< Δανιήλ 5 >

1 Βαλτασαρ ὁ βασιλεὺς ἐποίησεν ἑστιατορίαν μεγάλην τοῖς ἑταίροις αὐτοῦ καὶ ἔπινεν οἶνον
Kong Belsassar gjorde eit stort gjestebod for dei tusund stormennerne sine og heldt drykkjelag med dei tusund.
2 καὶ ἀνυψώθη ἡ καρδία αὐτοῦ καὶ εἶπεν ἐνέγκαι τὰ σκεύη τὰ χρυσᾶ καὶ τὰ ἀργυρᾶ τοῦ οἴκου τοῦ θεοῦ ἃ ἤνεγκε Ναβουχοδονοσορ ὁ πατὴρ αὐτοῦ ἀπὸ Ιερουσαλημ καὶ οἰνοχοῆσαι ἐν αὐτοῖς τοῖς ἑταίροις αὐτοῦ
Då dei hadde fenge smak på vinen, baud Belsassar at dei skulde bera fram dei gullkjeraldi og sylvkjeraldi som Nebukadnessar, far hans, hadde teke or templet i Jerusalem; or deim skulde so kongen og stormennerne hans, konorne og fylgjekonorne hans drikka.
3 καὶ ἠνέχθη καὶ ἔπινον ἐν αὐτοῖς
Dei bar då fram dei gullkjeraldi som var tekne or templet i Guds hus i Jerusalem; og kongen og stormennerne hans, konorne og fylgjekonorne hans, drakk or deim.
4 καὶ ηὐλόγουν τὰ εἴδωλα τὰ χειροποίητα αὐτῶν καὶ τὸν θεὸν τοῦ αἰῶνος οὐκ εὐλόγησαν τὸν ἔχοντα τὴν ἐξουσίαν τοῦ πνεύματος αὐτῶν
Dei drakk vin og prisa gudarne sine av gull og sylv, av kopar og jarn og tre og stein.
5 ἐν αὐτῇ τῇ ὥρᾳ ἐκείνῃ ἐξῆλθον δάκτυλοι ὡσεὶ χειρὸς ἀνθρώπου καὶ ἔγραψαν ἐπὶ τοῦ τοίχου τοῦ οἴκου αὐτοῦ ἐπὶ τοῦ κονιάματος κατέναντι τοῦ φωτὸς ἔναντι τοῦ βασιλέως Βαλτασαρ καὶ εἶδε χεῖρα γράφουσαν
Då synte det seg i same stundi fingrar som av ei mannehand, som skreiv på den kvitkalka veggen i kongshalli, midt imot ljosestaken; og kongen såg handi som skreiv.
6 καὶ ἡ ὅρασις αὐτοῦ ἠλλοιώθη καὶ φόβοι καὶ ὑπόνοιαι αὐτὸν κατέσπευδον ἔσπευσεν οὖν ὁ βασιλεὺς καὶ ἐξανέστη καὶ ἑώρα τὴν γραφὴν ἐκείνην καὶ οἱ συνεταῖροι κύκλῳ αὐτοῦ ἐκαυχῶντο
Då skifte kongen liter, og tankarne skræmde honom, og han veikna i mjødmarne, og knei hans slo imot einannan.
7 καὶ ὁ βασιλεὺς ἐφώνησε φωνῇ μεγάλῃ καλέσαι τοὺς ἐπαοιδοὺς καὶ φαρμακοὺς καὶ Χαλδαίους καὶ γαζαρηνοὺς ἀπαγγεῖλαι τὸ σύγκριμα τῆς γραφῆς καὶ εἰσεπορεύοντο ἐπὶ θεωρίαν ἰδεῖν τὴν γραφήν καὶ τὸ σύγκριμα τῆς γραφῆς οὐκ ἐδύναντο συγκρῖναι τῷ βασιλεῖ τότε ὁ βασιλεὺς ἐξέθηκε πρόσταγμα λέγων πᾶς ἀνήρ ὃς ἂν ὑποδείξῃ τὸ σύγκριμα τῆς γραφῆς στολιεῖ αὐτὸν πορφύραν καὶ μανιάκην χρυσοῦν περιθήσει αὐτῷ καὶ δοθήσεται αὐτῷ ἐξουσία τοῦ τρίτου μέρους τῆς βασιλείας
Og kongen ropa med høg røyst, og baud at dei skulde henta manarane og kaldæarane og stjernetydarane. Og kongen sagde so til dei vise i Babel: «Kven det er som kann lesa denne skrifti og gjeva meg uttydingi på henne, han skal verta klædd i purpur, ei gullkjeda skal han få um halsen, og verta den tridje mannen i riket.»
8 καὶ εἰσεπορεύοντο οἱ ἐπαοιδοὶ καὶ φαρμακοὶ καὶ γαζαρηνοί καὶ οὐκ ἠδύνατο οὐδεὶς τὸ σύγκριμα τῆς γραφῆς ἀπαγγεῖλαι
Då kom alle kongens vismenner til stades, men dei kunde ikkje lesa skrifti eller segja kongen kva ho tydde.
9 τότε ὁ βασιλεὺς ἐκάλεσε τὴν βασίλισσαν περὶ τοῦ σημείου καὶ ὑπέδειξεν αὐτῇ ὡς μέγα ἐστί καὶ ὅτι πᾶς ἄνθρωπος οὐ δύναται ἀπαγγεῖλαι τῷ βασιλεῖ τὸ σύγκριμα τῆς γραφῆς
Då vart kong Belsassar øgjeleg forfærd, og skifte liter, og stormennerne hans stod forstøkte.
10 τότε ἡ βασίλισσα ἐμνήσθη πρὸς αὐτὸν περὶ τοῦ Δανιηλ ὃς ἦν ἐκ τῆς αἰχμαλωσίας τῆς Ιουδαίας
Men då talen åt kongen og stormennerne hans kom for øyro åt dronningi, gjekk ho til gildehalli; der tok dronningi til ords og sagde: «Kongen live æveleg! Lat ikkje tankarne skræma deg, og ikkje skal du skifta liter.
11 καὶ εἶπε τῷ βασιλεῖ ὁ ἄνθρωπος ἐπιστήμων ἦν καὶ σοφὸς καὶ ὑπερέχων πάντας τοὺς σοφοὺς Βαβυλῶνος
I riket ditt finst ein mann som anden åt heilage gudar er i. I dagarne åt far din synte det seg at han åtte både upplysning og klokskap og visdom som visdom hjå gudar; og far din, kong Nebukadnessar, sette honom til hovding yver runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane; ja, dette gjorde far din, kongen,
12 καὶ πνεῦμα ἅγιον ἐν αὐτῷ ἐστι καὶ ἐν ταῖς ἡμέραις τοῦ πατρός σου τοῦ βασιλέως συγκρίματα ὑπέρογκα ὑπέδειξε Ναβουχοδονοσορ τῷ πατρί σου
etter di det hjå honom var ei makelaus ånd og kunnskap og skyn, og dugleik til å tyda draumar og gjeta gåter og greida vande flokar, hjå denne Daniel, som kongen hadde gjeve namnet Beltsassar. Send difor bod etter Daniel! So gjev nok han deg uttydingi».
13 τότε Δανιηλ εἰσήχθη πρὸς τὸν βασιλέα καὶ ἀποκριθεὶς ὁ βασιλεὺς εἶπεν αὐτῷ
Då so Daniel var henta til kongen, tok kongen til ords og sagde til Daniel: «Du er fulla Daniel, ein av dei jødiske fangarne som far min, kongen, førde hit frå Juda?
Eg hev høyrt folk segja um deg at anden åt gudar er i deg, og at det hev synt seg at du eig upplysning og skyn og makelaus visdom.
No er det so at dei vise og manararne hev vorte henta hit til meg til å lesa denne skrifti og segja meg uttydingi på henne; men dei kunde ikkje gjeva meg nokor uttyding.
16 ὦ Δανιηλ δύνῃ μοι ὑποδεῖξαι τὸ σύγκριμα τῆς γραφῆς καὶ στολιῶ σε πορφύραν καὶ μανιάκην χρυσοῦν περιθήσω σοι καὶ ἕξεις ἐξουσίαν τοῦ τρίτου μέρους τῆς βασιλείας μου
Men um deg hev eg høyrt at du kann gjeva uttydingar og greida vande flokar. Kann du no lesa denne skrifti og segja meg uttydingi på henne, so skal du verta klædd i purpur, og få ei gullkjeda um halsen din, og du skal verta tridje mannen i riket.»
17 τότε Δανιηλ ἔστη κατέναντι τῆς γραφῆς καὶ ἀνέγνω καὶ οὕτως ἀπεκρίθη τῷ βασιλεῖ αὕτη ἡ γραφή ἠρίθμηται κατελογίσθη ἐξῆρται καὶ ἔστη ἡ γράψασα χείρ καὶ αὕτη ἡ σύγκρισις αὐτῶν
Då svara Daniel og sagde til kongen: «Gåvorne dine kann du sjølv hava eller gjeva deim til ein annan; deim forutan skal eg lesa skrifti for kongen og segja honom uttydingi:
Til Nebukadnessar, far din, konge, gav Gud den høgste kongemagt, stordom, æra og herlegdom;
og for den stordomen skuld som han hadde gjeve honom, skalv alle folk og ætter og tungemål for honom og ræddast. Kven han vilde, drap han, og kven han vilde, let han liva; kven han vilde, gjorde han stor, og kven han vilde, gjorde han liten.
Men då han ovmoda seg i hjarta sitt, og åndi hans vart stolt og stormodig, vart han støytt ifrå kongsstolen sin, og æra hans vart frå honom teki.
Han vart utstøytt frå menneski, og hjarta hans vart som hjarta hjå eit dyr, og han laut bu millom villasen og eta gras som uksarne, og av doggi frå himmelen vart kroppen hans vætt, til dess han sanna at Gud den høgste råder yver mannariket og set yver det kven han vil.
Men du, Belsassar, son hans, som hev visst alt dette, hev endå ikkje gjort hjarta ditt audmjukt,
23 βασιλεῦ σὺ ἐποιήσω ἑστιατορίαν τοῖς φίλοις σου καὶ ἔπινες οἶνον καὶ τὰ σκεύη τοῦ οἴκου τοῦ θεοῦ τοῦ ζῶντος ἠνέχθη σοι καὶ ἐπίνετε ἐν αὐτοῖς σὺ καὶ οἱ μεγιστᾶνές σου καὶ ᾐνέσατε πάντα τὰ εἴδωλα τὰ χειροποίητα τῶν ἀνθρώπων καὶ τῷ θεῷ τῷ ζῶντι οὐκ εὐλογήσατε καὶ τὸ πνεῦμά σου ἐν τῇ χειρὶ αὐτοῦ καὶ τὸ βασίλειόν σου αὐτὸς ἔδωκέ σοι καὶ οὐκ εὐλόγησας αὐτὸν οὐδὲ ᾔνεσας αὐτῷ
men ovmoda deg mot Herren i himmelen og late folk bera fram for deg kjeraldi frå huset hans; og du og stormennerne dine, konorne og fylgjekonorne dine, hev drukke vin or deim, og du hev prisa dine gudar av sylv og gull, av kopar, jarn, tre og stein, som korkje ser eller høyrer eller veit noko. Men den Gud som hev åndi di og alle dine vegar i sitt vald, honom hev du ikkje æra.
Difor hev no denne handi vorte send frå honom, og denne skrifti rita.
Og so lyder den skrifti som her er rita: Mené, mené, tekél, ufarsin.
26 τοῦτο τὸ σύγκριμα τῆς γραφῆς ἠρίθμηται ὁ χρόνος σου τῆς βασιλείας ἀπολήγει ἡ βασιλεία σου συντέτμηται καὶ συντετέλεσται ἡ βασιλεία σου τοῖς Μήδοις καὶ τοῖς Πέρσαις δίδοται
Og dette er uttydingi på ordi: Mené, det tyder: Gud hev talt dagarne åt riket ditt og gjort ende på det.
Tekél, det tyder: du er vegen på ei vegt og funnen for lett.
Perés, det tyder: riket ditt er sundbytt og gjeve åt medarar og persarar.»
29 τότε Βαλτασαρ ὁ βασιλεὺς ἐνέδυσε τὸν Δανιηλ πορφύραν καὶ μανιάκην χρυσοῦν περιέθηκεν αὐτῷ καὶ ἔδωκεν ἐξουσίαν αὐτῷ τοῦ τρίτου μέρους τῆς βασιλείας αὐτοῦ
Då baud Belsassar, og dei klædde Daniel i purpur, og hengde ei gullkjeda um halsen hans, og ropa ut um honom at han skulde vera tridje mannen i riket.
30 καὶ τὸ σύγκριμα ἐπῆλθε Βαλτασαρ τῷ βασιλεῖ καὶ τὸ βασίλειον ἐξῆρται ἀπὸ τῶν Χαλδαίων καὶ ἐδόθη τοῖς Μήδοις καὶ τοῖς Πέρσαις
Same natti vart Belsassar, kaldæarkongen, drepen.
31 καὶ Ἀρταξέρξης ὁ τῶν Μήδων παρέλαβε τὴν βασιλείαν καὶ Δαρεῖος πλήρης τῶν ἡμερῶν καὶ ἔνδοξος ἐν γήρει
Og Darius frå Media tok imot riket då han var tvo og seksti år gamall.

< Δανιήλ 5 >