< Παραλειπομένων Βʹ 22 >
1 καὶ ἐβασίλευσαν οἱ κατοικοῦντες ἐν Ιερουσαλημ τὸν Οχοζιαν υἱὸν αὐτοῦ τὸν μικρὸν ἀντ’ αὐτοῦ ὅτι πάντας τοὺς πρεσβυτέρους ἀπέκτεινεν τὸ λῃστήριον τὸ ἐπελθὸν ἐπ’ αὐτούς οἱ Ἄραβες καὶ οἱ Αλιμαζονεῖς καὶ ἐβασίλευσεν Οχοζιας υἱὸς Ιωραμ βασιλέως Ιουδα
So tok Jerusalems-buarne Ahazja, den yngste son hans, til konge i staden hans; for dei eldste hadde røvarflokken drepe som hadde kome til lægret saman med arabarane. Soleis vart Ahazja Joramsson konge i Juda.
2 ὢν εἴκοσι ἐτῶν Οχοζιας ἐβασίλευσεν καὶ ἐνιαυτὸν ἕνα ἐβασίλευσεν ἐν Ιερουσαλημ καὶ ὄνομα τῇ μητρὶ αὐτοῦ Γοθολια θυγάτηρ Αμβρι
Tvo og tjuge år gamall var Ahazja då han vart konge, og eitt år var han konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja og var dotter åt Omri.
3 καὶ οὗτος ἐπορεύθη ἐν ὁδῷ οἴκου Αχααβ ὅτι μήτηρ αὐτοῦ ἦν σύμβουλος τοῦ ἁμαρτάνειν
Han gjekk på vegarne åt Ahabs hus; for mor hans forførde honom til gudløysa med råderne sine.
4 καὶ ἐποίησεν τὸ πονηρὸν ἐναντίον κυρίου ὡς οἶκος Αχααβ ὅτι αὐτοὶ ἦσαν αὐτῷ μετὰ τὸ ἀποθανεῖν τὸν πατέρα αὐτοῦ σύμβουλοι τοῦ ἐξολεθρεῦσαι αὐτόν
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Ahabs hus; for til hans eige tjon vart dei rådgjevarene hans etter far hans var avliden.
5 καὶ ἐν ταῖς βουλαῖς αὐτῶν ἐπορεύθη καὶ ἐπορεύθη μετὰ Ιωραμ υἱοῦ Αχααβ εἰς πόλεμον ἐπὶ Αζαηλ βασιλέα Συρίας εἰς Ραμα Γαλααδ καὶ ἐπάταξαν οἱ τοξόται τὸν Ιωραμ
Etter deira råd for han og i herferd saman med Israels-kongen Joram Ahabsson, imot syrarkongen Hazael ved Ramot i Gilead. Men syrarane særde Joram.
6 καὶ ἐπέστρεψεν Ιωραμ τοῦ ἰατρευθῆναι εἰς Ιεζραελ ἀπὸ τῶν πληγῶν ὧν ἐπάταξαν αὐτὸν οἱ Σύροι ἐν Ραμα ἐν τῷ πολεμεῖν αὐτὸν πρὸς Αζαηλ βασιλέα Συρίας καὶ Οχοζιας υἱὸς Ιωραμ βασιλεὺς Ιουδα κατέβη θεάσασθαι τὸν Ιωραμ υἱὸν Αχααβ εἰς Ιεζραελ ὅτι ἠρρώστει
Då snudde han attende og vilde få lækt dei såri i Jizre’el som dei hadde gjeve honom ved Rama, då han stridde med syrarkongen Hazael. Og Azarja, kongen i Juda, son åt Joram, drog ned til Jizre’el og vilde sjå um Joram Ahabsson, av di han var sjuk.
7 καὶ παρὰ τοῦ θεοῦ ἐγένετο καταστροφὴ Οχοζια ἐλθεῖν πρὸς Ιωραμ καὶ ἐν τῷ ἐλθεῖν αὐτὸν ἐξῆλθεν μετ’ αὐτοῦ Ιωραμ πρὸς Ιου υἱὸν Ναμεσσι χριστὸν κυρίου τὸν οἶκον Αχααβ
Men til undergang for Ahazja hadde Gud laga det so, at han skulde koma til Joram, og når han kom, skulde han draga ut med Joram imot Jehu Nimsison, som Herren hadde salva til å øyda ut Ahabs hus.
8 καὶ ἐγένετο ὡς ἐξεδίκησεν Ιου τὸν οἶκον Αχααβ καὶ εὗρεν τοὺς ἄρχοντας Ιουδα καὶ τοὺς ἀδελφοὺς Οχοζια λειτουργοῦντας τῷ Οχοζια καὶ ἀπέκτεινεν αὐτούς
For då Jehu sette i verk domen yver Ahabs hus, då råka han hovdingarne i Juda og brorsønerne åt Ahazja, som gjekk Ahazja til handa, og han drap deim.
9 καὶ εἶπεν τοῦ ζητῆσαι τὸν Οχοζιαν καὶ κατέλαβον αὐτὸν ἰατρευόμενον ἐν Σαμαρείᾳ καὶ ἤγαγον αὐτὸν πρὸς Ιου καὶ ἀπέκτεινεν αὐτόν καὶ ἔθαψαν αὐτόν ὅτι εἶπαν υἱὸς Ιωσαφατ ἐστίν ὃς ἐζήτησεν τὸν κύριον ἐν ὅλῃ καρδίᾳ αὐτοῦ καὶ οὐκ ἦν ἐν οἴκῳ Οχοζια κατισχῦσαι δύναμιν περὶ τῆς βασιλείας
So leita han etter Ahazja, og dei greip honom då han gøymde seg i Samaria, og leidde honom til Jehu, som let honom drepa. Like vel gravlagde dei honom; for dei kom i hug at han var son åt Josafat, som heldt seg til Herren med heile sitt hjarta. Men det var ingen att av huset åt Ahazja som var sterk nok til å taka kongedømet.
10 καὶ Γοθολια ἡ μήτηρ Οχοζια εἶδεν ὅτι τέθνηκεν αὐτῆς ὁ υἱός καὶ ἠγέρθη καὶ ἀπώλεσεν πᾶν τὸ σπέρμα τῆς βασιλείας ἐν οἴκῳ Ιουδα
Då Atalja, mor åt Ahazja, fekk vita at son hennar var dåen, tok ho seg fyre å tyna heile kongsætti i Judas hus.
11 καὶ ἔλαβεν Ιωσαβεθ ἡ θυγάτηρ τοῦ βασιλέως τὸν Ιωας υἱὸν Οχοζια καὶ ἔκλεψεν αὐτὸν ἐκ μέσου υἱῶν τοῦ βασιλέως τῶν θανατουμένων καὶ ἔδωκεν αὐτὸν καὶ τὴν τροφὸν αὐτοῦ εἰς ταμίειον τῶν κλινῶν καὶ ἔκρυψεν αὐτὸν Ιωσαβεθ θυγάτηρ τοῦ βασιλέως Ιωραμ ἀδελφὴ Οχοζιου γυνὴ Ιωδαε τοῦ ἱερέως καὶ ἔκρυψεν αὐτὸν ἀπὸ προσώπου Γοθολιας καὶ οὐκ ἀπέκτεινεν αὐτόν
Men Josabat, dotter åt kongen, tok Joas Ahazjason, og fekk honom burt ifrå kongssønerne, som var drepne, og fekk honom og fostermor hans inn i sengkammerset. Soleis gøymde Josabat, dotter åt kong Joram og kona åt presten Jojada - for ho var syster åt Ahazja - honom for Atalja, so ho fekk ikkje drepe honom.
12 καὶ ἦν μετ’ αὐτῆς ἐν οἴκῳ τοῦ θεοῦ κατακεκρυμμένος ἓξ ἔτη καὶ Γοθολια ἐβασίλευσεν ἐπὶ τῆς γῆς
So var han hjå deim i Guds hus burtgøymd i seks år, medan Atalja styrde i landet.