< Κατα Λουκαν 1 >

1 Ἐπειδήπερ πολλοὶ ἐπεχείρησαν ἀνατάξασθαι διήγησιν περὶ τῶν πεπληροφορημένων ἐν ἡμῖν πραγμάτων,
Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjå oss,
2 καθὼς παρέδοσαν ἡμῖν οἱ ἀπ’ ἀρχῆς αὐτόπται καὶ ὑπηρέται γενόμενοι τοῦ λόγου,
so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og ærendsveinar åt ordet.
3 ἔδοξε κἀμοὶ παρηκολουθηκότι ἄνωθεν πᾶσιν ἀκριβῶς καθεξῆς σοι γράψαι, κράτιστε Θεόφιλε,
Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel frå grunnen og so skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman,
4 ἵνα ἐπιγνῷς περὶ ὧν κατηχήθης λόγων τὴν ἀσφάλειαν.
so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.
5 Ἐγένετο ἐν ταῖς ἡμέραις Ἡρῴδου βασιλέως τῆς Ἰουδαίας ἱερεύς τις ὀνόματι Ζαχαρίας ἐξ ἐφημερίας Ἀβιά, καὶ γυνὴ αὐτῷ ἐκ τῶν θυγατέρων Ἀαρών, καὶ τὸ ὄνομα αὐτῆς Ἐλεισάβετ.
I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest som heitte Zakarja; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.
6 ἦσαν δὲ δίκαιοι ἀμφότεροι ἐναντίον τοῦ Θεοῦ, πορευόμενοι ἐν πάσαις ταῖς ἐντολαῖς καὶ δικαιώμασιν τοῦ Κυρίου ἄμεμπτοι.
Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta deim for.
7 καὶ οὐκ ἦν αὐτοῖς τέκνον, καθότι ἦν ἡ Ἐλεισάβετ στεῖρα, καὶ ἀμφότεροι προβεβηκότες ἐν ταῖς ἡμέραις αὐτῶν ἦσαν.
Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var’kje barnkjømd, og dei var båe fram i åri.
8 Ἐγένετο δὲ ἐν τῷ ἱερατεύειν αὐτὸν ἐν τῇ τάξει τῆς ἐφημερίας αὐτοῦ ἔναντι τοῦ Θεοῦ,
So var det ein dag Zakarja gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag,
9 κατὰ τὸ ἔθος τῆς ἱερατείας ἔλαχε τοῦ θυμιᾶσαι εἰσελθὼν εἰς τὸν ναὸν τοῦ Κυρίου,
og då dei drog strå, som visi er millom prestarne, fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet,
10 καὶ πᾶν τὸ πλῆθος ἦν τοῦ λαοῦ προσευχόμενον ἔξω τῇ ὥρᾳ τοῦ θυμιάματος.
med heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen.
11 ὤφθη δὲ αὐτῷ ἄγγελος Κυρίου ἑστὼς ἐκ δεξιῶν τοῦ θυσιαστηρίου τοῦ θυμιάματος.
Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret.
12 καὶ ἐταράχθη Ζαχαρίας ἰδών, καὶ φόβος ἐπέπεσεν ἐπ’ αὐτόν.
Då Zakarja såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver honom.
13 εἶπεν δὲ πρὸς αὐτὸν ὁ ἄγγελος Μὴ φοβοῦ, Ζαχαρία, διότι εἰσηκούσθη ἡ δέησίς σου, καὶ ἡ γυνή σου Ἐλεισάβετ γεννήσει υἱόν σοι, καὶ καλέσεις τὸ ὄνομα αὐτοῦ Ἰωάνην·
Men engelen sagde til honom: «Ver ikkje rædd, Zakarja! Gud hev høyrt bøni di; du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla honom Johannes.
14 καὶ ἔσται χαρά σοι καὶ ἀγαλλίασις, καὶ πολλοὶ ἐπὶ τῇ γενέσει αὐτοῦ χαρήσονται.
Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd.
15 ἔσται γὰρ μέγας ἐνώπιον Κυρίου, καὶ οἶνον καὶ σίκερα οὐ μὴ πίῃ, καὶ Πνεύματος Ἁγίου πλησθήσεται ἔτι ἐκ κοιλίας μητρὸς αὐτοῦ,
For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykkjer, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande.
16 καὶ πολλοὺς τῶν υἱῶν Ἰσραὴλ ἐπιστρέψει ἐπὶ Κύριον τὸν Θεὸν αὐτῶν·
Mange av Israels-sønerne skal han venda um til Herren, deira Gud,
17 καὶ αὐτὸς προελεύσεται ἐνώπιον αὐτοῦ ἐν πνεύματι καὶ δυνάμει Ἡλεία, ἐπιστρέψαι καρδίας πατέρων ἐπὶ τέκνα καὶ ἀπειθεῖς ἐν φρονήσει δικαίων, ἑτοιμάσαι Κυρίῳ λαὸν κατεσκευασμένον.
og sjølv skal han ganga fyre honom i Elias ånd og kraft, og venda hjarto åt federne um til borni, og dei ulyduge til den hug som bur i rettferdige menner, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.»
18 καὶ εἶπεν Ζαχαρίας πρὸς τὸν ἄγγελον Κατὰ τί γνώσομαι τοῦτο; ἐγὼ γάρ εἰμι πρεσβύτης καὶ ἡ γυνή μου προβεβηκυῖα ἐν ταῖς ἡμέραις αὐτῆς.
«Korleis kann eg vita um dette er sant?» sagde Zakarja til engelen; «eg er då ein gamall mann, og kona mi er og fram i åri.»
19 καὶ ἀποκριθεὶς ὁ ἄγγελος εἶπεν αὐτῷ Ἐγώ εἰμι Γαβριὴλ ὁ παρεστηκὼς ἐνώπιον τοῦ Θεοῦ, καὶ ἀπεστάλην λαλῆσαι πρὸς σὲ καὶ εὐαγγελίσασθαί σοι ταῦτα·
Då svara engelen: «Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit og skal tala med deg og bera dette gledebodet til deg.
20 καὶ ἰδοὺ ἔσῃ σιωπῶν καὶ μὴ δυνάμενος λαλῆσαι ἄχρι ἧς ἡμέρας γένηται ταῦτα, ἀνθ’ ὧν οὐκ ἐπίστευσας τοῖς λόγοις μου, οἵτινες πληρωθήσονται εἰς τὸν καιρὸν αὐτῶν.
Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi.»
21 καὶ ἦν ὁ λαὸς προσδοκῶν τὸν Ζαχαρίαν, καὶ ἐθαύμαζον ἐν τῷ χρονίζειν ἐν τῷ ναῷ αὐτόν.
Medan stod folket og venta på Zakarja, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet.
22 ἐξελθὼν δὲ οὐκ ἐδύνατο λαλῆσαι αὐτοῖς, καὶ ἐπέγνωσαν ὅτι ὀπτασίαν ἑώρακεν ἐν τῷ ναῷ· καὶ αὐτὸς ἦν διανεύων αὐτοῖς, καὶ διέμενεν κωφός.
Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med deim, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til deim, men var og vart mållaus,
23 καὶ ἐγένετο ὡς ἐπλήσθησαν αἱ ἡμέραι τῆς λειτουργίας αὐτοῦ, ἀπῆλθεν εἰς τὸν οἶκον αὐτοῦ.
og då tidi for tempeltenesta hans var ute, for han heim att.
24 Μετὰ δὲ ταύτας τὰς ἡμέρας συνέλαβεν Ἐλεισάβετ ἡ γυνὴ αὐτοῦ, καὶ περιέκρυβεν ἑαυτὴν μῆνας πέντε, λέγουσα
Eit bil etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sagde:
25 ὅτι Οὕτως μοι πεποίηκεν Κύριος ἐν ἡμέραις αἷς ἐπεῖδεν ἀφελεῖν ὄνειδός μου ἐν ἀνθρώποις.
«Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.»
26 Ἐν δὲ τῷ μηνὶ τῷ ἕκτῳ ἀπεστάλη ὁ ἄγγελος Γαβριὴλ ἀπὸ τοῦ Θεοῦ εἰς πόλιν τῆς Γαλιλαίας ᾗ ὄνομα Ναζαρὲθ,
Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret,
27 πρὸς παρθένον ἐμνηστευμένην ἀνδρὶ ᾧ ὄνομα Ἰωσὴφ, ἐξ οἴκου Δαυείδ, καὶ τὸ ὄνομα τῆς παρθένου Μαριάμ.
åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.
28 καὶ εἰσελθὼν πρὸς αὐτὴν εἶπεν Χαῖρε, κεχαριτωμένη, ὁ Κύριος μετὰ σοῦ.
Då engelen kom inn til henne, sagde han: «Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!»
29 ἡ δὲ ἐπὶ τῷ λόγῳ διεταράχθη, καὶ διελογίζετο ποταπὸς εἴη ὁ ἀσπασμὸς οὗτος.
Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: «Kva er dette for ei helsing?»
30 καὶ εἶπεν ὁ ἄγγελος αὐτῇ Μὴ φοβοῦ, Μαριάμ· εὗρες γὰρ χάριν παρὰ τῷ Θεῷ·
Men engelen sagde til henne: «Ver ikkje rædd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud!
31 καὶ ἰδοὺ συλλήμψῃ ἐν γαστρὶ καὶ τέξῃ υἱόν, καὶ καλέσεις τὸ ὄνομα αὐτοῦ Ἰησοῦν.
Du skal verta med barn og få ein son, og kalla honom Jesus.
32 οὗτος ἔσται μέγας καὶ Υἱὸς Ὑψίστου κληθήσεται, καὶ δώσει αὐτῷ Κύριος ὁ Θεὸς τὸν θρόνον Δαυεὶδ τοῦ πατρὸς αὐτοῦ,
Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva honom kongsstolen åt David, ættfaren hans;
33 καὶ βασιλεύσει ἐπὶ τὸν οἶκον Ἰακὼβ εἰς τοὺς αἰῶνας, καὶ τῆς βασιλείας αὐτοῦ οὐκ ἔσται τέλος. (aiōn g165)
han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» (aiōn g165)
34 εἶπεν δὲ Μαριὰμ πρὸς τὸν ἄγγελον Πῶς ἔσται τοῦτο, ἐπεὶ ἄνδρα οὐ γινώσκω;
«Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria.
35 καὶ ἀποκριθεὶς ὁ ἄγγελος εἶπεν αὐτῇ Πνεῦμα Ἅγιον ἐπελεύσεται ἐπὶ σέ, καὶ δύναμις Ὑψίστου ἐπισκιάσει σοι· διὸ καὶ τὸ γεννώμενον ἅγιον κληθήσεται Υἱὸς Θεοῦ.
«Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg, » svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.
36 καὶ ἰδοὺ Ἐλεισάβετ ἡ συγγενίς σου καὶ αὐτὴ συνείληφεν υἱὸν ἐν γήρει αὐτῆς, καὶ οὗτος μὴν ἕκτος ἐστὶν αὐτῇ τῇ καλουμένῃ στείρᾳ·
Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;
37 ὅτι οὐκ ἀδυνατήσει παρὰ τοῦ Θεοῦ πᾶν ῥῆμα.
for ingen ting er umogeleg for Gud.»
38 εἶπεν δὲ Μαριάμ Ἰδοὺ ἡ δούλη Κυρίου· γένοιτό μοι κατὰ τὸ ῥῆμά σου. καὶ ἀπῆλθεν ἀπ’ αὐτῆς ὁ ἄγγελος.
Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att.
39 Ἀναστᾶσα δὲ Μαριὰμ ἐν ταῖς ἡμέραις ταύταις ἐπορεύθη εἰς τὴν ὀρεινὴν μετὰ σπουδῆς εἰς πόλιν Ἰούδα,
Straks etter tok Maria av stad, og for so fort ho kunde upp i fjellbygderne, til ein by i Judaland;
40 καὶ εἰσῆλθεν εἰς τὸν οἶκον Ζαχαρίου καὶ ἠσπάσατο τὴν Ἐλεισάβετ.
der gjekk ho inn i huset åt Zakarja og helsa på Elisabet.
41 καὶ ἐγένετο ὡς ἤκουσεν τὸν ἀσπασμὸν τῆς Μαρίας ἡ Ἐλεισάβετ, ἐσκίρτησεν τὸ βρέφος ἐν τῇ κοιλίᾳ αὐτῆς, καὶ ἐπλήσθη Πνεύματος Ἁγίου ἡ Ἐλεισάβετ,
Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande,
42 καὶ ἀνεφώνησεν κραυγῇ μεγάλῃ καὶ εἶπεν Εὐλογημένη σὺ ἐν γυναιξίν, καὶ εὐλογημένος ὁ καρπὸς τῆς κοιλίας σου.
og kvad med høg røyst: «Velsigna vere du i kvendeflokk, velsigna det du under beltet ber!
43 καὶ πόθεν μοι τοῦτο ἵνα ἔλθῃ ἡ μήτηρ τοῦ Κυρίου μου πρὸς ἐμέ;
Kvi skal det timast meg so store ting at mor åt Herren min kjem hit til meg?
44 ἰδοὺ γὰρ ὡς ἐγένετο ἡ φωνὴ τοῦ ἀσπασμοῦ σου εἰς τὰ ὦτά μου, ἐσκίρτησεν ἐν ἀγαλλιάσει τὸ βρέφος ἐν τῇ κοιλίᾳ μου.
For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fostret i mitt liv av frygd.
45 καὶ μακαρία ἡ πιστεύσασα ὅτι ἔσται τελείωσις τοῖς λελαλημένοις αὐτῇ παρὰ Κυρίου.
Ja, sæl er ho som leit på Herrens ord, at det han hadde lova, laut gå fram!»
46 Καὶ εἶπεν Μαριάμ Μεγαλύνει ἡ ψυχή μου τὸν Κύριον,
Og Maria svara: «Mi sjæl høglovar Herren,
47 καὶ ἠγαλλίασεν τὸ πνεῦμά μου ἐπὶ τῷ Θεῷ τῷ Σωτῆρί μου·
mitt hjarta gleder seg i Gud, min frelsar!
48 ὅτι ἐπέβλεψεν ἐπὶ τὴν ταπείνωσιν τῆς δούλης αὐτοῦ. ἰδοὺ γὰρ ἀπὸ τοῦ νῦν μακαριοῦσίν με πᾶσαι αἱ γενεαί·
Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter kalla meg for sæl.
49 ὅτι ἐποίησέν μοι μεγάλα ὁ δυνατός. καὶ ἅγιον τὸ ὄνομα αὐτοῦ,
Stort er det han for meg hev gjort den Megtige, og heilagt er hans namn;
50 καὶ τὸ ἔλεος αὐτοῦ εἰς γενεὰς καὶ γενεὰς τοῖς φοβουμένοις αὐτόν.
frå ætt til ætt hans miskunn når mot deim som ottast honom.
51 Ἐποίησεν κράτος ἐν βραχίονι αὐτοῦ, διεσκόρπισεν ὑπερηφάνους διανοίᾳ καρδίας αὐτῶν·
Velduge verk so gjer hans sterke arm; storlåtne spreider han for ver og vind med deira høgferds-hug;
52 καθεῖλεν δυνάστας ἀπὸ θρόνων καὶ ὕψωσεν ταπεινούς,
han støyter hovdingar frå høgsæte og lyfter låge upp;
53 πεινῶντας ἐνέπλησεν ἀγαθῶν καὶ πλουτοῦντας ἐξαπέστειλεν κενούς.
Hungrige mettar han med gode gåvor, og rikingar rek han tomhendte burt.
54 ἀντελάβετο Ἰσραὴλ παιδὸς αὐτοῦ, μνησθῆναι ἐλέους,
Han sytte vel for Israel, sin svein; til evig tid han minnast vil -
55 καθὼς ἐλάλησεν πρὸς τοὺς πατέρας ἡμῶν, τῷ Ἀβραὰμ καὶ τῷ σπέρματι αὐτοῦ εἰς τὸν αἰῶνα. (aiōn g165)
So var hans ord til federn’ våre - si miskunn mot Abraham og hans ætt.» (aiōn g165)
56 Ἔμεινεν δὲ Μαριὰμ σὺν αὐτῇ ὡς μῆνας τρεῖς, καὶ ὑπέστρεψεν εἰς τὸν οἶκον αὐτῆς.
Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att.
57 Τῇ δὲ Ἐλεισάβετ ἐπλήσθη ὁ χρόνος τοῦ τεκεῖν αὐτήν, καὶ ἐγέννησεν υἱόν.
So kom tidi at Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son.
58 καὶ ἤκουσαν οἱ περίοικοι καὶ οἱ συγγενεῖς αὐτῆς ὅτι ἐμεγάλυνεν Κύριος τὸ ἔλεος αὐτοῦ μετ’ αὐτῆς, καὶ συνέχαιρον αὐτῇ.
Og då grannarne og skyldfolket høyrde kor stor ein nåde Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka.
59 Καὶ ἐγένετο ἐν τῇ ἡμέρᾳ τῇ ὀγδόῃ ἦλθον περιτεμεῖν τὸ παιδίον, καὶ ἐκάλουν αὐτὸ ἐπὶ τῷ ὀνόματι τοῦ πατρὸς αὐτοῦ Ζαχαρίαν.
Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; men då dei vilde kalla honom Zakarja etter faren,
60 καὶ ἀποκριθεῖσα ἡ μήτηρ αὐτοῦ εἶπεν Οὐχί, ἀλλὰ κληθήσεται Ἰωάνης.
tok mor hans til ords og sagde: «Nei, han skal heita Johannes!»
61 καὶ εἶπαν πρὸς αὐτὴν ὅτι Οὐδείς ἐστιν ἐκ τῆς συγγενείας σου ὃς καλεῖται τῷ ὀνόματι τούτῳ.
«Det er ingen i ætti som heiter so, » svara dei,
62 ἐνένευον δὲ τῷ πατρὶ αὐτοῦ τὸ τί ἂν θέλοι καλεῖσθαι αὐτό.
og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast.
63 καὶ αἰτήσας πινακίδιον ἔγραψεν λέγων Ἰωάνης ἐστὶν ὄνομα αὐτοῦ. καὶ ἐθαύμασαν πάντες.
Då bad han um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet hans!» Alle undra seg;
64 ἀνεῴχθη δὲ τὸ στόμα αὐτοῦ παραχρῆμα καὶ ἡ γλῶσσα αὐτοῦ, καὶ ἐλάλει εὐλογῶν τὸν Θεόν.
men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud.
65 Καὶ ἐγένετο ἐπὶ πάντας φόβος τοὺς περιοικοῦντας αὐτούς, καὶ ἐν ὅλῃ τῇ ὀρεινῇ τῆς Ἰουδαίας διελαλεῖτο πάντα τὰ ῥήματα ταῦτα,
Då kom der ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Judaheidi vart alt dette mykje umtala,
66 καὶ ἔθεντο πάντες οἱ ἀκούσαντες ἐν τῇ καρδίᾳ αὐτῶν, λέγοντες Τί ἄρα τὸ παιδίον τοῦτο ἔσται; καὶ γὰρ χεὶρ Κυρίου ἦν μετ’ αὐτοῦ.
og kvar den som høyrde det, tok det til minnes og sagde: «Kva tru den guten er etla til?» For Herren heldt si hand yver honom.
67 Καὶ Ζαχαρίας ὁ πατὴρ αὐτοῦ ἐπλήσθη Πνεύματος Ἁγίου καὶ ἐπροφήτευσεν λέγων
Men Zakarja, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad:
68 Εὐλογητὸς Κύριος ὁ Θεὸς τοῦ Ἰσραήλ, ὅτι ἐπεσκέψατο καὶ ἐποίησεν λύτρωσιν τῷ λαῷ αὐτοῦ,
«Velsigna vere Herren, Israels eigen Gud! Til lyden sin han lydde, og løyste deim or band;
69 καὶ ἤγειρεν κέρας σωτηρίας ἡμῖν ἐν οἴκῳ Δαυεὶδ παιδὸς αὐτοῦ,
ei frelsarmagt vekt’ han oss upp, ei veldug, uti Davids ætt, som var hans trugne svein -
70 καθὼς ἐλάλησεν διὰ στόματος τῶν ἁγίων ἀπ’ αἰῶνος προφητῶν αὐτοῦ, (aiōn g165)
Som han frå fordom gjenom Heilag profetmunn sagde: (aiōn g165)
71 σωτηρίαν ἐξ ἐχθρῶν ἡμῶν καὶ ἐκ χειρὸς πάντων τῶν μισούντων ἡμᾶς,
Frå fiendarne frelsa, frå kvar ei hatarhand!
72 ποιῆσαι ἔλεος μετὰ τῶν πατέρων ἡμῶν καὶ μνησθῆναι διαθήκης ἁγίας αὐτοῦ,
Han vil federn’ våre vel, og kom i hug den heilage og støde pakti si,
73 ὅρκον ὃν ὤμοσεν πρὸς Ἀβραὰμ τὸν πατέρα ἡμῶν, τοῦ δοῦναι ἡμῖν
den eid han hadde svore vår ættfar, Abraham.
74 ἀφόβως ἐκ χειρὸς ἐχθρῶν ῥυσθέντας λατρεύειν αὐτῷ
Han vilde ut oss fria or fiendsmagt og fiendsvald, so me han utan rædsl’ og rygd,
75 ἐν ὁσιότητι καὶ δικαιοσύνῃ ἐνώπιον αὐτοῦ πάσαις ταῖς ἡμέραις ἡμῶν.
i rettferd og med heilag hug kann tena all vår tid.
76 Καὶ σὺ δέ, παιδίον, προφήτης Ὑψίστου κληθήσῃ· προπορεύσῃ γὰρ ἐνώπιον Κυρίου ἑτοιμάσαι ὁδοὺς αὐτοῦ,
Du og, min son, skal kallast Allhøge Guds profet, skal fyre Herren fara, og rydja vel hans veg,
77 τοῦ δοῦναι γνῶσιν σωτηρίας τῷ λαῷ αὐτοῦ ἐν ἀφέσει ἁμαρτιῶν αὐτῶν,
og læra lyden hans å sjå frelsa, dei finna skal når han all deira synd forlet.
78 διὰ σπλάγχνα ἐλέους Θεοῦ ἡμῶν, ἐν οἷς ἐπισκέψεται ἡμᾶς ἀνατολὴ ἐξ ὕψους,
For miskunnsam av hjarta er han, vår gode Gud, ei stjerna let han skina for oss frå himmelhøgd,
79 ἐπιφᾶναι τοῖς ἐν σκότει καὶ σκιᾷ θανάτου καθημένοις, τοῦ κατευθῦναι τοὺς πόδας ἡμῶν εἰς ὁδὸν εἰρήνης.
Lysa for deim som sit i myrkr og daudsens skodd, og styra inn på velferds-veg vår fot.»
80 Τὸ δὲ παιδίον ηὔξανεν καὶ ἐκραταιοῦτο πνεύματι, καὶ ἦν ἐν ταῖς ἐρήμοις ἕως ἡμέρας ἀναδείξεως αὐτοῦ πρὸς τὸν Ἰσραήλ.
Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkerne til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.

< Κατα Λουκαν 1 >