< Προς Κορινθιους Β΄ 12 >
1 Καυχᾶσθαι δεῖ, οὐ συμφέρον μέν, ἐλεύσομαι δὲ εἰς ὀπτασίας καὶ ἀποκαλύψεις κυρίου.
Eg lyt rosa meg, endå det ikkje er gagnlegt, men eg kjem no til syner og openberringar av Herren.
2 οἶδα ἄνθρωπον ἐν Χριστῷ πρὸ ἐτῶν δεκατεσσάρων εἴτε ἐν σώματι οὐκ οἶδα, εἴτε ἐκτὸς τοῦ σώματος οὐκ οἶδα, ὁ θεὸς οἶδεν ἁρπαγέντα τὸν τοιοῦτον ἕως τρίτου οὐρανοῦ.
Eg kjenner eit menneskje i Kristus - um han var i likamen, det veit eg ikkje, eller utanfor likamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - ein som for fjortan år sidan vart rykt inn i den tridje himmelen.
3 καὶ οἶδα τὸν τοιοῦτον ἄνθρωπον εἴτε ἐν σώματι εἴτε χωρὶς τοῦ σώματος οὐκ οἶδα, ὁ θεὸς οἶδεν
Og eg kjenner dette menneskjet, - um han var i likamen eller utanfor likamen, det veit eg ikkje, Gud veit det -
4 ὅτι ἡρπάγη εἰς τὸν παράδεισον καὶ ἤκουσεν ἄρρητα ῥήματα ἃ οὐκ ἐξὸν ἀνθρώπῳ λαλῆσαι.
han vart rykt inn i Paradis og høyrde usegjelege ord, som det ikkje er unnt eit menneskje å tala.
5 ὑπὲρ τοῦ τοιούτου καυχήσομαι, ὑπὲρ δὲ ἐμαυτοῦ οὐ καυχήσομαι εἰ μὴ ἐν ταῖς ἀσθενείαις μου.
Av dette vil eg rosa meg, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmagt.
6 ἐὰν γὰρ θελήσω καυχήσασθαι, οὐκ ἔσομαι ἄφρων, ἀλήθειαν γὰρ ἐρῶ· φείδομαι δέ, μή τις εἰς ἐμὲ λογίσηται ὑπὲρ ὃ βλέπει με ἢ ἀκούει ἐξ ἐμοῦ
For um eg vil rosa meg, vert eg ikkje uvitug, for sanning kjem eg til å segja; men eg let det vera, so ingen skal tenkja større um meg, enn som han ser meg eller høyrer av meg.
7 καὶ τῇ ὑπερβολῇ τῶν ἀποκαλύψεων ἵνα μὴ ὑπεραίρωμαι, ἐδόθη μοι σκόλοψ τῇ σαρκί, ἄγγελος σατανᾶ, ἵνα με κολαφίζῃ, ἵνα μὴ ὑπεραίρωμαι.
Og for at eg ikkje skal ovmoda meg av dei høge openberringar, so er det gjeve meg ein tagg i kjøtet, ein Satans engel, at han skal slå meg, so eg ikkje skal ovmoda meg.
8 ὑπὲρ τούτου τρὶς τὸν κύριον παρεκάλεσα ἵνα ἀποστῇ ἀπ’ ἐμοῦ·
Um denne bad eg Herren tri gonger, at han måtte vika frå meg.
9 καὶ εἴρηκέν μοι, ἀρκεῖ σοι ἡ χάρις μου· ἡ γὰρ δύναμις ἐν ἀσθενείᾳ τελεῖται. ἥδιστα οὖν μᾶλλον καυχήσομαι ἐν ταῖς ἀσθενείαις μου, ἵνα ἐπισκηνώσῃ ἐπ’ ἐμὲ ἡ δύναμις τοῦ Χριστοῦ.
Og han sagde til meg: «Min nåde er nok åt deg; for mi kraft vert fullenda i vanmagt.» Helst vil eg difor rosa meg av mi vanmagt, so Kristi kraft kann bu i meg.
10 διὸ εὐδοκῶ ἐν ἀσθενείαις, ἐν ὕβρεσιν, ἐν ἀνάγκαις, ἐν διωγμοῖς καὶ στενοχωρίαις, ὑπὲρ Χριστοῦ· ὅταν γὰρ ἀσθενῶ, τότε δυνατός εἰμι.
Difor er eg vel til mods midt i vanmagt, i valdsverk, i naud, i forfylgjing, i trengslor for Kristi skuld. For når eg er vanmegtig, då er eg sterk.
11 Γέγονα ἄφρων· ὑμεῖς με ἠναγκάσατε. ἐγὼ γὰρ ὤφειλον ὑφ’ ὑμῶν συνίστασθαι· οὐδὲν γὰρ ὑστέρησα τῶν ὑπερλίαν ἀποστόλων, εἰ καὶ οὐδέν εἰμι.
Eg hev vorte uvitug; de hev tvinga meg til det; for eg skulde havt lovord av dykk; eg var ikkje i noko mindre mann enn dei ovstore apostlar, endå eg er ingen ting.
12 τὰ μὲν σημεῖα τοῦ ἀποστόλου κατειργάσθη ἐν ὑμῖν ἐν πάσῃ ὑπομονῇ, σημείοις τε καὶ τέρασιν καὶ δυνάμεσιν.
Ein apostels teikn vart gjorde hjå dykk i alt tolmod, med teikn og under og kraftige verk.
13 τί γάρ ἐστιν ὃ ἡσσώθητε ὑπὲρ τὰς λοιπὰς ἐκκλησίας, εἰ μὴ ὅτι αὐτὸς ἐγὼ οὐ κατενάρκησα ὑμῶν; χαρίσασθέ μοι τὴν ἀδικίαν ταύτην.
For kva er det som de vart haldne ringare i enn dei andre kyrkjelydar, utan at eg sjølv ikkje var dykk til tyngsla? tilgjev meg denne uretten!
14 ἰδοὺ τρίτον τοῦτο ἑτοίμως ἔχω ἐλθεῖν πρὸς ὑμᾶς, καὶ οὐ καταναρκήσω· οὐ γὰρ ζητῶ τὰ ὑμῶν ἀλλὰ ὑμᾶς, οὐ γὰρ ὀφείλει τὰ τέκνα τοῖς γονεῦσιν θησαυρίζειν, ἀλλὰ οἱ γονεῖς τοῖς τέκνοις.
Sjå, tridje gongen er eg buen til å koma til dykk og skal ikkje vera dykk til tyngsla. For eg søkjer ikkje dykkar gods, men dykk sjølve; for borni skal ikkje sanka skattar til foreldri, men foreldri til borni.
15 ἐγὼ δὲ ἥδιστα δαπανήσω καὶ ἐκδαπανηθήσομαι ὑπὲρ τῶν ψυχῶν ὑμῶν. εἰ περισσοτέρως ὑμᾶς ἀγαπῶ, ἧττον ἀγαπῶμαι;
Men eg vil gjerne ofra, ja, verta ofra for sjælerne dykkar, um eg enn vert mindre elska di meir eg elskar dykk.
16 Ἔστω δέ, ἐγὼ οὐ κατεβάρησα ὑμᾶς· ἀλλὰ ὑπάρχων πανοῦργος δόλῳ ὑμᾶς ἔλαβον.
Men lat so vera at eg ikkje var dykk til tyngsla, men kann henda eg var svikfull og tok dykk med list?
17 μή τινα ὧν ἀπέσταλκα πρὸς ὑμᾶς, δι’ αὐτοῦ ἐπλεονέκτησα ὑμᾶς;
Søkte eg vel vinning av dykk ved nokon av deim som eg sende til dykk?
18 παρεκάλεσα Τίτον καὶ συναπέστειλα τὸν ἀδελφόν· μήτι ἐπλεονέκτησεν ὑμᾶς Τίτος; οὐ τῷ αὐτῷ πνεύματι περιεπατήσαμεν; οὐ τοῖς αὐτοῖς ἴχνεσιν;
Eg talde Titus til og sende med honom bror vår. Hev Titus søkt vinning av dykk? For me ikkje fram i den same ånd? ikkje i dei same fotfar?
19 Πάλαι δοκεῖτε ὅτι ὑμῖν ἀπολογούμεθα; κατέναντι θεοῦ ἐν Χριστῷ λαλοῦμεν· τὰ δὲ πάντα, ἀγαπητοί, ὑπὲρ τῆς ὑμῶν οἰκοδομῆς.
Longe hev de tenkt at det er for dykk me forsvarar oss. Nei, det er for Guds åsyn me talar i Kristus. Men alt til dykkar uppbyggjing, mine kjære!
20 φοβοῦμαι γὰρ μήπως ἐλθὼν οὐχ οἵους θέλω εὕρω ὑμᾶς κἀγὼ εὑρεθῶ ὑμῖν οἷον οὐ θέλετε, μήπως ἔρις, ζῆλος, θυμοί, ἐριθείαι, καταλαλιαί, ψιθυρισμοί, φυσιώσεις, ἀκαταστασίαι·
For eg ottast for, at når eg kjem, skal eg ikkje finna dykk slike som eg vil, og at eg skal verta funnen av dykk slik som de ikkje vil - at der skal vera kiv, ovund, vreide, stridssykja, baktale, drøsor, ovmod, utstyr,
21 μὴ πάλιν ἐλθόντος μου ταπεινώσει με ὁ θεός μου πρὸς ὑμᾶς, καὶ πενθήσω πολλοὺς τῶν προημαρτηκότων καὶ μὴ μετανοησάντων ἐπὶ τῇ ἀκαθαρσίᾳ καὶ πορνείᾳ καὶ ἀσελγείᾳ ᾗ ἔπραξαν.
at når eg kjem, skal min Gud atter audmykja meg hjå dykk, og eg skal syrgja yver mange av deim som fyrr synda og ikkje hev umvendt seg frå den ureinskap og lauslivnad og used som dei dreiv.