< 4 Mose 22 >

1 Dann zogen die Israeliten weiter und lagerten in den Steppen Moabs jenseits des Jordans von Jericho.
So tok Israels-sønerne ut att, og lægra seg på Moabmoarne, på hi sida av Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko.
2 Balak, Sippors Sohn, aber sah alles, was Israel den Amoritern getan hatte.
Då Balak, son åt Sippor, fekk spurt kva Israel hadde gjort med amoritarne,
3 Da geriet Moab in große Furcht vor dem Volke, weil es so zahlreich war. Und Moab graute es vor den Söhnen Israels.
då var rædsla stor i Moab. Moabitarne fælte seg for dette folket som var so mannsterkt,
4 Da sprach Moab zu den Ältesten Midians: "Jetzt wird die Gemeinde alles um uns abfressen, wie der Stier das Grün des Feldes abfrißt." Zu jener Zeit war Balak, Sippors Sohn, König über Moab.
og sagde til hovdingarne i Midjan: «No kjem denne store hopen til å snøyda alt ikring oss, liksom uksarne når dei gneg snaudt på bøen.» Og Balak Sipporson - han var konge i Moab den tid -
5 Da sandte er Boten an Beors Sohn Bileam nach Petor, das am Strome liegt, ihn in das Land seines Volkes zu rufen. Er ließ ihm sagen: "Da ist ein Volk aus Ägypten gezogen. Es deckt des Landes Fläche. Mir gegenüber sitzt es da.
sende menner til Bileam, son åt Beor, som åtte heime i Petor ved Storelvi; dei skulde beda honom koma, og segja honom det frå kongen: «Det hev kome eit folk frå Egyptarland; dei er so mange at dei fyller heile landet, og dei hev slege seg ned midt fyre meg.
6 Nun geh her! Verfluche mir dieses Volk! Denn es ist mächtiger als ich. Vielleicht kann ich es; wir schlagen es, und ich vertreibe es aus dem Lande. Ich weiß ja. Gesegnet ist, wen du segnest, und verflucht, wen du verfluchst."
Kjære deg, kom og bed ei våbøn yver det folket for meg; for dei er meg for sterke - då trur eg me skal vinna yver deim, so eg fær drive deim ut or landet; for eg veit at den du signar, er velsigna, og den du bannar, er forbanna.»
7 Da gingen die Ältesten Moabs und die Ältesten Midians hin, Meister der Wahrsagekunst. Sie kamen zu Bileam und kündeten ihm Balaks Worte.
Sendemennerne var av det gjævaste folket i Moab og Midjan; dei hadde spåmannsløn med seg, og då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.
8 Da sprach er zu ihnen. "Nächtiget hier die Nacht! Dann gebe ich euch Bescheid, wie der Herr zu mir reden wird." So blieben Moabs Häuptlinge bei Bileam.
Då sagde han til deim: «Ver her i natt, so skal eg gjeva dykk svar, etter det som Herren segjer meg fyre.» So gav dei seg til hjå Bileam.
9 Gott aber kam zu Bileam und sprach: "Was sind dir diese Männer?"
Då kom Gud til Bileam, og sagde: «Kva er det for folk som er hjå deg?»
10 Da sprach Bileam zu Gott: "Der Moabkönig Balak, Sippors Sohn, schickt zu mir:
Bileam svara: «Balak, son åt Sippor, Moabs konge, sender bod til meg og segjer:
11 'Das Volk, das aus Ägypten gezogen, deckt des Landes Fläche. Nun geh her! Verwünsche es mir! Vielleicht kann ich es bekämpfen und vertreiben.'"
«Her hev kome eit folk frå Egyptarland, og dei er so mange at dei fyller alt landet. Kom og les ei våbøn yver deim, so trur eg visst eg skal råda med deim og jaga deim ut.»»
12 Da sprach Gott zu Bileam: "Du sollst nicht mit ihnen gehen! Du sollst das Volk nicht verfluchen! Denn für den Segen ist es bestimmt."
Då sagde Gud til Bileam: «Gakk ikkje med deim! Du skal ikkje banna det folket; for dei er velsigna.»
13 Da machte sich Bileam am anderen Morgen auf und sprach zu Balaks Häuptlingen: "Geht in euer Land! Der Herr verweigert mir die Erlaubnis, mit euch zu gehen."
Um morgonen sagde Bileam til hovdingarne som Balak hadde sendt til honom: «Far heim att! Herren vil ikkje gjeva meg lov til å fylgja med dykk.»
14 Da machten sich Moabs Häuptlinge auf, kamen zu Balak und sprachen: "Bileam weigert sich, mit uns zu ziehen."
So tok Moabs-hovdingarne av stad, og då dei kom heim att til Balak, sagde dei: «Bileam vilde ikkje vera med oss.»
15 Da sandte Balak nochmals Häuptlinge, zahlreichere und angesehenere als jene.
Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn fyrste gongen.
16 Sie kamen zu Bileam und sprachen zu ihm: "So spricht Balak, Sippors Sohn: 'Laß dich nicht abhalten, zu mir zu ziehen!
Då dei kom til Bileam, sagde dei til honom: «Balak, son åt Sippor, helsar deg, og segjer: «Gode deg, kom! Seg ikkje nei!
17 Denn ich belohne dich auf das reichlichste und tue alles, was du mir sagst. So geh her und verwünsche mir dies Volk!'"
Eg skal løna deg vel, og gjera alt det du segjer, berre du vil koma og banna dette folket for meg.»»
18 Da hob Bileam an und sprach zu Balaks Dienern: "Gäbe Balak mir seines Hauses Fülle an Gold und Silber, so könnte ich doch nicht dem Befehle des Herrn, meines Gottes, zuwiderhandeln, weder im Kleinen noch im Großen.
Bileam svara kongsmennerne so: «Um Balak gjev meg huset fullt med sylv og gull, so kann eg ikkje gjera Herren, min Gud, imot, korkje i smått eller stort.
19 Nun bleibt auch heute Nacht noch hier, daß ich erfahre, was der Herr mir weiter sagt!"
Men ver no de og her natti yver, so fær eg høyra kva meir Herren hev å segja meg.»
20 Und Gott kam in der Nacht zu Bileam und sprach zu ihm: "Sind diese Männer gekommen, dich zu rufen, so mache dich auf und geh mit ihnen! Doch tu nur, was ich dich heiße!"
Då kom Gud um natti til Bileam, og sagde til honom: «Er desse mennerne komne her på den måten at dei vil få deg med seg, so kann du ferda deg til og fylgja deim; men gjer ikkje anna enn som eg segjer til deg.»
21 Da machte sich Bileam am anderen Morgen auf, sattelte seinen Esel und zog mit Moabs Häuptlingen.
Um morgonen gjorde Bileam seg reidug, og sala asna si, og for so i veg saman med Moabs-hovdingarne.
22 Aber Gottes Zorn entbrannte, daß er ging, und der Engel des Herrn trat ihm hemmend in den Weg. Er aber ritt auf seiner Eselin, und seine beiden Diener waren bei ihm.
Men Gud vart harm for di han tok ut, og Herrens engel kom imot honom, og stod på vegen som ein fiende, då han kom ridande på asna i lag med båe sveinarne sine.
23 Da sah die Eselin den Engel des Herrn auf dem Wege stehen, sein Schwert gezückt in seiner Hand. Und die Eselin bog vom Wege und ging in das Feld. Bileam aber schlug die Eselin, um sie wieder auf den Weg zu bringen.
Og asna såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi; då tok ho av vegen, og ut på marki; men Bileam slo henne, so ho skulde halda vegen.
24 Da trat der Engel des Herrn in den Hohlweg der Weinberge, wo auf beiden Seiten Mauern waren.
Sidan møtte Herrens engel i ei geil millom vinhagarne. På båe sidor var det steingard,
25 Die Eselin sah nun den Engel des Herrn und sie drückte sich an die Wand und drückte auch Bileams Fuß an die Wand. Da schlug er sie abermals.
og då asna såg Herrens engel, strauk ho seg innåt garden, og klemde foten åt Bileam mot steinarne. Då slo han henne att.
26 Da ging der Engel des Herrn nochmals voraus und stellte sich an eine engere Stelle, wo kein Weg war, nach rechts oder links auszuweichen.
So gjekk Herrens engel framum endå ein gong, og stod i eit trongt klemstre; der var det ikkje råd å vika undan, korkje til høgre eller vinstre,
27 Als die Eselin den Engel des Herrn sah, legte sie sich unter Bileam hin. Da entbrannte Bileams Zorn, und er schlug die Eselin mit dem Stock.
og med same asna fekk sjå Herrens engel, lagde ho seg ned under Bileam. Då vart han harm, og slo henne med staven.
28 Der Herr aber öffnete den Mund der Eselin. Und sie sprach zu Bileam: "Was habe ich dir getan, daß du mich schon dreimal geschlagen?"
Men Herren gav asna mål, og ho sagde til Bileam: «Kva hev eg gjort deg? No er det tridje gongen du slær meg.»
29 Da sprach Bileam zur Eselin: "Zum Narren hast du mich ja gehabt. Hätte ich doch ein Schwert zur Hand! Denn dann würde ich dich töten."
«Du hev havt meg til narr, » svara Bileam. «Hadde eg havt eit sverd i handi, so hadde eg slege deg i hel med det same.»
30 Da sprach die Eselin zu Bileam: "Bin ich denn nicht deine Eselin, auf der du von jeher bis heute geritten bist? Bin ich je gewohnt gewesen, dir solches zu tun?" Er sprach: "Nein!"
Då sagde asna: «Er’kje eg asna di, som du hev ride på alt du hev vore til? Hev eg då havt for vis å fara soleis med deg?» «Nei, » sagde Bileam,
31 Da öffnete der Herr dem Bileam die Augen. Und er sah den Engel des Herrn auf dem Wege stehen, sein Schwert gezückt in seiner Hand. Da verneigte er sich und warf sich auf seine Stirne.
og i det same opna Herren augo hans, so han såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi. Då kasta han seg på kne, og bøygde hovudet.
32 Der Engel des Herrn aber sprach zu ihm: "Warum hast du deine Eselin schon dreimal geschlagen? Ich bin es, der ich hemmend ausgezogen bin. Denn diese Reise gefällt mir nicht.
Og Herrens engel sagde til honom: «Kvi hev du fare so, og slege asna di tri gonger? Det var eg som møtte deg som ein fiende, av di eg tykte denne ferdi var for brå.
33 Die Eselin aber sah mich und wich vor mir nun schon dreimal aus. Wäre sie nicht vor mir ausgewichen, dann hätte ich dich umgebracht und sie am Leben gelassen."
Og asna såg meg, og tok av vegen for meg alle tri gongerne. Hadde ikkje ho teke av vegen, so hadde eg no drepe deg, men asna hadde eg spart.»
34 Da sprach Bileam zum Engel des Herrn: "Ich habe gefehlt. Ich habe ja nicht gewußt, daß du mir den Weg vertrittst. Nun aber, wenn dir die Sache mißfällt, dann kehre ich um."
Då sagde Bileam til Herrens engel: «Eg hev synda; men eg visste ikkje at du stod framfyre meg på vegen; er dette deg imot, so skal eg venda heim att.»
35 Da sprach der Engel des Herrn zu Bileam "Geh mit den Männern! Nur sage nichts als das, was ich dir sage!" Da zog Bileam mit Balaks Häuptlingen weiter.
«Nei, far no du med mennerne, » svara Herrens engel, «men seg ikkje eit ord anna enn det som eg segjer deg fyre.» So tok Bileam i vegen att med kongsmennerne.
36 Als Balak hörte, daß Bileam komme, ging er ihm entgegen bis Ar Moab, das an der Arnongrenze liegt, an der äußersten Grenzmark.
Då Balak fekk høyra at Bileam kom, for han til møtes med honom til den byen som låg nørdst i Moabriket, ved Arnon, ytst utmed landskilet.
37 Da sprach Balak zu Bileam: "Habe ich dich nicht geziemend rufen lassen? Warum bist du nicht zu mir gekommen? Vermag ich wahrhaftig nicht, dich zu belohnen?"
Og han sagde til Bileam: «Sende eg ikkje einkom bod og bad deg til meg? Kvi vilde du ikkje koma? Trur du ikkje eg er god til å løna deg for umaken?»
38 Da sprach Bileam zu Balak: "Ich bin ja zu dir gekommen. Vermag ich aber wirklich etwas zu reden? Nur das Wort, das Gott mir in den Mund legt, rede ich."
«No ser du eg er komen, » svara Bileam. «Men det er vandt um eg kann segja noko; berre dei ordi som Gud legg meg i munnen, kann eg tala.»
39 Da ging Bileam mit Balak, und sie kamen nach Kirjat Chusot.
So fylgde han med Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.
40 Da opferte Balak Rinder und Schafe und schickte davon an Bileam und die Häuptlinge bei ihm.
Der slagta Balak storfe og småfe, og sende til Bileam og dei hovdingarne som var med honom.
41 Am anderen Morgen nahm Balak den Bileam und führte ihn zu den Baalshöhen. Von dort sah er des Volkes Umrisse.
Morgonen etter tok kongen Bileam med seg upp på Bamot-Ba’al; derifrå kunde han sjå enden av Israels-lægret.

< 4 Mose 22 >