< Ὡσηέʹ 9 >
1 μὴ χαῖρε Ισραηλ μηδὲ εὐφραίνου καθὼς οἱ λαοί διότι ἐπόρνευσας ἀπὸ τοῦ θεοῦ σου ἠγάπησας δόματα ἐπὶ πάντα ἅλωνα σίτου
Gled deg ikkje, Israel, med fagnad liksom folki, av di du hev drive på med hor og dermed kome burt ifrå din Gud, du som hev havt din hugnad i skjøkjeløn på alle korn-treskjarstader.
2 ἅλων καὶ ληνὸς οὐκ ἔγνω αὐτούς καὶ ὁ οἶνος ἐψεύσατο αὐτούς
Treskjestaden og vinpersa skal ikkje kunna næra deim, og druvesafti skal mislukkast for deim.
3 οὐ κατῴκησαν ἐν τῇ γῇ τοῦ κυρίου κατῴκησεν Εφραιμ εἰς Αἴγυπτον καὶ ἐν Ἀσσυρίοις ἀκάθαρτα φάγονται
Ikkje skal dei få bu i Herrens land. Men Efraim skal attende til Egyptarland, og i Assur skal dei eta det som ureint er.
4 οὐκ ἔσπεισαν τῷ κυρίῳ οἶνον καὶ οὐχ ἥδυναν αὐτῷ αἱ θυσίαι αὐτῶν ὡς ἄρτος πένθους αὐτοῖς πάντες οἱ ἔσθοντες αὐτὰ μιανθήσονται διότι οἱ ἄρτοι αὐτῶν ταῖς ψυχαῖς αὐτῶν οὐκ εἰσελεύσονται εἰς τὸν οἶκον κυρίου
Dei skal ikkje renna ut vin til drykkoffer for Herren, og ikkje skal slagtofferi deira vera hugsame for honom; som syrgjebrød for deim. Alle som et av det, skal verta ureine. For brødet sitt hev dei berre for seg sjølve, det kjem ikkje i Herrens hus.
5 τί ποιήσετε ἐν ἡμέρᾳ πανηγύρεως καὶ ἐν ἡμέρᾳ ἑορτῆς τοῦ κυρίου
Kva skal de so gjera på helgedagen, på Herrens høgtidsdag?
6 διὰ τοῦτο ἰδοὺ πορεύσονται ἐκ ταλαιπωρίας Αἰγύπτου καὶ ἐκδέξεται αὐτοὺς Μέμφις καὶ θάψει αὐτοὺς Μαχμας τὸ ἀργύριον αὐτῶν ὄλεθρος κληρονομήσει ἄκανθαι ἐν τοῖς σκηνώμασιν αὐτῶν
For de skal vita at um dei slepp undan avøydingi, so vert det Egyptarlandet som samlar deim, Mof som fær å jorda deim. Sylvet deira, det dyre, skal netlor eiga, tistel veksa i tjeldbuderne deira.
7 ἥκασιν αἱ ἡμέραι τῆς ἐκδικήσεως ἥκασιν αἱ ἡμέραι τῆς ἀνταποδόσεώς σου καὶ κακωθήσεται Ισραηλ ὥσπερ ὁ προφήτης ὁ παρεξεστηκώς ἄνθρωπος ὁ πνευματοφόρος ὑπὸ τοῦ πλήθους τῶν ἀδικιῶν σου ἐπληθύνθη μανία σου
Dei kjem, heimsøkjingsdagarne, dei kjem, attergjeldsdagarne. Det fær nok Israel vita. Ein dåre er profeten, vitlaus er åndsmannen, for di store misgjerning skuld, og for din sterke fiendskap.
8 σκοπὸς Εφραιμ μετὰ θεοῦ προφήτης παγὶς σκολιὰ ἐπὶ πάσας τὰς ὁδοὺς αὐτοῦ μανίαν ἐν οἴκῳ κυρίου κατέπηξαν
Ein lurar er Efraim imot min Gud. Profeten - fuglefangarsnara på alle hans vegar, fiendskap i gudshuset hans!
9 ἐφθάρησαν κατὰ τὰς ἡμέρας τοῦ βουνοῦ μνησθήσεται ἀδικίας αὐτοῦ ἐκδικήσει ἁμαρτίας αὐτοῦ
Djupt i used hev dei sokke som i Gibea-dagarne. Men han hugsar misgjerningi deira, han heimsøkjer deira synder.
10 ὡς σταφυλὴν ἐν ἐρήμῳ εὗρον τὸν Ισραηλ καὶ ὡς σκοπὸν ἐν συκῇ πρόιμον εἶδον πατέρας αὐτῶν αὐτοὶ εἰσῆλθον πρὸς τὸν Βεελφεγωρ καὶ ἀπηλλοτριώθησαν εἰς αἰσχύνην καὶ ἐγένοντο οἱ ἠγαπημένοι ὡς οἱ ἐβδελυγμένοι
Liksom druvor i villmarki fann eg Israel. Som frumsefrukt på fiketre i den fyrste bering såg eg federne dykkar. Men dei kom til Ba’al-Peor, og vigde seg til skjemdarguden, og dei vart til styggedom liksom han som dei elska.
11 Εφραιμ ὡς ὄρνεον ἐξεπετάσθη αἱ δόξαι αὐτῶν ἐκ τόκων καὶ ὠδίνων καὶ συλλήμψεων
Efraim - som ein fugl skal herlegdomen hans fljuga burt. Ingen skal få born meir, ingen vera med barn, og ingen verta umhender.
12 διότι καὶ ἐὰν ἐκθρέψωσιν τὰ τέκνα αὐτῶν ἀτεκνωθήσονται ἐξ ἀνθρώπων διότι καὶ οὐαὶ αὐτοῖς ἐστιν σάρξ μου ἐξ αὐτῶν
For um dei el upp borni sine, so gjer eg deim barnlause, so det ikkje finst menneskje att. Ja, usæle er og dei sjølve når eg gjeng ifrå deim!
13 Εφραιμ ὃν τρόπον εἶδον εἰς θήραν παρέστησαν τὰ τέκνα αὐτῶν καὶ Εφραιμ τοῦ ἐξαγαγεῖν εἰς ἀποκέντησιν τὰ τέκνα αὐτοῦ
Efraim, som eg ser honom alt burt til Tyrus, er planta på ein eng. Men Efraim skal verta nøydd til å føra borni sine ut til rettarmannen.
14 δὸς αὐτοῖς κύριε τί δώσεις αὐτοῖς δὸς αὐτοῖς μήτραν ἀτεκνοῦσαν καὶ μαστοὺς ξηρούς
Gjev deim, Herre! Kva skal du gjeva deim? Gjev deim moderfang som føder i utid, og brjost som turkast upp.
15 πᾶσαι αἱ κακίαι αὐτῶν εἰς Γαλγαλ ὅτι ἐκεῖ αὐτοὺς ἐμίσησα διὰ τὰς κακίας τῶν ἐπιτηδευμάτων αὐτῶν ἐκ τοῦ οἴκου μου ἐκβαλῶ αὐτούς οὐ μὴ προσθήσω τοῦ ἀγαπῆσαι αὐτούς πάντες οἱ ἄρχοντες αὐτῶν ἀπειθοῦντες
All deira vondskap er samla i Gilgal. Ja, der fekk eg hat til deim. For deira vonde åtferd skuld vil eg driva deim ut or mitt hus. Ikkje skal eg elska deim lenger. Alle deira førarar er upprørarar.
16 ἐπόνεσεν Εφραιμ τὰς ῥίζας αὐτοῦ ἐξηράνθη καρπὸν οὐκέτι μὴ ἐνέγκῃ διότι καὶ ἐὰν γεννήσωσιν ἀποκτενῶ τὰ ἐπιθυμήματα κοιλίας αὐτῶν
Stungen er Efraim, roti deira turka, frukt skal dei ikkje bera. Og um dei fær born, drep eg den dyre livsfrukti deira.
17 ἀπώσεται αὐτοὺς ὁ θεός ὅτι οὐκ εἰσήκουσαν αὐτοῦ καὶ ἔσονται πλανῆται ἐν τοῖς ἔθνεσιν
Min Gud skal støyta deim burt; for ikkje lydde deim på honom, og dei skal flakka heimlause ikring millom folki.