< Κατα Ιωαννην 16 >

1 Ταῦτα λελάληκα ὑμῖν ἵνα μὴ σκανδαλισθῆτε.
«Dette hev eg tala til dykk, av di eg vil at de ikkje skal koma til å styggjast.
2 ἀποσυναγώγους ποιήσουσιν ὑμᾶς· ἀλλʼ ἔρχεται ὥρα ἵνα πᾶς ὁ ἀποκτείνας ὑμᾶς δόξῃ λατρείαν προσφέρειν τῷ θεῷ.
Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogorne; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det,
3 καὶ ταῦτα ποιήσουσιν ὅτι οὐκ ἔγνωσαν τὸν πατέρα οὐδὲ ἐμέ.
og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller.
4 ἀλλὰ ταῦτα λελάληκα ὑμῖν ἵνα ὅταν ἔλθῃ ἡ ὥρα ⸀αὐτῶνμνημονεύητε ⸁αὐτῶνὅτι ἐγὼ εἶπον ὑμῖν. Ταῦτα δὲ ὑμῖν ἐξ ἀρχῆς οὐκ εἶπον, ὅτι μεθʼ ὑμῶν ἤμην.
Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sagde det ikkje med dykk frå det fyrste, av di eg var hjå dykk.
5 νῦν δὲ ὑπάγω πρὸς τὸν πέμψαντά με καὶ οὐδεὶς ἐξ ὑμῶν ἐρωτᾷ με· Ποῦ ὑπάγεις;
Men no gjeng eg til den som hev sendt meg, og ingen av dykk spør meg: «Kvar gjeng du av?»
6 ἀλλʼ ὅτι ταῦτα λελάληκα ὑμῖν ἡ λύπη πεπλήρωκεν ὑμῶν τὴν καρδίαν.
men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg.
7 ἀλλʼ ἐγὼ τὴν ἀλήθειαν λέγω ὑμῖν, συμφέρει ὑμῖν ἵνα ἐγὼ ἀπέλθω. ἐὰν ⸀γὰρμὴ ἀπέλθω, ὁ παράκλητος ⸂οὐ μὴ ἔλθῃ πρὸς ὑμᾶς· ἐὰν δὲ πορευθῶ, πέμψω αὐτὸν πρὸς ὑμᾶς.
Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda honom til dykk.
8 καὶ ἐλθὼν ἐκεῖνος ἐλέγξει τὸν κόσμον περὶ ἁμαρτίας καὶ περὶ δικαιοσύνης καὶ περὶ κρίσεως·
Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom.
9 περὶ ἁμαρτίας μέν, ὅτι οὐ πιστεύουσιν εἰς ἐμέ·
Um synd av di dei ikkje trur på meg;
10 περὶ δικαιοσύνης δέ, ὅτι πρὸς τὸν ⸀πατέραὑπάγω καὶ οὐκέτι θεωρεῖτέ με·
um rettferd av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg meir;
11 περὶ δὲ κρίσεως, ὅτι ὁ ἄρχων τοῦ κόσμου τούτου κέκριται.
um dom av di hovdingen yver denne verdi er dømd.
12 Ἔτι πολλὰ ἔχω ⸂ὑμῖν λέγειν, ἀλλʼ οὐ δύνασθε βαστάζειν ἄρτι·
Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no.
13 ὅταν δὲ ἔλθῃ ἐκεῖνος, τὸ πνεῦμα τῆς ἀληθείας, ὁδηγήσει ὑμᾶς ⸂ἐν τῇ ἀληθείᾳ πάσῃ, οὐ γὰρ λαλήσει ἀφʼ ἑαυτοῦ, ἀλλʼ ὅσα ⸀ἀκούσειλαλήσει, καὶ τὰ ἐρχόμενα ἀναγγελεῖ ὑμῖν.
Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk.
14 ἐκεῖνος ἐμὲ δοξάσει, ὅτι ἐκ τοῦ ἐμοῦ λήμψεται καὶ ἀναγγελεῖ ὑμῖν.
Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk.
15 πάντα ὅσα ἔχει ὁ πατὴρ ἐμά ἐστιν· διὰ τοῦτο εἶπον ὅτι ἐκ τοῦ ἐμοῦ λαμβάνει καὶ ἀναγγελεῖ ὑμῖν.
Alt det Faderen hev, er mitt; difor sagde eg, at han tek av mitt og lærer dykk.
16 Μικρὸν καὶ ⸀οὐκέτιθεωρεῖτέ με καὶ πάλιν μικρὸν καὶ ὄψεσθέ ⸀με.
Um ei lita stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.»
17 εἶπαν οὖν ἐκ τῶν μαθητῶν αὐτοῦ πρὸς ἀλλήλους· Τί ἐστιν τοῦτο ὃ λέγει ἡμῖν· Μικρὸν καὶ οὐ θεωρεῖτέ με, καὶ πάλιν μικρὸν καὶ ὄψεσθέ με; καί· ⸀Ὅτιὑπάγω πρὸς τὸν πατέρα;
Då sagde nokre av læresveinarne seg imillom: «Kva meiner han med dette som han segjer til oss: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg, » og: «Eg gjeng til Faderen?»
18 ἔλεγον οὖν· ⸂Τί ἐστιν τοῦτο ὃ ⸀λέγειμικρόν; οὐκ οἴδαμεν τί λαλεῖ.
Kva meiner han med det: ei liti stund, » sagde dei; «me veit ikkje kva han talar um.»
19 ⸀ἔγνωἸησοῦς ὅτι ἤθελον αὐτὸν ἐρωτᾶν, καὶ εἶπεν αὐτοῖς· Περὶ τούτου ζητεῖτε μετʼ ἀλλήλων ὅτι εἶπον· Μικρὸν καὶ οὐ θεωρεῖτέ με, καὶ πάλιν μικρὸν καὶ ὄψεσθέ με;
Jesus skyna at dei vilde spyrja honom, og han sagde til deim: «Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sagde: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg?»
20 ἀμὴν ἀμὴν λέγω ὑμῖν ὅτι κλαύσετε καὶ θρηνήσετε ὑμεῖς ὁ δὲ κόσμος χαρήσεται· ⸀ὑμεῖς λυπηθήσεσθε, ἀλλʼ ἡ λύπη ὑμῶν εἰς χαρὰν γενήσεται.
Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda.
21 ἡ γυνὴ ὅταν τίκτῃ λύπην ἔχει, ὅτι ἦλθεν ἡ ὥρα αὐτῆς· ὅταν δὲ γεννήσῃ τὸ παιδίον, οὐκέτι μνημονεύει τῆς θλίψεως διὰ τὴν χαρὰν ὅτι ἐγεννήθη ἄνθρωπος εἰς τὸν κόσμον.
Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi.
22 καὶ ὑμεῖς οὖν ⸂νῦν μὲν λύπην ἔχετε· πάλιν δὲ ὄψομαι ὑμᾶς, καὶ χαρήσεται ὑμῶν ἡ καρδία, καὶ τὴν χαρὰν ὑμῶν οὐδεὶς ⸀αἴρειἀφʼ ὑμῶν.
Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk.
23 καὶ ἐν ἐκείνῃ τῇ ἡμέρᾳ ἐμὲ οὐκ ἐρωτήσετε οὐδέν· ἀμὴν ἀμὴν λέγω ὑμῖν, ⸂ἄν τι αἰτήσητε τὸν πατέρα ⸂δώσει ὑμῖν ἐν τῷ ὀνόματί μου.
Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn.
24 ἕως ἄρτι οὐκ ᾐτήσατε οὐδὲν ἐν τῷ ὀνόματί μου· αἰτεῖτε καὶ λήμψεσθε, ἵνα ἡ χαρὰ ὑμῶν ᾖ πεπληρωμένη.
Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi!
25 Ταῦτα ἐν παροιμίαις λελάληκα ὑμῖν· ⸀ἔρχεταιὥρα ὅτε οὐκέτι ἐν παροιμίαις λαλήσω ὑμῖν ἀλλὰ παρρησίᾳ περὶ τοῦ πατρὸς ⸀ἀπαγγελῶὑμῖν.
Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen.
26 ἐν ἐκείνῃ τῇ ἡμέρᾳ ἐν τῷ ὀνόματί μου αἰτήσεσθε, καὶ οὐ λέγω ὑμῖν ὅτι ἐγὼ ἐρωτήσω τὸν πατέρα περὶ ὑμῶν·
Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk;
27 αὐτὸς γὰρ ὁ πατὴρ φιλεῖ ὑμᾶς, ὅτι ὑμεῖς ἐμὲ πεφιλήκατε καὶ πεπιστεύκατε ὅτι ἐγὼ παρὰ τοῦ ⸀θεοῦἐξῆλθον.
for Faderen sjølv elskar dykk for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud.
28 ἐξῆλθον ⸀ἐκτοῦ πατρὸς καὶ ἐλήλυθα εἰς τὸν κόσμον· πάλιν ἀφίημι τὸν κόσμον καὶ πορεύομαι πρὸς τὸν πατέρα.
Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.»
29 ⸀Λέγουσινοἱ μαθηταὶ αὐτοῦ· Ἴδε νῦν ⸀ἐνπαρρησίᾳ λαλεῖς, καὶ παροιμίαν οὐδεμίαν λέγεις.
Segjer so læresveinarne: «Sjå, no talar du endefram, og segjer ingi likning.
30 νῦν οἴδαμεν ὅτι οἶδας πάντα καὶ οὐ χρείαν ἔχεις ἵνα τίς σε ἐρωτᾷ· ἐν τούτῳ πιστεύομεν ὅτι ἀπὸ θεοῦ ἐξῆλθες.
No veit me at du veit alt, og ikkje treng at nokon skal spyrja deg; difor trur me at du er komen frå Gud.»
31 ἀπεκρίθη ⸀αὐτοῖςἸησοῦς· Ἄρτι πιστεύετε;
«No trur de!» svara Jesus;
32 ἰδοὺ ἔρχεται ὥρα ⸀καὶἐλήλυθεν ἵνα σκορπισθῆτε ἕκαστος εἰς τὰ ἴδια κἀμὲ μόνον ἀφῆτε· καὶ οὐκ εἰμὶ μόνος, ὅτι ὁ πατὴρ μετʼ ἐμοῦ ἐστιν.
«sjå, det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast, kvar til sin heim, og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; far min er med meg.
33 ταῦτα λελάληκα ὑμῖν ἵνα ἐν ἐμοὶ εἰρήνην ἔχητε· ἐν τῷ κόσμῳ θλῖψιν ἔχετε, ἀλλὰ θαρσεῖτε, ἐγὼ νενίκηκα τὸν κόσμον.
Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»

< Κατα Ιωαννην 16 >