< Ἰεζεκιήλ 20 >
1 καὶ ἐγένετο ἐν τῷ ἔτει τῷ ἑβδόμῳ ἐν τῷ πέμπτῳ μηνὶ δεκάτῃ τοῦ μηνὸς ἦλθον ἄνδρες ἐκ τῶν πρεσβυτέρων οἴκου Ισραηλ ἐπερωτῆσαι τὸν κύριον καὶ ἐκάθισαν πρὸ προσώπου μου
Og det hende i det sjuande året, den tiande dagen i den femte månaden, at det kom nokre av Israels styresmenner og vilde spyrja Herren. Og dei sette seg framfor mi åsyn.
2 καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
3 υἱὲ ἀνθρώπου λάλησον πρὸς τοὺς πρεσβυτέρους τοῦ Ισραηλ καὶ ἐρεῖς πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος εἰ ἐπερωτῆσαί με ὑμεῖς ἔρχεσθε ζῶ ἐγὼ εἰ ἀποκριθήσομαι ὑμῖν λέγει κύριος
Menneskjeson! Tala til Israels styresmenner og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Er det komne og vil spyrja meg? So sant som eg liver, so let eg ikkje dykk få spyrja meg, segjer Herren, Herren.
4 εἰ ἐκδικήσω αὐτοὺς ἐκδικήσει υἱὲ ἀνθρώπου τὰς ἀνομίας τῶν πατέρων αὐτῶν διαμάρτυραι αὐτοῖς
Vil du døma deim, vil du døma, menneskjeson? Lat deim få vita styggedomen åt sine feder!
5 καὶ ἐρεῖς πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος ἀφ’ ἧς ἡμέρας ᾑρέτισα τὸν οἶκον Ισραηλ καὶ ἐγνωρίσθην τῷ σπέρματι οἴκου Ιακωβ καὶ ἐγνώσθην αὐτοῖς ἐν γῇ Αἰγύπτου καὶ ἀντελαβόμην τῇ χειρί μου αὐτῶν λέγων ἐγὼ κύριος ὁ θεὸς ὑμῶν
Og du skal segja med deim: So segjer Herren, Herren: Den dagen eg valde ut Israel, og rette handi mi i veret for avkjømet i Jakobs hus og let deim verta kjende med meg i Egyptarlandet, då eg rette upp handi mi for deim og sagde: «Eg er Herren, dykkar Gud» -
6 ἐν ἐκείνῃ τῇ ἡμέρᾳ ἀντελαβόμην τῇ χειρί μου αὐτῶν τοῦ ἐξαγαγεῖν αὐτοὺς ἐκ γῆς Αἰγύπτου εἰς τὴν γῆν ἣν ἡτοίμασα αὐτοῖς γῆν ῥέουσαν γάλα καὶ μέλι κηρίον ἐστὶν παρὰ πᾶσαν τὴν γῆν
den dagen rette eg upp handi på det, at eg vilde føra deim ut or Egyptarlandet og til eit land som eg hadde set ut åt deim, som fløymer med mjølk og honning; det er det fagraste av alle land.
7 καὶ εἶπα πρὸς αὐτούς ἕκαστος τὰ βδελύγματα τῶν ὀφθαλμῶν αὐτοῦ ἀπορριψάτω καὶ ἐν τοῖς ἐπιτηδεύμασιν Αἰγύπτου μὴ μιαίνεσθε ἐγὼ κύριος ὁ θεὸς ὑμῶν
Og eg sagde med deim: «Kvar og ein av dykk kaste burt dei styggetingi han hev framfor augo, og gjer dykk ikkje ureine med Egyptarlands ufysne avgudar! Eg er Herren, dykkar Gud.»
8 καὶ ἀπέστησαν ἀπ’ ἐμοῦ καὶ οὐκ ἠθέλησαν εἰσακοῦσαί μου τὰ βδελύγματα τῶν ὀφθαλμῶν αὐτῶν οὐκ ἀπέρριψαν καὶ τὰ ἐπιτηδεύματα Αἰγύπτου οὐκ ἐγκατέλιπον καὶ εἶπα τοῦ ἐκχέαι τὸν θυμόν μου ἐπ’ αὐτοὺς τοῦ συντελέσαι τὴν ὀργήν μου ἐν αὐτοῖς ἐν μέσῳ γῆς Αἰγύπτου
Men dei var tråssuge mot meg og vilde ikkje høyra på meg; styggetingi dei hadde framfor augo, kasta dei ikkje burt, og Egyptarlands ufysne avgudar vende dei seg ikkje ifrå. Då sagde eg at eg vilde renna ut yver deim min harm og tøma ut min vreide på deim midt i Egyptarlandet.
9 καὶ ἐποίησα ὅπως τὸ ὄνομά μου τὸ παράπαν μὴ βεβηλωθῇ ἐνώπιον τῶν ἐθνῶν ὧν αὐτοί εἰσιν ἐν μέσῳ αὐτῶν ἐν οἷς ἐγνώσθην πρὸς αὐτοὺς ἐνώπιον αὐτῶν τοῦ ἐξαγαγεῖν αὐτοὺς ἐκ γῆς Αἰγύπτου
Og eg gjorde det for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga framfor augo på dei folki som dei budde ibland, og som såg på at eg let deim verta kjende med meg og vilde føra deim ut or Egyptarland.
10 καὶ ἐξήγαγον αὐτοὺς ἐκ γῆς Αἰγύπτου καὶ ἤγαγον αὐτοὺς εἰς τὴν ἔρημον
Og eg førde deim ut or Egyptarland og let deim koma inn i øydemarki.
11 καὶ ἔδωκα αὐτοῖς τὰ προστάγματά μου καὶ τὰ δικαιώματά μου ἐγνώρισα αὐτοῖς ὅσα ποιήσει αὐτὰ ἄνθρωπος καὶ ζήσεται ἐν αὐτοῖς
Og eg gav deim bodi mine og kunngjorde deim mine lover, som menneskja skal helda og so liva ved deim.
12 καὶ τὰ σάββατά μου ἔδωκα αὐτοῖς τοῦ εἶναι εἰς σημεῖον ἀνὰ μέσον ἐμοῦ καὶ ἀνὰ μέσον αὐτῶν τοῦ γνῶναι αὐτοὺς διότι ἐγὼ κύριος ὁ ἁγιάζων αὐτούς
Og eg gav deim og kviledagarne mine, so dei skulde vera til eit teikn millom meg og deim, so dei skulde vita at eg er Herren som helgar deim.
13 καὶ εἶπα πρὸς τὸν οἶκον τοῦ Ισραηλ ἐν τῇ ἐρήμῳ ἐν τοῖς προστάγμασίν μου πορεύεσθε καὶ οὐκ ἐπορεύθησαν καὶ τὰ δικαιώματά μου ἀπώσαντο ἃ ποιήσει αὐτὰ ἄνθρωπος καὶ ζήσεται ἐν αὐτοῖς καὶ τὰ σάββατά μου ἐβεβήλωσαν σφόδρα καὶ εἶπα τοῦ ἐκχέαι τὸν θυμόν μου ἐπ’ αὐτοὺς ἐν τῇ ἐρήμῳ τοῦ ἐξαναλῶσαι αὐτούς
Men Israels-lyden var tråssug imot meg i øydemarki; i mine bod ferdast dei ikkje, og dei svivyrde loverne mine, som menneskja skal halda og so liva ved deim, og kviledagarne mine vanhelga dei ovleg. Då sagde eg at eg vilde renna utyver deim min harm og tyna deim i øydemarki.
14 καὶ ἐποίησα ὅπως τὸ ὄνομά μου τὸ παράπαν μὴ βεβηλωθῇ ἐνώπιον τῶν ἐθνῶν ὧν ἐξήγαγον αὐτοὺς κατ’ ὀφθαλμοὺς αὐτῶν
Men det vilde eg gjera for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga framfor augo på dei folki som såg på at eg førde deim ut.
15 καὶ ἐγὼ ἐξῆρα τὴν χεῖρά μου ἐπ’ αὐτοὺς ἐν τῇ ἐρήμῳ τὸ παράπαν τοῦ μὴ εἰσαγαγεῖν αὐτοὺς εἰς τὴν γῆν ἣν ἔδωκα αὐτοῖς γῆν ῥέουσαν γάλα καὶ μέλι κηρίον ἐστὶν παρὰ πᾶσαν τὴν γῆν
So rette eg og upp handi i øydemarki på det, at eg ikkje vilde lata deim koma inn i det landet som eg hadde gjeve, som fløymer med mjølk og honning, det som er det fagraste av alle land,
16 ἀνθ’ ὧν τὰ δικαιώματά μου ἀπώσαντο καὶ ἐν τοῖς προστάγμασίν μου οὐκ ἐπορεύθησαν ἐν αὐτοῖς καὶ τὰ σάββατά μου ἐβεβήλουν καὶ ὀπίσω τῶν ἐνθυμημάτων τῶν καρδιῶν αὐτῶν ἐπορεύοντο
for di dei svivyrde loverne mine og ikkje ferdast i bodi mine og vanhelga kviledagarne mine. For etter deira ufysne avgudar for deira hjarto.
17 καὶ ἐφείσατο ὁ ὀφθαλμός μου ἐπ’ αὐτοὺς τοῦ ἐξαλεῖψαι αὐτοὺς καὶ οὐκ ἐποίησα αὐτοὺς εἰς συντέλειαν ἐν τῇ ἐρήμῳ
Men mitt auga sparde deim, so eg ikkje tynte deim, og eg gjorde ikkje reint ende på deim i øydemarki.
18 καὶ εἶπα πρὸς τὰ τέκνα αὐτῶν ἐν τῇ ἐρήμῳ ἐν τοῖς νομίμοις τῶν πατέρων ὑμῶν μὴ πορεύεσθε καὶ τὰ δικαιώματα αὐτῶν μὴ φυλάσσεσθε καὶ ἐν τοῖς ἐπιτηδεύμασιν αὐτῶν μὴ συναναμίσγεσθε καὶ μὴ μιαίνεσθε
Og eg sagde til borni deira i øydemarki: «I bodi åt federne dykkar må de ikkje ferdast, og loverne deira må det ikkje halda, og med deira ufysne avgudar må de ikkje gjera dykk ureine.
19 ἐγὼ κύριος ὁ θεὸς ὑμῶν ἐν τοῖς προστάγμασίν μου πορεύεσθε καὶ τὰ δικαιώματά μου φυλάσσεσθε καὶ ποιεῖτε αὐτὰ
Eg er Herren, dykkar Gud; i bodi mine skal det ferdast, og loverne mine skal det halda, og etter deim skal det gjera.
20 καὶ τὰ σάββατά μου ἁγιάζετε καὶ ἔστω εἰς σημεῖον ἀνὰ μέσον ἐμοῦ καὶ ὑμῶν τοῦ γινώσκειν διότι ἐγὼ κύριος ὁ θεὸς ὑμῶν
Og kviledagarne mine skal de helga, og dei skal vera eit teikn millom meg og dykk, so de skal vita at eg, Herren, er dykkar Gud.»
21 καὶ παρεπίκρανάν με καὶ τὰ τέκνα αὐτῶν ἐν τοῖς προστάγμασίν μου οὐκ ἐπορεύθησαν καὶ τὰ δικαιώματά μου οὐκ ἐφυλάξαντο τοῦ ποιεῖν αὐτά ἃ ποιήσει ἄνθρωπος καὶ ζήσεται ἐν αὐτοῖς καὶ τὰ σάββατά μου ἐβεβήλουν καὶ εἶπα τοῦ ἐκχέαι τὸν θυμόν μου ἐπ’ αὐτοὺς ἐν τῇ ἐρήμῳ τοῦ συντελέσαι τὴν ὀργήν μου ἐπ’ αὐτούς
Men dei var tråssuge mot meg, borni; i bodi mine ferdast dei ikkje, og loverne mine heldt dei ikkje, so dei gjorde etter deim, dei som menneskja skal gjera etter og so liva ved deim; kviledagerne mine vanhelga dei. Då sagde eg at eg vilde renna utyver deim min harm og tøma ut min vreide på deim i øydemarki.
22 καὶ ἐποίησα ὅπως τὸ ὄνομά μου τὸ παράπαν μὴ βεβηλωθῇ ἐνώπιον τῶν ἐθνῶν ὧν ἐξήγαγον αὐτοὺς κατ’ ὀφθαλμοὺς αὐτῶν
Men eg tok handi mi tilbake og gjorde det for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga framfor augo på dei folki som hadde set på at eg førde deim ut.
23 καὶ ἐξῆρα τὴν χεῖρά μου ἐπ’ αὐτοὺς ἐν τῇ ἐρήμῳ τοῦ διασκορπίσαι αὐτοὺς ἐν τοῖς ἔθνεσιν καὶ διασπεῖραι αὐτοὺς ἐν ταῖς χώραις
So rette eg og upp handi i øydemarki på det, at eg vilde spreida deim millom heidningfolki og strå deim i landi,
24 ἀνθ’ ὧν τὰ δικαιώματά μου οὐκ ἐποίησαν καὶ τὰ προστάγματά μου ἀπώσαντο καὶ τὰ σάββατά μου ἐβεβήλουν καὶ ὀπίσω τῶν ἐνθυμημάτων τῶν πατέρων αὐτῶν ἦσαν οἱ ὀφθαλμοὶ αὐτῶν
for di dei ikkje heldt loverne mine, men svivyrde bodi mine og vanhelga kviledagarne mine, og deira augo for etter dei ufysne avgudarne åt federne deira.
25 καὶ ἐγὼ ἔδωκα αὐτοῖς προστάγματα οὐ καλὰ καὶ δικαιώματα ἐν οἷς οὐ ζήσονται ἐν αὐτοῖς
So gav eg deim og bod som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunde liva ved.
26 καὶ μιανῶ αὐτοὺς ἐν τοῖς δόμασιν αὐτῶν ἐν τῷ διαπορεύεσθαί με πᾶν διανοῖγον μήτραν ὅπως ἀφανίσω αὐτούς
Og eg let deim verta ureine med offergåvorne sine, med di dei let ganga gjenom elden alt som opnar morsliv, so eg kunde tyna deim, for at dei skulde skyna at eg er Herren.
27 διὰ τοῦτο λάλησον πρὸς τὸν οἶκον τοῦ Ισραηλ υἱὲ ἀνθρώπου καὶ ἐρεῖς πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος ἕως τούτου παρώργισάν με οἱ πατέρες ὑμῶν ἐν τοῖς παραπτώμασιν αὐτῶν ἐν οἷς παρέπεσον εἰς ἐμέ
Difor, tala til Israels-lyden, du menneskjeson! og du skal segja med deim: So segjer Herren, Herren: Med det og hædde dykkar feder meg, at dei for med svik imot meg.
28 καὶ εἰσήγαγον αὐτοὺς εἰς τὴν γῆν ἣν ἦρα τὴν χεῖρά μου τοῦ δοῦναι αὐτοῖς καὶ εἶδον πᾶν βουνὸν ὑψηλὸν καὶ πᾶν ξύλον κατάσκιον καὶ ἔθυσαν ἐκεῖ τοῖς θεοῖς αὐτῶν καὶ ἔταξαν ἐκεῖ ὀσμὴν εὐωδίας καὶ ἔσπεισαν ἐκεῖ σπονδὰς αὐτῶν
For eg førde deim inn i landet som eg med upprett hand hadde lova deim; men fyrst dei såg ein høg haug eller eit lauva tre, so ofra dei der sine slagtoffer, og der bar dei fram gåvor til å harmast av, og dit kom dei med godangen sin, og der rende dei ut sine drykkoffer.
29 καὶ εἶπον πρὸς αὐτούς τί ἐστιν Αβαμα ὅτι ὑμεῖς εἰσπορεύεσθε ἐκεῖ καὶ ἐπεκάλεσαν τὸ ὄνομα αὐτοῦ Αβαμα ἕως τῆς σήμερον ἡμέρας
Då sagde eg med deim: «Kva er det med haugen, sidan de kjem dit?» Og han fekk namnet «haug» alt til denne dag.
30 διὰ τοῦτο εἰπὸν πρὸς τὸν οἶκον τοῦ Ισραηλ τάδε λέγει κύριος εἰ ἐν ταῖς ἀνομίαις τῶν πατέρων ὑμῶν ὑμεῖς μιαίνεσθε καὶ ὀπίσω τῶν βδελυγμάτων αὐτῶν ὑμεῖς ἐκπορνεύετε
Difor, seg med Israels-lyden: so segjer Herren, Herren: Vil de sulka dykk likeins som federne dykkar og i hordom renna etter deira styggedom?
31 καὶ ἐν ταῖς ἀπαρχαῖς τῶν δομάτων ὑμῶν ἐν τοῖς ἀφορισμοῖς ὑμεῖς μιαίνεσθε ἐν πᾶσιν τοῖς ἐνθυμήμασιν ὑμῶν ἕως τῆς σήμερον ἡμέρας καὶ ἐγὼ ἀποκριθῶ ὑμῖν οἶκος τοῦ Ισραηλ ζῶ ἐγώ λέγει κύριος εἰ ἀποκριθήσομαι ὑμῖν καὶ εἰ ἀναβήσεται ἐπὶ τὸ πνεῦμα ὑμῶν τοῦτο
Ved gåvorne det kjem med og ved borni dykkar, som det let ganga gjenom elden, sulkar de dykk med alle dykkar ufysne avgudar alt til denne dag - og so skulde eg lata dykk spyrja meg, du Israels-lyd! So visst som eg liver, segjer Herren, Herren, dykk let eg ikkje spyrja meg.
32 καὶ οὐκ ἔσται ὃν τρόπον ὑμεῖς λέγετε ἐσόμεθα ὡς τὰ ἔθνη καὶ ὡς αἱ φυλαὶ τῆς γῆς τοῦ λατρεύειν ξύλοις καὶ λίθοις
Og det som leikar dykk i hugen, skal ikkje henda - når de segjer: «Me vil vera som heidningfolki, som hitt folket i landi; me vil tena tre og stein.»
33 διὰ τοῦτο ζῶ ἐγώ λέγει κύριος ἐν χειρὶ κραταιᾷ καὶ ἐν βραχίονι ὑψηλῷ καὶ ἐν θυμῷ κεχυμένῳ βασιλεύσω ἐφ’ ὑμᾶς
So sant som eg liver, segjer Herren, Herren: med sterk hand og med strak arm og med utrend harm vil eg rikja yver dykk.
34 καὶ ἐξάξω ὑμᾶς ἐκ τῶν λαῶν καὶ εἰσδέξομαι ὑμᾶς ἐκ τῶν χωρῶν οὗ διεσκορπίσθητε ἐν αὐταῖς ἐν χειρὶ κραταιᾷ καὶ ἐν βραχίονι ὑψηλῷ καὶ ἐν θυμῷ κεχυμένῳ
Og eg vil føra dykk ut frå folki og samla dykk ut or landi, der som de var spreidde, med sterk hand og med strak arm og med utrend harm.
35 καὶ ἄξω ὑμᾶς εἰς τὴν ἔρημον τῶν λαῶν καὶ διακριθήσομαι πρὸς ὑμᾶς ἐκεῖ πρόσωπον κατὰ πρόσωπον
Og eg vil føra dykk til folkeheidi, og der vil eg ganga til doms med dykk, andlit til andlit.
36 ὃν τρόπον διεκρίθην πρὸς τοὺς πατέρας ὑμῶν ἐν τῇ ἐρήμῳ γῆς Αἰγύπτου οὕτως κρινῶ ὑμᾶς λέγει κύριος
Likeins som eg gjekk til doms med federne dykkar i øydemarki attmed Egyptarlandet, so vil eg ganga til doms med dykk, segjer Herren, Herren.
37 καὶ διάξω ὑμᾶς ὑπὸ τὴν ῥάβδον μου καὶ εἰσάξω ὑμᾶς ἐν ἀριθμῷ
Og eg vil lata dykk ganga framum under hyrdingstaven, og eg vil leida dykk inn i pakt-bandet.
38 καὶ ἐκλέξω ἐξ ὑμῶν τοὺς ἀσεβεῖς καὶ τοὺς ἀφεστηκότας διότι ἐκ τῆς παροικεσίας αὐτῶν ἐξάξω αὐτούς καὶ εἰς τὴν γῆν τοῦ Ισραηλ οὐκ εἰσελεύσονται καὶ ἐπιγνώσεσθε διότι ἐγὼ κύριος
Og eg vil skilja ut ifrå dykk deim som sette seg upp imot meg og fall frå meg. Ut or landi der dei bur i utlægd, vil eg føra deim, men inn i Israels land skal dei ikkje koma. Og de skal sanna at eg er Herren.
39 καὶ ὑμεῖς οἶκος Ισραηλ τάδε λέγει κύριος κύριος ἕκαστος τὰ ἐπιτηδεύματα αὐτοῦ ἐξάρατε καὶ μετὰ ταῦτα εἰ μὴ ὑμεῖς εἰσακούετέ μου καὶ τὸ ὄνομά μου τὸ ἅγιον οὐ βεβηλώσετε οὐκέτι ἐν τοῖς δώροις ὑμῶν καὶ ἐν τοῖς ἐπιτηδεύμασιν ὑμῶν
Og du, Israels-lyd! So segjer Herren, Herren: Berre gakk, kvar ein av dykk, og ten dykkar ufysne avgudar! Men sidan skal de, sant og visst, høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med gåvorne dykkar og med dei ufysne avgudarne dykkar.
40 διότι ἐπὶ τοῦ ὄρους τοῦ ἁγίου μου ἐπ’ ὄρους ὑψηλοῦ λέγει κύριος κύριος ἐκεῖ δουλεύσουσίν μοι πᾶς οἶκος Ισραηλ εἰς τέλος καὶ ἐκεῖ προσδέξομαι καὶ ἐκεῖ ἐπισκέψομαι τὰς ἀπαρχὰς ὑμῶν καὶ τὰς ἀπαρχὰς τῶν ἀφορισμῶν ὑμῶν ἐν πᾶσιν τοῖς ἁγιάσμασιν ὑμῶν
For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, segjer Herren, Herren, der skal de tena meg, all Israels lyd, alle som i landet er. Der vil eg hava hugnad i deim, og der vil eg spyrja etter offergåvorne dykkar og etter fyrstegrøda som de kjem med av alt det de helgar.
41 ἐν ὀσμῇ εὐωδίας προσδέξομαι ὑμᾶς ἐν τῷ ἐξαγαγεῖν με ὑμᾶς ἐκ τῶν λαῶν καὶ εἰσδέχεσθαι ὑμᾶς ἐκ τῶν χωρῶν ἐν αἷς διεσκορπίσθητε ἐν αὐταῖς καὶ ἁγιασθήσομαι ἐν ὑμῖν κατ’ ὀφθαλμοὺς τῶν λαῶν
For den gode angen skuld vil eg hava hugnad i dykk, når eg fører dykk ut frå folki og samlar dykk ut or landi der som de var spreidde, og helgar dykk framfor augo på folkeslagi.
42 καὶ ἐπιγνώσεσθε διότι ἐγὼ κύριος ἐν τῷ εἰσαγαγεῖν με ὑμᾶς εἰς τὴν γῆν τοῦ Ισραηλ εἰς τὴν γῆν εἰς ἣν ἦρα τὴν χεῖρά μου τοῦ δοῦναι αὐτὴν τοῖς πατράσιν ὑμῶν
Og de skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med upprett hand hadde lova federne dykkar.
43 καὶ μνησθήσεσθε ἐκεῖ τὰς ὁδοὺς ὑμῶν καὶ τὰ ἐπιτηδεύματα ὑμῶν ἐν οἷς ἐμιαίνεσθε ἐν αὐτοῖς καὶ κόψεσθε τὰ πρόσωπα ὑμῶν ἐν πᾶσαις ταῖς κακίαις ὑμῶν
Der skal de minnast dykkar vegar og alle dei gjerningar som de hev sulka dykk med, og de skal styggjast ved dykk sjølve for alt det vonde som de hev gjort.
44 καὶ ἐπιγνώσεσθε διότι ἐγὼ κύριος ἐν τῷ ποιῆσαί με οὕτως ὑμῖν ὅπως τὸ ὄνομά μου μὴ βεβηλωθῇ κατὰ τὰς ὁδοὺς ὑμῶν τὰς κακὰς καὶ κατὰ τὰ ἐπιτηδεύματα ὑμῶν τὰ διεφθαρμένα λέγει κύριος
Og de skal sanna at eg er Herren, når eg fer so åt med dykk for mitt namn skuld, ikkje etter dykkar vonde vegar og dykkar illgjerningar, du Israels-lyd, segjer Herren, Herren.
45 καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
Herrens ord kom til meg; han sagde:
46 υἱὲ ἀνθρώπου στήρισον τὸ πρόσωπόν σου ἐπὶ Θαιμαν καὶ ἐπίβλεψον ἐπὶ Δαρωμ καὶ προφήτευσον ἐπὶ δρυμὸν ἡγούμενον Ναγεβ
Menneskjeson! Snu di åsyn mot sud og preika mot sud og spå imot skogen på marki i sud!
47 καὶ ἐρεῖς τῷ δρυμῷ Ναγεβ ἄκουε λόγον κυρίου τάδε λέγει κύριος κύριος ἰδοὺ ἐγὼ ἀνάπτω ἐν σοὶ πῦρ καὶ καταφάγεται ἐν σοὶ πᾶν ξύλον χλωρὸν καὶ πᾶν ξύλον ξηρόν οὐ σβεσθήσεται ἡ φλὸξ ἡ ἐξαφθεῖσα καὶ κατακαυθήσεται ἐν αὐτῇ πᾶν πρόσωπον ἀπὸ ἀπηλιώτου ἕως βορρᾶ
Og du skal segja til skogen i sud: Høyr Herrens ord! so segjer Herren, Herren: Sjå, eg set eld på deg, og han skal svida av kvart eit grønt tre og kvart eit turt tre i deg. Den logande elden skal ikkje slokna, men han skal skambrenna kvart eit andlit frå sud til nord.
48 καὶ ἐπιγνώσονται πᾶσα σὰρξ ὅτι ἐγὼ κύριος ἐξέκαυσα αὐτό καὶ οὐ σβεσθήσεται
Og alt kjøt skal sjå at eg, Herren, hev kveikt honom; slokna skal han ikkje.
49 καὶ εἶπα μηδαμῶς κύριε κύριε αὐτοὶ λέγουσιν πρός με οὐχὶ παραβολή ἐστιν λεγομένη αὕτη
Då sagde eg: «Å, Herre, Herre! Dei segjer um meg: «Er det ikkje berre i likningar han talar?»»