< Ιωαννου Γ΄ 1 >
1 Ὁ πρεσβύτερος Γαΐῳ τῷ ἀγαπητῷ, ὃν ἐγὼ ἀγαπῶ ἐν ἀληθείᾳ.
Den eldste til den kjære Gaius, som eg elskar i sanning.
2 Ἀγαπητέ, περὶ πάντων εὔχομαί σε εὐοδοῦσθαι καὶ ὑγιαίνειν, καθὼς εὐοδοῦταί σου ἡ ψυχή.
Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel.
3 ἐχάρην λίαν ἐρχομένων ἀδελφῶν καὶ μαρτυρούντων σου τῇ ἀληθείᾳ, καθὼς σὺ ἐν ἀληθείᾳ περιπατεῖς.
For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning.
4 μειζοτέραν τούτων οὐκ ἔχω χαράν, ἵνα ἀκούω τὰ ἐμὰ τέκνα ἐν τῇ ἀληθείᾳ περιπατοῦντα.
Eg hev ingi større gleda enn det, at eg høyrer mine born ferdast i sanningi.
5 Ἀγαπητέ, πιστὸν ποιεῖς ὃ ἐὰν ἐργάσῃ εἰς τοὺς ἀδελφοὺς καὶ τοῦτο ξένους,
Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande,
6 οἳ ἐμαρτύρησάν σου τῇ ἀγάπῃ ἐνώπιον ἐκκλησίας, οὓς καλῶς ποιήσεις προπέμψας ἀξίως τοῦ θεοῦ·
og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud.
7 ὑπὲρ γὰρ τοῦ ὀνόματος ἐξῆλθαν μηδὲν λαμβάνοντες ἀπὸ τῶν ἐθνικῶν.
For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne.
8 ἡμεῖς οὖν ὀφείλομεν ὑπολαμβάνειν τοὺς τοιούτους, ἵνα συνεργοὶ γινώμεθα τῇ ἀληθείᾳ.
Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi.
9 ἔγραψά τι τῇ ἐκκλησίᾳ· ἀλλ’ ὁ φιλοπρωτεύων αὐτῶν Διοτρέφης οὐκ ἐπιδέχεται ἡμᾶς.
Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss.
10 διὰ τοῦτο, ἐὰν ἔλθω, ὑπομνήσω αὐτοῦ τὰ ἔργα ἃ ποιεῖ, λόγοις πονηροῖς φλυαρῶν ἡμᾶς· καὶ μὴ ἀρκούμενος ἐπὶ τούτοις οὔτε αὐτὸς ἐπιδέχεται τοὺς ἀδελφοὺς καὶ τοὺς βουλομένους κωλύει καὶ τῆς ἐκκλησίας ἐκβάλλει.
Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden.
11 Ἀγαπητέ, μὴ μιμοῦ τὸ κακὸν ἀλλὰ τὸ ἀγαθόν. ὁ ἀγαθοποιῶν ἐκ τοῦ θεοῦ ἐστιν· ὁ κακοποιῶν οὐχ ἑώρακεν τὸν θεόν.
Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud.
12 Δημητρίῳ μεμαρτύρηται ὑπὸ πάντων καὶ ὑπὸ αὐτῆς τῆς ἀληθείας· καὶ ἡμεῖς δὲ μαρτυροῦμεν, καὶ οἶδας ὅτι ἡ μαρτυρία ἡμῶν ἀληθής ἐστιν.
Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant.
13 Πολλὰ εἶχον γράψαι σοι, ἀλλ’ οὐ θέλω διὰ μέλανος καὶ καλάμου σοι γράφειν·
Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn.
14 ἐλπίζω δὲ εὐθέως σε ἰδεῖν, καὶ στόμα πρὸς στόμα λαλήσομεν. εἰρήνη σοι. ἀσπάζονταί σε οἱ φίλοι. ἀσπάζου τοὺς φίλους κατ’ ὄνομα.
Men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munn til munn. Fred vere med deg! Venerne helsar deg. Helsa venerne med namn!