< Ἠσαΐας 21 >
1 τὸ ὅραμα τῆς ἐρήμου ὡς καταιγὶς δῑ ἐρήμου διέλθοι ἐξ ἐρήμου ἐρχομένη ἐκ γῆς φοβερὸν
Framsegn um Hav-øydemarki. Som ein framfarande storm i Sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.
2 τὸ ὅραμα καὶ σκληρὸν ἀνηγγέλη μοι ὁ ἀθετῶν ἀθετεῖ ὁ ἀνομῶν ἀνομεῖ ἐπ’ ἐμοὶ οἱ Αιλαμῖται καὶ οἱ πρέσβεις τῶν Περσῶν ἐπ’ ἐμὲ ἔρχονται νῦν στενάξω καὶ παρακαλέσω ἐμαυτόν
Ei hard syn er meg kunngjord: «Ransmenner ranar, hermenner herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! På kvar ein sukk vil eg gjera ende på.»
3 διὰ τοῦτο ἐνεπλήσθη ἡ ὀσφύς μου ἐκλύσεως καὶ ὠδῖνες ἔλαβόν με ὡς τὴν τίκτουσαν ἠδίκησα τὸ μὴ ἀκοῦσαι ἐσπούδασα τὸ μὴ βλέπειν
Difor skjelv mine lender, eg fær rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg er fortumla so eg ikkje kann høyra, eg er forfælt so eg ikkje kann sjå.
4 ἡ καρδία μου πλανᾶται καὶ ἡ ἀνομία με βαπτίζει ἡ ψυχή μου ἐφέστηκεν εἰς φόβον
Hjarta mitt er forvildra, rædsla vil kjøva meg. Kveldstundi som eg trådde etter, fyller meg med gruv.
5 ἑτοίμασον τὴν τράπεζαν πίετε φάγετε ἀναστάντες οἱ ἄρχοντες ἑτοιμάσατε θυρεούς
Dei dukar bord, dei breider tæpet, dei et og drikk. «Statt upp, hovdingar, salva skjoldarne!»
6 ὅτι οὕτως εἶπεν κύριος πρός με βαδίσας σεαυτῷ στῆσον σκοπὸν καὶ ὃ ἂν ἴδῃς ἀνάγγειλον
For so sagde Herren til meg: Gakk og set ut vaktmannen; det han fær sjå, skal han melda.
7 καὶ εἶδον ἀναβάτας ἱππεῖς δύο ἀναβάτην ὄνου καὶ ἀναβάτην καμήλου ἀκρόασαι ἀκρόασιν πολλὴν
Og um han ser ei skreid, ridarar par um par, ei skreid av asen, ei skreid av kamelar, so skal han merka seg det, grant merka seg det.
8 καὶ κάλεσον Ουριαν εἰς τὴν σκοπιὰν κυρίου καὶ εἶπεν ἔστην διὰ παντὸς ἡμέρας καὶ ἐπὶ τῆς παρεμβολῆς ἔστην ὅλην τὴν νύκτα
Og han ropa som ei løva: «Her stend eg på vakt so lang dagen er, og vert verande på min post natt etter natt.
9 καὶ ἰδοὺ αὐτὸς ἔρχεται ἀναβάτης συνωρίδος καὶ ἀποκριθεὶς εἶπεν πέπτωκεν Βαβυλών καὶ πάντα τὰ ἀγάλματα αὐτῆς καὶ τὰ χειροποίητα αὐτῆς συνετρίβησαν εἰς τὴν γῆν
Og sjå, no kjem her ei skreid av menner, ridarar par um par!» Og han tok til ords og sagde: «Falle, falle hev Babel! Alle avgudsbilæti deira hev han krasa og kasta til jordi.»
10 ἀκούσατε οἱ καταλελειμμένοι καὶ οἱ ὀδυνώμενοι ἀκούσατε ἃ ἤκουσα παρὰ κυρίου σαβαωθ ὁ θεὸς τοῦ Ισραηλ ἀνήγγειλεν ἡμῖν
Å, du mitt treskte folk, du offer for treskjarvollen! Det eg hev høyrt av Herren, allhers drott, Israels Gud, det hev eg meldt dykk.
11 τὸ ὅραμα τῆς Ιδουμαίας πρὸς ἐμὲ καλεῖ παρὰ τοῦ Σηιρ φυλάσσετε ἐπάλξεις
Framsegn um Duma. Dei ropar til meg frå Se’ir: «Vaktmann, kva lid det med natti? Vaktmann, kva lid det med natti?»
12 φυλάσσω τὸ πρωὶ καὶ τὴν νύκτα ἐὰν ζητῇς ζήτει καὶ παρ’ ἐμοὶ οἴκει
Vaktmannen svarar: «Morgonen kjem, men natti og. Vil de spyrja meir, so spør; kom att!»
13 ἐν τῷ δρυμῷ ἑσπέρας κοιμηθήσῃ ἐν τῇ ὁδῷ Δαιδαν
Framsegn mot Arabia. I skogen i Arabia skal de natta, de ferdafylgje av dedanitar.
14 εἰς συνάντησιν διψῶντι ὕδωρ φέρετε οἱ ἐνοικοῦντες ἐν χώρᾳ Θαιμαν ἄρτοις συναντᾶτε τοῖς φεύγουσιν
Kom dei tyrstande i møte med vatn, de folk frå Temalandet, kom dei rømande til hjelp med brød!
15 διὰ τὸ πλῆθος τῶν φευγόντων καὶ διὰ τὸ πλῆθος τῶν πλανωμένων καὶ διὰ τὸ πλῆθος τῆς μαχαίρας καὶ διὰ τὸ πλῆθος τῶν τοξευμάτων τῶν διατεταμένων καὶ διὰ τὸ πλῆθος τῶν πεπτωκότων ἐν τῷ πολέμῳ
For dei flyr undan sverd, drege sverd, og undan spend boge og undan den tunge ufreden.
16 ὅτι οὕτως εἶπέν μοι κύριος ἔτι ἐνιαυτὸς ὡς ἐνιαυτὸς μισθωτοῦ ἐκλείψει ἡ δόξα τῶν υἱῶν Κηδαρ
For soleis hev Herren sagt til meg: Um eit år, so som leigekaren reknar året, skal det vera ute med all herlegdomen åt Kedar.
17 καὶ τὸ κατάλοιπον τῶν τοξευμάτων τῶν ἰσχυρῶν υἱῶν Κηδαρ ἔσται ὀλίγον διότι κύριος ἐλάλησεν ὁ θεὸς Ισραηλ
Og lite skal det då vera att av bogarne åt kjemporne i Kedar. For Herren, Israels Gud, hev tala.