< Προς Εβραιους 3 >

1 Ὅθεν, ἀδελφοὶ ἅγιοι, κλήσεως ἐπουρανίου μέτοχοι, κατανοήσατε τὸν ἀπόστολον καὶ ἀρχιερέα τῆς ὁμολογίας ἡμῶν Ἰησοῦν Χριστόν,
Difor, heilage brør, som er luthavande i eit himmelsk kall! sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus,
2 πιστὸν ὄντα τῷ ποιήσαντι αὐτόν, ὡς καὶ Μωϋσῆς ἐν ὅλῳ τῷ οἴκῳ αὐτοῦ.
han som var tru mot den som gjorde honom dertil, liksom og Moses var i heile hans hus!
3 πλείονος γὰρ δόξης οὗτος παρὰ Μωϋσῆν ἠξίωται, καθ᾽ ὅσον πλείονα τιμὴν ἔχει τοῦ οἴκου ὁ κατασκευάσας αὐτόν.
For denne er halden so mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv.
4 πᾶς γὰρ οἶκος κατασκευάζεται ὑπό τινος, ὁ δὲ τὰ πάντα κατασκευάσας Θεός.
Kvart hus er det einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud.
5 καὶ Μωϋσῆς μὲν πιστὸς ἐν ὅλῳ τῷ οἴκῳ αὐτοῦ ὡς θεράπων, εἰς μαρτύριον τῶν λαληθησομένων,
Og Moses var vel tru i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde verta tala,
6 Χριστὸς δὲ ὡς υἱὸς ἐπὶ τὸν οἶκον αὐτοῦ, οὗ οἶκός ἐσμεν ἡμεῖς, ἐάνπερ τὴν παρρησίαν καὶ τὸ καύχημα τῆς ἐλπίδος μέχρι τέλους βεβαίαν κατάσχωμεν.
men Kristus stend som son yver huset hans; og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden.
7 Διό, καθὼς λέγει τὸ Πνεῦμα τὸ Ἅγιον· σήμερον ἐὰν τῆς φωνῆς αὐτοῦ ἀκούσητε,
Difor, som den Heilage Ande segjer: «I dag, um de høyrer hans røyst,
8 μὴ σκληρύνητε τὰς καρδίας ὑμῶν ὡς ἐν τῷ παραπικρασμῷ, κατὰ τὴν ἡμέραν τοῦ πειρασμοῦ ἐν τῇ ἐρήμῳ,
so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden på freistingsdagen i øydemarki,
9 οὗ ἐπείρασάν με οἱ πατέρες ὑμῶν, ἐδοκίμασάν με, καὶ εἶδον τὰ ἔργα μου τεσσαράκοντα ἔτη·
der federne dykkar freista meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år.
10 διὸ προσώχθισα τῇ γενεᾷ ἐκείνῃ καὶ εἶπον· ἀεὶ πλανῶνται τῇ καρδίᾳ, αὐτοὶ δὲ οὐκ ἔγνωσαν τὰς ὁδούς μου·
Difor harmast eg på denne ætti og sagde: «Dei fer alltid vilt i hjarta; » men dei kjende ikkje mine vegar,
11 ὡς ὤμοσα ἐν τῇ ὀργῇ μου, εἰ εἰσελεύσονται εἰς τὴν κατάπαυσίν μου·
so eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila!»»
12 βλέπετε, ἀδελφοί, μή ποτε ἔσται ἔν τινι ὑμῶν καρδία πονηρὰ ἀπιστίας ἐν τῷ ἀποστῆναι ἀπὸ Θεοῦ ζῶντος,
Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk skal vera eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den livande Gud!
13 ἀλλὰ παρακαλεῖτε ἑαυτοὺς καθ᾽ ἑκάστην ἡμέραν ἄχρις οὗ τὸ σήμερον καλεῖται, ἵνα μὴ σκληρυνθῇ ἐξ ὑμῶν τις ἀπάτῃ τῆς ἁμαρτίας·
Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: «i dag», so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi!
14 μέτοχοι γὰρ γεγόναμεν τοῦ Χριστοῦ, ἐάνπερ τὴν ἀρχὴν τῆς ὑποστάσεως μέχρι τέλους βεβαίαν κατάσχωμεν,
For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste fulle vissa fast til enden.
15 ἐν τῷ λέγεσθαι· σήμερον ἐὰν τῆς φωνῆς αὐτοῦ ἀκούσητε, μὴ σκληρύνητε τὰς καρδίας ὑμῶν ὡς ἐν τῷ παραπικρασμῷ.
Når det vert sagt: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden, »
16 τίνες γὰρ ἀκούσαντες παρεπίκραναν; ἀλλ᾽ οὐ πάντες οἱ ἐξελθόντες ἐξ Αἰγύπτου διὰ Μωϋσέως;
kven var då dei som høyrde og arga honom? Var det ikkje alle dei som gjekk ut or Egyptarland ved Moses?
17 τίσι δὲ προσώχθισε τεσσαράκοντα ἔτη; οὐχὶ τοῖς ἁμαρτήσασιν, ὧν τὰ κῶλα ἔπεσεν ἐν τῇ ἐρήμῳ;
Men kven var det han harmast på i fyrti år? var det ikkje på deim som hadde synda, so deira kroppar fall i øydemarki?
18 τίσι δὲ ὤμοσε μὴ εἰσελεύσεσθαι εἰς τὴν κατάπαυσιν αὐτοῦ εἰ μὴ τοῖς ἀπειθήσασι;
Og kven var det han svor um, at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um deim som var vantruande?
19 καὶ βλέπομεν ὅτι οὐκ ἠδυνήθησαν εἰσελθεῖν δι᾽ ἀπιστίαν.
So ser me då at dei ikkje kunde koma inn for vantru skuld.

< Προς Εβραιους 3 >