< Ἠσαΐας 45 >
1 οὕτως λέγει κύριος ὁ θεὸς τῷ χριστῷ μου Κύρῳ οὗ ἐκράτησα τῆς δεξιᾶς ἐπακοῦσαι ἔμπροσθεν αὐτοῦ ἔθνη καὶ ἰσχὺν βασιλέων διαρρήξω ἀνοίξω ἔμπροσθεν αὐτοῦ θύρας καὶ πόλεις οὐ συγκλεισθήσονται
So segjer Herren til sin salvevigde, til Kyrus som eg held i hans høgre hand, for å kasta folk til jordi for honom og løysa beltet av kongar, for å opna dører for honom, so ingen portar vert stengde:
2 ἐγὼ ἔμπροσθέν σου πορεύσομαι καὶ ὄρη ὁμαλιῶ θύρας χαλκᾶς συντρίψω καὶ μοχλοὺς σιδηροῦς συγκλάσω
Sjølv gjeng eg fyre deg og jamnar hindringar; kopardører sprengjer eg, og jarnslåer slær eg sund.
3 καὶ δώσω σοι θησαυροὺς σκοτεινούς ἀποκρύφους ἀοράτους ἀνοίξω σοι ἵνα γνῷς ὅτι ἐγὼ κύριος ὁ θεὸς ὁ καλῶν τὸ ὄνομά σου θεὸς Ισραηλ
Og eg gjev deg dulde skattar og burtgøymde rikdomar, so du skal vita at det var eg, Herren, som kalla deg på namn, eg, Israels Gud.
4 ἕνεκεν Ιακωβ τοῦ παιδός μου καὶ Ισραηλ τοῦ ἐκλεκτοῦ μου ἐγὼ καλέσω σε τῷ ὀνόματί σου καὶ προσδέξομαί σε σὺ δὲ οὐκ ἔγνως με
For min tenar Jakobs skuld og Israel, min utvalde, kalla eg deg med namnet ditt, gav deg tilnamn då du ikkje kjende meg.
5 ὅτι ἐγὼ κύριος ὁ θεός καὶ οὐκ ἔστιν ἔτι πλὴν ἐμοῦ θεός καὶ οὐκ ᾔδεις με
Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg væpna deg fyrr du kjende meg,
6 ἵνα γνῶσιν οἱ ἀπὸ ἀνατολῶν ἡλίου καὶ οἱ ἀπὸ δυσμῶν ὅτι οὐκ ἔστιν πλὴν ἐμοῦ ἐγὼ κύριος ὁ θεός καὶ οὐκ ἔστιν ἔτι
so dei skal vita frå aust til vest at det finst ingen annan enn eg. Eg er Herren, og ingen annan.
7 ἐγὼ ὁ κατασκευάσας φῶς καὶ ποιήσας σκότος ὁ ποιῶν εἰρήνην καὶ κτίζων κακά ἐγὼ κύριος ὁ θεὸς ὁ ποιῶν ταῦτα πάντα
Skapar åt ljoset og upphav til myrkret, skapar åt velferd og upphav til uferd; eg, Herren, gjer alt dette.
8 εὐφρανθήτω ὁ οὐρανὸς ἄνωθεν καὶ αἱ νεφέλαι ῥανάτωσαν δικαιοσύνην ἀνατειλάτω ἡ γῆ ἔλεος καὶ δικαιοσύνην ἀνατειλάτω ἅμα ἐγώ εἰμι κύριος ὁ κτίσας σε
Lat det drjupa, de himlar, ovanfrå, og skyerne renne med rettferd! Jordi late seg upp, so frelsa kann bløma og rettferd renna med same! Eg, Herren, skaper det.
9 ποῖον βέλτιον κατεσκεύασα ὡς πηλὸν κεραμέως μὴ ὁ ἀροτριῶν ἀροτριάσει τὴν γῆν ὅλην τὴν ἡμέραν μὴ ἐρεῖ ὁ πηλὸς τῷ κεραμεῖ τί ποιεῖς ὅτι οὐκ ἐργάζῃ οὐδὲ ἔχεις χεῖρας
Ve den som trættar med skaparen sin! Eit skålbrot millom dei andre av jord. Kann leiret til formaren segja: «Kva gjer du?» Eller verket ditt segja: «Han hev ikkje hender?»
10 ὁ λέγων τῷ πατρί τί γεννήσεις καὶ τῇ μητρί τί ὠδινήσεις
Ve den som segjer til far sin: «Kva avlar du?» Og til kvinna: «Kva føder du?»
11 ὅτι οὕτως λέγει κύριος ὁ θεὸς ὁ ἅγιος Ισραηλ ὁ ποιήσας τὰ ἐπερχόμενα ἐρωτήσατέ με περὶ τῶν υἱῶν μου καὶ περὶ τῶν θυγατέρων μου καὶ περὶ τῶν ἔργων τῶν χειρῶν μου ἐντείλασθέ μοι
So segjer Herren, Israels Heilage og skapar: Spør meg um det som kjem! Lat meg syta for mine søner, og det verk mine hender hev gjort!
12 ἐγὼ ἐποίησα γῆν καὶ ἄνθρωπον ἐπ’ αὐτῆς ἐγὼ τῇ χειρί μου ἐστερέωσα τὸν οὐρανόν ἐγὼ πᾶσι τοῖς ἄστροις ἐνετειλάμην
Det var eg som gjorde jordi, og folket der hev eg skapt; mine hender spana ut himmelen, og all hans her baud eg ut.
13 ἐγὼ ἤγειρα αὐτὸν μετὰ δικαιοσύνης βασιλέα καὶ πᾶσαι αἱ ὁδοὶ αὐτοῦ εὐθεῖαι οὗτος οἰκοδομήσει τὴν πόλιν μου καὶ τὴν αἰχμαλωσίαν τοῦ λαοῦ μου ἐπιστρέψει οὐ μετὰ λύτρων οὐδὲ μετὰ δώρων εἶπεν κύριος σαβαωθ
Det er eg som honom hev vekt i rettferd, og alle hans vegar jamnar eg. Han skal byggja min by og senda mine landlyste heim, og det utan vederlag, utan betaling, segjer Herren, allhers drott.
14 οὕτως λέγει κύριος σαβαωθ ἐκοπίασεν Αἴγυπτος καὶ ἐμπορία Αἰθιόπων καὶ οἱ Σεβωιν ἄνδρες ὑψηλοὶ ἐπὶ σὲ διαβήσονται καὶ σοὶ ἔσονται δοῦλοι καὶ ὀπίσω σου ἀκολουθήσουσιν δεδεμένοι χειροπέδαις καὶ προσκυνήσουσίν σοι καὶ ἐν σοὶ προσεύξονται ὅτι ἐν σοὶ ὁ θεός ἐστιν καὶ ἐροῦσιν οὐκ ἔστιν θεὸς πλὴν σοῦ
So segjer Herren: «Rikdomen frå Egypt og vinningi frå Ætiopia, og Saba-mennerne, røslege karar, skal koma til deg og høyra til deg; dei skal fylgja deg og ganga i lekkjor; for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud og elles ingen, ingen Gud.»
15 σὺ γὰρ εἶ θεός καὶ οὐκ ᾔδειμεν ὁ θεὸς τοῦ Ισραηλ σωτήρ
I sanning, du er ein løyndomsfull Gud, du Israels Gud, du frelsar.
16 αἰσχυνθήσονται καὶ ἐντραπήσονται πάντες οἱ ἀντικείμενοι αὐτῷ καὶ πορεύσονται ἐν αἰσχύνῃ ἐγκαινίζεσθε πρός με νῆσοι
Til spott og skam vert dei alle saman, gude-makaran’ gjeng med blygsla.
17 Ισραηλ σῴζεται ὑπὸ κυρίου σωτηρίαν αἰώνιον οὐκ αἰσχυνθήσονται οὐδὲ μὴ ἐντραπῶσιν ἕως τοῦ αἰῶνος
Israel vert frelst ved Herren med æveleg frelsa, de vert ikkje til spott og skam i alle ævor.
18 οὕτως λέγει κύριος ὁ ποιήσας τὸν οὐρανόν οὗτος ὁ θεὸς ὁ καταδείξας τὴν γῆν καὶ ποιήσας αὐτήν αὐτὸς διώρισεν αὐτήν οὐκ εἰς κενὸν ἐποίησεν αὐτὴν ἀλλὰ κατοικεῖσθαι ἐγώ εἰμι καὶ οὐκ ἔστιν ἔτι
For so segjer Herren, himmelskaparen, han som er Gud, han som hev gjort og laga jordi, han som hev grunnfest henne; ikkje til ei audn skapte han henne, men til folkebustad laga han henne! - Eg er Herren, og ingen annan.
19 οὐκ ἐν κρυφῇ λελάληκα οὐδὲ ἐν τόπῳ γῆς σκοτεινῷ οὐκ εἶπα τῷ σπέρματι Ιακωβ μάταιον ζητήσατε ἐγώ εἰμι ἐγώ εἰμι κύριος λαλῶν δικαιοσύνην καὶ ἀναγγέλλων ἀλήθειαν
Ikkje i løyndom hev eg tala, ein stad i myrke-land; ikkje hev eg sagt til Jakobs-ætti: Leita etter meg fåfengt! Eg, Herren, talar rettferd, forkynner det som er rett.
20 συνάχθητε καὶ ἥκετε βουλεύσασθε ἅμα οἱ σῳζόμενοι ἀπὸ τῶν ἐθνῶν οὐκ ἔγνωσαν οἱ αἴροντες τὸ ξύλον γλύμμα αὐτῶν καὶ προσευχόμενοι ὡς πρὸς θεούς οἳ οὐ σῴζουσιν
Samle dykk og kome, kome saman hit, de som er att av heidningfolki! Uvituge er dei som ber på sitt trebilæte og bed til ein gud som ikkje kann frelsa.
21 εἰ ἀναγγελοῦσιν ἐγγισάτωσαν ἵνα γνῶσιν ἅμα τίς ἀκουστὰ ἐποίησεν ταῦτα ἀπ’ ἀρχῆς τότε ἀνηγγέλη ὑμῖν ἐγὼ ὁ θεός καὶ οὐκ ἔστιν ἄλλος πλὴν ἐμοῦ δίκαιος καὶ σωτὴρ οὐκ ἔστιν πάρεξ ἐμοῦ
Forkynn og seg frå! Ja, lat deim berre samrådast! Kven hev kunngjort slikt frå fordom, meldt det for lenge sidan? Tru det ikkje er eg, Herren? Og utan meg er det ingen Gud. Ein rettferdig og frelsande Gud finst ikkje utanum meg.
22 ἐπιστράφητε πρός με καὶ σωθήσεσθε οἱ ἀπ’ ἐσχάτου τῆς γῆς ἐγώ εἰμι ὁ θεός καὶ οὐκ ἔστιν ἄλλος
Vend dykk til meg, lat dykk frelsa, alle utbygder av jordi! For eg er Gud, og ingen annan.
23 κατ’ ἐμαυτοῦ ὀμνύω ἦ μὴν ἐξελεύσεται ἐκ τοῦ στόματός μου δικαιοσύνη οἱ λόγοι μου οὐκ ἀποστραφήσονται ὅτι ἐμοὶ κάμψει πᾶν γόνυ καὶ ἐξομολογήσεται πᾶσα γλῶσσα τῷ θεῷ
Ved meg sjølv hev eg svore, or min munn er det gjenge sanning, eit ord som eg ikkje tek i meg att: For meg skal bøygja seg kvart eit kne, til meg skal kvar ei tunge sverja.
24 λέγων δικαιοσύνη καὶ δόξα πρὸς αὐτὸν ἥξουσιν καὶ αἰσχυνθήσονται πάντες οἱ ἀφορίζοντες ἑαυτούς
Berre hjå Herren, skal dei segja um meg, er rettferd og magt. Til honom skal dei koma og skjemmast alle som harmast på honom.
25 ἀπὸ κυρίου δικαιωθήσονται καὶ ἐν τῷ θεῷ ἐνδοξασθήσονται πᾶν τὸ σπέρμα τῶν υἱῶν Ισραηλ
I Herren vinn dei rettferd og rosar seg alle som er av Israels ætt.