< Ἠσαΐας 55 >

1 οἱ διψῶντες πορεύεσθε ἐφ’ ὕδωρ καὶ ὅσοι μὴ ἔχετε ἀργύριον βαδίσαντες ἀγοράσατε καὶ πίετε ἄνευ ἀργυρίου καὶ τιμῆς οἴνου καὶ στέαρ
Å, alle de tyrste, kom til vatnet! Og de som ikkje hev pengar, kom, kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp korn utan pengar, og utan betaling vin og mjølk!
2 ἵνα τί τιμᾶσθε ἀργυρίου καὶ τὸν μόχθον ὑμῶν οὐκ εἰς πλησμονήν ἀκούσατέ μου καὶ φάγεσθε ἀγαθά καὶ ἐντρυφήσει ἐν ἀγαθοῖς ἡ ψυχὴ ὑμῶν
Kvi gjev de pengar ut for det som ikkje er brød? Og dykkar vinning for det som ikkje kann metta? Å, høyr på meg og et det som godt er, og dykkar sjæl skal njota feitemat!
3 προσέχετε τοῖς ὠτίοις ὑμῶν καὶ ἐπακολουθήσατε ταῖς ὁδοῖς μου ἐπακούσατέ μου καὶ ζήσεται ἐν ἀγαθοῖς ἡ ψυχὴ ὑμῶν καὶ διαθήσομαι ὑμῖν διαθήκην αἰώνιον τὰ ὅσια Δαυιδ τὰ πιστά
Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, so skal dykkar sjæl få liva! So gjer eg med dykk ei æveleg pakt, og gjev dykk Davids usviklege nåde.
4 ἰδοὺ μαρτύριον ἐν ἔθνεσιν δέδωκα αὐτόν ἄρχοντα καὶ προστάσσοντα ἔθνεσιν
Sjå, eg hev sett han til vitne for folki, til hovding og styrar for folkeslagi.
5 ἔθνη ἃ οὐκ ᾔδεισάν σε ἐπικαλέσονταί σε καὶ λαοί οἳ οὐκ ἐπίστανταί σε ἐπὶ σὲ καταφεύξονται ἕνεκεν τοῦ θεοῦ σου τοῦ ἁγίου Ισραηλ ὅτι ἐδόξασέν σε
Ja, du skal kalla på eit folk som du ikkje kjenner, og folk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg, for Herrens skuld, din Gud, for Israels Heilage skuld, for han hev herleggjort deg.
6 ζητήσατε τὸν θεὸν καὶ ἐν τῷ εὑρίσκειν αὐτὸν ἐπικαλέσασθε ἡνίκα δ’ ἂν ἐγγίζῃ ὑμῖν
Søk Herren medan han er å finna, kalla på honom den stund han er nær!
7 ἀπολιπέτω ὁ ἀσεβὴς τὰς ὁδοὺς αὐτοῦ καὶ ἀνὴρ ἄνομος τὰς βουλὰς αὐτοῦ καὶ ἐπιστραφήτω ἐπὶ κύριον καὶ ἐλεηθήσεται ὅτι ἐπὶ πολὺ ἀφήσει τὰς ἁμαρτίας ὑμῶν
Den gudlause vende seg frå sin veg, og den urettferdige frå sine tankar, og vende seg um til Herren, so skal han miskunna honom, og til vår Gud, for han skal rikleg forlata.
8 οὐ γάρ εἰσιν αἱ βουλαί μου ὥσπερ αἱ βουλαὶ ὑμῶν οὐδὲ ὥσπερ αἱ ὁδοὶ ὑμῶν αἱ ὁδοί μου λέγει κύριος
For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, segjer Herren.
9 ἀλλ’ ὡς ἀπέχει ὁ οὐρανὸς ἀπὸ τῆς γῆς οὕτως ἀπέχει ἡ ὁδός μου ἀπὸ τῶν ὁδῶν ὑμῶν καὶ τὰ διανοήματα ὑμῶν ἀπὸ τῆς διανοίας μου
Nei, so høg som himmelen er yver jordi, so er mine vegar høgre enn dykkar vegar og mine tankar høgre enn dykkar tankar.
10 ὡς γὰρ ἐὰν καταβῇ ὑετὸς ἢ χιὼν ἐκ τοῦ οὐρανοῦ καὶ οὐ μὴ ἀποστραφῇ ἕως ἂν μεθύσῃ τὴν γῆν καὶ ἐκτέκῃ καὶ ἐκβλαστήσῃ καὶ δῷ σπέρμα τῷ σπείροντι καὶ ἄρτον εἰς βρῶσιν
For liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer upp att dit fyrr det hev vatna jordi og gjeve henne grokraft og grøda, ja, gjeve såkorn og brødkorn,
11 οὕτως ἔσται τὸ ῥῆμά μου ὃ ἐὰν ἐξέλθῃ ἐκ τοῦ στόματός μου οὐ μὴ ἀποστραφῇ ἕως ἂν συντελεσθῇ ὅσα ἠθέλησα καὶ εὐοδώσω τὰς ὁδούς σου καὶ τὰ ἐντάλματά μου
so skal det vera med ordet mitt som gjeng ut or munnen min, det skal ikkje koma att til meg tomt, men verka det som eg vil, og fullføra det som eg sende det til.
12 ἐν γὰρ εὐφροσύνῃ ἐξελεύσεσθε καὶ ἐν χαρᾷ διδαχθήσεσθε τὰ γὰρ ὄρη καὶ οἱ βουνοὶ ἐξαλοῦνται προσδεχόμενοι ὑμᾶς ἐν χαρᾷ καὶ πάντα τὰ ξύλα τοῦ ἀγροῦ ἐπικροτήσει τοῖς κλάδοις
Ja, med gleda skal de draga ut og verta førde i fred. Fjell og haugar skal setja i med fagnadrop fyre dykk, og alle tre på marki skal klappa i hender.
13 καὶ ἀντὶ τῆς στοιβῆς ἀναβήσεται κυπάρισσος ἀντὶ δὲ τῆς κονύζης ἀναβήσεται μυρσίνη καὶ ἔσται κύριος εἰς ὄνομα καὶ εἰς σημεῖον αἰώνιον καὶ οὐκ ἐκλείψει
I staden for tornar skal det veksa cypressor, i staden for tistlar veksa myrt. Dermed fær Herren eit ærenamn, eit ævemerke, som aldri vert øydt.

< Ἠσαΐας 55 >