< Γένεσις 20 >

1 καὶ ἐκίνησεν ἐκεῖθεν Αβρααμ εἰς γῆν πρὸς λίβα καὶ ᾤκησεν ἀνὰ μέσον Καδης καὶ ἀνὰ μέσον Σουρ καὶ παρῴκησεν ἐν Γεραροις
So flutte Abraham derifrå til Sudlandet og sette seg ned millom Kades og Sur, og sidan heldt han til i Gerar.
2 εἶπεν δὲ Αβρααμ περὶ Σαρρας τῆς γυναικὸς αὐτοῦ ὅτι ἀδελφή μού ἐστιν ἐφοβήθη γὰρ εἰπεῖν ὅτι γυνή μού ἐστιν μήποτε ἀποκτείνωσιν αὐτὸν οἱ ἄνδρες τῆς πόλεως δῑ αὐτήν ἀπέστειλεν δὲ Αβιμελεχ βασιλεὺς Γεραρων καὶ ἔλαβεν τὴν Σαρραν
Og Abraham sagde um Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Og Abimelek, kongen i Gerar, sende folk ut, og tok Sara.
3 καὶ εἰσῆλθεν ὁ θεὸς πρὸς Αβιμελεχ ἐν ὕπνῳ τὴν νύκτα καὶ εἶπεν ἰδοὺ σὺ ἀποθνῄσκεις περὶ τῆς γυναικός ἧς ἔλαβες αὕτη δέ ἐστιν συνῳκηκυῖα ἀνδρί
Då kom Gud um natti til Abimelek i draume, og sagde til honom: «No lyt du døy, for di du hev teke denne kvinna; for ho er ei gift kona.»
4 Αβιμελεχ δὲ οὐχ ἥψατο αὐτῆς καὶ εἶπεν κύριε ἔθνος ἀγνοοῦν καὶ δίκαιον ἀπολεῖς
Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne. Og han sagde: «Herre, vil du då drepa rettvise folk og?
5 οὐκ αὐτός μοι εἶπεν ἀδελφή μού ἐστιν καὶ αὐτή μοι εἶπεν ἀδελφός μού ἐστιν ἐν καθαρᾷ καρδίᾳ καὶ ἐν δικαιοσύνῃ χειρῶν ἐποίησα τοῦτο
Sagde han ikkje sjølv med meg: «Ho er syster mi»? Og ho, ho sagde og: «Han er bror min.» Med skuldlaust hjarta og reine hender gjorde eg dette.»
6 εἶπεν δὲ αὐτῷ ὁ θεὸς καθ’ ὕπνον κἀγὼ ἔγνων ὅτι ἐν καθαρᾷ καρδίᾳ ἐποίησας τοῦτο καὶ ἐφεισάμην ἐγώ σου τοῦ μὴ ἁμαρτεῖν σε εἰς ἐμέ ἕνεκεν τούτου οὐκ ἀφῆκά σε ἅψασθαι αὐτῆς
Då sagde Gud til honom i draume: «Ja, eg veit at du gjorde det med skuldlaust hjarta, og det var eg sjølv som heldt deg ifrå å synda mot meg, med di eg ikkje let deg få røra henne.
7 νῦν δὲ ἀπόδος τὴν γυναῖκα τῷ ἀνθρώπῳ ὅτι προφήτης ἐστὶν καὶ προσεύξεται περὶ σοῦ καὶ ζήσῃ εἰ δὲ μὴ ἀποδίδως γνῶθι ὅτι ἀποθανῇ σὺ καὶ πάντα τὰ σά
Lat no du mannen få att kona si; for han er ein gudsmann - so bed han for deg, og då fær du liva. Men gjev du henne ikkje ifrå deg, so må du vita at du skal døy, både du og alle dine.»
8 καὶ ὤρθρισεν Αβιμελεχ τὸ πρωὶ καὶ ἐκάλεσεν πάντας τοὺς παῖδας αὐτοῦ καὶ ἐλάλησεν πάντα τὰ ῥήματα ταῦτα εἰς τὰ ὦτα αὐτῶν ἐφοβήθησαν δὲ πάντες οἱ ἄνθρωποι σφόδρα
Um morgonen tidleg reis Abimelek upp og kalla kring seg alle mennerne sine og sagde alt dette med deim, og kararne vart ovleg rædde.
9 καὶ ἐκάλεσεν Αβιμελεχ τὸν Αβρααμ καὶ εἶπεν αὐτῷ τί τοῦτο ἐποίησας ἡμῖν μή τι ἡμάρτομεν εἰς σέ ὅτι ἐπήγαγες ἐπ’ ἐμὲ καὶ ἐπὶ τὴν βασιλείαν μου ἁμαρτίαν μεγάλην ἔργον ὃ οὐδεὶς ποιήσει πεποίηκάς μοι
Og Abimelek kalla til seg Abraham, og sagde med honom: «Kvi gjorde du dette mot oss? Kva vondt hadde eg gjort deg, sidan du vilde leggja so stor ei synd på meg og riket mitt? Du hev fare åt imot meg som ingen skulde fara åt!
10 εἶπεν δὲ Αβιμελεχ τῷ Αβρααμ τί ἐνιδὼν ἐποίησας τοῦτο
Kva meinte du med det at du gjorde dette?» sagde Abimelek med Abraham.
11 εἶπεν δὲ Αβρααμ εἶπα γάρ ἄρα οὐκ ἔστιν θεοσέβεια ἐν τῷ τόπῳ τούτῳ ἐμέ τε ἀποκτενοῦσιν ἕνεκεν τῆς γυναικός μου
Då sagde Abraham: «Eg tenkte det: «Dei hev visst ingen age for Gud i dette landet; dei kjem til å drepa meg for kona skuld.»
12 καὶ γὰρ ἀληθῶς ἀδελφή μού ἐστιν ἐκ πατρός ἀλλ’ οὐκ ἐκ μητρός ἐγενήθη δέ μοι εἰς γυναῖκα
Og so er ho og i røyndi syster mi, dotter åt far min, men ikkje dotter åt mor mi. Og ho vart kona mi.
13 ἐγένετο δὲ ἡνίκα ἐξήγαγέν με ὁ θεὸς ἐκ τοῦ οἴκου τοῦ πατρός μου καὶ εἶπα αὐτῇ ταύτην τὴν δικαιοσύνην ποιήσεις ἐπ’ ἐμέ εἰς πάντα τόπον οὗ ἐὰν εἰσέλθωμεν ἐκεῖ εἰπὸν ἐμὲ ὅτι ἀδελφός μού ἐστιν
Og då Gud let meg fara frå heimen min ut i vide verdi, då sagde eg med henne: «Dette lyt du gjera for mi skuld: kvar me kjem helst, so seg um meg: «Han er bror min.»»»
14 ἔλαβεν δὲ Αβιμελεχ χίλια δίδραχμα πρόβατα καὶ μόσχους καὶ παῖδας καὶ παιδίσκας καὶ ἔδωκεν τῷ Αβρααμ καὶ ἀπέδωκεν αὐτῷ Σαρραν τὴν γυναῖκα αὐτοῦ
So tok Abimelek både sauer og naut og drengjer og gjentor og gav Abraham, og let honom få att Sara, kona si.
15 καὶ εἶπεν Αβιμελεχ τῷ Αβρααμ ἰδοὺ ἡ γῆ μου ἐναντίον σου οὗ ἐάν σοι ἀρέσκῃ κατοίκει
Og Abimelek sagde: «Sjå, her hev du landet mitt fyre deg; bu der du helst vil!»
16 τῇ δὲ Σαρρα εἶπεν ἰδοὺ δέδωκα χίλια δίδραχμα τῷ ἀδελφῷ σου ταῦτα ἔσται σοι εἰς τιμὴν τοῦ προσώπου σου καὶ πάσαις ταῖς μετὰ σοῦ καὶ πάντα ἀλήθευσον
Og med Sara sagde han: «Sjå, her gjev eg bror din tusund sylvdalar. Det skal vera ei ærebot for deg hjå alle som er med deg, so kvar og ein kann sjå du er saklaus.»
17 προσηύξατο δὲ Αβρααμ πρὸς τὸν θεόν καὶ ἰάσατο ὁ θεὸς τὸν Αβιμελεχ καὶ τὴν γυναῖκα αὐτοῦ καὶ τὰς παιδίσκας αὐτοῦ καὶ ἔτεκον
So bad Abraham til Gud for deim, og Gud lækte Abimelek og kona hans og ternorne hans, so dei fekk born.
18 ὅτι συγκλείων συνέκλεισεν κύριος ἔξωθεν πᾶσαν μήτραν ἐν τῷ οἴκῳ τοῦ Αβιμελεχ ἕνεκεν Σαρρας τῆς γυναικὸς Αβρααμ
For Herren hadde heiltupp stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek for Sara skuld, kona hans Abraham.

< Γένεσις 20 >