< Ἰεζεκιήλ 8 >
1 καὶ ἐγένετο ἐν τῷ ἕκτῳ ἔτει ἐν τῷ πέμπτῳ μηνὶ πέμπτῃ τοῦ μηνὸς ἐγὼ ἐκαθήμην ἐν τῷ οἴκῳ καὶ οἱ πρεσβύτεροι Ιουδα ἐκάθηντο ἐνώπιόν μου καὶ ἐγένετο ἐπ’ ἐμὲ χεὶρ κυρίου
Og det hende i det sette året, den femte dagen i sette månaden, medan eg sat i huset mitt, og styresmennerne i Juda sat framfor mi åsyn, at Herrens, Herrens hand fall på meg der.
2 καὶ εἶδον καὶ ἰδοὺ ὁμοίωμα ἀνδρός ἀπὸ τῆς ὀσφύος αὐτοῦ καὶ ἕως κάτω πῦρ καὶ ἀπὸ τῆς ὀσφύος αὐτοῦ ὑπεράνω ὡς ὅρασις ἠλέκτρου
Og eg såg, og sjå, ein skapnad, sjåande til som eld; frå det som var sjåande av lenderne hans og nedetter som eld, og frå hans lender og uppetter var det som ei glima, som sylvblanda gull.
3 καὶ ἐξέτεινεν ὁμοίωμα χειρὸς καὶ ἀνέλαβέν με τῆς κορυφῆς μου καὶ ἀνέλαβέν με πνεῦμα ἀνὰ μέσον τῆς γῆς καὶ ἀνὰ μέσον τοῦ οὐρανοῦ καὶ ἤγαγέν με εἰς Ιερουσαλημ ἐν ὁράσει θεοῦ ἐπὶ τὰ πρόθυρα τῆς πύλης τῆς ἐσωτέρας τῆς βλεπούσης πρὸς βορρᾶν οὗ ἦν ἡ στήλη τοῦ κτωμένου
Og han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og åndi lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn til den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-bilætet stod, det som valda harm.
4 καὶ ἰδοὺ ἐκεῖ ἦν δόξα κυρίου θεοῦ Ισραηλ κατὰ τὴν ὅρασιν ἣν εἶδον ἐν τῷ πεδίῳ
Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, liksom den syni eg hadde set i dalen.
5 καὶ εἶπεν πρός με υἱὲ ἀνθρώπου ἀνάβλεψον τοῖς ὀφθαλμοῖς σου πρὸς βορρᾶν καὶ ἀνέβλεψα τοῖς ὀφθαλμοῖς μου πρὸς βορρᾶν καὶ ἰδοὺ ἀπὸ βορρᾶ ἐπὶ τὴν πύλην τὴν πρὸς ἀνατολάς
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Lyft augo dine nordetter!» Og eg lyfte augo nordetter, og sjå, nordanfor altarporten var dette harmings-bilætet attmed inngangen.
6 καὶ εἶπεν πρός με υἱὲ ἀνθρώπου ἑώρακας τί οὗτοι ποιοῦσιν ἀνομίας μεγάλας ποιοῦσιν ὧδε τοῦ ἀπέχεσθαι ἀπὸ τῶν ἁγίων μου καὶ ἔτι ὄψει ἀνομίας μείζονας
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Ser du kva dei gjer? Store styggjor er det som Israels-lyden gjer her, so eg lyt fara langt burt ifrå heilagdomen min. Men du skal få sjå store styggjor.»
7 καὶ εἰσήγαγέν με ἐπὶ τὰ πρόθυρα τῆς αὐλῆς
Og han let meg koma til inngangen åt fyregarden. Og eg såg, å sjå, det var eit hol i veggen.
8 καὶ εἶπεν πρός με υἱὲ ἀνθρώπου ὄρυξον καὶ ὤρυξα καὶ ἰδοὺ θύρα μία
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Brjot igjenom veggen!» Og eg braut meg igjenom veggen, og sjå, der var ei dør.
9 καὶ εἶπεν πρός με εἴσελθε καὶ ἰδὲ τὰς ἀνομίας ἃς οὗτοι ποιοῦσιν ὧδε
Og han sagde med meg: «Gakk inn og sjå dei vonde styggjor som dei gjer der!»
10 καὶ εἰσῆλθον καὶ εἶδον καὶ ἰδοὺ μάταια βδελύγματα καὶ πάντα τὰ εἴδωλα οἴκου Ισραηλ διαγεγραμμένα ἐπ’ αὐτοῦ κύκλῳ
Og eg gjekk inn og såg, og sjå, der var alle slag bilæte av krek og firføtingar, styggedom, og alle dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden, innrita på veggjerne rundt ikring.
11 καὶ ἑβδομήκοντα ἄνδρες ἐκ τῶν πρεσβυτέρων οἴκου Ισραηλ καὶ Ιεζονιας ὁ τοῦ Σαφαν ἐν μέσῳ αὐτῶν εἱστήκει πρὸ προσώπου αὐτῶν καὶ ἕκαστος θυμιατήριον αὐτοῦ εἶχεν ἐν τῇ χειρί καὶ ἡ ἀτμὶς τοῦ θυμιάματος ἀνέβαινεν
Og framfyre deim stod sytti mann, styresmennerne i Israels-lyden, og Ja’azanja Safansson stod midt imillom deim, og kvar og ein hadde eit røykjelseskjerald i handi, og det steig upp ange av røykjelseskyi.
12 καὶ εἶπεν πρός με υἱὲ ἀνθρώπου ἑώρακας ἃ οἱ πρεσβύτεροι τοῦ οἴκου Ισραηλ ποιοῦσιν ἕκαστος αὐτῶν ἐν τῷ κοιτῶνι τῷ κρυπτῷ αὐτῶν διότι εἶπαν οὐχ ὁρᾷ ὁ κύριος ἐγκαταλέλοιπεν κύριος τὴν γῆν
Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson, kva styresmennerne i Israels-lyden fer med i myrkret, kvar i sitt bilæt-rom? For dei segjer: «Herren ser oss ikkje; Herren hev vendt seg burt frå landet.»»
13 καὶ εἶπεν πρός με ἔτι ὄψει ἀνομίας μείζονας ἃς οὗτοι ποιοῦσιν
Og han sagde med meg: «Du skal enn få sjå store styggjor som dei fer med.»
14 καὶ εἰσήγαγέν με ἐπὶ τὰ πρόθυρα τῆς πύλης οἴκου κυρίου τῆς βλεπούσης πρὸς βορρᾶν καὶ ἰδοὺ ἐκεῖ γυναῖκες καθήμεναι θρηνοῦσαι τὸν Θαμμουζ
Og han let meg koma åt inngangen til porten på Herrens hus, den som snur mot nord. Og sjå, der sat kvinnorne og gret for Tammus.
15 καὶ εἶπεν πρός με υἱὲ ἀνθρώπου ἑώρακας καὶ ἔτι ὄψει ἐπιτηδεύματα μείζονα τούτων
Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson? Du skal enn få sjå styggjor, større enn desse.»
16 καὶ εἰσήγαγέν με εἰς τὴν αὐλὴν οἴκου κυρίου τὴν ἐσωτέραν καὶ ἰδοὺ ἐπὶ τῶν προθύρων τοῦ ναοῦ κυρίου ἀνὰ μέσον τῶν αιλαμ καὶ ἀνὰ μέσον τοῦ θυσιαστηρίου ὡς εἴκοσι ἄνδρες τὰ ὀπίσθια αὐτῶν πρὸς τὸν ναὸν τοῦ κυρίου καὶ τὰ πρόσωπα αὐτῶν ἀπέναντι καὶ οὗτοι προσκυνοῦσιν τῷ ἡλίῳ
Og han let meg koma i den indre fyregarden til Herrens hus. Og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner; dei snudde ryggen til Herrens tempel og andliti i aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli.
17 καὶ εἶπεν πρός με ἑώρακας υἱὲ ἀνθρώπου μὴ μικρὰ τῷ οἴκῳ Ιουδα τοῦ ποιεῖν τὰς ἀνομίας ἃς πεποιήκασιν ὧδε διότι ἔπλησαν τὴν γῆν ἀνομίας καὶ ἰδοὺ αὐτοὶ ὡς μυκτηρίζοντες
Og han sagde med meg: «Hev du set det, menneskjeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera dei styggjor dei her hev gjort, men måtte fylla landet med vald og atter harma meg upp? Og sjå kor dei no held kvisten upp for nosi!
18 καὶ ἐγὼ ποιήσω αὐτοῖς μετὰ θυμοῦ οὐ φείσεται ὁ ὀφθαλμός μου οὐδὲ μὴ ἐλεήσω
So vil då eg og fara fram i vreide; mitt auga skal ikkje spara, og miskunn gjer eg ikkje. Og um dei ropar for mine øyro med sterkt mål, so vil eg ikkje høyra deim.»