< Ἀριθμοί 6 >

1 καὶ ἐλάλησεν κύριος πρὸς Μωυσῆν λέγων
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 λάλησον τοῖς υἱοῖς Ισραηλ καὶ ἐρεῖς πρὸς αὐτούς ἀνὴρ ἢ γυνή ὃς ἐὰν μεγάλως εὔξηται εὐχὴν ἀφαγνίσασθαι ἁγνείαν κυρίῳ
«Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når ein mann eller kvinna hev gjort ein heilag lovnad, og vigt seg til Herren,
3 ἀπὸ οἴνου καὶ σικερα ἁγνισθήσεται ἀπὸ οἴνου καὶ ὄξος ἐξ οἴνου καὶ ὄξος ἐκ σικερα οὐ πίεται καὶ ὅσα κατεργάζεται ἐκ σταφυλῆς οὐ πίεται καὶ σταφυλὴν πρόσφατον καὶ σταφίδα οὐ φάγεται
so skal dei halda seg ifrå vin og sterke drykkjer; dei må ikkje smaka vinedik eller annan sterk edik; dei må ikkje drikka nokon drykk som er tillaga av druvor, og ikkje eta druvor, korkje friske eller turre.
4 πάσας τὰς ἡμέρας τῆς εὐχῆς αὐτοῦ ἀπὸ πάντων ὅσα γίνεται ἐξ ἀμπέλου οἶνον ἀπὸ στεμφύλων ἕως γιγάρτου οὐ φάγεται
So lenge vigsla varer, må dei ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje ein gong kart eller visar.
5 πάσας τὰς ἡμέρας τῆς εὐχῆς τοῦ ἁγνισμοῦ ξυρὸν οὐκ ἐπελεύσεται ἐπὶ τὴν κεφαλὴν αὐτοῦ ἕως ἂν πληρωθῶσιν αἱ ἡμέραι ὅσας ηὔξατο κυρίῳ ἅγιος ἔσται τρέφων κόμην τρίχα κεφαλῆς
So lenge vigslingslovnaden gjeld, må det ikkje koma saks på hovudet åt den som er vigd; alt til den tidi er ute som han hev vigt til Herren, skal han vera helga; han skal lata hovudhåret sitt veksa fritt.
6 πάσας τὰς ἡμέρας τῆς εὐχῆς κυρίῳ ἐπὶ πάσῃ ψυχῇ τετελευτηκυίᾳ οὐκ εἰσελεύσεται
So lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma innåt noko lik.
7 ἐπὶ πατρὶ καὶ ἐπὶ μητρὶ καὶ ἐπ’ ἀδελφῷ καὶ ἐπ’ ἀδελφῇ οὐ μιανθήσεται ἐπ’ αὐτοῖς ἀποθανόντων αὐτῶν ὅτι εὐχὴ θεοῦ αὐτοῦ ἐπ’ αὐτῷ ἐπὶ κεφαλῆς αὐτοῦ
Um far eller mor eller bror eller syster hans døyr, so må han ikkje for deira skuld gjera seg urein; for vigsla åt hans Gud er på hovudet hans.
8 πάσας τὰς ἡμέρας τῆς εὐχῆς αὐτοῦ ἅγιος ἔσται κυρίῳ
Alt medan vigsla varer, er han helga åt Herren.
9 ἐὰν δέ τις ἀποθάνῃ ἐξάπινα ἐπ’ αὐτῷ παραχρῆμα μιανθήσεται ἡ κεφαλὴ εὐχῆς αὐτοῦ καὶ ξυρήσεται τὴν κεφαλὴν αὐτοῦ ᾗ ἂν ἡμέρᾳ καθαρισθῇ τῇ ἡμέρᾳ τῇ ἑβδόμῃ ξυρηθήσεται
Brådøyr det nokon innmed honom, og fører ureinskap yver det vigde hovudet hans, so skal han raka hovudet sitt den dagen han vert rein att; den sjuande dagen skal han raka det;
10 καὶ τῇ ἡμέρᾳ τῇ ὀγδόῃ οἴσει δύο τρυγόνας ἢ δύο νεοσσοὺς περιστερῶν πρὸς τὸν ἱερέα ἐπὶ τὰς θύρας τῆς σκηνῆς τοῦ μαρτυρίου
og den åttande dagen skal han koma til presten, til møtetjelddøri, med tvo turtelduvor eller tvo duveungar,
11 καὶ ποιήσει ὁ ἱερεὺς μίαν περὶ ἁμαρτίας καὶ μίαν εἰς ὁλοκαύτωμα καὶ ἐξιλάσεται περὶ αὐτοῦ ὁ ἱερεὺς περὶ ὧν ἥμαρτεν περὶ τῆς ψυχῆς καὶ ἁγιάσει τὴν κεφαλὴν αὐτοῦ ἐν ἐκείνῃ τῇ ἡμέρᾳ
og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, so han fær soning for den syndi han førde yver seg, då han kom innåt liket. So skal han same dagen helga hovudet sitt,
12 ᾗ ἡγιάσθη κυρίῳ τὰς ἡμέρας τῆς εὐχῆς καὶ προσάξει ἀμνὸν ἐνιαύσιον εἰς πλημμέλειαν καὶ αἱ ἡμέραι αἱ πρότεραι ἄλογοι ἔσονται ὅτι ἐμιάνθη κεφαλὴ εὐχῆς αὐτοῦ
og vigja seg for Herren for den tid han hev lova, og bera fram eit årsgamalt lamb til skuldoffer. Den fyrste vigslingstidi gjeld ikkje meir, etter di vigsla hans vart utskjemd.
13 καὶ οὗτος ὁ νόμος τοῦ εὐξαμένου ᾗ ἂν ἡμέρᾳ πληρώσῃ ἡμέρας εὐχῆς αὐτοῦ προσοίσει αὐτὸς παρὰ τὰς θύρας τῆς σκηνῆς τοῦ μαρτυρίου
So er lovi um den som hev vigt seg til Herren: Når vigslingstidi hans er ute, skal dei leida honom fram åt møtetjelddøri,
14 καὶ προσάξει τὸ δῶρον αὐτοῦ κυρίῳ ἀμνὸν ἐνιαύσιον ἄμωμον ἕνα εἰς ὁλοκαύτωσιν καὶ ἀμνάδα ἐνιαυσίαν ἄμωμον μίαν εἰς ἁμαρτίαν καὶ κριὸν ἕνα ἄμωμον εἰς σωτήριον
og han skal bera fram gåvorne sine for Herren: eit årsgamalt lytelaust verlamb til brennoffer, og eit årsgamalt lytelaust saulamb til syndoffer, og ein lytelaus ver til takkoffer,
15 καὶ κανοῦν ἀζύμων σεμιδάλεως ἄρτους ἀναπεποιημένους ἐν ἐλαίῳ καὶ λάγανα ἄζυμα κεχρισμένα ἐν ἐλαίῳ καὶ θυσία αὐτῶν καὶ σπονδὴ αὐτῶν
og ei korg med søtt omnsbrød som er baka av fint mjøl, og hellekakor med olje i, og oljesmurde tunnbrødleivar, med grjonoffer og drykkoffer som høyrer til.
16 καὶ προσοίσει ὁ ἱερεὺς ἔναντι κυρίου καὶ ποιήσει τὸ περὶ ἁμαρτίας αὐτοῦ καὶ τὸ ὁλοκαύτωμα αὐτοῦ
Og presten skal bera det fram for Herrens åsyn, og ofra syndofferet og brennofferet hans;
17 καὶ τὸν κριὸν ποιήσει θυσίαν σωτηρίου κυρίῳ ἐπὶ τῷ κανῷ τῶν ἀζύμων καὶ ποιήσει ὁ ἱερεὺς τὴν θυσίαν αὐτοῦ καὶ τὴν σπονδὴν αὐτοῦ
og av veren skal han stella til eit takkoffer åt Herren, og bera det fram saman med søtebrødkorgi, og so skal han bera fram grjonofferet og drykkofferet hans.
18 καὶ ξυρήσεται ὁ ηὐγμένος παρὰ τὰς θύρας τῆς σκηνῆς τοῦ μαρτυρίου τὴν κεφαλὴν τῆς εὐχῆς αὐτοῦ καὶ ἐπιθήσει τὰς τρίχας ἐπὶ τὸ πῦρ ὅ ἐστιν ὑπὸ τὴν θυσίαν τοῦ σωτηρίου
Den vigde skal raka det vigde hovudet sitt i møtetjelddøri, og taka det vigde hovudhåret sitt, og leggja det på elden som brenn under takkofferet.
19 καὶ λήμψεται ὁ ἱερεὺς τὸν βραχίονα ἑφθὸν ἀπὸ τοῦ κριοῦ καὶ ἄρτον ἕνα ἄζυμον ἀπὸ τοῦ κανοῦ καὶ λάγανον ἄζυμον ἓν καὶ ἐπιθήσει ἐπὶ τὰς χεῖρας τοῦ ηὐγμένου μετὰ τὸ ξυρήσασθαι αὐτὸν τὴν εὐχὴν αὐτοῦ
Og presten skal taka den eine bogen av veren, kokt, og ei hellekaka av deim som er i korgi, og ein tunnbrødleiv, og leggja det i henderne på den vigde, etter han hev raka av seg det vigde håret sitt.
20 καὶ προσοίσει αὐτὰ ὁ ἱερεὺς ἐπίθεμα ἔναντι κυρίου ἅγιον ἔσται τῷ ἱερεῖ ἐπὶ τοῦ στηθυνίου τοῦ ἐπιθέματος καὶ ἐπὶ τοῦ βραχίονος τοῦ ἀφαιρέματος καὶ μετὰ ταῦτα πίεται ὁ ηὐγμένος οἶνον
Desse gåvorne skal presten svinga for Herrens åsyn; dei er heilage, og skal høyra presten til, umfram svingebringa og lyftelåret. Sidan kann den vigde drikka vin.
21 οὗτος ὁ νόμος τοῦ εὐξαμένου ὃς ἂν εὔξηται κυρίῳ δῶρον αὐτοῦ κυρίῳ περὶ τῆς εὐχῆς χωρὶς ὧν ἂν εὕρῃ ἡ χεὶρ αὐτοῦ κατὰ δύναμιν τῆς εὐχῆς αὐτοῦ ἣν ἂν εὔξηται κατὰ νόμον ἁγνείας
Dette krev lovi av den som hev gjort vigslingslovnaden: desse gåvorne skal han bera fram for Herren attpå vigsla si umfram det han elles hev råd til; han skal fara åt som det høver med lovnaden han hev gjort, og fylgja dei fyresegnerne som gjeld for vigsla hans.»»
22 καὶ ἐλάλησεν κύριος πρὸς Μωυσῆν λέγων
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
23 λάλησον Ααρων καὶ τοῖς υἱοῖς αὐτοῦ λέγων οὕτως εὐλογήσετε τοὺς υἱοὺς Ισραηλ λέγοντες αὐτοῖς καὶ ἐπιθήσουσιν τὸ ὄνομά μου ἐπὶ τοὺς υἱοὺς Ισραηλ καὶ ἐγὼ κύριος εὐλογήσω αὐτούς
«Tala til Aron og sønerne hans, og seg: «So skal de segja når de velsignar Israels-borni:
24 εὐλογήσαι σε κύριος καὶ φυλάξαι σε
«Herren velsigne deg og vare deg!
25 ἐπιφάναι κύριος τὸ πρόσωπον αὐτοῦ ἐπὶ σὲ καὶ ἐλεήσαι σε
Herren late sit andlit lysa mot deg, og vere deg nådig!
26 ἐπάραι κύριος τὸ πρόσωπον αὐτοῦ ἐπὶ σὲ καὶ δῴη σοι εἰρήνην
Herren lyfte si åsyn på deg, og gjeve deg fred!»»
Dei skal lysa mitt namn yver Israels-borni, so vil eg velsigna deim.»

< Ἀριθμοί 6 >