< Κατα Λουκαν 2 >
1 Ἐγένετο δὲ ἐν ταῖς ἡμέραις ἐκείναις ἐξῆλθεν δόγμα παρὰ Καίσαρος Αὐγούστου ἀπογράφεσθαι πᾶσαν τὴν οἰκουμένην·
I dei dagarne let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi.
2 (⸀αὕτηἀπογραφὴ πρώτη ἐγένετο ἡγεμονεύοντος τῆς Συρίας Κυρηνίου·)
Dette var fyrste gongen dei tok manntal med Kvirinius var landshovding i Syria.
3 καὶ ἐπορεύοντο πάντες ἀπογράφεσθαι, ἕκαστος εἰς τὴν ⸀ἑαυτοῦπόλιν.
Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet.
4 Ἀνέβη δὲ καὶ Ἰωσὴφ ἀπὸ τῆς Γαλιλαίας ἐκ πόλεως Ναζαρὲθ εἰς τὴν Ἰουδαίαν εἰς πόλιν Δαυὶδ ἥτις καλεῖται Βηθλέεμ, διὰ τὸ εἶναι αὐτὸν ἐξ οἴκου καὶ πατριᾶς Δαυίδ,
Josef og for frå Galilæa, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hus og ætt -
5 ἀπογράψασθαι σὺν Μαριὰμ τῇ ⸂ἐμνηστευμένῃ αὐτῷ, οὔσῃ ἐγκύῳ.
og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn,
6 ἐγένετο δὲ ἐν τῷ εἶναι αὐτοὺς ἐκεῖ ἐπλήσθησαν αἱ ἡμέραι τοῦ τεκεῖν αὐτήν,
og med dei var der, bar det so til at tidi hennar kom,
7 καὶ ἔτεκεν τὸν υἱὸν αὐτῆς τὸν πρωτότοκον, καὶ ἐσπαργάνωσεν αὐτὸν καὶ ἀνέκλινεν αὐτὸν ⸀ἐνφάτνῃ, διότι οὐκ ἦν αὐτοῖς τόπος ἐν τῷ καταλύματι.
og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget.
8 Καὶ ποιμένες ἦσαν ἐν τῇ χώρᾳ τῇ αὐτῇ ἀγραυλοῦντες καὶ φυλάσσοντες φυλακὰς τῆς νυκτὸς ἐπὶ τὴν ποίμνην αὐτῶν.
Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti.
9 ⸀καὶἄγγελος κυρίου ἐπέστη αὐτοῖς καὶ δόξα κυρίου περιέλαμψεν αὐτούς, καὶ ἐφοβήθησαν φόβον μέγαν·
Best det var, stod ein engel frå Herren innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande rædde;
10 καὶ εἶπεν αὐτοῖς ὁ ἄγγελος· Μὴ φοβεῖσθε, ἰδοὺ γὰρ εὐαγγελίζομαι ὑμῖν χαρὰν μεγάλην ἥτις ἔσται παντὶ τῷ λαῷ,
men engelen sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket:
11 ὅτι ἐτέχθη ὑμῖν σήμερον σωτὴρ ὅς ἐστιν χριστὸς κύριος ἐν πόλει Δαυίδ·
I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren!
12 καὶ τοῦτο ὑμῖν ⸀τὸσημεῖον, εὑρήσετε βρέφος ἐσπαργανωμένον ⸀καὶκείμενον ἐν φάτνῃ.
Og det skal de hava til merke: de skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.»
13 καὶ ἐξαίφνης ἐγένετο σὺν τῷ ἀγγέλῳ πλῆθος στρατιᾶς ⸀οὐρανίουαἰνούντων τὸν θεὸν καὶ λεγόντων·
Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad:
14 Δόξα ἐν ὑψίστοις θεῷ καὶ ἐπὶ γῆς εἰρήνη ἐν ἀνθρώποις ⸀εὐδοκίας
«Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneskje!»
15 Καὶ ἐγένετο ὡς ἀπῆλθον ἀπʼ αὐτῶν εἰς τὸν οὐρανὸν οἱἄγγελοι, ⸀οἱ ποιμένες ⸀ἐλάλουνπρὸς ἀλλήλους· Διέλθωμεν δὴ ἕως Βηθλέεμ καὶ ἴδωμεν τὸ ῥῆμα τοῦτο τὸ γεγονὸς ὃ ὁ κύριος ἐγνώρισεν ἡμῖν.
Då englarne hadde fare burt att og upp til himmelen, sagde hyrdingarne seg imillom: «Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev vitra oss um!»
16 καὶ ἦλθαν σπεύσαντες καὶ ἀνεῦραν τήν τε Μαριὰμ καὶ τὸν Ἰωσὴφ καὶ τὸ βρέφος κείμενον ἐν τῇ φάτνῃ·
So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba.
17 ἰδόντες δὲ ⸀ἐγνώρισανπερὶ τοῦ ῥήματος τοῦ λαληθέντος αὐτοῖς περὶ τοῦ παιδίου τούτου.
Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt deim um dette barnet.
18 καὶ πάντες οἱ ἀκούσαντες ἐθαύμασαν περὶ τῶν λαληθέντων ὑπὸ τῶν ποιμένων πρὸς αὐτούς,
Alle som høyrde på hyrdingarne, undra seg yver det dei fortalde;
19 ἡ δὲ ⸀Μαρίαπάντα συνετήρει τὰ ῥήματα ταῦτα συμβάλλουσα ἐν τῇ καρδίᾳ αὐτῆς.
men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og gruna på deim.
20 καὶ ὑπέστρεψαν οἱ ποιμένες δοξάζοντες καὶ αἰνοῦντες τὸν θεὸν ἐπὶ πᾶσιν οἷς ἤκουσαν καὶ εἶδον καθὼς ἐλαλήθη πρὸς αὐτούς.
Og hyrdingarne for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med det som var sagt deim.
21 Καὶ ὅτε ἐπλήσθησαν ἡμέραι ὀκτὼ τοῦ περιτεμεῖν αὐτόν, καὶ ἐκλήθη τὸ ὄνομα αὐτοῦ Ἰησοῦς, τὸ κληθὲν ὑπὸ τοῦ ἀγγέλου πρὸ τοῦ συλλημφθῆναι αὐτὸν ἐν τῇ κοιλίᾳ.
Då åtte dagar var lidne, og han skulde umskjerast, kalla dei honom Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt, fyrr han var komen i morsliv.
22 Καὶ ὅτε ἐπλήσθησαν αἱ ἡμέραι τοῦ καθαρισμοῦ αὐτῶν κατὰ τὸν νόμον Μωϋσέως, ἀνήγαγον αὐτὸν εἰς Ἱεροσόλυμα παραστῆσαι τῷ κυρίῳ,
So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Moselovi, var til endes for deim, tok dei honom med seg upp til Jerusalem; dei vilde te honom fram for Herren
23 καθὼς γέγραπται ἐν νόμῳ κυρίου ὅτι Πᾶν ἄρσεν διανοῖγον μήτραν ἅγιον τῷ κυρίῳ κληθήσεται,
- soleis som det stend skrive i Herrens lov: «Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren» -
24 καὶ τοῦ δοῦναι θυσίαν κατὰ τὸ εἰρημένον ἐν ⸀τῷνόμῳ κυρίου, ζεῦγος τρυγόνων ἢ δύο νοσσοὺς περιστερῶν.
og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: «eit par turtelduvor eller tvo duveungar.»
25 Καὶ ἰδοὺ ⸂ἄνθρωπος ἦν ἐν Ἰερουσαλὴμ ᾧ ὄνομα Συμεών, καὶ ὁ ἄνθρωπος οὗτος δίκαιος καὶ εὐλαβής, προσδεχόμενος παράκλησιν τοῦ Ἰσραήλ, καὶ πνεῦμα ἦν ἅγιον ἐπʼ αὐτόν·
I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann, som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver honom,
26 καὶ ἦν αὐτῷ κεχρηματισμένον ὑπὸ τοῦ πνεύματος τοῦ ἁγίου μὴ ἰδεῖν θάνατον πρὶν ⸂ἢ ἂν ἴδῃ τὸν χριστὸν κυρίου.
og hadde vitra honom um at han ikkje skulde fara or verdi, fyrr han hadde set Herrens Messias.
27 καὶ ἦλθεν ἐν τῷ πνεύματι εἰς τὸ ἱερόν· καὶ ἐν τῷ εἰσαγαγεῖν τοὺς γονεῖς τὸ παιδίον Ἰησοῦν τοῦ ποιῆσαι αὐτοὺς κατὰ τὸ εἰθισμένον τοῦ νόμου περὶ αὐτοῦ
No kom han til templet - det var Anden som dreiv honom - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet, og vilde fara med det som visi var etter lovi,
28 καὶ αὐτὸς ἐδέξατο αὐτὸ εἰς τὰς ⸀ἀγκάλαςκαὶ εὐλόγησεν τὸν θεὸν καὶ εἶπεν·
tok han det og på armarne, og lova Gud og sagde:
29 Νῦν ἀπολύεις τὸν δοῦλόν σου, δέσποτα, κατὰ τὸ ῥῆμά σου ἐν εἰρήνῃ·
«Herre, no gjev du din tenar heimlov, som ordet ditt lydde, og let han fara i fred!
30 ὅτι εἶδον οἱ ὀφθαλμοί μου τὸ σωτήριόν σου
For no fekk auga mitt skoda di frelsa,
31 ὃ ἡτοίμασας κατὰ πρόσωπον πάντων τῶν λαῶν,
som du hev skipa til for åsyni åt alle folk,
32 φῶς εἰς ἀποκάλυψιν ἐθνῶν καὶ δόξαν λαοῦ σου Ἰσραήλ.
eit ljos som for heidningarn’ lyser, ein herlegdom og ei æra for Israel, folket ditt eige.»
33 καὶ ἦν ⸂ὁ πατὴρ αὐτοῦ καὶ ἡ ⸀μήτηρθαυμάζοντες ἐπὶ τοῖς λαλουμένοις περὶ αὐτοῦ.
Far hans og mor hans undra seg yver det som vart sagt um honom.
34 καὶ εὐλόγησεν αὐτοὺς Συμεὼν καὶ εἶπεν πρὸς Μαριὰμ τὴν μητέρα αὐτοῦ· Ἰδοὺ οὗτος κεῖται εἰς πτῶσιν καὶ ἀνάστασιν πολλῶν ἐν τῷ Ἰσραὴλ καὶ εἰς σημεῖον ἀντιλεγόμενον,
Og Simeon velsigna deim og sagde til Maria, mor hans: «Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel og til eit motsegjingsteikn;
35 καὶ σοῦ ⸀δὲαὐτῆς τὴν ψυχὴν διελεύσεται ῥομφαία, ὅπως ἂν ἀποκαλυφθῶσιν ἐκ πολλῶν καρδιῶν διαλογισμοί.
men deg og skal sverdet stinga gjenom hjarta; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hugen.»
36 Καὶ ἦν Ἅννα προφῆτις, θυγάτηρ Φανουήλ, ἐκ φυλῆς Ἀσήρ (αὕτη προβεβηκυῖα ἐν ἡμέραις πολλαῖς, ζήσασα ⸂μετὰ ἀνδρὸς ἔτη ἑπτὰ ἀπὸ τῆς παρθενίας αὐτῆς,
Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Assers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år,
37 καὶ αὐτὴ χήρα ⸀ἕωςἐτῶν ὀγδοήκοντα τεσσάρων, ) ἣ οὐκ ⸀ἀφίστατοτοῦ ἱεροῦ νηστείαις καὶ δεήσεσιν λατρεύουσα νύκτα καὶ ἡμέραν.
og sidan sete enkja i heile fire og åtteti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i bøn og fasta natt og dag.
38 ⸀καὶαὐτῇ τῇ ὥρᾳ ἐπιστᾶσα ἀνθωμολογεῖτο τῷ ⸀θεῷκαὶ ἐλάλει περὶ αὐτοῦ πᾶσιν τοῖς προσδεχομένοις ⸀λύτρωσιν Ἰερουσαλήμ.
I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på frelsa for Jerusalem.
39 Καὶ ὡς ἐτέλεσαν ⸀πάντατὰ κατὰ τὸν νόμον κυρίου, ⸀ἐπέστρεψανεἰςτὴν Γαλιλαίαν ⸀εἰς πόλιν ἑαυτῶν Ναζαρέθ.
Då dei hadde gjort alt som er fyreskrive i Herrens lov, for dei attende til heimstaden sin, Nasaret i Galilæa.
40 Τὸ δὲ παιδίον ηὔξανεν καὶ ἐκραταιοῦτο ⸂πληρούμενον σοφίᾳ, καὶ χάρις θεοῦ ἦν ἐπʼ αὐτό.
Og barnet voks, og vart sterkt og fullt av visdom, og Guds nåde var yver honom.
41 Καὶ ἐπορεύοντο οἱ γονεῖς αὐτοῦ κατʼ ἔτος εἰς Ἰερουσαλὴμ τῇ ἑορτῇ τοῦ πάσχα.
År um anna for foreldri hans til Jerusalem i påskehelgi.
42 καὶ ὅτε ἐγένετο ἐτῶν δώδεκα, ⸀ἀναβαινόντων⸀αὐτῶνκατὰ τὸ ἔθος τῆς ἑορτῆς
Då han var tolv år, drog dei og dit upp, som skikk og bruk var på høgtidi;
43 καὶ τελειωσάντων τὰς ἡμέρας, ἐν τῷ ὑποστρέφειν αὐτοὺς ὑπέμεινεν Ἰησοῦς ὁ παῖς ἐν Ἰερουσαλήμ, καὶ οὐκ ⸂ἔγνωσαν οἱ γονεῖς αὐτοῦ.
men då dei hadde vore der høgtidsdagarne til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje.
44 νομίσαντες δὲ αὐτὸν ⸂εἶναι ἐν τῇ συνοδίᾳ ἦλθον ἡμέρας ὁδὸν καὶἀνεζήτουν αὐτὸν ἐν τοῖς συγγενεῦσιν ⸀καὶ τοῖς γνωστοῖς,
Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter honom millom skyldfolk og kjenningar.
45 καὶ μὴ ⸀εὑρόντεςὑπέστρεψαν εἰς Ἰερουσαλὴμ ⸀ἀναζητοῦντεςαὐτόν.
Som dei no ikkje fann honom, for dei attende til Jerusalem, og leita etter honom der;
46 καὶ ἐγένετο μετὰ ἡμέρας τρεῖς εὗρον αὐτὸν ἐν τῷ ἱερῷ καθεζόμενον ἐν μέσῳ τῶν διδασκάλων καὶ ἀκούοντα αὐτῶν καὶ ἐπερωτῶντα αὐτούς·
og då tri dagar var lidne, fann dei honom i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på deim og spurde deim,
47 ἐξίσταντο δὲ πάντες οἱ ἀκούοντες αὐτοῦ ἐπὶ τῇ συνέσει καὶ ταῖς ἀποκρίσεσιν αὐτοῦ.
og alle som høyrde på honom, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav.
48 καὶ ἰδόντες αὐτὸν ἐξεπλάγησαν, καὶ ⸂εἶπεν πρὸς αὐτὸν ἡ μήτηρ αὐτοῦ· Τέκνον, τί ἐποίησας ἡμῖν οὕτως; ἰδοὺ ὁ πατήρ σου καὶ ἐγὼ ὀδυνώμενοι ⸀ἐζητοῦμένσε.
Då dei fekk sjå honom, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sagde: «Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg!»
49 καὶ εἶπεν πρὸς αὐτούς· Τί ὅτι ἐζητεῖτέ με; οὐκ ᾔδειτε ὅτι ἐν τοῖς τοῦ πατρός μου δεῖ εἶναί με;
«Kvifor leita de etter meg?» svara han; «visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt far min?»
50 καὶ αὐτοὶ οὐ συνῆκαν τὸ ῥῆμα ὃ ἐλάλησεν αὐτοῖς.
Men dei skyna ikkje kva han meinte med det ordet.
51 καὶ κατέβη μετʼ αὐτῶν καὶ ἦλθεν εἰς Ναζαρέθ, καὶ ἦν ὑποτασσόμενος αὐτοῖς. καὶ ἡ μήτηρ αὐτοῦ διετήρει πάντα τὰ ῥήματα ⸀ταῦταἐν τῇ καρδίᾳ αὐτῆς.
So fylgde han deim heim til Nasaret, og var lydug mot deim. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.
52 Καὶ Ἰησοῦς προέκοπτεν ⸂σοφίᾳ καὶ ἡλικίᾳ καὶ χάριτι παρὰ θεῷ καὶ ἀνθρώποις.
Og Jesus gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneskje.