< 2 Mose 7 >

1 Der HERR sprach zu Mose: Siehe zu, ich habe dich dem Pharao zum Gott gesetzt, und dein Bruder Aaron soll dein Prophet sein.
Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg laga det so at du vert som ein Gud for Farao, og Aron, bror din, skal vera målsmannen din.
2 Du sollst alles reden, was ich dir gebieten werde, daß er die Kinder Israel aus seinem Lande ziehen lasse.
Du skal tala alt det eg segjer deg fyre, men Aron, bror din, skal orda det ut for Farao, so han let Israels-folket fara ut or landet sitt.
3 Aber ich will das Herz des Pharao verhärten, daß ich viele meiner Zeichen und Wunder tue im Ägyptenland.
Men eg vil herda hugen åt Farao, og sidan vil eg gjera mange teikn og under i Egyptarlandet.
4 Aber der Pharao wird euch nicht hören, so daß ich meine Hand an Ägypten legen und mein Heer, mein Volk, die Kinder Israel, durch große Gerichte aus dem Lande Ägypten führen werde.
Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, og då vil eg leggja mi hand på Egyptarland med harde refsingar, og føra herarne mine, folket mitt eige, Israels-borni, ut or Egyptarlandet.
5 Und die Ägypter sollen erfahren, daß ich der HERR bin, wenn ich meine Hand über Ägypten ausstrecken und die Kinder Israel von ihnen ausführen werde.
Og egyptarane skal ljota sanna at eg er Herren, når eg rettar handi mi utyver landet, og tek Israels-borni beint ifrå deim.»
6 Mose und Aaron taten solches; wie ihnen der HERR geboten hatte, also taten sie.
Og Moses og Aron gjorde dette; som Herren hadde sagt deim fyre, so gjorde dei.
7 Und Mose war achtzig Jahre alt und Aaron dreiundachtzig Jahre alt, als sie mit dem Pharao redeten.
Moses var åtteti og Aron tri og åtteti år gamall, då dei tala med Farao.
8 Und der HERR sprach zu Mose und Aaron:
Og Herren sagde det til Moses og Aron:
9 Wenn der Pharao zu euch sagen wird: Tut ein Zeichen! so sollst du zu Aaron sagen: Nimm deinen Stab und wirf ihn vor den Pharao hin, so wird er zur Schlange werden.
«Når Farao talar til dykk og segjer: «Lat meg få sjå eit under av dykk!» då skal du segja med Aron: «Tak staven din, og kasta honom ned framfor augo åt Farao, so skal han verta til ein stor orm.»»
10 Da gingen Mose und Aaron zum Pharao und taten also, wie der HERR ihnen geboten hatte. Und Aaron warf seinen Stab vor den Pharao und vor seine Knechte hin, und er ward zur Schlange.
So gjekk Moses og Aron fram for Farao, og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og mennerne hans, og staven vart til ein diger orm.
11 Da berief der Pharao die Weisen und Zauberer. Und auch sie, die ägyptischen Zauberer, taten also mit ihrem Beschwören.
Då sende Farao bod etter vismennerne og trollkararne, runemeistrarne, som dei hadde i Egyptarland, og dei bruka trollkunsterne sine og gjorde det same.
12 Und ein jeder warf seinen Stab vor sich hin, und es wurden Schlangen daraus; aber Aarons Stab verschlang ihre Stäbe.
Dei kasta kvar sin stav, og dei vart til store ormar, men staven hans Aron gløypte stavarne deira.
13 Also ward das Herz des Pharao verstockt, und er hörte nicht auf sie, wie denn der HERR gesagt hatte.
Og det gjekk som Herren sagde: Farao var strid i hugen og vilde ikkje høyra på deim.
14 Und der HERR sprach zu Mose: Das Herz des Pharao ist hart; er weigert sich, das Volk ziehen zu lassen.
Då sagde Herren til Moses: «Farao er tråssug; han vil ikkje lata folket fara.
15 Geh am Morgen hin zum Pharao; siehe, er wird hinaus ans Wasser gehen; tritt ihm entgegen am Gestade des Flusses und nimm den Stab, der zur Schlange geworden, in deine Hand
Gakk til honom i morgon tidleg - då kjem han ned åt elvi - og statt på elvbakken, so han møter deg, og staven som vart skapt um til ein orm, skal du hava i handi.
16 und sprich zu ihm: Der HERR, der Hebräer Gott, hat mich zu dir gesandt, um dir zu sagen: Laß mein Volk gehen, daß es mir in der Wüste diene! Aber siehe, du hast bisher nicht hören wollen.
Og so skal du segja med honom: «Herren, Hebræarguden, sende meg til deg og sagde: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg i øydemarki!» Men det hev’kje du vilja lydt på endå.
17 Darum spricht der HERR also: Daran sollst du erfahren, daß ich der HERR bin: Siehe, ich will mit dem Stabe, den ich in meiner Hand habe, das Wasser schlagen, das in dem Flusse ist, und es soll in Blut verwandelt werden,
Og Herren segjer so: «Dette skal du hava til merke på at eg er Herren: Sjå no vil eg slå i elvevatnet med denne staven, som eg hev i handi mi, og so skal det verta til blod.
18 so daß die Fische im Flusse sterben müssen und der Fluß stinken, und es die Ägypter ekeln wird, das Wasser aus dem Flusse zu trinken.
Og fisken i elvi skal døy, og ein illtev stiga frå elvi, so egyptarane ikkje er god til å drikka vatnet i henne.»»»
19 Und der HERR sprach zu Mose: Sage zu Aaron: Nimm deinen Stab und strecke deine Hand aus über die Wasser in Ägypten, über ihre Flüsse, über ihre Bäche und über ihre Seen und über alle Wasserbehälter, daß sie zu Blut werden und daß in ganz Ägyptenland Blut sei in hölzernen und steinernen Geschirren.
Sidan sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Tak staven og rett handi di ut yver Egyptarlands-vatni, yver åerne og elvarne og tjørnerne deira og yver kvar vatsdam der er, so skal dei verta til blod, og blod skal det vera utyver heile Egyptarlandet, jamvel i koppar og kjer.»»
20 Mose und Aaron taten, wie ihnen der HERR geboten hatte. Und er hob den Stab auf und schlug vor dem Pharao und seinen Knechten das Wasser, das im Flusse war; da ward alles Wasser im Nil in Blut verwandelt.
Og Moses og Aron gjorde som Herren sagde: Aron lyfte staven, og slo i elvevatnet, so dei såg på det både Farao og mennerne hans, og alt vatnet i elvi vart blod.
21 Und die Fische im Nil starben, und der Nil ward stinkend, so daß die Ägypter das Nilwasser nicht trinken konnten; denn dasselbe ward zu Blut in ganz Ägypten.
Då døydde all fisken i elvi, og det stod ein ond tev av elvi, so egyptarane ikkje kunde drikka vatnet, og i heile Egyptarland var det blod.
22 Aber die ägyptischen Zauberer taten auch also mit ihrem Beschwören. Und so ward das Herz des Pharao verstockt, und er hörte nicht auf sie, wie denn der HERR geredet hatte.
Men runemeistrarne deira bruka trollkunsterne sine, og gjorde det same. Og det gjekk som Herren sagde: Farao var stridhuga og høyrde ikkje på deim.
23 Und der Pharao wandte sich und ging heim und kehrte sein Herz auch daran nicht.
Og Farao snudde seg og gjekk inn i huset sitt, og brydde seg ikkje um dette heller.
24 Aber alle Ägypter gruben um den Fluß her nach Trinkwasser; denn das Nilwasser konnten sie nicht trinken.
Men alle egyptarane grov kringum elvi etter drikkevatn; for dei kunde ikkje drikka elvevatnet.
25 Und das währte sieben Tage lang, nachdem der HERR den Fluß geschlagen hatte.
So leid det sju dagar etter Herren hadde gjort elvi til blod.

< 2 Mose 7 >