarne med honom nokor klaga på nokon, so vert det då halde rettarmøte, og her er landshovdingar; lat deim so føra klaga på kvarandre!
39 εἰ δέ τι περὶ ἑτέρων ἐπιζητεῖτε, ἐν τῇ ἐννόμῳ ἐκκλησίᾳ ἐπιλυθήσεται.
Men dersom det er noko anna de søkjer, so skal det verta avgjort på det lovlege ålmannating.
40 καὶ γὰρ κινδυνεύομεν ἐγκαλεῖσθαι στάσεως περὶ τῆς σήμερον, μηδενὸς αἰτίου ὑπάρχοντος περὶ οὗ οὐ δυνησόμεθα ἀποδοῦναι λόγον τῆς συστροφῆς ταύτης.
For det er jamvel fåre for at me skal verta klaga for upprør etter dette i dag, då det ingen grunn finst, som me kann bruka til å gjera greida for dette upplaupet.»
41 καὶ ταῦτα εἰπὼν ἀπέλυσεν τὴν ἐκκλησίαν.
Og med å segja dette fekk han hopen til å skiljast.