< Ψαλμοί 142 >
1 συνέσεως τῷ Δαυιδ ἐν τῷ εἶναι αὐτὸν ἐν τῷ σπηλαίῳ προσευχή φωνῇ μου πρὸς κύριον ἐκέκραξα φωνῇ μου πρὸς κύριον ἐδεήθην
Ein salme til lærdom av David då han var i helleren, ei bøn. Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti bed eg inderleg til Herren.
2 ἐκχεῶ ἐναντίον αὐτοῦ τὴν δέησίν μου τὴν θλῖψίν μου ἐνώπιον αὐτοῦ ἀπαγγελῶ
Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg fram mi naud.
3 ἐν τῷ ἐκλείπειν ἐξ ἐμοῦ τὸ πνεῦμά μου καὶ σὺ ἔγνως τὰς τρίβους μου ἐν ὁδῷ ταύτῃ ᾗ ἐπορευόμην ἔκρυψαν παγίδα μοι
Når mi ånd vanmegtast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ferdast, hev dei løynt snaror for meg.
4 κατενόουν εἰς τὰ δεξιὰ καὶ ἐπέβλεπον ὅτι οὐκ ἦν ὁ ἐπιγινώσκων με ἀπώλετο φυγὴ ἀπ’ ἐμοῦ καὶ οὐκ ἔστιν ὁ ἐκζητῶν τὴν ψυχήν μου
Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte frå meg, ingen spør etter mi sjæl.
5 ἐκέκραξα πρὸς σέ κύριε εἶπα σὺ εἶ ἡ ἐλπίς μου μερίς μου ἐν γῇ ζώντων
Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: «Du er mi livd, min lut i landet åt dei livande.»
6 πρόσχες πρὸς τὴν δέησίν μου ὅτι ἐταπεινώθην σφόδρα ῥῦσαί με ἐκ τῶν καταδιωκόντων με ὅτι ἐκραταιώθησαν ὑπὲρ ἐμέ
Agta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke.
7 ἐξάγαγε ἐκ φυλακῆς τὴν ψυχήν μου τοῦ ἐξομολογήσασθαι τῷ ὀνόματί σου κύριε ἐμὲ ὑπομενοῦσιν δίκαιοι ἕως οὗ ἀνταποδῷς μοι
Før mi sjæl or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Kring meg skal dei rettferdige samla seg, når du gjer vel imot meg.