< Σοφονίας 3 >
1 ὦ ἡ ἐπιφανὴς καὶ ἀπολελυτρωμένη ἡ πόλις ἡ περιστερά
Usæl han, den tråssuge og ureine, valdsbyen!
2 οὐκ εἰσήκουσεν φωνῆς οὐκ ἐδέξατο παιδείαν ἐπὶ τῷ κυρίῳ οὐκ ἐπεποίθει καὶ πρὸς τὸν θεὸν αὐτῆς οὐκ ἤγγισεν
Han høyrer ikkje på røysti åt nokon, tek ikkje tukt. På Herren lit han ikkje, til sin Gud vil han ikkje koma.
3 οἱ ἄρχοντες αὐτῆς ἐν αὐτῇ ὡς λέοντες ὠρυόμενοι οἱ κριταὶ αὐτῆς ὡς λύκοι τῆς Ἀραβίας οὐχ ὑπελίποντο εἰς τὸ πρωί
Hovdingarne der inne er burande løver, domarane hans er som ulvar um kvelden; dei sparar inkje til morgondagen.
4 οἱ προφῆται αὐτῆς πνευματοφόροι ἄνδρες καταφρονηταί οἱ ἱερεῖς αὐτῆς βεβηλοῦσιν τὰ ἅγια καὶ ἀσεβοῦσιν νόμον
Profetarne hans er skrythalsar, trulause menner, prestarne vanhelgar det heilage, gjer vald mot lovi.
5 ὁ δὲ κύριος δίκαιος ἐν μέσῳ αὐτῆς καὶ οὐ μὴ ποιήσῃ ἄδικον πρωὶ πρωὶ δώσει κρίμα αὐτοῦ εἰς φῶς καὶ οὐκ ἀπεκρύβη καὶ οὐκ ἔγνω ἀδικίαν ἐν ἀπαιτήσει καὶ οὐκ εἰς νεῖκος ἀδικίαν
Herren er rettferdig der inne, gjer ikkje urett. Kvar morgon let han sin dom koma fram i ljoset, det glepp ikkje. Men den urettferdige kjenner ikkje skam.
6 ἐν διαφθορᾷ κατέσπασα ὑπερηφάνους ἠφανίσθησαν γωνίαι αὐτῶν ἐξερημώσω τὰς ὁδοὺς αὐτῶν τὸ παράπαν τοῦ μὴ διοδεύειν ἐξέλιπον αἱ πόλεις αὐτῶν παρὰ τὸ μηδένα ὑπάρχειν μηδὲ κατοικεῖν
Eg hev øydt ut folkeslag, deira murtindar vart nedbrotne. Eg gjorde gatorne deira aude, so ingen ferdast på deim; byarne deira vart herja, so dei er utan folk, utan ibuar.
7 εἶπα πλὴν φοβεῖσθέ με καὶ δέξασθε παιδείαν καὶ οὐ μὴ ἐξολεθρευθῆτε ἐξ ὀφθαλμῶν αὐτῆς πάντα ὅσα ἐξεδίκησα ἐπ’ αὐτήν ἑτοιμάζου ὄρθρισον διέφθαρται πᾶσα ἡ ἐπιφυλλὶς αὐτῶν
Eg sagde: Berre du vil ottast meg, taka tukt, so skal bustaden din ikkje verta øydelagd med alt det som eg hev gjeve deg i varetekt. Like vel var dei uppsette på å lata alle sine gjerningar vera illverk.
8 διὰ τοῦτο ὑπόμεινόν με λέγει κύριος εἰς ἡμέραν ἀναστάσεώς μου εἰς μαρτύριον διότι τὸ κρίμα μου εἰς συναγωγὰς ἐθνῶν τοῦ εἰσδέξασθαι βασιλεῖς τοῦ ἐκχέαι ἐπ’ αὐτοὺς πᾶσαν ὀργὴν θυμοῦ μου διότι ἐν πυρὶ ζήλους μου καταναλωθήσεται πᾶσα ἡ γῆ
Difor, bia på meg, segjer Herren, til den dagen eg ris upp til herfang. For det er min dom at eg samlar folki og stemner saman kongeriki, renner ut harmen min yver deim, all min brennande vreide; for elden av min brennhug skal øyda heile jordi.
9 ὅτι τότε μεταστρέψω ἐπὶ λαοὺς γλῶσσαν εἰς γενεὰν αὐτῆς τοῦ ἐπικαλεῖσθαι πάντας τὸ ὄνομα κυρίου τοῦ δουλεύειν αὐτῷ ὑπὸ ζυγὸν ἕνα
For då vil eg gjeva folki nye, reine lippor, so dei kann kalla på Herrens namn og samheldigt tena honom.
10 ἐκ περάτων ποταμῶν Αἰθιοπίας οἴσουσιν θυσίας μοι
Frå landet burtanfor elvarne i Ætiopia skal dei føra mine tilbedarar, mitt spreidde folk bera fram offer til meg.
11 ἐν τῇ ἡμέρᾳ ἐκείνῃ οὐ μὴ καταισχυνθῇς ἐκ πάντων τῶν ἐπιτηδευμάτων σου ὧν ἠσέβησας εἰς ἐμέ ὅτι τότε περιελῶ ἀπὸ σοῦ τὰ φαυλίσματα τῆς ὕβρεώς σου καὶ οὐκέτι μὴ προσθῇς τοῦ μεγαλαυχῆσαι ἐπὶ τὸ ὄρος τὸ ἅγιόν μου
På den dagen tarv du ikkje skjemmast ved alle gjerningarne dine, som du synda imot meg med; for då vil eg rydja burt frå deg deim som jublar so stolt i deg, og du skal ikkje meir gjera deg stor på mitt heilage fjell.
12 καὶ ὑπολείψομαι ἐν σοὶ λαὸν πραῢν καὶ ταπεινόν καὶ εὐλαβηθήσονται ἀπὸ τοῦ ὀνόματος κυρίου
Men eg vil leiva i deg eit audmjukt og armt folk, og dei skal lita på Herrens namn.
13 οἱ κατάλοιποι τοῦ Ισραηλ καὶ οὐ ποιήσουσιν ἀδικίαν καὶ οὐ λαλήσουσιν μάταια καὶ οὐ μὴ εὑρεθῇ ἐν τῷ στόματι αὐτῶν γλῶσσα δολία διότι αὐτοὶ νεμήσονται καὶ κοιτασθήσονται καὶ οὐκ ἔσται ὁ ἐκφοβῶν αὐτούς
Israels leivning skal ikkje gjera urett, dei skal ikkje tala lygn, og det skal ikkje finnast svikfull tunga i deira munn. Ja, dei skal beita og liggja i ro, utan at nokon skræmer deim.
14 χαῖρε σφόδρα θύγατερ Σιων κήρυσσε θύγατερ Ιερουσαλημ εὐφραίνου καὶ κατατέρπου ἐξ ὅλης τῆς καρδίας σου θύγατερ Ιερουσαλημ
Jubla, dotter Sion! Lyft upp fagnadrop, Israel! Gled deg og frygda deg av alt ditt hjarta, dotter Jerusalem.
15 περιεῖλεν κύριος τὰ ἀδικήματά σου λελύτρωταί σε ἐκ χειρὸς ἐχθρῶν σου βασιλεὺς Ισραηλ κύριος ἐν μέσῳ σου οὐκ ὄψῃ κακὰ οὐκέτι
Herren hev vend straffedomarne ifrå deg, rudt fienden din or vegen. Herren, Israels konge, er hjå deg. Du tarv ikkje meir ottast noko vondt.
16 ἐν τῷ καιρῷ ἐκείνῳ ἐρεῖ κύριος τῇ Ιερουσαλημ θάρσει Σιων μὴ παρείσθωσαν αἱ χεῖρές σου
På den dagen skal det segjast til Jerusalem: «Ottast ikkje, Sion, lat ikkje henderne siga!
17 κύριος ὁ θεός σου ἐν σοί δυνατὸς σώσει σε ἐπάξει ἐπὶ σὲ εὐφροσύνην καὶ καινιεῖ σε ἐν τῇ ἀγαπήσει αὐτοῦ καὶ εὐφρανθήσεται ἐπὶ σὲ ἐν τέρψει ὡς ἐν ἡμέρᾳ ἑορτῆς
Herren din Gud er hjå deg, ei kjempa som kann frelsa. Han gled seg yver deg med fagnad, han tegjer i sin kjærleik; han jublar i frygd yver deg.»
18 καὶ συνάξω τοὺς συντετριμμένους οὐαί τίς ἔλαβεν ἐπ’ αὐτὴν ὀνειδισμόν
Eg samlar deim som med sorg hev vore utestengde frå høgtidsstemnorne; dei er frå deg. Vanæra tyngjer på deim.
19 ἰδοὺ ἐγὼ ποιῶ ἐν σοὶ ἕνεκεν σοῦ ἐν τῷ καιρῷ ἐκείνῳ λέγει κύριος καὶ σώσω τὴν ἐκπεπιεσμένην καὶ τὴν ἀπωσμένην εἰσδέξομαι καὶ θήσομαι αὐτοὺς εἰς καύχημα καὶ ὀνομαστοὺς ἐν πάσῃ τῇ γῇ
Sjå, på den tidi vil eg taka på trælkarane dine, og eg vil frelsa dei halte og sanka saman dei burtdrivne og gjera deim til æra og gjetord yver heile jordi, der dei fyrr var vanæra.
20 καὶ καταισχυνθήσονται ἐν τῷ καιρῷ ἐκείνῳ ὅταν καλῶς ὑμῖν ποιήσω καὶ ἐν τῷ καιρῷ ὅταν εἰσδέξωμαι ὑμᾶς διότι δώσω ὑμᾶς ὀνομαστοὺς καὶ εἰς καύχημα ἐν πᾶσιν τοῖς λαοῖς τῆς γῆς ἐν τῷ ἐπιστρέφειν με τὴν αἰχμαλωσίαν ὑμῶν ἐνώπιον ὑμῶν λέγει κύριος
På den tid let eg dykk koma heim att, på den tid sankar eg dykk, og eg vil gjera dykk til gjetord og æra millom alle folki på jordi, når eg vender lagnaden dykkar for augo på dykk, segjer Herren.