< Προς Θεσσαλονικεις Α΄ 2 >
1 Αὐτοὶ γὰρ οἴδατε, ἀδελφοί, τὴν εἴσοδον ἡμῶν τὴν πρὸς ὑμᾶς ὅτι οὐ κενὴ γέγονεν,
For de veit sjølve, brør, um vår inngang hjå dykk, at han ikkje hev vore til fåfengs.
2 ἀλλὰ προπαθόντες καὶ ὑβρισθέντες καθὼς οἴδατε ἐν Φιλίπποις ἐπαρρησιασάμεθα ἐν τῷ θεῷ ἡμῶν λαλῆσαι πρὸς ὑμᾶς τὸ εὐαγγέλιον τοῦ θεοῦ ἐν πολλῷ ἀγῶνι.
Men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.
3 ἡ γὰρ παράκλησις ἡμῶν οὐκ ἐκ πλάνης οὐδὲ ἐξ ἀκαθαρσίας οὐδὲ ἐν δόλῳ,
For vår forkynning kjem ikkje av villfaring eller av urein hug eller med svik.
4 ἀλλὰ καθὼς δεδοκιμάσμεθα ὑπὸ τοῦ θεοῦ πιστευθῆναι τὸ εὐαγγέλιον οὕτως λαλοῦμεν, οὐχ ὡς ἀνθρώποις ἀρέσκοντες ἀλλὰ θεῷ τῷ δοκιμάζοντι τὰς καρδίας ἡμῶν.
Men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneskje, men Gud, han som prøver hjarto våre.
5 οὔτε γάρ ποτε ἐν λόγῳ κολακίας ἐγενήθημεν, καθὼς οἴδατε, οὔτε ἐν προφάσει πλεονεξίας, θεὸς μάρτυς,
For korkje kom me noko sinn med smeikjande ord, som de veit, eller med fyrebering for havesykja, Gud er vitne,
6 οὔτε ζητοῦντες ἐξ ἀνθρώπων δόξαν, οὔτε ἀφ’ ὑμῶν οὔτε ἀπ’ ἄλλων, δυνάμενοι ἐν βάρει εἶναι ὡς Χριστοῦ ἀπόστολοι·
og ikkje heller søkte me æra av menneskje, korkje av dykk eller av andre, endå me kunde ha kravt vyrdnad som Kristi apostlar.
7 ἀλλὰ ἐγενήθημεν ἤπιοι ἐν μέσῳ ὑμῶν, ὡς ἐὰν τροφὸς θάλπῃ τὰ ἑαυτῆς τέκνα,
Men me var milde millom dykk: Som ei mor vermer borni ved barmen,
8 οὕτως ὁμειρόμενοι ὑμῶν εὐδοκοῦμεν μεταδοῦναι ὑμῖν οὐ μόνον τὸ εὐαγγέλιον τοῦ θεοῦ ἀλλὰ καὶ τὰς ἑαυτῶν ψυχάς, διότι ἀγαπητοὶ ἡμῖν ἐγενήθητε.
soleis var me i inderleg kjærleik til dykk viljuge til å gjeva dykk ikkje berre Guds evangelium, men og vårt eige liv med, av di de vart oss kjære.
9 μνημονεύετε γάρ, ἀδελφοί, τὸν κόπον ἡμῶν καὶ τὸν μόχθον· νυκτὸς καὶ ἡμέρας ἐργαζόμενοι πρὸς τὸ μὴ ἐπιβαρῆσαί τινα ὑμῶν ἐκηρύξαμεν εἰς ὑμᾶς τὸ εὐαγγέλιον τοῦ θεοῦ.
For de minnest då, brør, vårt stræv og vår møda: Medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk.
10 ὑμεῖς μάρτυρες καὶ ὁ θεός, ὡς ὁσίως καὶ δικαίως καὶ ἀμέμπτως ὑμῖν τοῖς πιστεύουσιν ἐγενήθημεν,
De er vitne, og Gud med, kor heilagt og rettferdigt og ulastande me ferdast hjå dykk, de truande!
11 καθάπερ οἴδατε ὡς ἕνα ἕκαστον ὑμῶν ὡς πατὴρ τέκνα ἑαυτοῦ παρακαλοῦντες ὑμᾶς καὶ παραμυθούμενοι,
liksom de veit kor me påminte kvar og ein av dykk, som ein far borni sine, og lagde dykk på hjarta
12 καὶ μαρτυρόμενοι εἰς τὸ περιπατεῖν ὑμᾶς ἀξίως τοῦ θεοῦ τοῦ καλοῦντος ὑμᾶς εἰς τὴν ἑαυτοῦ βασιλείαν καὶ δόξαν.
og bad dykk inderleg at de skulde ferdast so som verdigt er for Gud, som hev kalla dykk til sitt rike og sin herlegdom.
13 Καὶ διὰ τοῦτο καὶ ἡμεῖς εὐχαριστοῦμεν τῷ θεῷ ἀδιαλείπτως, ὅτι παραλαβόντες λόγον ἀκοῆς παρ’ ἡμῶν τοῦ θεοῦ ἐδέξασθε οὐ λόγον ἀνθρώπων ἀλλὰ καθώς ἐστιν ἀληθῶς λόγον θεοῦ, ὃς καὶ ἐνεργεῖται ἐν ὑμῖν τοῖς πιστεύουσιν.
Difor takkar me og uavlatande Gud for, at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskje-ord, men - som det i sanning er - som eit Guds ord, som og ter seg verksamt i dykk som trur.
14 ὑμεῖς γὰρ μιμηταὶ ἐγενήθητε, ἀδελφοί, τῶν ἐκκλησιῶν τοῦ θεοῦ τῶν οὐσῶν ἐν τῇ Ἰουδαίᾳ ἐν Χριστῷ Ἰησοῦ, ὅτι τὰ αὐτὰ ἐπάθετε καὶ ὑμεῖς ὑπὸ τῶν ἰδίων συμφυλετῶν καθὼς καὶ αὐτοὶ ὑπὸ τῶν Ἰουδαίων,
For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judæa; for de hev og lide det same av dykkar eigne samættingar som dei hev lide av jødarne,
15 τῶν καὶ τὸν κύριον ἀποκτεινάντων Ἰησοῦν καὶ τοὺς προφήτας, καὶ ἡμᾶς ἐκδιωξάντων, καὶ θεῷ μὴ ἀρεσκόντων, καὶ πᾶσιν ἀνθρώποις ἐναντίων,
som og slo Herren Jesus og profetarne i hel og forfylgde oss og ikkje er Gud til hugnad og stend alle menneskje imot,
16 κωλυόντων ἡμᾶς τοῖς ἔθνεσιν λαλῆσαι ἵνα σωθῶσιν, εἰς τὸ ἀναπληρῶσαι αὐτῶν τὰς ἁμαρτίας πάντοτε. ἔφθασεν δὲ ἐπ’ αὐτοὺς ἡ ὀργὴ εἰς τέλος.
då dei meinkar oss i å tala til heidningarne, at dei kann verta frelste - so dei alltid må fylla sitt syndemål. Men vreiden hev endeleg nått deim.
17 Ἡμεῖς δέ, ἀδελφοί, ἀπορφανισθέντες ἀφ’ ὑμῶν πρὸς καιρὸν ὥρας, προσώπῳ οὐ καρδίᾳ, περισσοτέρως ἐσπουδάσαμεν τὸ πρόσωπον ὑμῶν ἰδεῖν ἐν πολλῇ ἐπιθυμίᾳ.
Men då me, brør, ei liti stund hadde vore skilde frå dykk med åsyn, ikkje med hjarta, so hev me i vår store lengting gjort oss so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn;
18 διότι ἠθελήσαμεν ἐλθεῖν πρὸς ὑμᾶς, ἐγὼ μὲν Παῦλος καὶ ἅπαξ καὶ δίς, καὶ ἐνέκοψεν ἡμᾶς ὁ σατανᾶς.
for me hev vilja koma til dykk - eg, Paulus, både ein gong og tvo gonger - men Satan hindra oss derifrå.
19 τίς γὰρ ἡμῶν ἐλπὶς ἢ χαρὰ ἢ στέφανος καυχήσεως ἢ οὐχὶ καὶ ὑμεῖς ἔμπροσθεν τοῦ κυρίου ἡμῶν Ἰησοῦ ἐν τῇ αὐτοῦ παρουσίᾳ;
For kven er vel vår von eller gleda eller heiderskrans? Er ikkje de det og for vår Herre Jesu Kristi åsyn i hans tilkoma?
20 ὑμεῖς γάρ ἐστε ἡ δόξα ἡμῶν καὶ ἡ χαρά.
For de er vår æra og gleda.