< Ὡσηέʹ 10 >
1 ἄμπελος εὐκληματοῦσα Ισραηλ ὁ καρπὸς αὐτῆς εὐθηνῶν κατὰ τὸ πλῆθος τῶν καρπῶν αὐτοῦ ἐπλήθυνεν τὰ θυσιαστήρια κατὰ τὰ ἀγαθὰ τῆς γῆς αὐτοῦ ᾠκοδόμησεν στήλας
Eit rikt vintre er Israel og ber frukt. Men di meir frukt han fekk, di meir auka han talet altari sine. Di betre det gjekk for landet hans, di betre gjorde han minnesteinarne.
2 ἐμέρισαν καρδίας αὐτῶν νῦν ἀφανισθήσονται αὐτὸς κατασκάψει τὰ θυσιαστήρια αὐτῶν ταλαιπωρήσουσιν αἱ στῆλαι αὐτῶν
Hjarto deira var falske, no skal dei få bøta. Han skal brjota ned altari deira og slå sund deira minnesteinar.
3 διότι νῦν ἐροῦσιν οὐκ ἔστιν βασιλεὺς ἡμῖν ὅτι οὐκ ἐφοβήθημεν τὸν κύριον ὁ δὲ βασιλεὺς τί ποιήσει ἡμῖν
Ja, no skal dei segja: «Ingen konge hev me, for me hev ikkje ottast Herren. Og kongen, kva kann vel han gjera for oss?»
4 λαλῶν ῥήματα προφάσεις ψευδεῖς διαθήσεται διαθήκην ἀνατελεῖ ὡς ἄγρωστις κρίμα ἐπὶ χέρσον ἀγροῦ
Tala tome ord, sverja falskt, gjera semja! Og domen renn upp som beiskt ugras på åkerforerne.
5 τῷ μόσχῳ τοῦ οἴκου Ων παροικήσουσιν οἱ κατοικοῦντες Σαμάρειαν ὅτι ἐπένθησεν ὁ λαὸς αὐτοῦ ἐπ’ αὐτόν καὶ καθὼς παρεπίκραναν αὐτόν ἐπιχαροῦνται ἐπὶ τὴν δόξαν αὐτοῦ ὅτι μετῳκίσθη ἀπ’ αὐτοῦ
For kalven i Bet-Aven er Samaria-buarne ottefulle. Ja, folket hans syrgjer yver honom, og prestarne hans skjelv for honom, for herlegdomen hans, av di han er førd burt ifrå honom.
6 καὶ αὐτὸν εἰς Ἀσσυρίους δήσαντες ἀπήνεγκαν ξένια τῷ βασιλεῖ Ιαριμ ἐν δόματι Εφραιμ δέξεται καὶ αἰσχυνθήσεται Ισραηλ ἐν τῇ βουλῇ αὐτοῦ
Han sjølv skal førast til Assur, ei gåva til kong Jareb. Skam skal Efraim henta seg, skjemmast skal Israel for rådgjerdi si.
7 ἀπέρριψεν Σαμάρεια βασιλέα αὐτῆς ὡς φρύγανον ἐπὶ προσώπου ὕδατος
Ute er det med Samaria-kongen, som ei treflis på vatnet rek han av.
8 καὶ ἐξαρθήσονται βωμοὶ Ων ἁμαρτήματα τοῦ Ισραηλ ἄκανθαι καὶ τρίβολοι ἀναβήσονται ἐπὶ τὰ θυσιαστήρια αὐτῶν καὶ ἐροῦσιν τοῖς ὄρεσιν καλύψατε ἡμᾶς καὶ τοῖς βουνοῖς πέσατε ἐφ’ ἡμᾶς
Øydast skal Avens offerhaugar, Israels synd. Torn og tistel skal renna upp på altari deira. Og dei skal segja til fjelli: «Gøym oss!» og til haugarne: «Velt dykk yver oss!»
9 ἀφ’ οὗ οἱ βουνοί ἥμαρτεν Ισραηλ ἐκεῖ ἔστησαν οὐ μὴ καταλάβῃ αὐτοὺς ἐν τῷ βουνῷ πόλεμος ἐπὶ τὰ τέκνα ἀδικίας
Radt ifrå Gibea-dagarne hev du synda, Israel! Der hev du stade. Skulde han ikkje nå deim i Gibea, krigen mot nidingarne?
10 ἦλθεν παιδεῦσαι αὐτούς καὶ συναχθήσονται ἐπ’ αὐτοὺς λαοὶ ἐν τῷ παιδεύεσθαι αὐτοὺς ἐν ταῖς δυσὶν ἀδικίαις αὐτῶν
Når eg hev hug til det, tuktar eg deim. Og folki samlar seg imot deim og bind deim fast til tvifalds-syndi deira.
11 Εφραιμ δάμαλις δεδιδαγμένη ἀγαπᾶν νεῖκος ἐγὼ δὲ ἐπελεύσομαι ἐπὶ τὸ κάλλιστον τοῦ τραχήλου αὐτῆς ἐπιβιβῶ Εφραιμ καὶ παρασιωπήσομαι Ιουδαν ἐνισχύσει αὐτῷ Ιακωβ
Og Efraim er ei tamd kviga som likar å treskja. Og eg hev spart den fagre halsen hennar. No vil eg leggja oket på Efraim. Juda skal pløgja, Jakob skal horva.
12 σπείρατε ἑαυτοῖς εἰς δικαιοσύνην τρυγήσατε εἰς καρπὸν ζωῆς φωτίσατε ἑαυτοῖς φῶς γνώσεως ἐκζητήσατε τὸν κύριον ἕως τοῦ ἐλθεῖν γενήματα δικαιοσύνης ὑμῖν
Så åt dykk som rettferd krev, hausta etter kjærleiks lov! Brjot dykk nybrot! For det er tid til å søkja Herren, so han kann koma og lata rettferd regna yver dykk.
13 ἵνα τί παρεσιωπήσατε ἀσέβειαν καὶ τὰς ἀδικίας αὐτῆς ἐτρυγήσατε ἐφάγετε καρπὸν ψευδῆ ὅτι ἤλπισας ἐν τοῖς ἅρμασίν σου ἐν πλήθει δυνάμεώς σου
De hev pløgt gudløysa, rettløysa hev de hausta. De hev ete lygjefrukt, med di du hev sett lit til vegen din, til mengdi av kjemporne dine.
14 καὶ ἐξαναστήσεται ἀπώλεια ἐν τῷ λαῷ σου καὶ πάντα τὰ περιτετειχισμένα σου οἰχήσεται ὡς ἄρχων Σαλαμαν ἐκ τοῦ οἴκου Ιεροβααλ ἐν ἡμέραις πολέμου μητέρα ἐπὶ τέκνοις ἠδάφισαν
Med det reiser seg ein stridsdun millom fylki dine, og alle borgfesti dine skal falla, liksom Bet-Arbel vart lagt i øyde av Salman den stridsdagen då dei krasa både mor og barn.
15 οὕτως ποιήσω ὑμῖν οἶκος τοῦ Ισραηλ ἀπὸ προσώπου κακιῶν ὑμῶν ὄρθρου ἀπερρίφησαν ἀπερρίφη βασιλεὺς Ισραηλ
Slikt skal Betel føra yver dykk for dykkar store vondskap. Når morgonen rodar, er det ute, ute med Israels-kongen.