< Κατα Ιωαννην 11 >
1 Ἦν δέ τις ἀσθενῶν, Λάζαρος ἀπὸ Βηθανίας ἐκ τῆς κώμης Μαρίας καὶ Μάρθας τῆς ἀδελφῆς αὐτῆς·
Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.
2 ἦν δὲ Μαριὰμ ἡ ἀλείψασα τὸν κύριον μύρῳ καὶ ἐκμάξασα τοὺς πόδας αὐτοῦ ταῖς θριξὶν αὐτῆς, ἧς ὁ ἀδελφὸς Λάζαρος ἠσθένει.
Maria var den som salva Herren med myrrasalve, og turka føterne hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk.
3 ἀπέστειλαν οὖν αἱ ἀδελφαὶ πρὸς αὐτὸν λέγουσαι· κύριε, ἴδε ὃν φιλεῖς ἀσθενεῖ.
Systerne sende då bod til honom med dei ordi: «Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!»
4 Ἀκούσας δὲ ὁ Ἰησοῦς εἶπεν· αὕτη ἡ ἀσθένεια οὐκ ἔστιν πρὸς θάνατον ἀλλ᾽ ὑπὲρ τῆς δόξης τοῦ θεοῦ ἵνα δοξασθῇ ὁ υἱὸς τοῦ θεοῦ δι᾽ αὐτῆς.
Då Jesus høyrde det, sagde han: «Den sotti er’kje nokor helsott, men ho er til Guds æra; Guds son skal få æra av det.»
5 Ἠγάπα δὲ ὁ Ἰησοῦς τὴν Μάρθαν καὶ τὴν ἀδελφὴν αὐτῆς καὶ τὸν Λάζαρον.
Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.
6 ὡς οὖν ἤκουσεν ὅτι ἀσθενεῖ, τότε μὲν ἔμεινεν ἐν ᾧ ἦν τόπῳ δύο ἡμέρας.
Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var;
7 ἔπειτα μετὰ τοῦτο λέγει τοῖς μαθηταῖς· ἄγωμεν εἰς τὴν Ἰουδαίαν πάλιν.
då fyrst sagde han til læresveinarne sine: «Kom, lat oss fara til Judæa att!»
8 λέγουσιν αὐτῷ οἱ μαθηταί· ῥαββί, νῦν ἐζήτουν σε λιθάσαι οἱ Ἰουδαῖοι, καὶ πάλιν ὑπάγεις ἐκεῖ;
«Rabbi, » sagde læresveinarne, «nyst vilde jødarne steina deg, og so fer du dit att!»
9 Ἀπεκρίθη (ὁ *k*) Ἰησοῦς· οὐχὶ δώδεκα ὧραί εἰσιν τῆς ἡμέρας; ἐάν τις περιπατῇ ἐν τῇ ἡμέρᾳ, οὐ προσκόπτει, ὅτι τὸ φῶς τοῦ κόσμου τούτου βλέπει.
«Er det’kje tolv timar i dagen?» svara Jesus; «den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi;
10 ἐὰν δέ τις περιπατῇ ἐν τῇ νυκτί, προσκόπτει, ὅτι τὸ φῶς οὐκ ἔστιν ἐν αὐτῷ.
men den som gjeng um natti, han snåvar, av di han ikkje hev ljoset i seg.»
11 ταῦτα εἶπεν καὶ μετὰ τοῦτο λέγει αὐτοῖς· Λάζαρος ὁ φίλος ἡμῶν κεκοίμηται· ἀλλὰ πορεύομαι ἵνα ἐξυπνίσω αὐτόν.
So tala han, og um eit bil segjer han til deim: «Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer honom.»
12 εἶπαν οὖν οἱ μαθηταὶ (αὐτῷ· *N(K)O*) κύριε, εἰ κεκοίμηται, σωθήσεται.
«Herre, hev han sovna, so vert han nok god att, » sagde læresveinarne.
13 εἰρήκει δὲ ὁ Ἰησοῦς περὶ τοῦ θανάτου αὐτοῦ· ἐκεῖνοι δὲ ἔδοξαν ὅτι περὶ τῆς κοιμήσεως τοῦ ὕπνου λέγει.
Jesus hadde meint at han var slokna; men dei tenkte han tala um vanleg svevn.
14 Τότε οὖν εἶπεν αὐτοῖς ὁ Ἰησοῦς παρρησίᾳ· Λάζαρος ἀπέθανεν.
Då sagde Jesus reint ut: «Lasarus hev slokna!
15 καὶ χαίρω δι᾽ ὑμᾶς, ἵνα πιστεύσητε, ὅτι οὐκ ἤμην ἐκεῖ· ἀλλ᾽ ἄγωμεν πρὸς αὐτόν.
Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, so de kann koma til å tru. Men kom, lat oss ganga til honom!»
16 Εἶπεν οὖν Θωμᾶς ὁ λεγόμενος Δίδυμος τοῖς συμμαθηταῖς· ἄγωμεν καὶ ἡμεῖς ἵνα ἀποθάνωμεν μετ᾽ αὐτοῦ.
Tomas - han som me kallar Didymus - sagde då til dei andre læresveinarne: «Lat oss ganga med, so me kann døy med honom!»
17 ἐλθὼν οὖν ὁ Ἰησοῦς εὗρεν αὐτὸν τέσσαρας ἤδη ἡμέρας ἔχοντα ἐν τῷ μνημείῳ.
Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i gravi.
18 ἦν δὲ ἡ Βηθανία ἐγγὺς τῶν Ἱεροσολύμων ὡς ἀπὸ σταδίων δεκαπέντε.
Betania låg ikkje langt frå Jerusalem, berre ein fjordung på lag,
19 (καὶ *k*) Πολλοὶ (δὲ *no*) ἐκ τῶν Ἰουδαίων ἐληλύθεισαν πρὸς (τὴν *N(k)O*) (περὶ *k*) Μάρθαν καὶ Μαριὰμ ἵνα παραμυθήσωνται αὐτὰς περὶ τοῦ ἀδελφοῦ (αὐτῶν. *k*)
og mange jødar var komne til Marta og Maria, og vilde trøysta dei i sorgi yver broren.
20 Ἡ οὖν Μάρθα, ὡς ἤκουσεν ὅτι (ὁ *k*) Ἰησοῦς ἔρχεται, ὑπήντησεν αὐτῷ· Μαριὰμ δὲ ἐν τῷ οἴκῳ ἐκαθέζετο.
Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med honom; men Maria sat heime.
21 εἶπεν οὖν ἡ Μάρθα πρὸς τὸν Ἰησοῦν· κύριε, εἰ ἦς ὧδε, οὐκ ἂν (ἀπέθανεν *N(k)O*) ὁ ἀδελφός μου.
Då sagde Marta til Jesus: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.
22 ἀλλὰ καὶ νῦν οἶδα ὅτι ὅσα ἂν αἰτήσῃ τὸν θεὸν δώσει σοι ὁ θεός.
Men eg veit kor som er, at alt det du bed Gud um, det vil Gud gjeva deg.»
23 Λέγει αὐτῇ ὁ Ἰησοῦς· ἀναστήσεται ὁ ἀδελφός σου.
Jesus segjer til henne: «Bror din skal standa upp att.»
24 λέγει αὐτῷ (ἡ *no*) Μάρθα· οἶδα ὅτι ἀναστήσεται ἐν τῇ ἀναστάσει ἐν τῇ ἐσχάτῃ ἡμέρᾳ.
«Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag, » svara Marta.
25 Εἶπεν αὐτῇ ὁ Ἰησοῦς· ἐγώ εἰμι ἡ ἀνάστασις καὶ ἡ ζωή· ὁ πιστεύων εἰς ἐμὲ κἂν κἂν ἀποθάνῃ ζήσεται,
Då sagde Jesus til henne: «Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal liva, um han so døyr,
26 καὶ πᾶς ὁ ζῶν καὶ πιστεύων εἰς ἐμὲ οὐ μὴ ἀποθάνῃ εἰς τὸν αἰῶνα. πιστεύεις τοῦτο; (aiōn )
og kvar den som liver og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?» (aiōn )
27 λέγει αὐτῷ· ναὶ κύριε· ἐγὼ πεπίστευκα ὅτι σὺ εἶ ὁ χριστὸς ὁ υἱὸς τοῦ θεοῦ ὁ εἰς τὸν κόσμον ἐρχόμενος.
«Ja, Herre, » svara ho, «eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds son, han som skulde koma til verdi.»
28 Καὶ (τοῦτο *N(k)O*) εἰποῦσα ἀπῆλθεν καὶ ἐφώνησεν Μαριὰμ τὴν ἀδελφὴν αὐτῆς λάθρᾳ εἰποῦσα· ὁ διδάσκαλος πάρεστιν καὶ φωνεῖ σε.
Med so sagt gjekk ho av’stad og kalla på Maria, syster si, og sagde til henne i løynd: «Meisteren er her og spør etter deg.»
29 ἐκείνη (δὲ *no*) ὡς ἤκουσεν (ἠγέρθη *N(k)O*) ταχὺ καὶ (ἤρχετο *N(k)O*) πρὸς αὐτόν.
Då ho høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til honom.
30 οὔπω δὲ ἐληλύθει ὁ Ἰησοῦς εἰς τὴν κώμην, ἀλλ᾽ ἦν (ἔτι *no*) ἐν τῷ τόπῳ ὅπου ὑπήντησεν αὐτῷ ἡ Μάρθα.
Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt honom.
31 Οἱ οὖν Ἰουδαῖοι οἱ ὄντες μετ᾽ αὐτῆς ἐν τῇ οἰκίᾳ καὶ παραμυθούμενοι αὐτήν, ἰδόντες τὴν Μαριὰμ ὅτι ταχέως ἀνέστη καὶ ἐξῆλθεν, ἠκολούθησαν αὐτῇ, (δόξαντες *N(K)O*) ὅτι ὑπάγει εἰς τὸ μνημεῖον ἵνα κλαύσῃ ἐκεῖ.
Då jødarne som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der.
32 ἡ οὖν Μαριὰμ ὡς ἦλθεν ὅπου ἦν (ὁ *k*) Ἰησοῦς, ἰδοῦσα αὐτὸν ἔπεσεν αὐτοῦ (πρὸς *N(k)O*) τοὺς πόδας λέγουσα αὐτῷ· κύριε, εἰ ἦς ὧδε, οὐκ ἄν μου ἀπέθανεν ὁ ἀδελφός.
Som no Maria kom dit som Jesus var og fekk sjå honom, kasta ho seg ned for føterne hans og sagde: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.»
33 Ἰησοῦς οὖν ὡς εἶδεν αὐτὴν κλαίουσαν καὶ τοὺς συνελθόντας αὐτῇ Ἰουδαίους κλαίοντας, ἐνεβριμήσατο τῷ πνεύματι καὶ ἐτάραξεν ἑαυτὸν
Då Jesus såg at ho gret, og at jødarne som hadde fylgt henne gret, vart han harm i hugen og øste seg upp og sagde:
34 καὶ εἶπεν· ποῦ τεθείκατε αὐτόν; λέγουσιν αὐτῷ· κύριε, ἔρχου καὶ ἴδε.
«Kvar hev de lagt honom?» - «Kom og sjå, Herre!» svara dei.
36 ἔλεγον οὖν οἱ Ἰουδαῖοι· ἴδε πῶς ἐφίλει αὐτόν.
Då sagde jødarne: «Sjå kor kjær han hadde honom!»
37 τινὲς δὲ ἐξ αὐτῶν εἶπαν· οὐκ ἐδύνατο οὗτος ὁ ἀνοίξας τοὺς ὀφθαλμοὺς τοῦ τυφλοῦ ποιῆσαι ἵνα καὶ οὗτος μὴ ἀποθάνῃ;
Og sume av deim sagde: «Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?»
38 Ἰησοῦς οὖν πάλιν ἐμβριμώμενος ἐν ἑαυτῷ ἔρχεται εἰς τὸ μνημεῖον· ἦν δὲ σπήλαιον, καὶ λίθος ἐπέκειτο ἐπ᾽ αὐτῷ.
Då vart Jesus på nytt harm inni seg og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre.
39 λέγει ὁ Ἰησοῦς· ἄρατε τὸν λίθον. λέγει αὐτῷ ἡ ἀδελφὴ τοῦ (τετελευτηκότος *N(k)O*) Μάρθα· κύριε, ἤδη ὄζει· τεταρταῖος γάρ ἐστιν.
«Tak steinen ifrå!» segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: «Herre, det tevjar alt av honom, for han hev lege der på fjorde dagen!»
40 λέγει αὐτῇ ὁ Ἰησοῦς· οὐκ εἶπόν σοι ὅτι ἐὰν πιστεύσῃς ὄψῃ τὴν δόξαν τοῦ θεοῦ;
Jesus segjer til henne: «Sagde eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!»
41 ἦραν οὖν τὸν λίθον (οὗ ἦν ὁ τεθνηκὼς κειμένος. *K*) ὁ δὲ Ἰησοῦς ἦρεν τοὺς ὀφθαλμοὺς ἄνω καὶ εἶπεν· πάτερ, εὐχαριστῶ σοι ὅτι ἤκουσάς μου.
So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sagde: «Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg!
42 ἐγὼ δὲ ᾔδειν ὅτι πάντοτέ μου ἀκούεις· ἀλλὰ διὰ τὸν ὄχλον τὸν περιεστῶτα εἶπον, ἵνα πιστεύσωσιν ὅτι σύ με ἀπέστειλας.
Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her kringum, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.»
43 καὶ ταῦτα εἰπὼν φωνῇ μεγάλῃ ἐκραύγασεν· Λάζαρε, δεῦρο ἔξω.
Då han det hadde sagt, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!»
44 (καὶ *k*) ἐξῆλθεν ὁ τεθνηκὼς δεδεμένος τοὺς πόδας καὶ τὰς χεῖρας κειρίαις, καὶ ἡ ὄψις αὐτοῦ σουδαρίῳ περιεδέδετο. λέγει αὐτοῖς ὁ Ἰησοῦς· λύσατε αὐτὸν καὶ ἄφετε αὐτὸν ὑπάγειν.
Ut kom den daude, med føterne og henderne sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andlitet. «Løys honom, so han fær ganga!» sagde Jesus til deim.
45 Πολλοὶ οὖν ἐκ τῶν Ἰουδαίων οἱ ἐλθόντες πρὸς τὴν Μαριὰμ καὶ θεασάμενοι (ἃ *NK(o)*) ἐποίησεν (ὁ Ἰησοῦς, *k*) ἐπίστευσαν εἰς αὐτόν.
Mange av jødarne, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på honom.
46 τινὲς δὲ ἐξ αὐτῶν ἀπῆλθον πρὸς τοὺς Φαρισαίους καὶ εἶπαν αὐτοῖς ἃ ἐποίησεν (ὁ *ko*) Ἰησοῦς.
Nokre av deim gjekk til farisæarane og sagde deim kva Jesus hadde gjort.
47 Συνήγαγον οὖν οἱ ἀρχιερεῖς καὶ οἱ Φαρισαῖοι συνέδριον καὶ ἔλεγον· τί ποιοῦμεν, ὅτι οὗτος ὁ ἄνθρωπος πολλὰ ποιεῖ σημεῖα;
Då kalla øvsteprestarne og farisæarane det Høge Rådet i hop til eit møte og sagde: «Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn!
48 ἐὰν ἀφῶμεν αὐτὸν οὕτως, πάντες πιστεύσουσιν εἰς αὐτόν, καὶ ἐλεύσονται οἱ Ῥωμαῖοι καὶ ἀροῦσιν ἡμῶν καὶ τὸν τόπον καὶ τὸ ἔθνος.
Let me honom få halda på soleis, kjem alle til å tru på honom, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.»
49 Εἷς δέ τις ἐξ αὐτῶν Καϊάφας, ἀρχιερεὺς ὢν τοῦ ἐνιαυτοῦ ἐκείνου, εἶπεν αὐτοῖς· ὑμεῖς οὐκ οἴδατε οὐδέν,
Og ein av deim, Kajafas - han var øvsteprest det året - sagde til deim:
50 οὐδὲ (λογίζεσθε *N(k)O*) ὅτι συμφέρει (ὑμῖν *N(K)O*) ἵνα εἷς ἄνθρωπος ἀποθάνῃ ὑπὲρ τοῦ λαοῦ, καὶ μὴ ὅλον τὸ ἔθνος ἀπόληται.
«De veit ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.»
51 τοῦτο δὲ ἀφ᾽ ἑαυτοῦ οὐκ εἶπεν, ἀλλ᾽ ἀρχιερεὺς ὢν τοῦ ἐνιαυτοῦ ἐκείνου ἐπροφήτευσεν ὅτι ἔμελλεν (ὁ *k*) Ἰησοῦς ἀποθνῄσκειν ὑπὲρ τοῦ ἔθνους,
Det sagde han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket,
52 καὶ οὐχ ὑπὲρ τοῦ ἔθνους μόνον ἀλλ᾽ ἵνα καὶ τὰ τέκνα τοῦ θεοῦ τὰ διεσκορπισμένα συναγάγῃ εἰς ἕν.
og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring.
53 ἀπ᾽ ἐκείνης οὖν τῆς ἡμέρας (ἐβουλεύσαντο *N(k)O*) ἵνα ἀποκτείνωσιν αὐτόν.
Frå den dagen lagde dei upp råd um å drepa honom.
54 (Ὁ *no*) οὖν Ἰησοῦς οὐκέτι οὐκέτι παρρησίᾳ περιεπάτει ἐν τοῖς Ἰουδαίοις, ἀλλ᾽ ἀπῆλθεν ἐκεῖθεν εἰς τὴν χώραν ἐγγὺς τῆς ἐρήμου εἰς Ἐφραὶμ λεγομένην πόλιν, κἀκεῖ κἀκεῖ (ἔμεινεν *N(k)O*) μετὰ τῶν μαθητῶν (αὐτοῦ. *k*)
Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødarne, men for derifrå til dei bygderne som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efraim; der heldt han til eit bil med læresveinarne sine.
55 Ἦν δὲ ἐγγὺς τὸ πάσχα τῶν Ἰουδαίων, καὶ ἀνέβησαν πολλοὶ εἰς Ἱεροσόλυμα ἐκ τῆς χώρας πρὸ τοῦ πάσχα ἵνα ἁγνίσωσιν ἑαυτούς.
No leid det nær til påskehelgi åt jødarne, og mange for frå bygderne upp til Jerusalem fyre påske og skulde helga seg.
56 ἐζήτουν οὖν τὸν Ἰησοῦν καὶ ἔλεγον μετ᾽ ἀλλήλων ἐν τῷ ἱερῷ ἑστηκότες· τί δοκεῖ ὑμῖν, ὅτι οὐ μὴ ἔλθῃ εἰς τὴν ἑορτήν;
Då leita dei etter Jesus, og sagde seg imillom med dei stod i templet: «Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?»
57 δεδώκεισαν δὲ (καὶ *k*) οἱ ἀρχιερεῖς καὶ οἱ Φαρισαῖοι (ἐντολὰς *N(K)O*) ἵνα ἐάν τις γνῷ ποῦ ἐστιν μηνύσῃ, ὅπως πιάσωσιν αὐτόν.
Men øvsteprestarne og farisæarane hadde gjeve påbod um at dersom nokon fekk vita kvar han var, skulde han segja frå, so dei kunde gripa honom.