< 2 Mose 13 >
1 Der HERR redete mit Mose und sprach:
Og Herren tala atter til Moses og sagde:
2 Heilige mir alle Erstgeburt bei den Kindern Israel, von Menschen und Vieh; denn sie sind mein!
«Alt frumbore hjå Israels-folket skal du vigja åt meg, alt som kjem fyrst frå morsliv: anten det er folk eller fe, so høyrer det meg til.»
3 Da sprach Mose zum Volk: Gedenket an diesen Tag, an dem ihr aus Ägypten, aus dem Diensthause, gegangen seid, daß der HERR euch mit mächtiger Hand von dannen ausgeführt hat: darum sollt ihr nichts Gesäuertes essen!
Og Moses sagde til folket: «Kom i hug den dagen då de slapp ut or Egyptarland, or slavehuset! For det var Herren som med si sterke hand leidde dykk ut. Då skal de ikkje eta surbrød!
4 Heute seid ihr ausgezogen, im Monat Abib.
I dag er det de tek ut, i aksmånaden.
5 Wenn dich nun der HERR in das Land der Kanaaniter, Hetiter, Amoriter, Heviter und Jebusiter bringen wird, wie er deinen Vätern geschworen hat, dir ein Land zu geben, das von Milch und Honig fließt, so sollst du diesen Dienst in diesem Monat halten.
Når då Herren hev fylgt deg til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og hevitarne og jebusitarne, det som han lova federne dine å gjeva deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudstenesta på denne visi i denne same månaden;
6 Sieben Tage lang sollst du ungesäuertes Brot essen, und am siebenten Tag ist das Fest des HERRN.
sju dagar skal du eta søtt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.
7 Man soll diese sieben Tage lang ungesäuertes Brot essen, daß bei dir kein Sauerteig gesehen werde; in allen deinen Grenzen soll kein gesäuertes Brot gesehen werden.
Søtt brød skal du eta alle dei sju dagarne; ikkje må det finnast surbrød i ditt eige, og ikkje surdeig, so langt som du råder.
8 Und du sollst deinem Sohne an jenem Tage erklären und sagen: Es ist um deswillen, was der HERR an mir getan, als ich aus Ägypten zog.
Og same dagen skal du gjera dette kunnigt for son din, og segja: «Det er til minne um det som Herren gjorde for meg, då eg for frå Egyptarland.»
9 Und es soll dir zum Zeichen sein in deiner Hand und zum Denkmal vor deinen Augen, daß des HERRN Gesetz in deinem Munde sei, weil der HERR dich mit mächtiger Hand aus Ägypten geführt hat.
Og det skal vera som det var rita i handi di, og som det stod skrive framfor augo dine, so Herrens lov kann vera på munnen din. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egyptarland.
10 Darum sollst du die Ordnung beobachten, zur bestimmten Zeit, Jahr für Jahr.
So skal du då gjere etter denne fyresegni år etter år, på den tid som er sett.
11 Wenn dich nun der HERR in das Land der Kanaaniter gebracht, wie er dir und deinen Vätern geschworen, und es dir gegeben hat,
Og når Herren hev fylgt deg til Kana’ans-landet, som han lova deg og federne dine, og hev gjeve deg det,
12 so sollst du dem HERRN alle Erstgeburt aussondern, auch jeden ersten Wurf vom Vieh, den du bekommst; alles, was männlich ist, soll dem HERRN gehören.
då skal du eigna åt Herren alt som kjem fyrst frå morsliv. Alt det fyrste som fell undan det feet du eig, og som er han av slaget, det skal høyra Herren til.
13 Aber jede Erstgeburt vom Esel sollst du mit einem Schaf lösen; wenn du es aber nicht lösest, so brich ihm das Genick. Desgleichen alle Erstgeburt von Menschen unter deinen Kindern sollst du lösen.
Det fyrste følet som fell undan kvart asen, skal du løysa med eit lamb eller kid, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Men kvart mannebarn - kvart sveinbarn i ætta di - som er frumbore, skal du løysa.
14 Und wenn dich künftig dein Sohn fragen wird: Was ist das? So sollst du ihm sagen: Der HERR hat uns mit mächtiger Hand aus Ägypten, aus dem Diensthause, geführt.
Når då son din sidan spør deg: «Kva tyder dette?» so skal du svara: «Med sterk hand leidde Herren oss ut or Egyptarland, or slavehuset.
15 Denn es begab sich, als der Pharao sich hart widersetzte, uns freizulassen, da erschlug der HERR alle Erstgeburt in Ägypten, von der Menschen Erstgeburt bis an die Erstgeburt des Viehes: darum opfere ich dem HERRN alle männliche Erstgeburt; alle Erstgeburt aber meiner Söhne löse ich.
For det gjekk slik til at då Farao gjorde seg hard og ikkje vilde lata oss fara, då slo Herren i hel alt som frumbore var i Egyptarland, både av folk og av fe. Difor ofrar eg til Herren alt det som kjem fyrst frå morsliv og er han av slaget, men eg løyser kvart sveinbarn i ætti mi som er frumbore.
16 Und das soll dir zum Zeichen in deiner Hand und zum Denkmal vor deinen Augen sein, daß uns der HERR mit mächtiger Hand aus Ägypten geführt hat.
Og det skal vera som det var rita i handi di og skrive millom augo dine at Herren med si sterke hand leidde oss ut or Egyptarland.»»
17 Als nun der Pharao das Volk gehen ließ, führte sie Gott nicht auf die Straße durch der Philister Land, wiewohl sie die nächste war; denn Gott gedachte, es möchte das Volk gereuen, wenn es Krieg sähe, und möchte wieder nach Ägypten umkehren.
Då Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud deim ikkje på den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste. Han tenkte dei kunde koma til å angra seg, når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarlandet;
18 Darum führte Gott das Volk den Umweg durch die Wüste am Schilfmeer. Und die Kinder Israel zogen gerüstet aus Ägypten.
Difor laga Gud det so, at dei svinga inn på den vegen som gjekk gjenom villmarki, til Raudehavet. So for då Israels-mennerene stridsbudde ut or Egyptarlandet.
19 Und Mose nahm die Gebeine Josephs mit sich; denn er hatte einen Eid von den Kindern Israel genommen und gesagt: Gott wird euch gewiß heimsuchen; dann führet meine Gebeine mit euch von hinnen!
Og Moses tok beini av Josef med seg; for Josef hadde teke eiden av Israels-sønerne og sagt: «Når Gud kjem og hentar dykk, so skal de taka beini mine med dykk herifrå.»
20 Also zogen sie aus von Sukkot und lagerten sich in Etam, am Wüstenrand.
So tok dei ut frå Sukkot, og leira seg i Etam, tett innmed øydemarki.
21 Und der HERR zog vor ihnen her, am Tage in einer Wolkensäule, daß er sie den rechten Weg führete, und des Nachts in einer Feuersäule, daß er ihnen leuchtete, damit sie bei Tag und bei Nacht wandeln konnten.
Og Herren gjekk fyre deim um dagen i ein skystopul, som leidde deim rette vegen, og um natti i ein eldstopul, som lyste for deim, so dei kunde fara natt og dag.
22 Die Wolkensäule wich nimmer vom Volk des Tages, noch die Feuersäule des Nachts.
Skystopulen kvarv ikkje frå folket um dagen, og eldstopulen ikkje um natti.