< Παραλειπομένων Αʹ 14 >
1 καὶ ἀπέστειλεν Χιραμ βασιλεὺς Τύρου ἀγγέλους πρὸς Δαυιδ καὶ ξύλα κέδρινα καὶ οἰκοδόμους τοίχων καὶ τέκτονας ξύλων τοῦ οἰκοδομῆσαι αὐτῷ οἶκον
Og Hiram, kongen i Tyrus, sende folk til David med cedertre, og dessutan murarar og timbremenner til å byggja eit hus åt honom.
2 καὶ ἔγνω Δαυιδ ὅτι ἡτοίμησεν αὐτὸν κύριος ἐπὶ Ισραηλ ὅτι ηὐξήθη εἰς ὕψος ἡ βασιλεία αὐτοῦ διὰ τὸν λαὸν αὐτοῦ Ισραηλ
Og David skyna at Herren hadde stadfest honom til konge yver Israel; for han hadde lyft kongedømet høgt for sitt folk Israel skuld.
3 καὶ ἔλαβεν Δαυιδ ἔτι γυναῖκας ἐν Ιερουσαλημ καὶ ἐτέχθησαν Δαυιδ ἔτι υἱοὶ καὶ θυγατέρες
Og David tok seg endå fleire konor i Jerusalem, og David fekk endå fleire søner og døtter.
4 καὶ ταῦτα τὰ ὀνόματα αὐτῶν τῶν τεχθέντων οἳ ἦσαν αὐτῷ ἐν Ιερουσαλημ Σαμαα Ισοβααμ Ναθαν Σαλωμων
Dette er namni på dei sønerne han fekk i Jerusalem: Sammua og Sobab, Natan og Salomo,
5 καὶ Ιβααρ καὶ Ελισαε καὶ Ελιφαλετ
Jibhar og Elisua og Elpelet
6 καὶ Ναγε καὶ Ναφαγ καὶ Ιανουου
og Nogah og Nefeg og Jafia
7 καὶ Ελισαμαε καὶ Βαλεγδαε καὶ Ελιφαλετ
og Elisama og Be’eljada og Elifelet.
8 καὶ ἤκουσαν ἀλλόφυλοι ὅτι ἐχρίσθη Δαυιδ βασιλεὺς ἐπὶ πάντα Ισραηλ καὶ ἀνέβησαν πάντες οἱ ἀλλόφυλοι ζητῆσαι τὸν Δαυιδ καὶ ἤκουσεν Δαυιδ καὶ ἐξῆλθεν εἰς ἀπάντησιν αὐτοῖς
Men då filistarane høyrde at David var salva til konge yver heile Israel, tok dei ut alle saman og skulde leita etter David. Då David fekk høyrde det, for han ut imot deim.
9 καὶ ἀλλόφυλοι ἦλθον καὶ συνέπεσον ἐν τῇ κοιλάδι τῶν γιγάντων
Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
10 καὶ ἠρώτησεν Δαυιδ διὰ τοῦ θεοῦ λέγων εἰ ἀναβῶ ἐπὶ τοὺς ἀλλοφύλους καὶ δώσεις αὐτοὺς εἰς τὰς χεῖράς μου καὶ εἶπεν αὐτῷ κύριος ἀνάβηθι καὶ δώσω αὐτοὺς εἰς τὰς χεῖράς σου
Då spurde David Gud: «Skal eg draga upp imot filistarane? Vil du då gjeva deim i mi hand?» Herren svara: «Drag upp, eg vil gjeva deim i di hand.»
11 καὶ ἀνέβη εἰς Βααλφαρασιν καὶ ἐπάταξεν αὐτοὺς ἐκεῖ Δαυιδ καὶ εἶπεν Δαυιδ διέκοψεν ὁ θεὸς τοὺς ἐχθρούς μου ἐν χειρί μου ὡς διακοπὴν ὕδατος διὰ τοῦτο ἐκάλεσεν τὸ ὄνομα τοῦ τόπου ἐκείνου Διακοπὴ φαρασιν
Og dei tok ut til Ba’al-Perasim, og der vann David yver deim. Då sagde David: «Gud hev brote igjenom fiendarne mine med mi hand, liksom vatn bryt igjenom.» Difor fekk den staden namnet Ba’al-Perasim.
12 καὶ ἐγκατέλιπον ἐκεῖ τοὺς θεοὺς αὐτῶν καὶ εἶπεν Δαυιδ κατακαῦσαι αὐτοὺς ἐν πυρί
Dei let etter seg gudarne sine der, og David sagde at dei skulde brennast upp.
13 καὶ προσέθεντο ἔτι ἀλλόφυλοι καὶ συνέπεσαν ἔτι ἐν τῇ κοιλάδι τῶν γιγάντων
Men filistarane kom endå ein gong og spreidde seg utyver i dalen.
14 καὶ ἠρώτησεν Δαυιδ ἔτι ἐν θεῷ καὶ εἶπεν αὐτῷ ὁ θεός οὐ πορεύσῃ ὀπίσω αὐτῶν ἀποστρέφου ἀπ’ αὐτῶν καὶ παρέσῃ αὐτοῖς πλησίον τῶν ἀπίων
Då so David spurde Gud att, svara Gud honom: «Du skal ikkje fara imot deim; kringsett deim attanfrå, so du kjem yver deim ifrå den sida der bakatrei stend!
15 καὶ ἔσται ἐν τῷ ἀκοῦσαί σε τὴν φωνὴν τοῦ συσσεισμοῦ τῶν ἄκρων τῶν ἀπίων τότε ἐξελεύσῃ εἰς τὸν πόλεμον ὅτι ἐξῆλθεν ὁ θεὸς ἔμπροσθέν σου τοῦ πατάξαι τὴν παρεμβολὴν τῶν ἀλλοφύλων
So snart som du då høyrer ljoden av stig i toppen på bakatrei, skal du leggja ut i strid; for då fer Gud fyre deg og vil slå filistarheren.»
16 καὶ ἐποίησεν καθὼς ἐνετείλατο αὐτῷ ὁ θεός καὶ ἐπάταξεν τὴν παρεμβολὴν τῶν ἀλλοφύλων ἀπὸ Γαβαων ἕως Γαζαρα
Og David gjorde som Gud hadde bode honom, og dei slo filistarheren og sette etter deim alt ifrå Gibeon og til Gezer.
17 καὶ ἐγένετο ὄνομα Δαυιδ ἐν πάσῃ τῇ γῇ καὶ κύριος ἔδωκεν τὸν φόβον αὐτοῦ ἐπὶ πάντα τὰ ἔθνη
Og gjetordet um David gjekk yver alle land, og Herren let det koma rædsla for honom yver alle folki.