< Ἰεζεκιήλ 23 >
1 καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 υἱὲ ἀνθρώπου δύο γυναῖκες ἦσαν θυγατέρες μητρὸς μιᾶς
Menneskjeson! Det var tvo kvinnor, døtter åt ei mor.
3 καὶ ἐξεπόρνευσαν ἐν Αἰγύπτῳ ἐν τῇ νεότητι αὐτῶν ἐκεῖ ἔπεσον οἱ μαστοὶ αὐτῶν ἐκεῖ διεπαρθενεύθησαν
Og dei dreiv hor i Egyptarland, i sin ungdom dreiv dei hor; der tukla dei med brjosti deira og klemde på deira møyarbarm.
4 καὶ τὰ ὀνόματα αὐτῶν ἦν Οολα ἡ πρεσβυτέρα καὶ Οολιβα ἡ ἀδελφὴ αὐτῆς καὶ ἐγένοντό μοι καὶ ἔτεκον υἱοὺς καὶ θυγατέρας καὶ τὰ ὀνόματα αὐτῶν Σαμάρεια ἡ Οολα καὶ Ιερουσαλημ ἡ Οολιβα
Og namni deira var: Åhåla, den største, og Åhåliba, syster hennar. Og dei vart mine og fødde søner og døtter. Og um namni deira er å segja: Samaria er Åhåla, og Jerusalem Åhåliba.
5 καὶ ἐξεπόρνευσεν ἡ Οολα ἀπ’ ἐμοῦ καὶ ἐπέθετο ἐπὶ τοὺς ἐραστὰς αὐτῆς ἐπὶ τοὺς Ἀσσυρίους τοὺς ἐγγίζοντας αὐτῇ
Men Åhåla gav seg frå meg og dreiv hor, og ho tok til å lysta etter elskarane sine, etter assyrarane, dei våpndjerve,
6 ἐνδεδυκότας ὑακίνθινα ἡγουμένους καὶ στρατηγούς νεανίσκοι ἐπίλεκτοι πάντες ἱππεῖς ἱππαζόμενοι ἐφ’ ἵππων
som var klædde i blått purpur, jarlar og landshovdingar, fagre sveinar alle saman, ridarar, ridande på hestar.
7 καὶ ἔδωκεν τὴν πορνείαν αὐτῆς ἐπ’ αὐτούς ἐπίλεκτοι υἱοὶ Ἀσσυρίων πάντες καὶ ἐπὶ πάντας οὓς ἐπέθετο ἐν πᾶσι τοῖς ἐνθυμήμασιν αὐτῆς ἐμιαίνετο
Og med deim heldt ho seg i hordom, med alle dei gildaste av Assurs-sønerne. Og ho sulka seg med alle ho lyste etter, og med alle deira ufysne avgudar.
8 καὶ τὴν πορνείαν αὐτῆς ἐξ Αἰγύπτου οὐκ ἐγκατέλιπεν ὅτι μετ’ αὐτῆς ἐκοιμῶντο ἐν νεότητι αὐτῆς καὶ αὐτοὶ διεπαρθένευσαν αὐτὴν καὶ ἐξέχεαν τὴν πορνείαν αὐτῶν ἐπ’ αὐτήν
Og ho heldt seg ikkje frå sin hordom frå Egyptarland. For dei hadde lege med henne i hennar ungdom, og dei hadde klemt på hennar møyarbarm og helt ut yver henne sin hordom.
9 διὰ τοῦτο παρέδωκα αὐτὴν εἰς χεῖρας τῶν ἐραστῶν αὐτῆς εἰς χεῖρας υἱῶν Ἀσσυρίων ἐφ’ οὓς ἐπετίθετο
Difor gav eg henne i henderne på hennar elskarar, i henderne på Assurs-sønerne, som ho hadde lysta etter.
10 αὐτοὶ ἀπεκάλυψαν τὴν αἰσχύνην αὐτῆς υἱοὺς καὶ θυγατέρας αὐτῆς ἔλαβον καὶ αὐτὴν ἐν ῥομφαίᾳ ἀπέκτειναν καὶ ἐγένετο λάλημα εἰς γυναῖκας καὶ ἐποίησαν ἐκδικήσεις ἐν αὐτῇ εἰς τὰς θυγατέρας
Dei nækte blygsli hennar. Hennar søner og døtter tok dei, og henne sjølv drap dei med sverd. Og ho vart namnspurd ibland kvinnor, og dom heldt dei yver henne.
11 καὶ εἶδεν ἡ ἀδελφὴ αὐτῆς Οολιβα καὶ διέφθειρε τὴν ἐπίθεσιν αὐτῆς ὑπὲρ αὐτὴν καὶ τὴν πορνείαν αὐτῆς ὑπὲρ τὴν πορνείαν τῆς ἀδελφῆς αὐτῆς
Og endå hennar syster Åhåliba såg det, vart ho skamlausare i sine lyster enn ho, og verre i sin hordom enn syster si.
12 ἐπὶ τοὺς υἱοὺς τῶν Ἀσσυρίων ἐπέθετο ἡγουμένους καὶ στρατηγοὺς τοὺς ἐγγὺς αὐτῆς ἐνδεδυκότας εὐπάρυφα ἱππεῖς ἱππαζομένους ἐφ’ ἵππων νεανίσκοι ἐπίλεκτοι πάντες
Ho lysta etter Assurs-sønerne, jarlar og landshovdingar, våpndjerve karar, gildt klædde, ridarar, ridande på sine hestar, fagre sveinar alle saman.
13 καὶ εἶδον ὅτι μεμίανται ὁδὸς μία τῶν δύο
Og eg såg at ho vart sulka; ein og same veg gjekk dei båe.
14 καὶ προσέθετο πρὸς τὴν πορνείαν αὐτῆς καὶ εἶδεν ἄνδρας ἐζωγραφημένους ἐπὶ τοῦ τοίχου εἰκόνας Χαλδαίων ἐζωγραφημένους ἐν γραφίδι
Og ho for endå lenger med sin hordom; då ho såg menner rita på veggen, bilæte av kaldæarar, måla med raude liter,
15 ἐζωσμένους ποικίλματα ἐπὶ τὰς ὀσφύας αὐτῶν καὶ τιάραι βαπταὶ ἐπὶ τῶν κεφαλῶν αὐτῶν ὄψις τρισσὴ πάντων ὁμοίωμα υἱῶν Χαλδαίων γῆς πατρίδος αὐτῶν
gyrde med belte um lenderne, med breide huvor på hovudet, sjåande til som vognkjempor alle saman, på skap Babels-sønerne som hev Kaldæa til heimland
16 καὶ ἐπέθετο ἐπ’ αὐτοὺς τῇ ὁράσει ὀφθαλμῶν αὐτῆς καὶ ἐξαπέστειλεν ἀγγέλους πρὸς αὐτοὺς εἰς γῆν Χαλδαίων
- då lysta ho etter deim fyrst ho såg deim for sine augo, og ho sende bod til deim i Kaldæa.
17 καὶ ἤλθοσαν πρὸς αὐτὴν υἱοὶ Βαβυλῶνος εἰς κοίτην καταλυόντων καὶ ἐμίαινον αὐτὴν ἐν τῇ πορνείᾳ αὐτῆς καὶ ἐμιάνθη ἐν αὐτοῖς καὶ ἀπέστη ἡ ψυχὴ αὐτῆς ἀπ’ αὐτῶν
Og Babels-sønerne kom til henne og låg med henne i elskhug og sulka henne med sin hordom. Men då ho var utsulka med deim, vende hennar sjæl seg frå deim.
18 καὶ ἀπεκάλυψεν τὴν πορνείαν αὐτῆς καὶ ἀπεκάλυψεν τὴν αἰσχύνην αὐτῆς καὶ ἀπέστη ἡ ψυχή μου ἀπ’ αὐτῆς ὃν τρόπον ἀπέστη ἡ ψυχή μου ἀπὸ τῆς ἀδελφῆς αὐτῆς
Og ho for berrsynt fram med sin hordom og nækte blygsli. Då vende mi sjæl seg ifrå henne likeins som mi sjæl hadde vendt seg frå syster hennar.
19 καὶ ἐπλήθυνας τὴν πορνείαν σου τοῦ ἀναμνῆσαι ἡμέρας νεότητός σου ἐν αἷς ἐπόρνευσας ἐν Αἰγύπτῳ
Men ho gjekk endå lenger i sin hordom, med di ho kom i hug ungdomsdagarne sine, då ho dreiv hor i Egyptarland.
20 καὶ ἐπέθου ἐπὶ τοὺς Χαλδαίους ὧν ἦσαν ὡς ὄνων αἱ σάρκες αὐτῶν καὶ αἰδοῖα ἵππων τὰ αἰδοῖα αὐτῶν
So tok ho til å lysta etter horkallarne deira, som hadde kjøt nett som asen og fløde som hestar.
21 καὶ ἐπεσκέψω τὴν ἀνομίαν νεότητός σου ἃ ἐποίεις ἐν Αἰγύπτῳ ἐν τῷ καταλύματί σου οὗ οἱ μαστοὶ νεότητός σου
Og du trådde etter ulivnaden i din ungdom, då egyptarane klemde på barmen din medan du hadde møyarbrjost.
22 διὰ τοῦτο Οολιβα τάδε λέγει κύριος ἰδοὺ ἐγὼ ἐξεγείρω τοὺς ἐραστάς σου ἐπὶ σέ ἀφ’ ὧν ἀπέστη ἡ ψυχή σου ἀπ’ αὐτῶν καὶ ἐπάξω αὐτοὺς ἐπὶ σὲ κυκλόθεν
Difor, Åhåliba, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vekkjer upp elskarane dine imot deg, deim som sjæli di hev vendt seg frå, og let deim koma yver deg frå alle stader.
23 υἱοὺς Βαβυλῶνος καὶ πάντας τοὺς Χαλδαίους Φακουδ καὶ Σουε καὶ Κουε καὶ πάντας υἱοὺς Ἀσσυρίων μετ’ αὐτῶν νεανίσκους ἐπιλέκτους ἡγεμόνας καὶ στρατηγοὺς πάντας τρισσοὺς καὶ ὀνομαστοὺς ἱππεύοντας ἐφ’ ἵππων
Babels-sønerne og alle kaldæarar, Pekod og Sjoa og Koa, og alle Assurs-sønerne med deim, fagre sveinar, jarlar og hovdingar alle saman, vognkjempor, namnfræge menner, ridande på hestar alle saman.
24 καὶ πάντες ἥξουσιν ἐπὶ σὲ ἀπὸ βορρᾶ ἅρματα καὶ τροχοὶ μετ’ ὄχλου λαῶν θυρεοὶ καὶ πέλται καὶ βαλοῦσιν φυλακὴν ἐπὶ σὲ κύκλῳ καὶ δώσω πρὸ προσώπου αὐτῶν κρίμα καὶ ἐκδικήσουσίν σε ἐν τοῖς κρίμασιν αὐτῶν
Og dei skal koma yver deg med stridsmagt, vogner og hjul, og med ein flokk med folkeslag. Store skjoldar og små-skjoldar og hjelmar skal dei setja upp imot deg rundt ikring. Og eg vil setja deim til domarar, og dei skal døma deg med domarne sine.
25 καὶ δώσω τὸν ζῆλόν μου ἐν σοί καὶ ποιήσουσιν μετὰ σοῦ ἐν ὀργῇ θυμοῦ μυκτῆρά σου καὶ ὦτά σου ἀφελοῦσιν καὶ τοὺς καταλοίπους σου ἐν ῥομφαίᾳ καταβαλοῦσιν αὐτοὶ υἱούς σου καὶ θυγατέρας σου λήμψονται καὶ τοὺς καταλοίπους σου πῦρ καταφάγεται
Og min brennhug skal finna deg, og dei skal fara ått med deg i vreide; nosi di og øyro dine skal dei skjera av, og det som endå er att av deg, skal falla for sverd. Dei skal taka dine søner og døtter, og dei som endå vert att av deg, skal øydast i eld.
26 καὶ ἐκδύσουσίν σε τὸν ἱματισμόν σου καὶ λήμψονται τὰ σκεύη τῆς καυχήσεώς σου
Og dei skal draga av deg klædi dine, og dei skal taka dine prydeting.
27 καὶ ἀποστρέψω τὰς ἀσεβείας σου ἐκ σοῦ καὶ τὴν πορνείαν σου ἐκ γῆς Αἰγύπτου καὶ οὐ μὴ ἄρῃς τοὺς ὀφθαλμούς σου ἐπ’ αὐτοὺς καὶ Αἰγύπτου οὐ μὴ μνησθῇς οὐκέτι
So vil eg gjera ende på di skjemdarferd og på din hordom frå Egyptarland, og du skal ikkje lyfta augo dine til deim, og Egyptarland skal du ikkje minnast meir.
28 διότι τάδε λέγει κύριος κύριος ἰδοὺ ἐγὼ παραδίδωμί σε εἰς χεῖρας ὧν μισεῖς ἀφ’ ὧν ἀπέστη ἡ ψυχή σου ἀπ’ αὐτῶν
For so segjer Herren, Herren: Sjå, eg gjev deg i henderne på deim som du hatar, og i henderne på deim som di sjæl hev vendt seg frå.
29 καὶ ποιήσουσιν ἐν σοὶ ἐν μίσει καὶ λήμψονται πάντας τοὺς πόνους σου καὶ τοὺς μόχθους σου καὶ ἔσῃ γυμνὴ καὶ ἀσχημονοῦσα καὶ ἀποκαλυφθήσεται αἰσχύνη πορνείας σου καὶ ἀσέβειά σου καὶ ἡ πορνεία σου
Og dei skal fara åt med deg i hat og taka alt det du hev stræva i hop og lata deg etter seg naki og berr, horeblygsli di skal verta nækt, og di skjemdarferd og din hordom skal verta synberr.
30 ἐποίησεν ταῦτά σοι ἐν τῷ ἐκπορνεῦσαί σε ὀπίσω ἐθνῶν καὶ ἐμιαίνου ἐν τοῖς ἐνθυμήμασιν αὐτῶν
Dette skal dei gjera med deg, av di du for etter heidningfolk i hordom, for di du sulka deg med deira ufysne avgudar.
31 ἐν τῇ ὁδῷ τῆς ἀδελφῆς σου ἐπορεύθης καὶ δώσω τὸ ποτήριον αὐτῆς εἰς χεῖράς σου
På vegen åt syster di hev du gjenge; so gjev eg deg hennar staup i di hand.
32 τάδε λέγει κύριος τὸ ποτήριον τῆς ἀδελφῆς σου πίεσαι τὸ βαθὺ καὶ τὸ πλατὺ τὸ πλεονάζον τοῦ συντελέσαι
So segjer Herren, Herren: Staupet åt syster di skal du drikka, det djupe og vide - til lått og til spott skal du verta - det tek mykje.
33 μέθην καὶ ἐκλύσεως πλησθήσῃ καὶ τὸ ποτήριον ἀφανισμοῦ ποτήριον ἀδελφῆς σου Σαμαρείας
Av rus og sorg skal du verta full, eit øgjelegt tynar-staup er staupet åt di syster Samaria.
34 καὶ πίεσαι αὐτό καὶ τὰς ἑορτὰς καὶ τὰς νεομηνίας αὐτῆς ἀποστρέψω διότι ἐγὼ λελάληκα λέγει κύριος
Og du skal drikka det ut og suga utor det, og på broti av det skal du gnaga, og flengje brjosti dine sund, for eg hev tala, segjer Herren, Herren.
35 διὰ τοῦτο τάδε λέγει κύριος ἀνθ’ ὧν ἐπελάθου μου καὶ ἀπέρριψάς με ὀπίσω τοῦ σώματός σου καὶ σὺ λαβὲ τὴν ἀσέβειάν σου καὶ τὴν πορνείαν σου
Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di du gløymde meg og kasta meg attum din rygg, so ber då du med di skjemd og din hordom.
36 καὶ εἶπεν κύριος πρός με υἱὲ ἀνθρώπου οὐ κρινεῖς τὴν Οολαν καὶ τὴν Οολιβαν καὶ ἀπαγγελεῖς αὐταῖς τὰς ἀνομίας αὐτῶν
Og Herren sagde med meg: Menneskjeson! Vil du døma Åhåla og Åhåliba? Lat deim få vita sin styggedomen!
37 ὅτι ἐμοιχῶντο καὶ αἷμα ἐν χερσὶν αὐτῶν τὰ ἐνθυμήματα αὐτῶν ἐμοιχῶντο καὶ τὰ τέκνα αὐτῶν ἃ ἐγέννησάν μοι διήγαγον αὐτοῖς δῑ ἐμπύρων
For dei hev drive hor, og det er blod på henderne deira og med sine ufysne avgudar hev dei drive hor, ja, jamvel borni sine, som dei hadde født åt meg, hev dei lata ganga gjenom elden, so dei skulde eta deim.
38 ἕως καὶ ταῦτα ἐποίησάν μοι τὰ ἅγιά μου ἐμίαινον καὶ τὰ σάββατά μου ἐβεβήλουν
Dessforutan gjorde dei dette mot meg: Dei sulka min heilagdomen same dagen og vanhelga mine kviledagar.
39 καὶ ἐν τῷ σφάζειν αὐτοὺς τὰ τέκνα αὐτῶν τοῖς εἰδώλοις αὐτῶν καὶ εἰσεπορεύοντο εἰς τὰ ἅγιά μου τοῦ βεβηλοῦν αὐτά καὶ ὅτι οὕτως ἐποίουν ἐν μέσῳ τοῦ οἴκου μου
Når dei hadde slagta borni sine åt sine ufysne avgudar, so kom dei inn i min heilagdom, den same dagen, og vanhelga honom; og sjå, soleis for dei åt midt i mitt hus!
40 καὶ ὅτι τοῖς ἀνδράσιν τοῖς ἐρχομένοις μακρόθεν οἷς ἀγγέλους ἐξαπεστέλλοσαν πρὸς αὐτούς καὶ ἅμα τῷ ἔρχεσθαι αὐτοὺς εὐθὺς ἐλούου καὶ ἐστιβίζου τοὺς ὀφθαλμούς σου καὶ ἐκόσμου κόσμῳ
Ja, dei sende jamvel bod etter menner som skulde koma langt burtanfrå, ein sendemann gjekk til deim, og sjå, dei kom: for deim hadde du lauga deg, sminka deg i augo og prydt deg med prydeting.
41 καὶ ἐκάθου ἐπὶ κλίνης ἐστρωμένης καὶ τράπεζα κεκοσμημένη πρὸ προσώπου αὐτῆς καὶ τὸ θυμίαμά μου καὶ τὸ ἔλαιόν μου εὐφραίνοντο ἐν αὐτοῖς
Og du sat på ein røseleg legebenk, og framanfor honom var duka eit bord, og min røykjelse og min olje hadde du sett uppå det.
42 καὶ φωνὴν ἁρμονίας ἀνεκρούοντο καὶ πρὸς ἄνδρας ἐκ πλήθους ἀνθρώπων ἥκοντας ἐκ τῆς ἐρήμου καὶ ἐδίδοσαν ψέλια ἐπὶ τὰς χεῖρας αὐτῶν καὶ στέφανον καυχήσεως ἐπὶ τὰς κεφαλὰς αὐτῶν
Og ståket av ein velnøgd folkehop kunde ein høyra der inne, og attåt menner som var med utav ålmugen, fekk dei seg drykkjebrør frå øydemarki. So gav dei kvendi armband på henderne og ei prydeleg kruna på hovudet.
43 καὶ εἶπα οὐκ ἐν τούτοις μοιχεύουσιν καὶ ἔργα πόρνης καὶ αὐτὴ ἐξεπόρνευσεν
Då sagde eg um den utlivde skjøkja: «No fyrst driv dei ukjurskapen i det store med henne - ja, rett med henne.»
44 καὶ εἰσεπορεύοντο πρὸς αὐτήν ὃν τρόπον εἰσπορεύονται πρὸς γυναῖκα πόρνην οὕτως εἰσεπορεύοντο πρὸς Οολαν καὶ πρὸς Οολιβαν τοῦ ποιῆσαι ἀνομίαν
Dei gjekk inn til henne nett som dei gjeng inn til ei skjøkja; soleis gjekk dei inn til Åhåla og Åhåliba, horkonorne.
45 καὶ ἄνδρες δίκαιοι αὐτοὶ ἐκδικήσουσιν αὐτὰς ἐκδικήσει μοιχαλίδος καὶ ἐκδικήσει αἵματος ὅτι μοιχαλίδες εἰσίν καὶ αἷμα ἐν χερσὶν αὐτῶν
So skal då rettferdige menner døma deim etter lovi um horkonor, og um kvende som renner ut blod; for horkonor er dei, og det er blod på henderne deira.
46 τάδε λέγει κύριος κύριος ἀνάγαγε ἐπ’ αὐτὰς ὄχλον καὶ δὸς ἐν αὐταῖς ταραχὴν καὶ διαρπαγὴν
For so segjer Herren, Herren: Eg vil føra fram ein mannefjølde mot deim, og eg vil gjera deim til ei skræma og eit ran.
47 καὶ λιθοβόλησον ἐπ’ αὐτὰς λίθοις ὄχλων καὶ κατακέντει αὐτὰς ἐν τοῖς ξίφεσιν αὐτῶν υἱοὺς αὐτῶν καὶ θυγατέρας αὐτῶν ἀποκτενοῦσι καὶ τοὺς οἴκους αὐτῶν ἐμπρήσουσιν
Mannfjølden skal steina deim i hel og hogga deim sund med sverdi sine. Deira søner og døtter skal dei drepa, og husi deira skal dei brenna upp med eld.
48 καὶ ἀποστρέψω ἀσέβειαν ἐκ τῆς γῆς καὶ παιδευθήσονται πᾶσαι αἱ γυναῖκες καὶ οὐ μὴ ποιήσουσιν κατὰ τὰς ἀσεβείας αὐτῶν
Soleis vil eg gjera ende på skjemdarferdi i landet, og alle kvinnor skal læra å vara seg, so dei ikkje fer med slik ei skjemdarferd som dei.
49 καὶ δοθήσεται ἡ ἀσέβεια ὑμῶν ἐφ’ ὑμᾶς καὶ τὰς ἁμαρτίας τῶν ἐνθυμημάτων ὑμῶν λήμψεσθε καὶ γνώσεσθε διότι ἐγὼ κύριος
Og dei skal leggja dykkar skjemdarferd på dykk, og dykkar synder med dei ufysne avgudarne dykkar skal de bera, og de skal sanna at eg er Herren, Herren.