< Προς Ρωμαιους 2 >

1 Διὸ ἀναπολόγητος εἶ, ὦ ἄνθρωπε, πᾶς ὁ κρίνων, ἐν ᾧ γὰρ κρίνεις τὸν ἕτερον, σεαυτὸν κατακρίνεις, τὰ γὰρ αὐτὰ πράσσεις, ὁ κρίνων.
Difor er du, menneskje, ikkje orsakande, kven du so er som dømer. For med di du dømer den andre, fordømer du deg sjølv, for du som dømer, gjer sjølv det same;
2 Οἴδαμεν δὲ ὅτι τὸ κρίμα τοῦ ˚Θεοῦ ἐστιν κατὰ ἀλήθειαν ἐπὶ τοὺς τὰ τοιαῦτα πράσσοντας.
men me veit at Guds dom, som sanning krev, er yver deim som gjer slikt.
3 Λογίζῃ δὲ τοῦτο, ὦ ἄνθρωπε, ὁ κρίνων τοὺς τὰ τοιαῦτα πράσσοντας, καὶ ποιῶν αὐτά, ὅτι σὺ ἐκφεύξῃ τὸ κρίμα τοῦ ˚Θεοῦ;
Men trur du det, du menneskje som dømer deim som gjer slikt og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom?
4 Ἢ τοῦ πλούτου τῆς χρηστότητος αὐτοῦ, καὶ τῆς ἀνοχῆς, καὶ τῆς μακροθυμίας καταφρονεῖς, ἀγνοῶν ὅτι τὸ χρηστὸν τοῦ ˚Θεοῦ, εἰς μετάνοιάν σε ἄγει;
Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending?
5 Κατὰ δὲ τὴν σκληρότητά σου καὶ ἀμετανόητον καρδίαν, θησαυρίζεις σεαυτῷ ὀργὴν ἐν ἡμέρᾳ ὀργῆς καὶ ἀποκαλύψεως δικαιοκρισίας τοῦ ˚Θεοῦ,
Men med ditt hardlynde og ditt utbotferdige hjarta hopar du vreide yver deg på vreidens dag då Guds rettferdige dom vert openberr;
6 “ὃς ἀποδώσει ἑκάστῳ κατὰ τὰ ἔργα αὐτοῦ”:
for han skal gjeva kvar etter gjerningarne hans:
7 τοῖς μὲν καθʼ ὑπομονὴν ἔργου ἀγαθοῦ, δόξαν καὶ τιμὴν καὶ ἀφθαρσίαν ζητοῦσιν, ζωὴν αἰώνιον· (aiōnios g166)
deim som med trott i god gjerning søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva ævelegt liv; (aiōnios g166)
8 τοῖς δὲ ἐξ ἐριθείας καὶ ἀπειθοῦσι τῇ ἀληθείᾳ, πειθομένοις δὲ τῇ ἀδικίᾳ, ὀργὴ καὶ θυμός.
men deim som er stridsame og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, skal timast vreide og harm.
9 Θλῖψις καὶ στενοχωρία, ἐπὶ πᾶσαν ψυχὴν ἀνθρώπου τοῦ κατεργαζομένου τὸ κακόν, Ἰουδαίου τε πρῶτον καὶ Ἕλληνος·
Naud og trengsla skal koma yver kvar menneskjesjæl som gjer det vonde, både jøde fyrst og so grækar.
10 δόξα δὲ, καὶ τιμὴ, καὶ εἰρήνη, παντὶ τῷ ἐργαζομένῳ τὸ ἀγαθόν, Ἰουδαίῳ τε πρῶτον καὶ Ἕλληνι.
Men herlegdom og æra og fred skal timast kvar den som gjer det gode, både jøde fyrst og so grækar.
11 Οὐ γάρ ἐστιν προσωπολημψία παρὰ τῷ ˚Θεῷ.
For Gud gjer ikkje skil på folk:
12 Ὅσοι γὰρ ἀνόμως ἥμαρτον, ἀνόμως καὶ ἀπολοῦνται· καὶ ὅσοι ἐν νόμῳ ἥμαρτον, διὰ νόμου κριθήσονται·
Alle som synda utan lovi, dei skal og verta fortapte utan lovi, og alle som synda under lovi, dei skal og verta dømde ved lovi.
13 οὐ γὰρ οἱ ἀκροαταὶ νόμου δίκαιοι παρὰ τῷ ˚Θεῷ, ἀλλʼ οἱ ποιηταὶ νόμου δικαιωθήσονται.
For ikkje dei som høyrer lovi, er rettferdige for Gud, men dei som gjer etter lovi, skal verta rettferdiggjorde.
14 Ὅταν γὰρ ἔθνη τὰ μὴ νόμον ἔχοντα, φύσει τὰ τοῦ νόμου ποιῶσιν, οὗτοι νόμον μὴ ἔχοντες, ἑαυτοῖς εἰσιν νόμος·
For når heidningarne som ikkje hev lovi, gjer av naturi det som lovi byd, so er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje hev lovi.
15 οἵτινες ἐνδείκνυνται τὸ ἔργον τοῦ νόμου, γραπτὸν ἐν ταῖς καρδίαις αὐτῶν, συμμαρτυρούσης αὐτῶν τῆς συνειδήσεως, καὶ μεταξὺ ἀλλήλων, τῶν λογισμῶν κατηγορούντων ἢ καὶ ἀπολογουμένων,
Dei syner at lovgjerningi er skrivi i hjarto deira, med de samvitet deira gjev sitt vitnemål, og tankarne seg imillom sakar eller orsakar deim
16 ἐν ᾗ ἡμέρᾳ κρίνει ὁ ˚Θεὸς τὰ κρυπτὰ τῶν ἀνθρώπων, κατὰ τὸ εὐαγγέλιόν μου, διὰ ˚Χριστοῦ ˚Ἰησοῦ.
- på den dagen då Gud skal døma det dulde hjå menneski, etter mitt evangelium ved Jesu Kristus.
17 Εἰ δὲ σὺ Ἰουδαῖος ἐπονομάζῃ, καὶ ἐπαναπαύῃ νόμῳ, καὶ καυχᾶσαι ἐν ˚Θεῷ,
Men um du heiter jøde og lit på lovi og rosar deg av Gud
18 καὶ γινώσκεις τὸ θέλημα, καὶ δοκιμάζεις τὰ διαφέροντα, κατηχούμενος ἐκ τοῦ νόμου,
og veit hans vilje og dømer um dei ymse ting med di du lærer av lovi,
19 πέποιθάς τε σεαυτὸν ὁδηγὸν εἶναι τυφλῶν, φῶς τῶν ἐν σκότει,
og trøyster deg til å vera vegvisar for blinde, ljos for deim som er i myrker,
20 παιδευτὴν ἀφρόνων, διδάσκαλον νηπίων, ἔχοντα τὴν μόρφωσιν τῆς γνώσεως καὶ τῆς ἀληθείας ἐν τῷ νόμῳ–
uppsedar for dårar, lærar for umynduge, då du hev den rette form for kunnskap og sanning i lovi:
21 ὁ οὖν διδάσκων ἕτερον, σεαυτὸν οὐ διδάσκεις; Ὁ κηρύσσων μὴ κλέπτειν, κλέπτεις;
Du som soleis lærer ein annan, lærer du ikkje deg sjølv? Du som preikar at ein ikkje skal stela, stel du?
22 Ὁ λέγων μὴ μοιχεύειν, μοιχεύεις; Ὁ βδελυσσόμενος τὰ εἴδωλα, ἱεροσυλεῖς;
Du som segjer at ein ikkje skal driva hor, driv du hor? Du som styggjest ved avgudar, ranar du avgudstempel?
23 Ὃς ἐν νόμῳ καυχᾶσαι διὰ τῆς παραβάσεως τοῦ νόμου, τὸν ˚Θεὸν ἀτιμάζεις;
Du som rosar deg av lovi, du vanærar Gud med di du bryt lovi!
24 “Τὸ γὰρ ὄνομα τοῦ ˚Θεοῦ διʼ ὑμᾶς βλασφημεῖται ἐν τοῖς ἔθνεσιν”, καθὼς γέγραπται.
For «Guds namn vert spotta millom heidningarne for dykkar skuld, » som skrive stend.
25 Περιτομὴ μὲν γὰρ ὠφελεῖ, ἐὰν νόμον πράσσῃς· ἐὰν δὲ παραβάτης νόμου ᾖς, ἡ περιτομή σου, ἀκροβυστία γέγονεν.
For umskjeringi gjer vel gagn um du held lovi; men bryt du lovi, då hev di umskjering vorte til fyrehud.
26 Ἐὰν οὖν ἡ ἀκροβυστία, τὰ δικαιώματα τοῦ νόμου φυλάσσῃ, οὐχ ἡ ἀκροβυστία αὐτοῦ εἰς περιτομὴν λογισθήσεται;
Um då ein u-umskoren liver etter lovbodi, skal ikkje då hans fyrehud verta rekna for umskjering?
27 Καὶ κρινεῖ ἡ ἐκ φύσεως ἀκροβυστία, τὸν νόμον τελοῦσα, σὲ τὸν διὰ γράμματος καὶ περιτομῆς παραβάτην νόμου.
Og den som hev den naturlege fyrehud, men uppfyller lovi, skal døma deg som med bokstav og umskjering bryt lovi.
28 Οὐ γὰρ ὁ ἐν τῷ φανερῷ Ἰουδαῖός ἐστιν, οὐδὲ ἡ ἐν τῷ φανερῷ ἐν σαρκὶ περιτομή·
For ikkje den er jøde som er det i synom, og ikkje heller er det umskjering som er det i synom, på kjøtet.
29 ἀλλʼ ὁ ἐν τῷ κρυπτῷ Ἰουδαῖος, καὶ περιτομὴ καρδίας, ἐν ˚Πνεύματι, οὐ γράμματι, οὗ ὁ ἔπαινος οὐκ ἐξ ἀνθρώπων, ἀλλʼ ἐκ τοῦ ˚Θεοῦ.
Men den som er jøde i løyndom, han er jøde, og umskjering er hjarteumskjering i ånd, ikkje i bokstav. Ein slik hev ros, ikkje av menneskje, men av Gud.

< Προς Ρωμαιους 2 >