< Ἰεζεκιήλ 24 >
1 καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με ἐν τῷ ἔτει τῷ ἐνάτῳ ἐν τῷ μηνὶ τῷ δεκάτῳ δεκάτῃ τοῦ μηνὸς λέγων
Og Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i tiande månaden; han sagde:
2 υἱὲ ἀνθρώπου γράψον σεαυτῷ εἰς ἡμέραν ἀπὸ τῆς ἡμέρας ταύτης ἀφ’ ἧς ἀπηρείσατο βασιλεὺς Βαβυλῶνος ἐπὶ Ιερουσαλημ ἀπὸ τῆς ἡμέρας τῆς σήμερον
Menneskjeson! Skriv deg upp namnet på dagen - nett denne dagen! Babel-kongen er nådd til Jerusalem nett i denne dag.
3 καὶ εἰπὸν ἐπὶ τὸν οἶκον τὸν παραπικραίνοντα παραβολὴν καὶ ἐρεῖς πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος ἐπίστησον τὸν λέβητα καὶ ἔκχεον εἰς αὐτὸν ὕδωρ
Og tala i ein liknad til den tråssuge lyden og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Set på gryta, set henne på, og slå vatn uppi henne!
4 καὶ ἔμβαλε εἰς αὐτὸν τὰ διχοτομήματα πᾶν διχοτόμημα καλόν σκέλος καὶ ὦμον ἐκσεσαρκισμένα ἀπὸ τῶν ὀστῶν
Hav kjøtstykki nedi henne, gode stykke alle, lår og bog! Fyll henne med dei likaste mergbein!
5 ἐξ ἐπιλέκτων κτηνῶν εἰλημμένων καὶ ὑπόκαιε τὰ ὀστᾶ ὑποκάτω αὐτῶν ἔζεσεν ἔζεσεν καὶ ἥψηται τὰ ὀστᾶ αὐτῆς ἐν μέσῳ αὐτῆς
Tak av det likaste av småfenaden! Gjer so eit eldsmål uppunder henne for beini skuld! Lat det fosskoka! Beini nedi henne kokar alt.
6 διὰ τοῦτο τάδε λέγει κύριος ὦ πόλις αἱμάτων λέβης ἐν ᾧ ἐστιν ἰὸς ἐν αὐτῷ καὶ ὁ ἰὸς οὐκ ἐξῆλθεν ἐξ αὐτῆς κατὰ μέλος αὐτῆς ἐξήνεγκεν οὐκ ἔπεσεν ἐπ’ αὐτὴν κλῆρος
Difor, so segjer Herren, Herren: Usæl vere blodbyen: ei gryta med gravrust i, og hennar gravrust gjekk ikkje av henne! Tak utor henne stykke for stykke! det vert ikkje lutkasting um radi.
7 ὅτι αἷμα αὐτῆς ἐν μέσῳ αὐτῆς ἐστιν ἐπὶ λεωπετρίαν τέταχα αὐτό οὐκ ἐκκέχυκα αὐτὸ ἐπὶ τὴν γῆν τοῦ καλύψαι ἐπ’ αὐτὸ γῆν
For blodet ho hev rent ut, er der endå; på eit bert svadberg hev ho helt det ut, ho hev ikkje rent det ut på jordi, so moldi kunde løyna det.
8 τοῦ ἀναβῆναι θυμὸν εἰς ἐκδίκησιν ἐκδικηθῆναι δέδωκα τὸ αἷμα αὐτῆς ἐπὶ λεωπετρίαν τοῦ μὴ καλύψαι αὐτό
For at harm kunde hevjast og hemnen nå, hev eg late blodet koma på berre svadet, so det ikkje skulde verta løynt.
9 διὰ τοῦτο τάδε λέγει κύριος κἀγὼ μεγαλυνῶ τὸν δαλὸν
Difor, so segjer Herren, Herren: Usæl vere blodbyen! Eg og vil gjera eldsmålet stort.
10 καὶ πληθυνῶ τὰ ξύλα καὶ ἀνακαύσω τὸ πῦρ ὅπως τακῇ τὰ κρέα καὶ ἐλαττωθῇ ὁ ζωμὸς
Legg på dugeleg med ved, kveik upp elden! Koka krafti or kjøtet, og lat sodet verta innkoka, so beini vert brende!
11 καὶ στῇ ἐπὶ τοὺς ἄνθρακας ὅπως προσκαυθῇ καὶ θερμανθῇ ὁ χαλκὸς αὐτῆς καὶ τακῇ ἐν μέσῳ ἀκαθαρσίας αὐτῆς καὶ ἐκλίπῃ ὁ ἰὸς αὐτῆς
Og lat henne standa tom på gløderne, so ho vert heit og koparen glodheit, so ureinska kann smelta utor henne og gravrusti tærast burt.
12 καὶ οὐ μὴ ἐξέλθῃ ἐξ αὐτῆς πολὺς ὁ ἰὸς αὐτῆς καταισχυνθήσεται ὁ ἰὸς αὐτῆς
Eg møddest so sårt med henne, men av gjekk ho ikkje, denne tjukke rusti. I elden då med henne!
13 ἀνθ’ ὧν ἐμιαίνου σύ καὶ τί ἐὰν μὴ καθαρισθῇς ἔτι ἕως οὗ ἐμπλήσω τὸν θυμόν μου
Di ureinska er vorti ei skjemd; etter di eg freista å reinsa deg, men du ikkje vart rein, so skal du ikkje verta rein heretter, fyrr eg fær døyva min harm på deg.
14 ἐγὼ κύριος λελάληκα καὶ ἥξει καὶ ποιήσω οὐ διαστελῶ οὐδὲ μὴ ἐλεήσω κατὰ τὰς ὁδούς σου καὶ κατὰ τὰ ἐνθυμήματά σου κρινῶ σε λέγει κύριος διὰ τοῦτο ἐγὼ κρινῶ σε κατὰ τὰ αἵματά σου καὶ κατὰ τὰ ἐνθυμήματά σου κρινῶ σε ἡ ἀκάθαρτος ἡ ὀνομαστὴ καὶ πολλὴ τοῦ παραπικραίνειν
Eg, Herren, hev tala; det kjem, og eg vil setja det i verk. Eg let det ikkje ugjort, og ikkje vil eg spara og ikkje angra. Etter dine vegar og dine gjerningar skal dei døma deg, segjer Herren, Herren.
15 καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
Og Herren ord kom til meg; han sagde:
16 υἱὲ ἀνθρώπου ἰδοὺ ἐγὼ λαμβάνω ἐκ σοῦ τὰ ἐπιθυμήματα τῶν ὀφθαλμῶν σου ἐν παρατάξει οὐ μὴ κοπῇς οὐδὲ μὴ κλαυσθῇς
Menneskjeson! Sjå, eg tek frå deg den dine augo hev hugnad i, ved eit slag. Men du skal ikkje barma deg og ikkje gråta, og ikkje ei tåra må renna.
17 στεναγμὸς αἵματος ὀσφύος πένθους ἐστίν οὐκ ἔσται τὸ τρίχωμά σου συμπεπλεγμένον ἐπὶ σὲ καὶ τὰ ὑποδήματά σου ἐν τοῖς ποσίν σου οὐ μὴ παρακληθῇς ἐν χείλεσιν αὐτῶν καὶ ἄρτον ἀνδρῶν οὐ μὴ φάγῃς
Sukka i løynd! men syrgjelag yver den daude må du ikkje gjera. Bitt huva di på deg, og tak skorne på føterne dine, og breid ikkje noko utyver skjegget, og et ikkje folks brød!
18 καὶ ἐλάλησα πρὸς τὸν λαὸν τὸ πρωὶ ὃν τρόπον ἐνετείλατό μοι καὶ ἀπέθανεν ἡ γυνή μου ἑσπέρας καὶ ἐποίησα τὸ πρωὶ ὃν τρόπον ἐπετάγη μοι
Og eg tala til folket um morgonen, og kona mi døydde um kvelden. Og morgonen etter gjorde eg som eg var fyresagd.
19 καὶ εἶπεν πρός με ὁ λαός οὐκ ἀναγγελεῖς ἡμῖν τί ἐστιν ταῦτα ἃ σὺ ποιεῖς
Då sagde folket med meg: «Vil du ikkje segja oss kva det skal tyda åt oss, det du gjer?»
20 καὶ εἶπα πρὸς αὐτούς λόγος κυρίου πρός με ἐγένετο λέγων
Og eg sagde med deim: Herrens ord kom til meg; han sagde:
21 εἰπὸν πρὸς τὸν οἶκον τοῦ Ισραηλ τάδε λέγει κύριος ἰδοὺ ἐγὼ βεβηλῶ τὰ ἅγιά μου φρύαγμα ἰσχύος ὑμῶν ἐπιθυμήματα ὀφθαλμῶν ὑμῶν καὶ ὑπὲρ ὧν φείδονται αἱ ψυχαὶ ὑμῶν καὶ οἱ υἱοὶ ὑμῶν καὶ αἱ θυγατέρες ὑμῶν οὓς ἐγκατελίπετε ἐν ῥομφαίᾳ πεσοῦνται
Seg med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vanhelgar min heilagdom, som de lit på i ovmod, som dykkar augo hev hugnad i, og dykkar sjæl trår etter. Og dykkar søner og døtter, som de hev leivt etter dykk, skal falla for sverd.
22 καὶ ποιήσετε ὃν τρόπον πεποίηκα ἀπὸ στόματος αὐτῶν οὐ παρακληθήσεσθε καὶ ἄρτον ἀνδρῶν οὐ φάγεσθε
Då skal de gjera likeins som eg hev gjort; de skal ikkje breida noko yver skjegget og ikkje eta folks brød.
23 καὶ αἱ κόμαι ὑμῶν ἐπὶ τῆς κεφαλῆς ὑμῶν καὶ τὰ ὑποδήματα ὑμῶν ἐν τοῖς ποσὶν ὑμῶν οὔτε μὴ κόψησθε οὔτε μὴ κλαύσητε καὶ ἐντακήσεσθε ἐν ταῖς ἀδικίαις ὑμῶν καὶ παρακαλέσετε ἕκαστος τὸν ἀδελφὸν αὐτοῦ
Og huvorne dykkar skal de hava på hovudi og skorne dykkar på føterne, og de skal ikkje barma dykk og ikkje gråta. Og de skal talmast av i dykkar misgjerningar og stynja kvar med annan.
24 καὶ ἔσται Ιεζεκιηλ ὑμῖν εἰς τέρας κατὰ πάντα ὅσα ἐποίησεν ποιήσετε ὅταν ἔλθῃ ταῦτα καὶ ἐπιγνώσεσθε διότι ἐγὼ κύριος
Og Ezekiel skal vera eit teikn åt dykk; heiltupp som han hev gjort, skal de gjera. Når det kjem, då skal de sanna at eg er Herren, Herren.
25 καὶ σύ υἱὲ ἀνθρώπου οὐχὶ ἐν τῇ ἡμέρᾳ ὅταν λαμβάνω τὴν ἰσχὺν παρ’ αὐτῶν τὴν ἔπαρσιν τῆς καυχήσεως αὐτῶν τὰ ἐπιθυμήματα ὀφθαλμῶν αὐτῶν καὶ τὴν ἔπαρσιν ψυχῆς αὐτῶν υἱοὺς αὐτῶν καὶ θυγατέρας αὐτῶν
Og du, menneskjeson! Skal det ikkje henda den dagen når eg tek frå deim deira trygd, deira herlege frygd, det som deira augo hadde hugnad i og deira sjæl trådde etter, deira søner og døtter,
26 ἐν ἐκείνῃ τῇ ἡμέρᾳ ἥξει ὁ ἀνασῳζόμενος πρὸς σὲ τοῦ ἀναγγεῖλαί σοι εἰς τὰ ὦτα
at den dagen skal dei som slepp undan koma til deg og gjera det kunnigt, so folk høyrer på?
27 ἐν ἐκείνῃ τῇ ἡμέρᾳ διανοιχθήσεται τὸ στόμα σου πρὸς τὸν ἀνασῳζόμενον καὶ λαλήσεις καὶ οὐ μὴ ἀποκωφωθῇς οὐκέτι καὶ ἔσῃ αὐτοῖς εἰς τέρας καὶ ἐπιγνώσονται διότι ἐγὼ κύριος
Den same dagen skal du få lata upp munnen, når dei undansloppne er komne, og du skal tala og ikkje lenger vera mållaus, og du skal vera eit teikn åt deim, og dei skal sanna at eg er Herren.