< Πραξεις 16 >
1 Κατήντησεν δὲ εἰς Δέρβην καὶ εἰς Λύστραν. καὶ ἰδοὺ μαθητής τις ἦν ἐκεῖ ὀνόματι Τιμόθεος, υἱὸς γυναικὸς Ἰουδαίας πιστῆς πατρὸς δὲ Ἕλληνος,
Og han kom til Derbe og Lystra. Og sjå, der var det ein læresvein med namnet Timoteus, son åt ei truande jødisk kvinna og ein græsk far.
2 ὃς ἐμαρτυρεῖτο ὑπὸ τῶν ἐν Λύστροις καὶ Ἰκονίῳ ἀδελφῶν.
Han hadde godt lov av brørne i Lystra og Ikonium.
3 τοῦτον ἠθέλησεν ὁ Παῦλος σὺν αὐτῷ ἐξελθεῖν, καὶ λαβὼν περιέτεμεν αὐτὸν διὰ τοὺς Ἰουδαίους τοὺς ὄντας ἐν τοῖς τόποις ἐκείνοις, ᾔδεισαν γὰρ ἅπαντες τὸν πατέρα αὐτοῦ ὅτι Ἕλλην ὑπῆρχεν.
Honom vilde Paulus hava i fylgje med seg på ferdi, og han tok og umskar honom for dei jødar skuld som var på dei staderne, for dei visste alle at far hans var grækar.
4 Ὡς δὲ διεπορεύοντο τὰς πόλεις, παρεδίδοσαν αὐτοῖς φυλάσσειν τὰ δόγματα τὰ κεκριμένα ὑπὸ τῶν ἀποστόλων καὶ πρεσβυτέρων τῶν ἐν Ἱεροσολύμοις.
Som dei då drog gjenom byarne, pålagde dei deim å halda dei bodi som var vedtekne av apostlarne og dei eldste i Jerusalem.
5 Αἱ μὲν οὖν ἐκκλησίαι ἐστερεοῦντο τῇ πίστει καὶ ἐπερίσσευον τῷ ἀριθμῷ καθ’ ἡμέραν.
So vart då kyrkjelydarne styrkte i trui og voks i tal med kvar dag.
6 διῆλθον δὲ τὴν Φρυγίαν καὶ Γαλατικὴν χώραν, κωλυθέντες ὑπὸ τοῦ ἁγίου πνεύματος λαλῆσαι τὸν λόγον ἐν τῇ Ἀσίᾳ·
So for dei gjenom Frygia og det galatiske land, for den Heilage Ande hindra deim frå å tala ordet i Asia,
7 ἐλθόντες δὲ κατὰ τὴν Μυσίαν ἐπείραζον εἰς τὴν Βιθυνίαν πορευθῆναι, καὶ οὐκ εἴασεν αὐτοὺς τὸ πνεῦμα Ἰησοῦ·
og då dei kom burtimot Mysia, freista dei å fara til Bitynia; og Jesu Ande gav deim ikkje lov.
8 παρελθόντες δὲ τὴν Μυσίαν κατέβησαν εἰς Τρῳάδα.
So for dei utanum Mysia og drog ned til Troas.
9 καὶ ὅραμα διὰ νυκτὸς τῷ Παύλῳ ὤφθη, ἀνὴρ Μακεδών τις ἦν ἑστὼς καὶ παρακαλῶν αὐτὸν καὶ λέγων, διαβὰς εἰς Μακεδονίαν βοήθησον ἡμῖν.
Og um natti viste det seg ei syn for Paulus; det stod ein mann frå Makedonia og bad honom og sagde: «Kom yver til Makedonia og hjelp oss!»
10 ὡς δὲ τὸ ὅραμα εἶδεν, εὐθέως ἐζητήσαμεν ἐξελθεῖν εἰς Μακεδονίαν, συμβιβάζοντες ὅτι προσκέκληται ἡμᾶς ὁ θεὸς εὐαγγελίσασθαι αὐτούς.
Då han hadde set syni, søkte me straks å koma yver til Makedonia, sidan me kunde skyna at Herren hadde kalla oss til å forkynna evangeliet for deim.
11 Ἀναχθέντες δὲ ἀπὸ Τρῳάδος εὐθυδρομήσαμεν εἰς Σαμοθρᾴκην, τῇ δὲ ἐπιούσῃ εἰς Νέαν πόλιν,
Me lagde so ut frå Troas og siglde beint yver til Samotrake og dagen etter til Neapolis,
12 κἀκεῖθεν εἰς Φιλίππους, ἥτις ἐστὶν πρώτη τῆς μερίδος Μακεδονίας πόλις, κολωνία. ἦμεν δὲ ἐν ταύτῃ τῇ πόλει διατρίβοντες ἡμέρας τινάς.
og derifrå til Filippi, som er den fyrste byen i den luten av Makedonia og ein romersk koloni. I den byen drygde me nokre dagar.
13 τῇ τε ἡμέρᾳ τῶν σαββάτων ἐξήλθομεν ἔξω τῆς πύλης παρὰ ποταμὸν οὗ ἐνομίζομεν προσευχὴν εἶναι, καὶ καθίσαντες ἐλαλοῦμεν ταῖς συνελθούσαις γυναιξίν.
På kviledagen gjekk me utanfor porten til ei elv, der dei hadde for vis å samlast til bøn, og me sette oss der og tala til dei kvinnor som der var komne saman.
14 καί τις γυνὴ ὀνόματι Λυδία, πορφυρόπωλις πόλεως Θυατείρων σεβομένη τὸν θεόν, ἤκουεν, ἧς ὁ κύριος διήνοιξεν τὴν καρδίαν προσέχειν τοῖς λαλουμένοις ὑπὸ Παύλου.
Og ei kvinna med namnet Lydia, som dreiv purpurhandel, frå byen Tyatira, ei som dyrka Gud etter jødetrui, ho høyrde på, og Herren let upp hjarta hennar, so ho gav gaum etter det som Paulus tala.
15 ὡς δὲ ἐβαπτίσθη καὶ ὁ οἶκος αὐτῆς, παρεκάλεσεν λέγουσα, εἰ κεκρίκατέ με πιστὴν τῷ κυρίῳ εἶναι, εἰσελθόντες εἰς τὸν οἶκόν μου μένετε· καὶ παρεβιάσατο ἡμᾶς.
Då ho og hennar hus var døypte, bad ho oss og sagde: «So sant de held meg for å vera ei som trur på Herren, so kom inn i mitt hus og ver der!» Og ho nøydde oss.
16 Ἐγένετο δὲ πορευομένων ἡμῶν εἰς τὴν προσευχὴν παιδίσκην τινὰ ἔχουσαν πνεῦμα πύθωνα ὑπαντῆσαι ἡμῖν, ἥτις ἐργασίαν πολλὴν παρεῖχεν τοῖς κυρίοις αὐτῆς μαντευομένη.
Men det hende seg, ein gong då me drog ut til bønestaden, at det møtte oss ei trælkvinna som hadde ei spådomsånd og var herrarne sine til stor vinning med å spå.
17 αὕτη κατακολουθοῦσα τῷ Παύλῳ καὶ ἡμῖν ἔκραζεν λέγουσα, οὗτοι οἱ ἄνθρωποι δοῦλοι τοῦ θεοῦ τοῦ ὑψίστου εἰσίν, οἵτινες καταγγέλλουσιν ὑμῖν ὁδὸν σωτηρίας.
Ho fylgde etter Paulus og oss og ropa og sagde: «Desse menneski er den høgste Guds tenarar, som forkynner dykk frelsevegen!»
18 τοῦτο δὲ ἐποίει ἐπὶ πολλὰς ἡμέρας. διαπονηθεὶς δὲ Παῦλος καὶ ἐπιστρέψας τῷ πνεύματι εἶπεν· παραγγέλλω σοι ἐν ὀνόματι Ἰησοῦ Χριστοῦ ἐξελθεῖν ἀπ’ αὐτῆς· καὶ ἐξῆλθεν αὐτῇ τῇ ὥρᾳ.
Dette gjorde ho mange dagar. Men Paulus vart harm og vende seg og sagde til åndi: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn å fara ut or henne!» Og ho for ut or henne i same stundi.
19 ἰδόντες δὲ οἱ κύριοι αὐτῆς ὅτι ἐξῆλθεν ἡ ἐλπὶς τῆς ἐργασίας αὐτῶν ἐπιλαβόμενοι τὸν Παῦλον καὶ τὸν Σιλᾶν εἵλκυσαν εἰς τὴν ἀγορὰν ἐπὶ τοὺς ἄρχοντας,
Men då herrarne hennar såg at deira von um vinning var spillt, tok dei fat på Paulus og Silas og drog deim med på torget til rettartinget,
20 καὶ προσαγαγόντες αὐτοὺς τοῖς στρατηγοῖς εἶπαν· οὗτοι οἱ ἄνθρωποι ἐκταράσσουσιν ἡμῶν τὴν πόλιν Ἰουδαῖοι ὑπάρχοντες,
og dei førde deim fram for styresmennerne og sagde: «Desse mennerne rører reint upp byen vår; dei er jødar
21 καὶ καταγγέλλουσιν ἔθη ἃ οὐκ ἔξεστιν ἡμῖν παραδέχεσθαι οὐδὲ ποιεῖν Ῥωμαίοις οὖσιν.
og forkynner seder som me ikkje hev lov til å taka imot eller liva etter, me som er romarar.»
22 καὶ συνεπέστη ὁ ὄχλος κατ’ αὐτῶν, καὶ οἱ στρατηγοὶ περιρήξαντες αὐτῶν τὰ ἱμάτια ἐκέλευον ῥαβδίζειν,
Folket reiste seg og imot deim, og styresmennerne reiv klædi av deim, og let deim hudflengjast,
23 πολλάς τε ἐπιθέντες αὐτοῖς πληγὰς ἔβαλον εἰς φυλακήν, παραγγείλαντες τῷ δεσμοφύλακι ἀσφαλῶς τηρεῖν αὐτούς·
Og då dei hadde slege deim mange slag, kasta dei deim i fengsel og pålagde fangevaktaren å taka vel vare på deim.
24 ὃς παραγγελίαν τοιαύτην λαβὼν ἔβαλεν αὐτοὺς εἰς τὴν ἐσωτέραν φυλακὴν καὶ τοὺς πόδας ἠσφαλίσατο αὐτῶν εἰς τὸ ξύλον.
Då han hadde fengje det pålegget, kasta han deim i det inste fangeromet og sette føterne deira fast i stokken.
25 κατὰ δὲ τὸ μεσονύκτιον Παῦλος καὶ Σιλᾶς προσευχόμενοι ὕμνουν τὸν θεόν, ἐπηκροῶντο δὲ αὐτῶν οἱ δέσμιοι·
Men umkring midnatt heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangarne lydde på deim.
26 ἄφνω δὲ σεισμὸς ἐγένετο μέγας ὥστε σαλευθῆναι τὰ θεμέλια τοῦ δεσμωτηρίου, ἠνοίχθησαν δὲ παραχρῆμα αἱ θύραι πᾶσαι, καὶ πάντων τὰ δεσμὰ ἀνέθη.
Då kom det brått ein stor jordskjelv, so at grunnvollen i fengslet skalv, og straks sprang alle dører upp, og lekkjorne losna av deim alle.
27 ἔξυπνος δὲ γενόμενος ὁ δεσμοφύλαξ καὶ ἰδὼν ἀνεῳγμένας τὰς θύρας τῆς φυλακῆς, σπασάμενος μάχαιραν ἤμελλεν ἑαυτὸν ἀναιρεῖν, νομίζων ἐκπεφευγέναι τοὺς δεσμίους.
Fangevaktaren for upp or svevnen, og då han såg dørerne i fengslet opna, drog han sverdet og vilde drepa seg, for han trudde at fangarne hadde rømt.
28 ἐφώνησεν δὲ φωνῇ μεγάλῃ Παῦλος λέγων, μηδὲν πράξῃς σεαυτῷ κακόν, ἅπαντες γάρ ἐσμεν ἐνθάδε.
Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! me er her alle saman.»
29 αἰτήσας δὲ φῶτα εἰσεπήδησεν, καὶ ἔντρομος γενόμενος προσέπεσεν τῷ Παύλῳ καὶ τῷ Σιλᾷ,
Han bad då um ljos og sprang inn, og han fall skjelvande ned for Paulus og Silas.
30 καὶ προαγαγὼν αὐτοὺς ἔξω ἔφη, κύριοι, τί με δεῖ ποιεῖν ἵνα σωθῶ;
Og han førde deim ut og sagde: «Herrar, kva skal eg gjera for å verta frelst?»
31 οἱ δὲ εἶπαν· πίστευσον ἐπὶ τὸν κύριον Ἰησοῦν, καὶ σωθήσῃ σὺ καὶ ὁ οἶκός σου.
Dei svara: «Tru på Herren Jesus, so skal du verta frelst, du og ditt hus.»
32 καὶ ἐλάλησαν αὐτῷ τὸν λόγον τοῦ κυρίου σὺν πᾶσιν τοῖς ἐν τῇ οἰκίᾳ αὐτοῦ.
Og dei tala Herrens ord til honom og til alle i hans hus.
33 καὶ παραλαβὼν αὐτοὺς ἐν ἐκείνῃ τῇ ὥρᾳ τῆς νυκτὸς ἔλουσεν ἀπὸ τῶν πληγῶν, καὶ ἐβαπτίσθη αὐτὸς καὶ οἱ αὐτοῦ ἅπαντες παραχρῆμα,
So tok han deim til seg i same timen um natti og vaska deim etter slagi, og han vart straks døypt, han sjølv og alle hans.
34 ἀναγαγών τε αὐτοὺς εἰς τὸν οἶκον παρέθηκεν τράπεζαν, καὶ ἠγαλλιάσατο πανοικεὶ πεπιστευκὼς τῷ θεῷ.
Og han førde deim upp i huset sitt, sette fram brød åt deim, og gledde seg for di han med heile sitt hus var komen til trui på Gud.
35 Ἡμέρας δὲ γενομένης ἀπέστειλαν οἱ στρατηγοὶ τοὺς ῥαβδούχους λέγοντες, ἀπόλυσον τοὺς ἀνθρώπους ἐκείνους.
Då det so vart dag, sende styresmennerne sveinarne og sagde: «Lat mennerne lause!»
36 ἀπήγγειλεν δὲ ὁ δεσμοφύλαξ τοὺς λόγους τούτους πρὸς τὸν Παῦλον, ὅτι ἀπέσταλκαν οἱ στρατηγοὶ ἵνα ἀπολυθῆτε· νῦν οὖν ἐξελθόντες πορεύεσθε ἐν εἰρήνῃ.
Fangevaktaren fortalde Paulus desse ordi: «Styresmennerne hev sendt bod at de skal sleppa lause; so gakk no ut og far i fred!»
37 ὁ δὲ Παῦλος ἔφη πρὸς αὐτούς, δείραντες ἡμᾶς δημοσίᾳ ἀκατακρίτους, ἀνθρώπους Ῥωμαίους ὑπάρχοντας, ἔβαλαν εἰς φυλακήν· καὶ νῦν λάθρᾳ ἡμᾶς ἐκβάλλουσιν; οὐ γάρ, ἀλλὰ ἐλθόντες αὐτοὶ ἡμᾶς ἐξαγαγέτωσαν.
Men Paulus sagde til deim: «Dei hev hudflengt oss openberrleg utan lov og dom, me som er romerske borgarar; og so hev dei kasta oss i fengsel, og no vil dei jaga oss burt i løyndom. Men nei; lat deim koma sjølve og føra oss ut!»
38 ἀπήγγειλαν τε τοῖς στρατηγοῖς οἱ ῥαβδοῦχοι τὰ ῥήματα ταῦτα. ἐφοβήθησαν δὲ ἀκούσαντες ὅτι Ῥωμαῖοί εἰσιν,
Sveinarne fortalde styresmennerne desse ordi. Og dei vart rædde, då dei høyrde at dei var romarar;
39 καὶ ἐλθόντες παρεκάλεσαν αὐτούς, καὶ ἐξαγαγόντες ἠρώτων ἀπελθεῖν ἀπὸ τῆς πόλεως.
dei kom og tala vel med deim og førde deim ut og bad deim fara frå byen.
40 ἐξελθόντες δὲ ἀπὸ τῆς φυλακῆς εἰσῆλθον πρὸς τὴν Λυδίαν, καὶ ἰδόντες παρεκάλεσαν τοὺς ἀδελφοὺς καὶ ἐξῆλθαν.
So gjekk dei ut or fengslet og gjekk inn til Lydia; og då dei hadde set brørne og gjeve deim påminningar, drog dei burt.