< Πετρου Β΄ 1 >

1 Συμεὼν Πέτρος δοῦλος καὶ ἀπόστολος Ἰησοῦ Χριστοῦ τοῖς ἰσότιμον ἡμῖν λαχοῦσιν πίστιν ἐν δικαιοσύνῃ τοῦ θεοῦ ἡμῶν καὶ σωτῆρος Ἰησοῦ Χριστοῦ.
Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, til deim som hev fenge same dyre tru som me ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd:
2 χάρις ὑμῖν καὶ εἰρήνη πληθυνθείη ἐν ἐπιγνώσει τοῦ θεοῦ καὶ Ἰησοῦ τοῦ κυρίου ἡμῶν.
Nåde og fred vere med dykk i rikt mål, med di de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!
3 Ὡς τὰ πάντα ἡμῖν τῆς θείας δυνάμεως αὐτοῦ τὰ πρὸς ζωὴν καὶ εὐσέβειαν δεδωρημένης διὰ τῆς ἐπιγνώσεως τοῦ καλέσαντος ἡμᾶς ἰδίᾳ δόξῃ καὶ ἀρετῇ,
Etter som hans guddomlege magt hev gjeve oss alt som høyrer til liv og gudlegdom, ved kunnskapen um honom som kalla oss ved sin eigen herlegdom og si kraft,
4 δι’ ὧν τὰ τίμια ἡμῖν καὶ μέγιστα ἐπαγγέλματα δεδώρηται, ἵνα διὰ τούτων γένησθε θείας κοινωνοὶ φύσεως, ἀποφυγόντες τῆς ἐν τῷ κόσμῳ ἐν ἐπιθυμίᾳ φθορᾶς.
og dermed hev gjeve oss dei største og dyraste lovnader, for at de ved deim skulde verta luthavande i guddomleg natur, med di de flyr frå den tyning i verdi som kjem av lysti:
5 καὶ αὐτὸ τοῦτο δὲ σπουδὴν πᾶσαν παρεισενέγκαντες ἐπιχορηγήσατε ἐν τῇ πίστει ὑμῶν τὴν ἀρετήν, ἐν δὲ τῇ ἀρετῇ τὴν γνῶσιν,
so gjer dykk og just difor all umak, og vis i trui dykkar dygd, og i dygdi skynsemd,
6 ἐν δὲ τῇ γνώσει τὴν ἐγκράτειαν, ἐν δὲ τῇ ἐγκρατείᾳ τὴν ὑπομονήν, ἐν δὲ τῇ ὑπομονῇ τὴν εὐσέβειαν,
og i skynsemdi fråhald, og i fråhaldet tolmod, og i tolmodet gudlegdom,
7 ἐν δὲ τῇ εὐσεβείᾳ τὴν φιλαδελφίαν, ἐν δὲ τῇ φιλαδελφίᾳ τὴν ἀγάπην.
og i gudlegdomen broderkjærleik, og i broderkjærleiken kjærleik til alle.
8 ταῦτα γὰρ ὑμῖν ὑπάρχοντα καὶ πλεονάζοντα οὐκ ἀργοὺς οὐδὲ ἀκάρπους καθίστησιν εἰς τὴν τοῦ κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ Χριστοῦ ἐπίγνωσιν·
For når desse ting finst hjå dykk og fær veksa, då viser dei at de ikkje er yrkjelause eller fruktlause i kunnskapen um vår Herre Jesus Kristus.
9 ᾧ γὰρ μὴ πάρεστιν ταῦτα, τυφλός ἐστιν μυωπάζων, λήθην λαβὼν τοῦ καθαρισμοῦ τῶν πάλαι αὐτοῦ ἁμαρτημάτων.
For den som ikkje hev desse ting, han er blind, dimsynt og hev gløymt reinsingi frå sine fyrre synder.
10 διὸ μᾶλλον, ἀδελφοί, σπουδάσατε βεβαίαν ὑμῶν τὴν κλῆσιν καὶ ἐκλογὴν ποιεῖσθαι· ταῦτα γὰρ ποιοῦντες οὐ μὴ πταίσητέ ποτε·
Difor, brør, legg so mykje meir vinn på å gjera dykkar kall og utveljing fast; for når de gjer desse ting, skal de ikkje nokon gong snåva.
11 οὕτως γὰρ πλουσίως ἐπιχορηγηθήσεται ὑμῖν ἡ εἴσοδος εἰς τὴν αἰώνιον βασιλείαν τοῦ κυρίου ἡμῶν καὶ σωτῆρος Ἰησοῦ Χριστοῦ. (aiōnios g166)
For soleis skal det rikleg verta gjeve dykk inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi ævelege rike. (aiōnios g166)
12 Διὸ μελλήσω ἀεὶ ὑμᾶς ὑπομιμνῄσκειν περὶ τούτων, καίπερ εἰδότας καὶ ἐστηριγμένους ἐν τῇ παρούσῃ ἀληθείᾳ.
Difor kjem eg alltid til å minna dykk um dette, endå de veit det og er grunnfeste i den sanning som er hjå dykk.
13 δίκαιον δὲ ἡγοῦμαι, ἐφ’ ὅσον εἰμὶ ἐν τούτῳ τῷ σκηνώματι, διεγείρειν ὑμᾶς ἐν ὑπομνήσει,
Like vel held eg det for rett å vekkja dykk ved påminning, so lenge eg er i denne hytta,
14 εἰδὼς ὅτι ταχινή ἐστιν ἡ ἀπόθεσις τοῦ σκηνώματός μου, καθὼς καὶ ὁ κύριος ἡμῶν Ἰησοῦς Χριστὸς ἐδήλωσέν μοι·
sidan eg veit at eg brått skal leggja ned hytta mi, so som og vår Herre Jesus Kristus hev varsla meg.
15 σπουδάσω δὲ καὶ ἑκάστοτε ἔχειν ὑμᾶς μετὰ τὴν ἐμὴν ἔξοδον τὴν τούτων μνήμην ποιεῖσθαι.
Men eg vil og leggja vinn på at de alltid etter min burtgang kann minnast dette.
16 οὐ γὰρ σεσοφισμένοις μύθοις ἐξακολουθήσαντες ἐγνωρίσαμεν ὑμῖν τὴν τοῦ κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ Χριστοῦ δύναμιν καὶ παρουσίαν, ἀλλ’ ἐπόπται γενηθέντες τῆς ἐκείνου μεγαλειότητος.
For det var ikkje klokt uttenkte eventyr me fylgde, då me kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi magt og tilkoma, men me hadde vore augvitne til hans storvelde.
17 λαβὼν γὰρ παρὰ θεοῦ πατρὸς τιμὴν καὶ δόξαν φωνῆς ἐνεχθείσης αὐτῷ τοιᾶσδε ὑπὸ τῆς μεγαλοπρεποῦς δόξης· οὗτός ἐστιν ὁ υἱός μου ὁ ἀγαπητός, εἰς ὃν ἐγὼ εὐδόκησα.
For han fekk æra og herlegdom av Gud Fader, ei slik røyst kom til honom frå den høgste herlegdomen: «Dette er son min, som eg elskar, som eg hev hugnad i.»
18 καὶ ταύτην τὴν φωνὴν ἡμεῖς ἠκούσαμεν ἐξ οὐρανοῦ ἐνεχθεῖσαν σὺν αὐτῷ ὄντες ἐν τῷ ὄρει τῷ ἁγίῳ.
Og denne røysti høyrde me koma frå himmelen, då me var saman med honom på det heilage fjellet.
19 καὶ ἔχομεν βεβαιότερον τὸν προφητικὸν λόγον, ᾧ καλῶς ποιεῖτε προσέχοντες ὡς λύχνῳ φαίνοντι ἐν αὐχμηρῷ τόπῳ, ἕως οὗ ἡμέρα διαυγάσῃ καὶ φωσφόρος ἀνατείλῃ ἐν ταῖς καρδίαις ὑμῶν·
Og dess fastare hev me det profetiske ordet, og de gjer vel i å agta på det som på eit ljos som skin på ein myrk stad, til dess dagen lyser fram, og morgonstjerna renn upp i hjarto dykkar,
20 τοῦτο πρῶτον γινώσκοντες, ὅτι πᾶσα προφητεία γραφῆς ἰδίας ἐπιλύσεως οὐ γίνεται·
men di de fyrst og fremst veit dette, at inkje profetord i skrifti er gjeve til eigi tyding.
21 οὐ γὰρ θελήματι ἀνθρώπου ἠνέχθη ποτέ προφητεία, ἀλλὰ ὑπὸ πνεύματος ἁγίου φερόμενοι ἐλάλησαν ἀπὸ θεοῦ ἄνθρωποι.
For aldri er noko profetord framkome av mannevilje; men dei heilage Guds menner tala, drivne av den Heilage Ande.

< Πετρου Β΄ 1 >