< Μιχαίας 4 >
1 καὶ ἔσται ἐπ’ ἐσχάτων τῶν ἡμερῶν ἐμφανὲς τὸ ὄρος τοῦ κυρίου ἕτοιμον ἐπὶ τὰς κορυφὰς τῶν ὀρέων καὶ μετεωρισθήσεται ὑπεράνω τῶν βουνῶν καὶ σπεύσουσιν πρὸς αὐτὸ λαοί
Men det skal ganga so i dei siste dagarne, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera fast tufta på toppen av dei andre fjelli, og lyfta seg skal det upp yver høgderne; og folkeslagi skal strøyma upp på det.
2 καὶ πορεύσονται ἔθνη πολλὰ καὶ ἐροῦσιν δεῦτε ἀναβῶμεν εἰς τὸ ὄρος κυρίου καὶ εἰς τὸν οἶκον τοῦ θεοῦ Ιακωβ καὶ δείξουσιν ἡμῖν τὴν ὁδὸν αὐτοῦ καὶ πορευσόμεθα ἐν ταῖς τρίβοις αὐτοῦ ὅτι ἐκ Σιων ἐξελεύσεται νόμος καὶ λόγος κυρίου ἐξ Ιερουσαλημ
Og mange heidningefolk skal ganga av stad og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell og til huset åt Jakobs Gud, so han kann læra oss um vegarne sine, og me kann ferdast på stigerne hans.» For ifrå Sion skal lovlæra ganga ut, og Herrens ord ifrå Jerusalem.
3 καὶ κρινεῖ ἀνὰ μέσον λαῶν πολλῶν καὶ ἐξελέγξει ἔθνη ἰσχυρὰ ἕως εἰς γῆν μακράν καὶ κατακόψουσιν τὰς ῥομφαίας αὐτῶν εἰς ἄροτρα καὶ τὰ δόρατα αὐτῶν εἰς δρέπανα καὶ οὐκέτι μὴ ἀντάρῃ ἔθνος ἐπ’ ἔθνος ῥομφαίαν καὶ οὐκέτι μὴ μάθωσιν πολεμεῖν
Og han skal døma millom mange folkeslag og skifta rett for megtige heidningfolk, jamvel um dei bur langt burte. Då skal dei smida sverdi sine um til hakkor og spjoti sine til hageknivar. Folki skal ikkje lenger lyfta sverd mot kvarandre, og ikkje meir læra seg til å føra krig.
4 καὶ ἀναπαύσεται ἕκαστος ὑποκάτω ἀμπέλου αὐτοῦ καὶ ἕκαστος ὑποκάτω συκῆς αὐτοῦ καὶ οὐκ ἔσται ὁ ἐκφοβῶν διότι τὸ στόμα κυρίου παντοκράτορος ἐλάλησεν ταῦτα
Men kvar og ein skal sitja under sitt vintre og sitt fiketre; og ingen skal skræma deim, for Herrens, allhers drotts, munn hev tala.
5 ὅτι πάντες οἱ λαοὶ πορεύσονται ἕκαστος τὴν ὁδὸν αὐτοῦ ἡμεῖς δὲ πορευσόμεθα ἐν ὀνόματι κυρίου θεοῦ ἡμῶν εἰς τὸν αἰῶνα καὶ ἐπέκεινα
Alle folkeslagi ferdast, kvart i sin guds namn; men me ferdast i Herrens, vår Guds, namn æveleg og alltid.
6 ἐν τῇ ἡμέρᾳ ἐκείνῃ λέγει κύριος συνάξω τὴν συντετριμμένην καὶ τὴν ἐξωσμένην εἰσδέξομαι καὶ οὓς ἀπωσάμην
På den dagen, segjer Herren, skal eg samla dei haltande og sanka i hop dei burtdrivne og deim som eg hev fare vondt med.
7 καὶ θήσομαι τὴν συντετριμμένην εἰς ὑπόλειμμα καὶ τὴν ἀπωσμένην εἰς ἔθνος ἰσχυρόν καὶ βασιλεύσει κύριος ἐπ’ αὐτοὺς ἐν ὄρει Σιων ἀπὸ τοῦ νῦν καὶ ἕως εἰς τὸν αἰῶνα
Og eg vil gjera dei haltande til ein leivning, og deim som var drivne langt burt, til eit mangment folk. Og Herren skal vera konge yver deim på Sions fjell frå no og til æveleg tid.
8 καὶ σύ πύργος ποιμνίου αὐχμώδης θύγατερ Σιων ἐπὶ σὲ ἥξει καὶ εἰσελεύσεται ἡ ἀρχὴ ἡ πρώτη βασιλεία ἐκ Βαβυλῶνος τῇ θυγατρὶ Ιερουσαλημ
Og du hyrding-tårn, du dotter Sions haug! Til deg skal det koma nå, ja, koma, det forne veldet, kongeveldet til dotteri Jerusalem.
9 καὶ νῦν ἵνα τί ἔγνως κακά μὴ βασιλεὺς οὐκ ἦν σοι ἢ ἡ βουλή σου ἀπώλετο ὅτι κατεκράτησάν σου ὠδῖνες ὡς τικτούσης
Men kvifor skrik du no so høgt? Finst det då ingen konge i deg? Eller er rådgjevaren din komen burt, etter di rider hev gripe deg, som ei fødande kvinna?
10 ὤδινε καὶ ἀνδρίζου καὶ ἔγγιζε θύγατερ Σιων ὡς τίκτουσα διότι νῦν ἐξελεύσῃ ἐκ πόλεως καὶ κατασκηνώσεις ἐν πεδίῳ καὶ ἥξεις ἕως Βαβυλῶνος ἐκεῖθεν ῥύσεταί σε καὶ ἐκεῖθεν λυτρώσεταί σε κύριος ὁ θεός σου ἐκ χειρὸς ἐχθρῶν σου
Vrid deg og anka deg, du dotter Sion, som ei kvinna som føder! For no lyt du ut or byen og bu ute på marki, og koma heilt til Babel! Der skal du verta frelst; der skal Herren løysa deg ut or handi på fiendarne dine.
11 καὶ νῦν ἐπισυνήχθη ἐπὶ σὲ ἔθνη πολλὰ οἱ λέγοντες ἐπιχαρούμεθα καὶ ἐπόψονται ἐπὶ Σιων οἱ ὀφθαλμοὶ ἡμῶν
No hev mange heidningfolk samla seg imot deg, og dei segjer: «Ho skal verta vanhelga, so augo våre kann få sjå på Sion med lyst!»
12 αὐτοὶ δὲ οὐκ ἔγνωσαν τὸν λογισμὸν κυρίου καὶ οὐ συνῆκαν τὴν βουλὴν αὐτοῦ ὅτι συνήγαγεν αὐτοὺς ὡς δράγματα ἅλωνος
Men dei kjenner ikkje Herrens tankar og skynar ikkje hans rådgjerd; for han hev samla deim som kornband på treskjarstaden.
13 ἀνάστηθι καὶ ἀλόα αὐτούς θύγατερ Σιων ὅτι τὰ κέρατά σου θήσομαι σιδηρᾶ καὶ τὰς ὁπλάς σου θήσομαι χαλκᾶς καὶ κατατήξεις ἐν αὐτοῖς ἔθνη καὶ λεπτυνεῖς λαοὺς πολλοὺς καὶ ἀναθήσεις τῷ κυρίῳ τὸ πλῆθος αὐτῶν καὶ τὴν ἰσχὺν αὐτῶν τῷ κυρίῳ πάσης τῆς γῆς
So reis deg då og tresk, du dotter Sion! for eg vil gjeva deg horn av jarn og klauver av kopar, so du kann knustra mange folk; og herfanget deira skal du bannlysa åt Herren, og skattar deira til allheims drott.