< Ἀριθμοί 25 >
1 καὶ κατέλυσεν Ισραηλ ἐν Σαττιν καὶ ἐβεβηλώθη ὁ λαὸς ἐκπορνεῦσαι εἰς τὰς θυγατέρας Μωαβ
Med Israels-folket heldt til i Sittim, tok folket til å fljuga etter kvinnorne i Moab.
2 καὶ ἐκάλεσαν αὐτοὺς ἐπὶ ταῖς θυσίαις τῶν εἰδώλων αὐτῶν καὶ ἔφαγεν ὁ λαὸς τῶν θυσιῶν αὐτῶν καὶ προσεκύνησαν τοῖς εἰδώλοις αὐτῶν
Og Moabs-kvinnorne bad deim til blotveitslorne åt guden sin; so åt dei med deim og bøygde kne for guden deira;
3 καὶ ἐτελέσθη Ισραηλ τῷ Βεελφεγωρ καὶ ὠργίσθη θυμῷ κύριος τῷ Ισραηλ
Israel tydde seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på Israel,
4 καὶ εἶπεν κύριος τῷ Μωυσῇ λαβὲ πάντας τοὺς ἀρχηγοὺς τοῦ λαοῦ καὶ παραδειγμάτισον αὐτοὺς κυρίῳ ἀπέναντι τοῦ ἡλίου καὶ ἀποστραφήσεται ὀργὴ θυμοῦ κυρίου ἀπὸ Ισραηλ
og Herren sagde til Moses: «Tak med deg alle Israels hovdingar, og legg desse mennerne på stegl for Guds og alle manns augo, so Herrens brennande vreide kann vendast burt frå Israel!»
5 καὶ εἶπεν Μωυσῆς ταῖς φυλαῖς Ισραηλ ἀποκτείνατε ἕκαστος τὸν οἰκεῖον αὐτοῦ τὸν τετελεσμένον τῷ Βεελφεγωρ
Og Moses sagde til styresmennerne i Israel: «Kvar av dykk skal slå i hel deim av folki sine som hev halde seg til Ba’al-Peor!»
6 καὶ ἰδοὺ ἄνθρωπος τῶν υἱῶν Ισραηλ ἐλθὼν προσήγαγεν τὸν ἀδελφὸν αὐτοῦ πρὸς τὴν Μαδιανῖτιν ἐναντίον Μωυσῆ καὶ ἔναντι πάσης συναγωγῆς υἱῶν Ισραηλ αὐτοὶ δὲ ἔκλαιον παρὰ τὴν θύραν τῆς σκηνῆς τοῦ μαρτυρίου
Best det var, kom ein av Israels-sønerne med ei kvinna frå Midjan, og leidde henne heim til sitt eige folk midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, med dei sat og syrgde i møtetjelddøri.
7 καὶ ἰδὼν Φινεες υἱὸς Ελεαζαρ υἱοῦ Ααρων τοῦ ἱερέως ἐξανέστη ἐκ μέσου τῆς συναγωγῆς καὶ λαβὼν σειρομάστην ἐν τῇ χειρὶ
Då Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, såg det, steig han fram or lyden, og treiv eit spjot
8 εἰσῆλθεν ὀπίσω τοῦ ἀνθρώπου τοῦ Ισραηλίτου εἰς τὴν κάμινον καὶ ἀπεκέντησεν ἀμφοτέρους τόν τε ἄνθρωπον τὸν Ισραηλίτην καὶ τὴν γυναῖκα διὰ τῆς μήτρας αὐτῆς καὶ ἐπαύσατο ἡ πληγὴ ἀπὸ υἱῶν Ισραηλ
og gjekk etter mannen inn i koven, og rende spjotet gjenom deim båe, mannen og kvinna, so det gjekk inn i livet hennar. Då stanna sotti som herja Israels-folket.
9 καὶ ἐγένοντο οἱ τεθνηκότες ἐν τῇ πληγῇ τέσσαρες καὶ εἴκοσι χιλιάδες
Men talet på deim som døydde i sotti, var fire og tjuge tusund.
10 καὶ ἐλάλησεν κύριος πρὸς Μωυσῆν λέγων
Og Herren tala til Moses, og sagde:
11 Φινεες υἱὸς Ελεαζαρ υἱοῦ Ααρων τοῦ ἱερέως κατέπαυσεν τὸν θυμόν μου ἀπὸ υἱῶν Ισραηλ ἐν τῷ ζηλῶσαί μου τὸν ζῆλον ἐν αὐτοῖς καὶ οὐκ ἐξανήλωσα τοὺς υἱοὺς Ισραηλ ἐν τῷ ζήλῳ μου
«Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, øvstepresten, hev vendt vreiden min burt frå Israels-folket; etter di han stod so strengt på min rett, vilde ikkje eg vera so streng at eg gjorde ende på Israels-borni.
12 οὕτως εἰπόν ἰδοὺ ἐγὼ δίδωμι αὐτῷ διαθήκην εἰρήνης
Difor skal du segja honom at eg vil gjera samband med honom, so det skal ganga honom vel;
13 καὶ ἔσται αὐτῷ καὶ τῷ σπέρματι αὐτοῦ μετ’ αὐτὸν διαθήκη ἱερατείας αἰωνία ἀνθ’ ὧν ἐζήλωσεν τῷ θεῷ αὐτοῦ καὶ ἐξιλάσατο περὶ τῶν υἱῶν Ισραηλ
ævelegt prestedøme lovar eg honom og ætti hans etter honom, for di han var so vyrk for æra åt sin Gud og gjorde soning for Israels-folket.»
14 τὸ δὲ ὄνομα τοῦ ἀνθρώπου τοῦ Ισραηλίτου τοῦ πεπληγότος ὃς ἐπλήγη μετὰ τῆς Μαδιανίτιδος Ζαμβρι υἱὸς Σαλω ἄρχων οἴκου πατριᾶς τῶν Συμεων
Den drepne israeliten, han som vart drepen i hop med den midjanitiske kvinna, heitte Zimri Saluson; han var formann for ei grein av Simeons-ætti.
15 καὶ ὄνομα τῇ γυναικὶ τῇ Μαδιανίτιδι τῇ πεπληγυίᾳ Χασβι θυγάτηρ Σουρ ἄρχοντος ἔθνους Ομμωθ οἴκου πατριᾶς ἐστιν τῶν Μαδιαν
Og midjanitkvinna som vart drepi, heitte Kozbi; ho var dotter åt Sur, som var hovding yver ei ættgrein av midjanitarne.
16 καὶ ἐλάλησεν κύριος πρὸς Μωυσῆν λέγων λάλησον τοῖς υἱοῖς Ισραηλ λέγων
Og Herren tala til Moses, og sagde:
17 ἐχθραίνετε τοῖς Μαδιηναίοις καὶ πατάξατε αὐτούς
«De skal søkja åt midjanitarne og slå deim ned;
18 ὅτι ἐχθραίνουσιν αὐτοὶ ὑμῖν ἐν δολιότητι ὅσα δολιοῦσιν ὑμᾶς διὰ Φογωρ καὶ διὰ Χασβι θυγατέρα ἄρχοντος Μαδιαν ἀδελφὴν αὐτῶν τὴν πεπληγυῖαν ἐν τῇ ἡμέρᾳ τῆς πληγῆς διὰ Φογωρ
for dei sat um dykk og lagde svikråder mot dykk då det hende, dette med Peor og Kozbi, frenka deira, hovdingdotteri frå Midjan, som vart drepi den gongen sotti kom yver dykk for Peors skuld.»