< Ἰησοῦς Nαυῆ 10 >
1 ὡς δὲ ἤκουσεν Αδωνιβεζεκ βασιλεὺς Ιερουσαλημ ὅτι ἔλαβεν Ἰησοῦς τὴν Γαι καὶ ἐξωλέθρευσεν αὐτήν ὃν τρόπον ἐποίησαν τὴν Ιεριχω καὶ τὸν βασιλέα αὐτῆς οὕτως ἐποίησαν τὴν Γαι καὶ τὸν βασιλέα αὐτῆς καὶ ὅτι αὐτομόλησαν οἱ κατοικοῦντες Γαβαων πρὸς Ἰησοῦν καὶ πρὸς Ισραηλ
Då Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk spurt at Josva hadde teke Aj og bannstøytt byen, og gjort like eins med Aj og kongen der som med Jeriko og den kongen, og at Gibeon-buarne hadde gjort fred med israelitarne og var i hop med deim,
2 καὶ ἐφοβήθησαν ἐν αὐτοῖς σφόδρα ᾔδει γὰρ ὅτι μεγάλη πόλις Γαβαων ὡσεὶ μία τῶν μητροπόλεων καὶ πάντες οἱ ἄνδρες αὐτῆς ἰσχυροί
då vart han og mennerne hans livande rædde; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, og større enn Aj, og alle mennerne der var gode herfolk.
3 καὶ ἀπέστειλεν Αδωνιβεζεκ βασιλεὺς Ιερουσαλημ πρὸς Αιλαμ βασιλέα Χεβρων καὶ πρὸς Φιδων βασιλέα Ιεριμουθ καὶ πρὸς Ιεφθα βασιλέα Λαχις καὶ πρὸς Δαβιρ βασιλέα Οδολλαμ λέγων
So sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, og til Piream, kongen i Jarmut, og til Jafia, kongen i Lakis, og til Debir, kongen i Eglon, og sagde:
4 δεῦτε ἀνάβητε πρός με καὶ βοηθήσατέ μοι καὶ ἐκπολεμήσωμεν Γαβαων αὐτομόλησαν γὰρ πρὸς Ἰησοῦν καὶ πρὸς τοὺς υἱοὺς Ισραηλ
«Kom upp til meg, og hjelp meg, so skal me taka på Gibeon-folket for di dei hev gjort fred med Josva og Israels-sønerne!»
5 καὶ ἀνέβησαν οἱ πέντε βασιλεῖς τῶν Ιεβουσαίων βασιλεὺς Ιερουσαλημ καὶ βασιλεὺς Χεβρων καὶ βασιλεὺς Ιεριμουθ καὶ βασιλεὺς Λαχις καὶ βασιλεὺς Οδολλαμ αὐτοὶ καὶ πᾶς ὁ λαὸς αὐτῶν καὶ περιεκάθισαν τὴν Γαβαων καὶ ἐξεπολιόρκουν αὐτήν
Då kom dei i hop desse fem amoritarkongarne, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon, og for imot Gibeon med kvar sin her; og dei lægra seg utanfor byen og vilde taka honom.
6 καὶ ἀπέστειλαν οἱ κατοικοῦντες Γαβαων πρὸς Ἰησοῦν εἰς τὴν παρεμβολὴν Ισραηλ εἰς Γαλγαλα λέγοντες μὴ ἐκλύσῃς τὰς χεῖράς σου ἀπὸ τῶν παίδων σου ἀνάβηθι πρὸς ἡμᾶς τὸ τάχος καὶ ἐξελοῦ ἡμᾶς καὶ βοήθησον ἡμῖν ὅτι συνηγμένοι εἰσὶν ἐφ’ ἡμᾶς πάντες οἱ βασιλεῖς τῶν Αμορραίων οἱ κατοικοῦντες τὴν ὀρεινήν
Men Gibeon-mennerne sende bod til Josva i Gilgal-lægret, og sagde til honom: «Slå ikkje handi av oss! Kom upp til oss so fort du kann, og berga oss og hjelp oss! For alle amoritarkongarne som bur i fjellbygderne, hev slege seg i hop imot oss.»
7 καὶ ἀνέβη Ἰησοῦς ἐκ Γαλγαλων αὐτὸς καὶ πᾶς ὁ λαὸς ὁ πολεμιστὴς μετ’ αὐτοῦ πᾶς δυνατὸς ἐν ἰσχύι
So tok Josva ut frå Gilgal med alt herfolket og alle kjemporne sine.
8 καὶ εἶπεν κύριος πρὸς Ἰησοῦν μὴ φοβηθῇς αὐτούς εἰς γὰρ τὰς χεῖράς σου παραδέδωκα αὐτούς οὐχ ὑπολειφθήσεται ἐξ αὐτῶν οὐθεὶς ἐνώπιον ὑμῶν
Og Herren sagde til honom: «Ver ikkje rædd deim! Eg gjev deim i dine hender. Ikkje ein av deim skal vera mann til å standa seg mot deg.»
9 καὶ ἐπιπαρεγένετο ἐπ’ αὐτοὺς Ἰησοῦς ἄφνω ὅλην τὴν νύκτα εἰσεπορεύθη ἐκ Γαλγαλων
Josva kom brått yver deim, etter han hadde vore på vegen frå Gilgal heile natti.
10 καὶ ἐξέστησεν αὐτοὺς κύριος ἀπὸ προσώπου τῶν υἱῶν Ισραηλ καὶ συνέτριψεν αὐτοὺς κύριος σύντριψιν μεγάλην ἐν Γαβαων καὶ κατεδίωξαν αὐτοὺς ὁδὸν ἀναβάσεως Ωρωνιν καὶ κατέκοπτον αὐτοὺς ἕως Αζηκα καὶ ἕως Μακηδα
Og Herren sette ein støkk i deim, so dei rauk reint for Israel attmed Gibeon. So sette Josva etter deim på vegen som ber upp til Bet-Horon, og hogg deim ned for fot, alt til Azeka og Makkeda.
11 ἐν τῷ δὲ φεύγειν αὐτοὺς ἀπὸ προσώπου τῶν υἱῶν Ισραηλ ἐπὶ τῆς καταβάσεως Ωρωνιν καὶ κύριος ἐπέρριψεν αὐτοῖς λίθους χαλάζης ἐκ τοῦ οὐρανοῦ ἕως Αζηκα καὶ ἐγένοντο πλείους οἱ ἀποθανόντες διὰ τοὺς λίθους τῆς χαλάζης ἢ οὓς ἀπέκτειναν οἱ υἱοὶ Ισραηλ μαχαίρᾳ ἐν τῷ πολέμῳ
Som dei no rømde for israelitarne og rett no var komne burt i Bet-Horonkleivi, sende Herren store steinar nedyver deim frå himmelen, so dei stupte daude burtetter heile vegen til Azeka; det var fleire som sette til av haglsteinarne enn som Israels-sønerne felte med sverdet.
12 τότε ἐλάλησεν Ἰησοῦς πρὸς κύριον ᾗ ἡμέρᾳ παρέδωκεν ὁ θεὸς τὸν Αμορραῖον ὑποχείριον Ισραηλ ἡνίκα συνέτριψεν αὐτοὺς ἐν Γαβαων καὶ συνετρίβησαν ἀπὸ προσώπου υἱῶν Ισραηλ καὶ εἶπεν Ἰησοῦς στήτω ὁ ἥλιος κατὰ Γαβαων καὶ ἡ σελήνη κατὰ φάραγγα Αιλων
Den gongen ropa Josva til Herren, då Herren gav amoritarne i Israels vald, og han kvad for heile Israel: «Statt still, du sol, i Gibeon, dryg, måne, i Ajjalons dal!»
13 καὶ ἔστη ὁ ἥλιος καὶ ἡ σελήνη ἐν στάσει ἕως ἠμύνατο ὁ θεὸς τοὺς ἐχθροὺς αὐτῶν καὶ ἔστη ὁ ἥλιος κατὰ μέσον τοῦ οὐρανοῦ οὐ προεπορεύετο εἰς δυσμὰς εἰς τέλος ἡμέρας μιᾶς
Og soli stana, og månen stod, med folket tukta fiendarne sine. So veit me det stend skrive i boki åt den rettvise. Soli vart standande midt på himmelen og drygde mest ein heil dag, fyrr ho gjekk ned.
14 καὶ οὐκ ἐγένετο ἡμέρα τοιαύτη οὐδὲ τὸ πρότερον οὐδὲ τὸ ἔσχατον ὥστε ἐπακοῦσαι θεὸν ἀνθρώπου ὅτι κύριος συνεπολέμησεν τῷ Ισραηλ
Og aldri anten fyrr eller sidan hev det vore nokon dag som denne, då Herren lydde eit manneord. For Herren stridde for Israel.
So for Josva med heile Israel attende til Gilgal-lægret.
16 καὶ ἔφυγον οἱ πέντε βασιλεῖς οὗτοι καὶ κατεκρύβησαν εἰς τὸ σπήλαιον τὸ ἐν Μακηδα
Dei fem kongarne rømde og løynde seg i helleren attmed Makkeda.
17 καὶ ἀπηγγέλη τῷ Ἰησοῦ λέγοντες εὕρηνται οἱ πέντε βασιλεῖς κεκρυμμένοι ἐν τῷ σπηλαίῳ τῷ ἐν Μακηδα
Men folk kom og sagde til Josva: «Dei hev funne dei fem kongarne; dei hadde løynt seg i Makkedahelleren.»
18 καὶ εἶπεν Ἰησοῦς κυλίσατε λίθους ἐπὶ τὸ στόμα τοῦ σπηλαίου καὶ καταστήσατε ἄνδρας φυλάσσειν ἐπ’ αὐτούς
Då sagde Josva: «Velt store steinar attfor hellermunnen, og set nokre menner til å halda vakt der!
19 ὑμεῖς δὲ μὴ ἑστήκατε καταδιώκοντες ὀπίσω τῶν ἐχθρῶν ὑμῶν καὶ καταλάβετε τὴν οὐραγίαν αὐτῶν καὶ μὴ ἀφῆτε εἰσελθεῖν εἰς τὰς πόλεις αὐτῶν παρέδωκεν γὰρ αὐτοὺς κύριος ὁ θεὸς ἡμῶν εἰς τὰς χεῖρας ἡμῶν
Men sjølve må de ikkje stana. Set etter fienden og hogg ned deim som er attarst i ferdi! Lat dei ikkje få koma inn i byarne sine! For Herren, dykkar Gud, hev gjeve dei i dykkar hender.»
20 καὶ ἐγένετο ὡς κατέπαυσεν Ἰησοῦς καὶ πᾶς υἱὸς Ισραηλ κόπτοντες αὐτοὺς κοπὴν μεγάλην σφόδρα ἕως εἰς τέλος καὶ οἱ διασῳζόμενοι διεσώθησαν εἰς τὰς πόλεις τὰς ὀχυράς
Då no Josva og Israels-sønerne hadde slege fiendarne i søkk og kav og gjort reint ende på deim, so berre nokre få slapp undan og fekk berga seg inn i dei faste byarne,
21 καὶ ἀπεστράφη πᾶς ὁ λαὸς πρὸς Ἰησοῦν εἰς Μακηδα ὑγιεῖς καὶ οὐκ ἔγρυξεν οὐθεὶς τῶν υἱῶν Ισραηλ τῇ γλώσσῃ αὐτοῦ
so kom heile heren uskadd attende til Josva i lægret attmed Makkeda, og det fanst ingen som torde knysta mot nokon av Israels-sønerne.
22 καὶ εἶπεν Ἰησοῦς ἀνοίξατε τὸ σπήλαιον καὶ ἐξαγάγετε τοὺς πέντε βασιλεῖς τούτους ἐκ τοῦ σπηλαίου
Då sagde Josva: «Tak burt stengslet frå helleren, og før dei fem kongarne ut til meg!»
23 καὶ ἐξηγάγοσαν τοὺς πέντε βασιλεῖς ἐκ τοῦ σπηλαίου τὸν βασιλέα Ιερουσαλημ καὶ τὸν βασιλέα Χεβρων καὶ τὸν βασιλέα Ιεριμουθ καὶ τὸν βασιλέα Λαχις καὶ τὸν βασιλέα Οδολλαμ
So vart gjort; dei førde dei fem kongarne ut til han or helleren, kongen i Jerusalem og kongen i Hebron og kongen i Jarmut og kongen i Lakis og kongen i Eglon.
24 καὶ ἐπεὶ ἐξήγαγον αὐτοὺς πρὸς Ἰησοῦν καὶ συνεκάλεσεν Ἰησοῦς πάντα Ισραηλ καὶ τοὺς ἐναρχομένους τοῦ πολέμου τοὺς συμπορευομένους αὐτῷ λέγων αὐτοῖς προπορεύεσθε καὶ ἐπίθετε τοὺς πόδας ὑμῶν ἐπὶ τοὺς τραχήλους αὐτῶν καὶ προσελθόντες ἐπέθηκαν τοὺς πόδας αὐτῶν ἐπὶ τοὺς τραχήλους αὐτῶν
Og då dei hadde ført desse kongarne ut til Josva, kalla han saman alle Israels menner og sagde til herhovdingarne som hadde fylgt honom i striden: «Stig fram, og set foten på nakken åt desse kongarne!» Då steig dei fram og sette foten på nakken deira.
25 καὶ εἶπεν πρὸς αὐτοὺς Ἰησοῦς μὴ φοβηθῆτε αὐτοὺς μηδὲ δειλιάσητε ἀνδρίζεσθε καὶ ἰσχύετε ὅτι οὕτως ποιήσει κύριος πᾶσι τοῖς ἐχθροῖς ὑμῶν οὓς ὑμεῖς καταπολεμεῖτε αὐτούς
Og Josva sagde til deim: «De skal ikkje ottast og ikkje fæla! Ver sterke og djerve! For soleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.»
26 καὶ ἀπέκτεινεν αὐτοὺς Ἰησοῦς καὶ ἐκρέμασεν αὐτοὺς ἐπὶ πέντε ξύλων καὶ ἦσαν κρεμάμενοι ἐπὶ τῶν ξύλων ἕως ἑσπέρας
Då han hadde sagt det, hogg han til kongarne og drap deim, og hengde deim upp i kvart sitt tre, og der vart dei hangande til kvelds;
27 καὶ ἐγενήθη πρὸς ἡλίου δυσμὰς ἐνετείλατο Ἰησοῦς καὶ καθεῖλον αὐτοὺς ἀπὸ τῶν ξύλων καὶ ἔρριψαν αὐτοὺς εἰς τὸ σπήλαιον εἰς ὃ κατεφύγοσαν ἐκεῖ καὶ ἐπεκύλισαν λίθους ἐπὶ τὸ σπήλαιον ἕως τῆς σήμερον ἡμέρας
men solegladsbil let Josva folki sine taka deim ned frå trei og kasta deim inn i den helleren dei hadde løynt seg i, og det vart lagt store steinar attfor hellermunnen; dei steinarne ligg der den dag i dag.
28 καὶ τὴν Μακηδα ἐλάβοσαν ἐν τῇ ἡμέρᾳ ἐκείνῃ καὶ ἐφόνευσαν αὐτὴν ἐν στόματι ξίφους καὶ ἐξωλέθρευσαν πᾶν ἐμπνέον ἐν αὐτῇ καὶ οὐ κατελείφθη ἐν αὐτῇ οὐδεὶς διασεσῳσμένος καὶ διαπεφευγώς καὶ ἐποίησαν τῷ βασιλεῖ Μακηδα ὃν τρόπον ἐποίησαν τῷ βασιλεῖ Ιεριχω
Same dagen tok Josva Makkeda, og øydde byen med odd og egg, og bannstøytte både kongen og kvart mannsbarn som der fanst; han let ingen vera att eller sleppa undan, og for like eins åt med Makkeda-kongen som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
29 καὶ ἀπῆλθεν Ἰησοῦς καὶ πᾶς Ισραηλ μετ’ αὐτοῦ ἐκ Μακηδα εἰς Λεβνα καὶ ἐπολιόρκει Λεβνα
Frå Makkeda for Josva med heile Israels-heren til Libna. Han tok på Libna,
30 καὶ παρέδωκεν αὐτὴν κύριος εἰς χεῖρας Ισραηλ καὶ ἔλαβον αὐτὴν καὶ τὸν βασιλέα αὐτῆς καὶ ἐφόνευσαν αὐτὴν ἐν στόματι ξίφους καὶ πᾶν ἐμπνέον ἐν αὐτῇ καὶ οὐ κατελείφθη ἐν αὐτῇ οὐδὲ εἷς διασεσῳσμένος καὶ διαπεφευγώς καὶ ἐποίησαν τῷ βασιλεῖ αὐτῆς ὃν τρόπον ἐποίησαν τῷ βασιλεῖ Ιεριχω
og Herren gav den byen og i Israels hender, og like eins kongen deira. Josva øydde byen med odd og egg, og tynte kvart liv som fanst der; han let ingen vera att eller sleppa undan, og med kongen for han åt som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
31 καὶ ἀπῆλθεν Ἰησοῦς καὶ πᾶς Ισραηλ μετ’ αὐτοῦ ἐκ Λεβνα εἰς Λαχις καὶ περιεκάθισεν αὐτὴν καὶ ἐπολιόρκει αὐτήν
Frå Libna for Josva med heile Israels-heren til Lakis. Han slo læger utanfor byen og søkte på honom.
32 καὶ παρέδωκεν κύριος τὴν Λαχις εἰς τὰς χεῖρας Ισραηλ καὶ ἔλαβεν αὐτὴν ἐν τῇ ἡμέρᾳ τῇ δευτέρᾳ καὶ ἐφόνευσαν αὐτὴν ἐν στόματι ξίφους καὶ ἐξωλέθρευσαν αὐτήν ὃν τρόπον ἐποίησαν τὴν Λεβνα
Og Herren gav Lakis i Israels hender. Andre dagen tok dei byen og øydde honom med odd og egg, og tynte kvart liv som fanst der, heiltupp soleis som dei hadde gjort med Libna.
33 τότε ἀνέβη Αιλαμ βασιλεὺς Γαζερ βοηθήσων τῇ Λαχις καὶ ἐπάταξεν αὐτὸν Ἰησοῦς ἐν στόματι ξίφους καὶ τὸν λαὸν αὐτοῦ ἕως τοῦ μὴ καταλειφθῆναι αὐτῶν σεσῳσμένον καὶ διαπεφευγότα
Då kom Horam, kongen i Geser, og vilde hjelpa Lakis-buarne. Men Josva hogg ned både honom og mennerne hans, so ingen vart att eller slapp undan.
34 καὶ ἀπῆλθεν Ἰησοῦς καὶ πᾶς Ισραηλ μετ’ αὐτοῦ ἐκ Λαχις εἰς Οδολλαμ καὶ περιεκάθισεν αὐτὴν καὶ ἐπολιόρκησεν αὐτήν
So for Josva med heile Israels-heren frå Lakis til Eglon. Dei slo læger utanfor byen og søkte på honom;
35 καὶ παρέδωκεν αὐτὴν κύριος ἐν χειρὶ Ισραηλ καὶ ἔλαβεν αὐτὴν ἐν τῇ ἡμέρᾳ ἐκείνῃ καὶ ἐφόνευσεν αὐτὴν ἐν στόματι ξίφους καὶ πᾶν ἐμπνέον ἐν αὐτῇ ἐφόνευσαν ὃν τρόπον ἐποίησαν τῇ Λαχις
og tok honom same dagen, og øydde honom med odd og egg. Den dagen bannstøytte Josva kvart liv som fanst i Eglon, heiltupp soleis som han hadde gjort med Lakis.
36 καὶ ἀπῆλθεν Ἰησοῦς καὶ πᾶς Ισραηλ μετ’ αὐτοῦ εἰς Χεβρων καὶ περιεκάθισεν αὐτήν
Frå Eglon for Josva med heile Israels-heren upp til Hebron. Dei søkte på byen,
37 καὶ ἐπάταξεν αὐτὴν ἐν στόματι ξίφους καὶ πᾶν ἐμπνέον ὅσα ἦν ἐν αὐτῇ οὐκ ἦν διασεσῳσμένος ὃν τρόπον ἐποίησαν τὴν Οδολλαμ ἐξωλέθρευσαν αὐτὴν καὶ ὅσα ἦν ἐν αὐτῇ
og tok honom, og øydde med odd og egg både byen og bygderne ikring, og tynte kongen og kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for i alle måtar like eins åt som han hadde gjort med Eglon, og bannstøytte byen med kvart liv som der var.
38 καὶ ἀπέστρεψεν Ἰησοῦς καὶ πᾶς Ισραηλ εἰς Δαβιρ καὶ περικαθίσαντες αὐτὴν
Sidan vende Josva seg mot Debir med heile Israels-heren. Han søkte på byen,
39 ἔλαβον αὐτὴν καὶ τὸν βασιλέα αὐτῆς καὶ τὰς κώμας αὐτῆς καὶ ἐπάταξαν αὐτὴν ἐν στόματι ξίφους καὶ ἐξωλέθρευσαν αὐτὴν καὶ πᾶν ἐμπνέον ἐν αὐτῇ καὶ οὐ κατέλιπον αὐτῇ οὐδένα διασεσῳσμένον ὃν τρόπον ἐποίησαν τὴν Χεβρων καὶ τῷ βασιλεῖ αὐτῆς οὕτως ἐποίησαν τῇ Δαβιρ καὶ τῷ βασιλεῖ αὐτῆς
og tok både den og kongen som budde der, og alle bygderne ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for like eins åt med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og Libna og kongarne deira.
40 καὶ ἐπάταξεν Ἰησοῦς πᾶσαν τὴν γῆν τῆς ὀρεινῆς καὶ τὴν Ναγεβ καὶ τὴν πεδινὴν καὶ τὴν Ασηδωθ καὶ τοὺς βασιλεῖς αὐτῆς οὐ κατέλιπον αὐτῶν σεσῳσμένον καὶ πᾶν ἐμπνέον ζωῆς ἐξωλέθρευσεν ὃν τρόπον ἐνετείλατο κύριος ὁ θεὸς Ισραηλ
Soleis tok Josva heile landet, både fjellbygderne og Sudlandet og låglandet og liderne, og slo i hel alle kongarne som budde der; han let ingen vera att eller sleppa undan, men bannstøytte kvart livande liv, so som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.
41 ἀπὸ Καδης Βαρνη ἕως Γάζης πᾶσαν τὴν Γοσομ ἕως τῆς Γαβαων
Alt som fanst millom Kades-Barnea og Gaza, og heile Gosenlandet alt til Gibeon, slo han under seg.
42 καὶ πάντας τοὺς βασιλεῖς αὐτῶν καὶ τὴν γῆν αὐτῶν ἐπάταξεν Ἰησοῦς εἰς ἅπαξ ὅτι κύριος ὁ θεὸς Ισραηλ συνεπολέμει τῷ Ισραηλ
Og alle desse kongarne og riki deira vann han yver med ein gong; for Herren, Israels Gud, stridde for Israel.
Sidan for Josva med heile Israel attende til Gilgal-lægret.