< Ψαλμοί 27 >

1 τοῦ Δαυιδ πρὸ τοῦ χρισθῆναι κύριος φωτισμός μου καὶ σωτήρ μου τίνα φοβηθήσομαι κύριος ὑπερασπιστὴς τῆς ζωῆς μου ἀπὸ τίνος δειλιάσω
Av David. Herren er mitt ljos og mi frelsa, kven skulde eg ottast for? Herren er verni for mitt liv, kven skulde eg ræddast for?
2 ἐν τῷ ἐγγίζειν ἐπ’ ἐμὲ κακοῦντας τοῦ φαγεῖν τὰς σάρκας μου οἱ θλίβοντές με καὶ οἱ ἐχθροί μου αὐτοὶ ἠσθένησαν καὶ ἔπεσαν
Når illmenne søkjer på meg og vil eta mitt kjøt, mine motstandarar og mine fiendar, so snåvar og fell dei sjølve.
3 ἐὰν παρατάξηται ἐπ’ ἐμὲ παρεμβολή οὐ φοβηθήσεται ἡ καρδία μου ἐὰν ἐπαναστῇ ἐπ’ ἐμὲ πόλεμος ἐν ταύτῃ ἐγὼ ἐλπίζω
Um ein her lægrar seg imot meg, so ottast ikkje mitt hjarta; um ufred reiser seg imot meg, er eg endå hugheil.
4 μίαν ᾐτησάμην παρὰ κυρίου ταύτην ἐκζητήσω τοῦ κατοικεῖν με ἐν οἴκῳ κυρίου πάσας τὰς ἡμέρας τῆς ζωῆς μου τοῦ θεωρεῖν με τὴν τερπνότητα τοῦ κυρίου καὶ ἐπισκέπτεσθαι τὸν ναὸν αὐτοῦ
Eitt hev eg bede Herren um, det stundar eg etter: at eg må bu i Herrens hus alle mine livdagar, so eg kann skoda Herrens ynde og grunda i hans tempel.
5 ὅτι ἔκρυψέν με ἐν σκηνῇ ἐν ἡμέρᾳ κακῶν μου ἐσκέπασέν με ἐν ἀποκρύφῳ τῆς σκηνῆς αὐτοῦ ἐν πέτρᾳ ὕψωσέν με
For han gøymer meg i sitt hus på den vonde dag, han løyner meg i løynrom i sitt tjeld; han fører meg upp på eit berg.
6 καὶ νῦν ἰδοὺ ὕψωσεν τὴν κεφαλήν μου ἐπ’ ἐχθρούς μου ἐκύκλωσα καὶ ἔθυσα ἐν τῇ σκηνῇ αὐτοῦ θυσίαν ἀλαλαγμοῦ ᾄσομαι καὶ ψαλῶ τῷ κυρίῳ
Og no skal mitt hovud vera upphøgd seg yver mine fiendar rundt ikring meg, og eg vil bera fram offer med fagnadljod i hans tjeld, eg vil syngja og leika for Herren.
7 εἰσάκουσον κύριε τῆς φωνῆς μου ἧς ἐκέκραξα ἐλέησόν με καὶ εἰσάκουσόν μου
Høyr, Herre, eg ropar høgt; og ver meg nådig og svara meg!
8 σοὶ εἶπεν ἡ καρδία μου ἐζήτησεν τὸ πρόσωπόν μου τὸ πρόσωπόν σου κύριε ζητήσω
Mitt hjarta ber fram for deg ditt ord: «Søk mi åsyn!» Herre, eg søkjer di åsyn.
9 μὴ ἀποστρέψῃς τὸ πρόσωπόν σου ἀπ’ ἐμοῦ μὴ ἐκκλίνῃς ἐν ὀργῇ ἀπὸ τοῦ δούλου σου βοηθός μου γενοῦ μὴ ἀποσκορακίσῃς με καὶ μὴ ἐγκαταλίπῃς με ὁ θεὸς ὁ σωτήρ μου
Løyn ikkje di åsyn for meg, vis ikkje din tenar frå deg i vreide! Du hev vore mi hjelp. Støyt meg ikkje burt og forlat meg ikkje, du Gud som er mi frelsa!
10 ὅτι ὁ πατήρ μου καὶ ἡ μήτηρ μου ἐγκατέλιπόν με ὁ δὲ κύριος προσελάβετό με
For far min og mor mi hev forlate meg, men Herren tek meg upp.
11 νομοθέτησόν με κύριε τῇ ὁδῷ σου καὶ ὁδήγησόν με ἐν τρίβῳ εὐθείᾳ ἕνεκα τῶν ἐχθρῶν μου
Lær meg, Herre, din veg, og leid meg på den jamne stig for deira skuld som lurer på meg!
12 μὴ παραδῷς με εἰς ψυχὰς θλιβόντων με ὅτι ἐπανέστησάν μοι μάρτυρες ἄδικοι καὶ ἐψεύσατο ἡ ἀδικία ἑαυτῇ
Gjev meg ikkje til deira mordhug som trengjer meg! for falske vitne stend upp imot meg, og folk som frøser av vald.
13 πιστεύω τοῦ ἰδεῖν τὰ ἀγαθὰ κυρίου ἐν γῇ ζώντων
Å, dersom eg ikkje trudde at eg skulde få sjå Herrens godhug i livsens land -!
14 ὑπόμεινον τὸν κύριον ἀνδρίζου καὶ κραταιούσθω ἡ καρδία σου καὶ ὑπόμεινον τὸν κύριον
Venta på Herren, ver hugheil, og lat ditt hjarta verta sterkt. Ja, venta på Herren!

< Ψαλμοί 27 >